søndag 30. juni 2013

Göteborg-bloggen - allra sista

Då er me i mål her i Västra Götalands hufvudstad, Göteborg. Og la det vera sagt: siste dagen fekk me noko som i alle fall likna på VU-spel- ver: På slutten av søndagen sat me på tribunen og sola oss til solide 2000- og 800-meterløp.

Takk også til Jon og Andreas for joggeturen i Sävedalen - det var gildt!

Og sportsleg - her er er allra sista frå Nya Ullevi dette året:

Onsdag sette Kristoffer Blücher (G14) norsk aldersrekord på 300 meter på Fana Stadion. Søndag knuste han sin eigen ferske rekord, då han sprang på 37,23 (1166 - ! - poeng). Tida er 1,12 sekund betre enn onsdagsløpet på Fana Stadion. Kristoffer gillar verkligen Ullevi!

Også Renate Lie (J15) opplevde å kryssa 1100-poengsgrensa i Tyrvingtabellen, då ho tok 3. plassen på sin 300 meter. Poengsummen blei nemleg 1101 og tida 40,47. Det er berre Vilde Lund Bjørnsen som har sprunge fortare for 15-åringar i Gneist og berre ytterlegare to i landet gjennom tidene.

Pål Haugen Lillefosse (G12) har alt sletta Kristoffer Blücher sin klubberkord i G12 på 200 meter. No driv han og senkar den ytterlegare: Søndag blei tida så god som 26,78 i optimale vindforhold (+1,8) (1069 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 4,48 i lengde (906 poeng).

Og broder Sondre Rinde (G15) sprang to gode løp på 100 meter hekk, til slutt kom han heilt ned på 13,88 i finalen. Men i Sverige er hekkehøgda på 100 meter for 15-åringar berre 84 centimeter, sju centimeter lågare enn det ein nyttar i Norge. Uansett var det solide prestasjonar av Sondre.


Göteborg-bloggen - andre bolken

Andre dag her i Gøteborg gav oss slikt ver som me ikkje er vane med her - og som me slett ikkje vil ha: me fekk både godt med vind og nokre kraftige regnskyll, sjølv om me også såg sola. Men ganske store delar av dagen var det etter måten hustrig, for ikkje å seia haustleg.

Absolutt brukande ver for vestlendingar, med andre ord:

Sondre Rinde (G15) nærmar seg 13-meteren i tresteg med godkjende vindforhold. Lørdag blei det 12,96 (1016 poeng) då Sondre gjekk heilt til topps i konkurransen. Det er også ti centimeter betring av eigen klubbrekord for Sondre.

Klubbrekord blei det også på Pål Haugen Lillefosse (G12) på 80 meter. Pål sprang på sterke 11,01 (975 poeng) og betra dermed vårt fremste sprint-ess Amund Høie Sjursen si tid frå 2008 med eit kvart sekund.

I fjor var det særs gode forhold og ei røys gode tider på 1500 metrane lørdagen. I år var det tøffare forhold og færre persar. Anders Strømblad Hansen (G19) fekk i allle fall seg ein årsbeste med 4:19,99 (860 poeng).

Håvard Rinde (G12) sprang sin 80 meter på 11,56 (854 poeng), medan Anna Evensen (J13) var jamngod med Håvard, med sine 11,55 (og 853 poeng) på same distanse.

Og Gjert Høie Sjursen (G13) kom seg ned på 11,19 på sin 80 meter (826 poeng).

***

Heilt til slutt: Det skjer ting også i Byrkjelo i helga, der det er kretskamp og sparebankleikar. Me noterer at Eirik Leikvoll (G15) tangerte sin sesongbeste i stav med 3,40 lørdag (965 poeng).

fredag 28. juni 2013

Göteborg-bloggen - första delen

Då er første dagen av Världsungdomsspelen her i Göteborg over - og IL Gneist held fram med å markera seg - no også utaskjers.

Ein av dagens aller sterkaste prestasjonar stod Pål Haugen Lillefosse (G12) for, då han vann 60 meter hekk på 9,49. I Sverige er hekkeavstanden i øvinga noko annleis enn i Norge, men likevel er dette ei kanontid av Pål. Håvard Rinde følgde opp med 3. plass (ja, Pål vann) i øvinga med 9,95.

Kristoffer Blücher (G14) held fram med å setja nasjonale aldersrekordar. Denne gongen sneik han seg to hundredelar under Karsten Warholm sin tre år gamle G14-rekord på 300 meter hekk. Tida til Kristoffer blei 41,85 (1131 poeng).

Kristoffer tok med det 5. plassen i G15-klassen, der Sondre Rinde (nettopp, G15) tok bronsen med si tid på 41,00 (1092 poeng). Tida er seks hundredelar bak Marius Benserud sin klubbrekord.

Neste på lista mi har eg nær kjennskap til: Torsdag kveld var det mindre enn 50 % sjanse for at Anna Serine Røssland (J16) skulle springa 1500 meter hinder her i dag. Ho kjenner både på ein skade og er godt forkjøla. Men ho endte opp med å stilla til start og sprang eit habilt hinderløp under forholda. Ny pers på Anna Serine er 5:21,30 (også klubbrekord i J16) - 1017 poeng.

Broder Ole Martin Røssland (G18) har ikkje fått ting til å klaffa som han har ønskt i vårsesongen, men fredag blei eit sterkt gjennomført 5000 meter-løp. Tida blei 15:36,89 (989 poeng).

Andreas Iden (G18) har hatt ein endå tyngre vår enn Ole Martin og fekk eit 5000m-løp også han det er muleg å bygga vidare på. Tida til Andreas blei 15:54,70 (962 poeng).

Monika Benserud (J17) betra årsbeste i lengde med éin centimeter under lengdekvalifseringa - til 5,30 (947 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) var heller ikkje denne gongen heldig under eit 1500 meter hinder-løp. Fredag kveld opplevde ho at ein av konkurrentane braut rett framfor henne ved vassgrava, som gjorde at Thyra fekk fullstopp sjølv. Likevel blei det ny pers med 5:36,67 (946 poeng).

Eit svært gledeleg resultat fekk me med pers på 800 meter for Aleksander Lie (G17). Aleksander blei nemnt i førre blogginnlegg med ein fin årsbeste under Norna-karusellen på Fana Stadion onsdag. To dagar seinare blei det pers på distansen i Gøteborg, halvtanna år etter sist pers, inne i Leikvanghallen under Nornalekene i januar 2012. Tida til Aleksander blei fine 2:02,16 (916 poeng).

Alt nemnde Håvard Rinde (G12) støtte fredag kveld kula 9,40m (886 poeng) - eit særs verdfullt kastresultat i Gneist.

Endeleg Norna-karusell

Jada, for me har jo venta på at Norna-Salhus skal koma i gang med karusellane sine. Dei set me pris på! Dette er eit veldig godt stemnetiltak lokalt, ikkje minst i sommarperioden.

Men eg har også venta på resultatlista frå første karusellen onsdag. Den kom i natt og er blitt fortært til lunsj her i Gøteborg:

Kristoffer Blücher (G14) sette endå ein norsk aldersrekord onsdag. Det gjorde han på 300 meter, der han fekk tida 38,35 (1099 poeng - og Espen Liland hadde elles den gamle klubbrekorden, på 39,67 frå 203).

Tobias Allers-Hansen (G10) hoppa heile 1,15 i høgde (930 poeng). Han fekk også til 3,57 i lengde (84 poeng).

Stian Norheim (G17) forsøkte seg på junior-NM- kravet på 3000 meter (9:14,99) og hadde ein god hare i Bjarte Eikanger. 9.15 blei for sterkt, men 9:25,75 er i alle fall pers med fem sekund (930 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) sprang 60 meter denne gongen og fekk tida 7,80 (892 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) nærmar seg og nærmar seg 2 blank-grensa på 800 meter. 2:00,44 er den nye persen på (884 poeng).

Aleksander Lie (G17) tok eit nytt positivt steg, då han sprang 800 meter på årsbeste, 2:05,56 (854 poeng).

Jenny Rajkumar (J11) fekk til 3,57 i lengde (836 poeng).

... Og så fekk eg sjå eit glitrande (om enn "ulovleg") 3000 meter-løp av André Seliussen (G12). André fullførte på sterkt vis og fekk tida 10:46,68 - som nesten må noterast som klubbrekord.

tirsdag 25. juni 2013

Innan VU-spelen

Eg er veldig glad for at Peter, Tom Roger og - først og fremst - Trine har gjort jobben enkel for meg denne gongen: Trine har laga oversikt over alle Gneist-utøvarane i Världsungdomsspelen i Göteborg komande helg: kven dei er, kva dei skal vera med på og når dei skal vera med.

Den lokale troppen til VU-spelen har berre auka dei siste åra, sidan familien Iden rådde grunnen åleine i 2009. No er det mange og det er også mange som kan koma til å markera seg (kraftig).

Når det gjeld vermeldinga, så har vel den aldri vore mindre lovande i det vest-svenske enn nett i år. Men det kan no bli brukbart for ganske mange, slik innimellom. Men både då familien Iden var på plass i 2009 og då eit par familiar til stilte i 2010 var det knallblå himmel og sterk sol heile helga. Det blir det neppe i år.

Spesielt glad for at andre har laga oversikten denne gongen er eg naturleg nok fordi det er idrettsleikar på Fana Stadion heile dagane fram til avreise: 92 ungar frå 5 1/2 til 12 år dominerer på og rundt Fana Stadion. Det er litt av eit syn!

HER er oppslaget på Gneist sine nettsider om deltakarane i Gøteborg. Til høgre på den sida finst ei pdf-fil med starttidspunkt for dei enkelte utøvarane i tillegg.

mandag 24. juni 2013

AMUND

Ah, det var ei gledas melding som tikka inn frå Lillehammer søndag ettermiddag: Amund Høie Sjursen (G17) hadde endeleg hatt marginane med seg og kvalifiserte seg til U18-VM i Ukraina! Det gjorde han med å springa  sjølve kvalifiseringskravet på 100 meter, 10,89. Det skjedde i A-finalen under Veidekkelekene i G17. Under forsøket tidlegare på dagen var Amund heilt nede på 10,83, men for n'te gong med for mykje medvind (+3,6). Men til sist lykkast han altså! (Løpet er også verdt heile 1103 tyrvingpoeng og er naturleg nok klar betring av Amunds eigen klubbrekord i G17 i Gneist - frå 11,00.)

Monika Benserud (G17) må finna seg i å stilla i skuggen av Amund denne gongen, men ho sprang også ein solid 100 meter. Tida blei 12,42 (1028 poeng).

Sondre Rinde (G15) persa med nokre hundredelar på sin 100 meter, men det var eit par hundredelar for lite til å bryta 12 blank-grensa. Tida blei altså 12,01 (989 poeng) på Sondre.

Broder Håvard Rinde (G12) hoppa 4,41 i lengde (892 poeng).

Ein annan bror - av Amund - Gjert Høie Sjursen (G13) fekk representera Sjursen i medvindsfløyen. Han sprang 100 meter på 13,26 (+2,7).

Og i Team Johan Sørstrønen var det to Bjarg-jenter som presterte på 100 meter i J18/19. Elise Una Mikkelsen vann på 12,52 og Sara Berrefjord blei nr. 3 på 12,57 i finalen, men Sara var nede på 12,55 i forsøket. No er der bra kvalitet både i topp og breidde på 100 meter i BFG-leiren.

lørdag 22. juni 2013

Rindar i vinden- Veidekke dag 3

Det er stille lørdag kveld i Søvikheia. Kontoret mitt er mellombels blitt mobilt og flytta opp i stova. Det er stille - eller: nesten stille. Eller berre litt stille. Eller ikkje stille i det heile. For i the Sounds of Silence kjem glade lydar frå nokre av Norges fremste juniorløparar. I kveld har dei fri - og legg knapt nok merke til at det innimellom striregnar.

No veit eg ikkje så mykje om det har vore striregn på Lillehammer - men eg veit at det er ein viss fare for det. For det er Austlandet (og vestlege Sverige) som er Det nye Vestlandet vermessig. Lågtrykka kjem ikkje lengre berre frå vest, no kjem dei frå sør-aust også.

No ja. Til idretten på Lillehammer lørdag:

Vilde Lund Bjørnsen (J17) sprang ein habil 400 meter, men i superslag er knapt Vilde enno. Tida hennar blei 59,35 (948 poeng) - som er sesongbeste.

På mange måtar er det brørne Sondre (G15) og Håvard Rinde (G12) som pregar listene sett med lokale auge lørdagen. Sondre persa til 5,91 i lengde (948 poeng) og kan bli Gneist og BFG sin andre over 6 meter (Amund Sjursen er jo over 7) i 2013. Sondre sprang også eit sterkt 100 meter hekk-løp, heilt ned på 14,20. Men, som på Nadderud for ei veke sidan, det var for mykje medvind (+3,2).

Håvard hoppa 1,30 i høgde (860 poeng), tangering av innehøgda til Håvard. Også han var uheldig med vindforholda på løp. I finalen på 60 meter blei det 8,73 (+3,1).

Der set eg strek - til Girl Power frå hagen som akkompagnement.

fredag 21. juni 2013

Renate sprintar - Veidekke dag 2

Renate Lie (J15) har sett ut som mykje opp gjennom åra. Ikkje minst såg ho ut som ein framtidig habil mellomdistanseløpar ei stund. No er Renate blitt sprintar med stor S - slik; Sprintar. Det betyr ikkje at ho ikkje vil koma sterkt igjen som mellomdistanseløpar eller noko anna, for den del, men denne sesongen har Renate utvikla seg som sprintar og har meldt seg på temmeleg langt der oppe på juniornivå - som første års junior.

No sist på 200 meter under Veidekkelekenes andre dag på Lillehammer fredag. Med 25,88 flytta Renate persen sin ned under 26 blank-grensa og ho er så langt ajour med meir velkjende sprintar Vilde Lund Bjørnsen si tid (også den 25,88, altså, så langt i år). Løpet var verdt heile 1048 tyvingpoeng.

Håvard Rinde (G12) oppnådde nøyaktig 1000 tyrvingpoeng for sitt 60 meter hekk-løp på Lillehammer (10,20). Gratulerer til Håvard!

Broder Sondre Rinde (G15) sprang ein god 200 meter, på 24,59 (949 poeng).

Og Elina Drivenes (J16) pynta på sesongbesten sin på 200 meter. Ho sprang på 27,41 (901 poeng).

torsdag 20. juni 2013

Eline på tur - Veidekke dag 1

Det blei ein mjuk start på årets Veidekkelekene sett med Gneist-auge. Hovudkontingenten reiser bortover når det blir skikkeleg helg. Slik sett har Veidekkelekene alltid vore eit underleg arrangement: Det startar torsdagen, medan ei heil rekkje skular først tar sommarferie fredag ettermiddag. Den gongen me sjølve (vel, berre indirekte når det gjeld underteikna) deltok på Veidekkelekene, så tok me ungane ut av skulen ei veke før tida og reiste på sommarferie til Oppland, rett og slett.

Vel, vel, Eline Myking (J16) tok i alle fall turen til første dag for å springa 1500 meter (så vidt eg veit er det også det einaste Eline gjer av idrett på Lillehammer denne gongen - i september er det UM der, så då er ho på plass igjen). Det gjorde ho på overbevisande måte. Eline vann 1500-meteren på 4:53,44 (931 poeng), som er nest-beste tida i J16 i landet så langt i år. Ho styrka også stillinga si som beste kvinnelege løpar på 1500 meter i BFG denne utesesongen.

1500 meter er rett og slett Eline sin distanse: Det starta på mange måtar med medaljen under inne-UM i Sandnes i 2012, ein medalje som blei følgt opp med gull i tilsvarande meisterskap i Steinkjer i år.

Neste store 1500-mål for Eline er vel finale i junior-NM i Overhalla i førstninga av august, vil eg tru.

På topp i Norge, gutar - pr. 20. juni 2013

Ok, så tar me gutane i same slengen - sjølv om det her er verkeleg ujamn statistikkføring. Her kjenner me til betre resultat for fleire av våre eigne utøvarar, men igjen; dette jamnar seg ut og kjem på plass til neste gong. (Me saknar naturlegvis Henrik Irgens Gravdal på 2000m, til dømes...)

Når me skal framheva nokon særskilt, er det her ikkje muleg å koma utanom einarane i dei tre yngste klassane: Henrik Irgens Gravdal, Sondre RindeKristoffer Blücher og Gjert Høie Sjursen.

G13
1. Gjert Høie Sjursen, lengde
1. Gjert Høie Sjursen, kule
1. Gjert Høie Sjursen, diskos
2. Gjert Høie Sjursen, spyd
3. Gjert Høie Sjursen, slegge
3. Thomas Blücher, 1500m
4. Thomas Blücher, 800m
5. Gjert Høie Sjursen, 100m
6. Thomas Blücher, 600m
7. Gjert Høie Sjursen, 60m
13. Thomas Blücher, 200m
13. Espen Bjørndal, 60m hekk
14. Espen Bjørndal, lengde
16. Thomas Blücher, 100m

G14
1. Kristoffer Blücher, 60m
1. Kristoffer Blücher, 100m
1. Kristoffer Blücher, 200m
1. Kristoffer Blücher, 400m
1. Kristoffer Blücher, 600m
1. Kristoffer Blücher, 800m
2. Kristian Schjønningsen, 80m hekk
3. Kristoffer Blücher, lengde
3. Kristian Schjønningsen, tresteg
16. Kristian Schjønningsen, 600m

G15
1. Henrik Irgens Gravdal, 800m
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m hinder
1. Sondre Rinde, 100m hekk
1. Sondre Rinde, 300m hekk
1. Eirik Leikvoll, høgde
2. Eirik Leikvoll, stav
3. Sondre Rinde, tresteg
4. Andreas Jensen, Kalandseid, 2000m
5. Sondre Rinde, 100m
5. Sondre Rinde, lengde
5. Henrik Irgens Gravdal, 400m
5. Vegard Albrigtsen, 2000m
6. Kieran Leon, Bjarg, 200m
6. Sondre Rinde, 60m
13. Kieran Leon, Bjarg, 100m

G16
1. Emil Engelsen, Holm, 80m
1. Stian Øvergaard Aarvik, 3000m
1. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder
1. Henrik Almenningen, tresteg
2. Vegard Austevoll, Kalandseid, 1500m
4. Petter Villanger, Kalandseid, lengde
5. Jens Larsen Åstveit, 600m
5. Henrik Almenningen, spyd
7. Vegard Austevoll, Kalandseid, 800m
9. Vegard Austevoll, Kalandseid, 400m
9. Emil Engelsen Holm, 200m
10. Emil Engelsen Holm, 100m
10. Stian Øvergaard Aarvik, 800m
10. Jens Larsen Åstveit, 1500m
17. Jens Larsen Åstveit, 800m
17. Jens Larsen Åstveit, 3000m

G17
2. Amund Høie Sjursen, 60m
2. Amund Høie Sjursen, lengde
2. Stian Norheim, 2000m hinder
2. Magnus Leikvoll, høgde
3. Amund Høie Sjursen, 100m
4. Magnus Leikvoll, kule
5. Magnus Leikvoll, stav
7. Magnus Leikvoll, 60m
8. Aleksander Lie, 600m
9. Stian Norheim, 3000m
11. Håvard Våge Opheim, høgde
13. Stian Norheim, 1500m
15. Aleksander Lie, 400m

G18/19
1. Ole Martin Røssland, 2000m hinder
7. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 1500m
8. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 3000m
9. Ole Martin Røssland, 3000m
12. Ole Martin Røssland, 1500m
14. Anders Bjørndal, 800m
14. Anders Bjørndal, 1500m
15. Andreas Iden, 1500m
17. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 800m
18. Anders Strømblad Hansen, 1500m

På topp i Norge, jenter - pr. 20. juni 2013

Eg har på eit vis venta på at statistikkføringa skulle bli nokolunde jamleg ajour. Det ser den rett og slett ikkje ut til å bli. Difor frys me situasjonen fast pr. dato, så blir det justert - og rett - til slutt. Frå innesesongen er det meininga at statistikkføringa skal skje elektronisk og automatisk, så får me sjå korleis det då ser ut.

Dette er altså oversikten over Gneist og BFG (15+)- markerkeringar i norgesstatistikken for jenter akkurat no (altså; etter kor oppdatert statistikkføringa er).

Legg spesielt merke til Anna Evensen og Silje Stenersen i årets "nye" klasse, 13-åringane!

(Topp 20)

J13
1. Anna Evensen, 60m hekk
1. Silje Stenersen, 800m
2. Silje Stenersen, 1500m
2. Silje Stenersen, 600m
2. Anna Evensen, lengde
2. Anna Evensen, tresteg
3. Anna Evensen, 80m
5. Anna Evensen, 100m
7. Anna Evensen, 200m
8. Anna Evensen, 60m

J14
2. Nora Øvergaard Aarvik, høgde
2. Sanne Myrmel, stav
14. Sanne Myrmel, høgde
17. Michelle Floor Heggeland, 200m

J15
1. Renate Lie, 60m
1. Renate Lie, 400m
1. Renate Lie, 600m
1. Maren Haugen Lillefosse, 80m
1. Maren Haugen Lillefosse, 80m hekk
3. Renate Lie, 800m
3. Renate Lie, 200m
3. Maren Haugen Lillefosse, 60m
3. Linn Seliussen, 2000m
4. Maren Haugen Lillefosse, 100m
4. Renate Lie, 100m
9. Maren Haugen Lillefosse, lengde
11. Gina Birkeland Milde, 60m
12. Tuva Straume, 600m

J16
1. Anna Serine Røssland, 3000m
1. Anna Serine Røssland, 2000m hinder
1. Eline Myking, 1500m hinder
2. Ingrid Næss Johansen, 3000m
2. Ingrid Næss Johansen, 1500m hinder
3. Eline Myking, 1500m
3. Thyra Hevrøy, 1500m hinder
4. Ingrid Næss Johansen, 1500m
6. Thyra Hevrøy, 1500m
6. Thyra Hevrøy, 3000m
7. Elina Drivenes, 400m
7. Anna Serine Røssland, 1500m
10. Elina Drivenes, 800m
12. Elina Drivenes, 200m
18. Eline Myking, 800m

J17
1. Monika Benserud, tresteg
2. Monika Benserud, 60m
3. Monika Benserud, stav
3. Monika Benserud, lengde
4. Monika Benserud, 100m
10. Vilde Lund Bjørnsen, 200m
11. Vilde Lund Bjørnsen, 100m

J18/19
2. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60m
4. Marianne Benserud, stav
8. Sara Berrefjord, Bjarg, 100m
8. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m
12. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 100m
15. Vilde Omholt, 800m
19. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 200m

onsdag 19. juni 2013

PU-ferie

PU-gruppa i Gneist avslutta vårsesongen med deltaking nr. 2 i Gneist sin Sommarkarusell. Me var nokre færre utøvarar med under løp 2, samanlikna med løp 1, men tida blei endå betre. Det kan nok ha å gjera med at underteikna blei erstatta av to habile ungdommar på mellomstrekket. Kven veit.

Uansett var det strålande innsats av dei åtte som stilte: Martine fekk sjarmøretappen frå start, rundt banen, og denne gongen fekk me den starten me fortente! Martine gav pinnen til Fredrik, like utanfor banen, som forserte parkeringsplassen utanfor Fana Stadion, kryssa hovudvegen og fann Daniel på 3. etappe. Daniel kan denne etappen ut og inn no og fann debutant Sina lenger oppe på fortauet utanfor stadion. Han fiksa 4. etappen greitt, kom seg heilt ned til og over krysset til Fanavegen, der Adrian stod og venta på pinnen for 5. etappe. Adrian kunne nok ha sprunge mykje lengre, men her gjeld det om å bli kjent med løypa. Kjent med løypa er i alle fall Gina, som har hatt etappe i nærleiken av mandagens fleire gongar alt. Ho sprang av garde og overleverte pinnen til assistent Ole Martin, som saman med Andreas tok seg av mellomstrekket denne gongen. Oppe i lia over Byggern, stod først Heine og deretter ankermann Henrik tålmodig og venta. Men du verda for ein fart dei sette opp då pinnen kom. Henrik imponerte som sistemann og var det opp til han så ville han ha sprunge i mål resten av kvelden.

Strålande!

Under her er dei aller fleste av gjengen samla. Assistent Vilde prydar biletet til venstre, dei assistentane som sprang heldt seg noko smålåtne i bakgrunnen.



Men me manglar jo ankermann Henrik her... Kor blei han av? Jo da, stadig på farten, ut av biletet og på veg mot nye løp:



God sommar!


Karusellkongen (Sommarkarusellen - 2)

Eg kjenner at eg blir meir og meir som Arne Scheie - som ein som seier "som alle vet" (eller, rettare; "som alle veit") når det nok i alle fall ikkje er alle som veit, men av og til berre nokre (ytterst) få.

Vel, eg kan altså likevel ikkje dy meg: Som alle veit så var det Stian Øvergaard Aarvik som var vinterens karusellkonge, med bestetid både på 5km og 10km i Bloggens heilt (sær-)eigne "Gneist og omland"-oversikt. Under Sommarkarusellen er det berre tilbod om 5km, men etter mandagens løp 2 er Stian på toppen også på denne årstida. (Ja, han vann heile karusellen, ikkje berre omland-konkurransen.)

Ikkje nok med det, mamma Torun Øvergaard Aarvik gjekk heilt til topps på kvinne/jente-lista til bloggen (sjølv om nett ho blei nr. 2 i den store konkurransen på mandag). 

For begge kjønn er det fleire nye namn på lista og nokre forbetringar. Topp 10 etter 2 løp ser slik ut:

KVINNER
1. Torun Øvergaard Aarvik 19.06
2. Linn Seliussen 20.17
3. Thyra Hevrøy 20.35
4. Marianne Haukøy 21.16
5. Tuva Straume 22.03
6. Sara Tyssebotn Berg 22.38
7. Pernille Hordnes Sørås 23.05
8. Selma Røssland 27.10
9. Maria Josefine Berg 29.15
10. Ingvei Seliussen 31.20

MENN
1. Stian Øvergaard Aarvik 15.43
2. Bjarte Eikanger 15.46
3. Espen Roll Karlsen 15.57
4. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.21
5. Vegard Austevoll 16.22
6. Jens Larsen Åstveit 17.22
6. Anders Strømblad Hansen 17.22
8. Morten Seliussen 17.50
9. Trym Andresen 18.19
10. André Seliussen 18.40 

mandag 17. juni 2013

Før Veidekke

Det blir ikkje fullt så mange av våre lokale heltar som stiller til start på Lillehammer under årets Veidekkelekene som det som det var under Tyrvinglekene no i helga. Men ein god del startar er det no likevel i stemnet som startar alt komande torsdag.

Og det er ikkje å leggja skjul på at Amund Høie Sjursen sine siste forsøk på å koma seg til U18-VM i Ukraina (100 meter eller lengde) er det aller mest spennande på førehand.

J15
Renate Lie (200m, 400m)

J16
Elina Drivenes (200m, 400m, 800m)
Ingrid Næss Johansen (1500m)
Eline Myking (1500m)

J17
Monika Benserud (100m, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)

G12
Håvard Rinde (60m, 60m hekk, høgde, lengde, kule)

G13
Gjert Høie Sjursen (60m, 100m, lengde, kule)

G15
Sondre Rinde (100m, 200m, 400m, 100m hekk, lengde)

G16
Emil Engelsen Holm (200m)

G17
Amund Høie Sjursen (100m, lengde)

Tyrvinglekene dag 3

Sjølv om lagkonkurransen under Tyrvinglekene på hemmeleg vis blei lagt på is dette året, så står Gneist igjen som heilt uoffisell vinnar i år som i fjor. Det blei ei paradering av sterke utøvarar frå fredag ettermiddag til søndag kveld - i absolutt brukande ver, sjølv om vinden bles i sterkaste laget, ikkje minst siste dag, søndag.

Medan leikane blei innleia med solide langløp frå Gneist-utøvarane fredag, så var det Renate Lie (J15) som avrunda på glitrande måte då ho vann 400 meter i jenter 17 (!) med 57,77 søndag kveld. Løpet er verdt 1084 poeng, det er den sterkaste løpsprestasjonen i Gneist i 2013 mellom jentene og det er berre fire hundredelar bak Vilde Lund Bjørnsen sin to år gamle klubbrekord på distansen.

Silje Stenersen (J13) varma opp hin dagen med 500 meter terrengløp til helgas store mål for hennar del, nemleg 1500 meteren. Det blei 2. plass på 4:54,33, ei pynting på persen (og klubbrekorden) for Silje med 33 hundredelar.

Sondre Rinde (G15) presterte ein ny solid tresteg-serie i varierande vind. Han var heilt oppe i 13,04m med 2,4 sekundmeter medvind. Godkjent fekk Sondre 12,86 (1006 poeng) og dermed sletta han endeleg Lars Jørgen Ytrehus sin 34 år gamle klubbrekord med ein einsleg centimeter.

André Seliussen (G12) leverte eit solid 1500 meter-løp og sneik seg godt under 5 blank-grensa - til 4:58,94 (965 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) vann 80 meter hekk greitt. Tida blei 12,47 (941 poeng). I tresteg blei det 11,23 på Kristoffer (923 poeng).

Anders Bjørndal (G18) sprang sin 400 meter på 54,20 (872 poeng). Det betyr at Anders er best i BFG-samanheng på 400 meter så langt i 2013.

Og, endeleg, Håvard Rinde (G12) støtte kula 8,79m (834 poeng).

søndag 16. juni 2013

Tyrvinglekene dag 2

Henrik var der igjen - på Nadderud Stadion. Søndag kjem han også. Då skal han kasta glas over stemnet, sjølv om han ikkje spring sjølv. Er sportsredaksjonane oppegåande, så kjem dei og lagar ein rundtomkring-reportasje med Henrik.

Det finst berre éin Henrik (eller kanskje av og til to).

Lørdag sette Henrik (Irgens Gravdal, G15) ny stemnerekord på 800 meter i G15 med 1:57,75! (1110 poeng!) Med det sletta Henrik også Rodgeir Vigestads eldgamle klubbrekord på 1:58,2. Det er 1,1 sekund ned til kretsaldersrekorden og nokre tidelar til ned til aldersrekorden i G15.

Pål Haugen Lillefosse (G12) hadde ein ny strålande friidrettsdag: På 200 meter hekk blei det 30,24 (1153 poeng), og over sekundet betre enn Sondre Rinde sin gamle klubbrekord frå 2010. I stav svinga Pål seg over endå ein ny rekord - 3,40 (1136 poeng). Og dermed sette også han ny stemnerekord - like så godt i G13. Det betyr at Pål til neste år må slå seg sjølv for å setja ny stemnerekord under Tyrvinglekene. Seinare på dagen sette Eirik Greibrokk Dolve ny norsk juniorrekord i stav (5,14) på Nadderud. Me får minna om at Pål ligg godt framfor Eirik sine høgder på same alder.

Renate Lie (J15) presterte eit offensivt 800 meter-løp, då ho persa med nøyaktig to tidelar til 2:18,29 (1003 poeng).

Gjert Høie Sjrusen (G13) er det nærmaste me kjem ein Gneist-sensasjon dette året. Kastkongen vår vann like så godt lengde under Tyrvinglekene med 5,27! (984 poeng). Men han har ikkje heilt gløymt kasteigenskapane: I slegge blei det 37,36 (1003 poeng - og klubbrekord) og i kule 12,56 (943 poeng).

Monika Benserud (J17) sletta Sandra Tennøy sin åtte år gamle klubbrekord i tresteg (11,56), då ho lørdag kom seg over 12 meter - til 12,13 (993 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) heldt på sin 200 meter hekk fram med å halda eitt år yngre Jakob Ingebrigtsen (godt) bak seg. Kristoffer si tid blei 29,54 (979 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) tangerte høgde-hoppet frå Torvastad på 1,55 (977 poeng).Nora sprang elles 60 meter på 8,70 (878 poeng).

Anna Evensen (J13) har hoppa lengde både på Bislett og på Nadderud. Og ho hoppar lengre og lengre. No blei det 4,89 (976 poeng).

Elina Drivenes (J16) kom seg ned på 2:21,71 på 800 meter (914 poeng).

Charlotte Harris (13) hoppa 4,20 i lengde (832 poeng).

Ny pers blei det på Ole Martin Røssland (G18) på 800 meter. Tida blei 2:05,86 (813 poeng).

Til sist:
- Svært gode prestasjonar med for mykje vind på Sondre Rinde (G15) på 100 meter hekk (14,40) og Gjert Høie Sjursen (G13) på 60 meter (8,22).

- Og eit sterkt resultat på 4 x 60 meter stafett i G10-12. Kvartetten Hans-Magnus Haukøy, André Seliussen, Håvard Rinde og Pål Haugen Lillefosse var med 34,47 tett på klubbrekorden til den sterke firarbanden Casper Stenersen, Henrik Irgens Gravdal, Sondre Rinde og Kristoffer Blücher.

lørdag 15. juni 2013

Donald Duck

Dette året er det eit slags integrert samarbeid mellom Donald Duck i Oslo (Bislett) og heldige fetter Anton (Tyrving, Nadderud), der dei yngste mest - men ikkje berre - konkurrerer på Bislett og dei frå 14 år og oppover held seg ved Bekkestua.

Donald Duck Games sin hovuddag dette året var fredagen her i Oslo. Og det var 12-åringen Pål Haugen Lillefosse og 13-åringen Anna Evensen som presterte sterkast for Gneist.

Pål har rett under 10 blank på 60 meter hekk frå innesesongen. Fredag presterte han 10,02 utandørs på distansen, i 1,3 sekundmeter motvind. Løpet er verdt 1036 tyrvingpoeng og var to tidelar under Sondre Rinde sin tre år gamle klubbrekord i G12. (Og det fortalde at Pål er i kanon hekkeform i helga, men meir om det følgjer frå Tyrving-rapport dag 2!)

Anna Evensen vann lengde i J13 på 4,76, men det hoppet hadde heile 4,0 i medvind. Anna hoppa 4,67 (930 poeng) med godkjent vind. På 60 meter hekk sprang Anna på glitrande 9,73, men i skrivande stund manglar det vind på resultatlistene, så her får me koma tilbake med meir omtale når dei har funne vinden igjen også i nærleiken av Bislettt.

For både her i Oslo vest og ute på Nadderud er det no i rikelegaste laget med vind innimellom i dag, så her er no sorten.

Tyrvinglekene dag 1

Kva var det eg skulle sagt? Jo da, sola skin enno i hovudstaden og omland (Bærum). Rykta vil ha det til at ho skal slutta med det når me kjem til Tyrvinglekenes siste dag, søndag. Men no, medan det enno er lørdag, er det ut under den blå himmelen og nyta finaveret - litt i hovudstaden og litt på Nadderud Stadion.

Fredagskvelden markerte Gneist/BFG seg sterkt. Speaker Jo Nesse heldt fram med lovprisinga si av løpsmiljøet i klubben-(ane). Han beviser at han har solid oversikt.

Aller sterkaste prestasjonen stod Henrik Irgens Gravdal (G15) for, med 5:44,62 på 2000 meter (1091 poeng). Det er ny klubbrekord både i G15 i Gneist og i BFG Bergen (senior). Den gamle i Gneist hadde Andreas Iden frå 2010 på 5:50,50, medan Jørgen Jensen Axelsen hadde den gamle i BFG (5.48). Tida er 3.  best i Hordaland gjennom alle tider og 9. best i landet. Enno er det store løp på distansen i sesongen for Henrik og det er kort veg opp til kretsaldersrekorden.

Sondre Rinde (G15) pynta på persen på 300 meter hekk til 41,80 (1055 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) tangerte persen (og klubbrekorden) på 200 meter - 24,23 (1048 poeng) - og denne gongen med ein sekundmeter i motvind. På 600 meter fekk me ein ny duell mellom Kristoffer og G13-løparen, Jakob Ingebrigtsen - veslebroren til han de veit, der Kristoffer viste seg å vera sterkast (igjen) og vann på ny pers, 1:29,70 (1033 poeng).

Anna Serine Røssland (J16) vann 3000 meter og betra samtidig sin pers på distansen til 10:37,76 (970 poeng).

Linn Seliussen (J15) gjennomførte eit svært godt 2000 meter-løp. Ho persa med over 12 sekund og kom i mål på 7:11,98 (896 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) oppnådde sesongbeste på sin 3000 meter med 11:16,50 (881 poeng). Dessverre var marginane imot Thyra fredag: tida var sju hundredelar bak persen frå 2012 og sekundet bak bronsen på Nadderud.

Sidan eg framleis manglar vindmåling på Nora Øvergaard Aarvik (J14) sitt 200 meter-løp på 28,80 under KM sist helg, så blir 29,24 (833 poeng) - i solid motvind - på Nadderud fredag sesongbeste av godkjente løp så langt for Nora på distansen.

tirsdag 11. juni 2013

Senior-markeringar, menn, pr. 11. juni 2013

Også for menn finst det alt no ein god del BFG-markeringar i norgesstatistikken. Amund Høie Sjursen er den som markerer seg mest og høgast, medan yngstemann er den heilt ferske 12-åringen Pål Haugen Lillefosse.

60m
3. Amund Høie Sjursen

100m
16. Amund Høie Sjursen

400m
31. Kristoffer Blücher

800m
48. Henrik Irgens Gravdal

1500m
21. Jørgen Austvik
22. Erlend Gjerdevik Sørtveit
25. Henrik Irgens Gravdal

3000m
32. Henrik Irgens Gravdal

10000m
5. Espen Roll Karlsen
6. Yngve Kiserud

2000m hinder
2. Ole Martin Røssland
3. Stian Norheim

Høgde
20. Magnus Leikvoll
25. Eirik Leikvoll

Stav
19. Eirik Leikvoll
21. Pål Haugen Lillefosse

Lengde
6. Amund Høie Sjursen

Tresteg
6. Sondre Rinde
9. Henrik Almenningen

Senior-markeringar, kvinner, pr. 10. juni 2013

Her følgjer første versjon frå utesesongen av oversikten over senior-markeringar i norgesstatistikken for BFG-utøvarar (BFG og samarbeidsklubbar). Heilt i norgestoppen finn me snart heimvende Martine Eikemo Borge.

(Dette er fastfrose pr. utlagt statistikkversjon, trass i at det nok finst ei og anna endring sidan den tid.)

60m
3. Monika Benserud
5. Elise Una Mikkelsen
8. Renate Lie
15. Maren Haugen Lillefosse

100m
23. Monika Benserud
33. Renate Lie
38. Vilde Lund Bjørnsen

200m
11. Martine Eikemo Borge
27. Sara Berrefjord
41. Vilde Lund Bjørnsen

400m
2. Martine Eikemo Borge

600m
8. Renate Lie

800m
1. Martine Eikemo Borge
19. Renate Lie
43. Elina Drivenes
51. Eline Myking
53. Silje Stenersen
56. Thyra Hevrøy
58. Ingrid Næss Johansen
60. Vilde Omholt

1500m
19. Silje Stenersen
21. Eline Myking
22. Ingrid Næss Johansen
24. Thyra Hevrøy
25. Anna Serine Røssland

3000m
8. Anna Serine Røssland
10. Ingrid Næss Johansen

2000m hinder
2. Anna Serine Røssland

Høgde
16. Nora Øvergaard Aarvik

Stav
8. Marianne Benserud
13. Monika Benserud
17. Sanne Myrmel

Lengde
9. Monika Benserud
33. Maren Haugen Lillefosse

Tresteg
5. Monika Benserud

mandag 10. juni 2013

Før Tyrvinglekene

Komande helg er det på ny - for 64. gong - klar for Tyrvinglekene på Nadderud stadion i Bærum. Det er litt urovekkande å lesa vermeldingane for det sentrale Austlandet: Me har flotte sommardagar nett no, men dette skal endra seg og det kan vera lurt å pakka med seg paraply og regnkler. Så er det sagt.

Gneist har verkeleg noko å forsvara, etter sigeren i lagkonkurransen under Norges største friidrettsstemne i 2012. "Troppen" til Gneist er minst like sterk i 2012. ("Troppen" står i hermeteikn fordi turen til Tyrving er noko som kvar enkelt (familie) styrer med, totalt summerer dei enkelte seg opp til ein fin - ja, nettopp - tropp.)

Her er dei påmelde frå Gneist og BFG Bergen til årets leikar:

J13
Anna Evensen (600m, 200m, 200m hekk, lengde, tresteg)
Charlotte Harris (60m, 200m, lengde)
Silje Stenersen (800m, 1500m, 500m terreng)

J14
Michelle Floor Heggeland (60m, 200m, lengde)
Sanne Myrmel (60m hekk, høgde, stav)
Nora Øvergaard Aarvik (60m, 200m, høgde)

J15
Renate Lie (400m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 80m hekk, lengde)
Linn Seliussen (800m, 2000m)

J16
Elina Drivenes (400m, 800m)
Thyra Hevrøy (800m, 3000m)
Anna Serine Røssland (800m, 3000m)

J17
Monika Benserud (100m, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m)

J18/19
Marianne Benserud (stav)
Sara Berrefjord (100m, 200m)
Elise Una Mikkelsen (100m, 200m)

KS
Torun Øvergaard Aarvik (3000m)

G12
Hans-Magnus Haukøy (200m)
Pål Haugen Lillefosse (200m, 200m hekk, høgde, stav, tresteg)
Håvard Rinde (60m, 200m, lengde, tresteg, kule, liten ball)
André Seliussen (1500m)

G13
Thomas Blücher (60m, 1500m)
Gjert Høie Sjursen (60m, lengde, kule, diskos, slegge, liten ball)

G14
Kristoffer Blücher (60m, 200m, 600m, 80m hekk, 200m hekk, lengde, tresteg)

G15
Henrik Irgens Gravdal (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll (100m, høgde, stav, lengde)
Sondre Rinde (100m, 100m hekk, 300m hekk, lengd, tresteg)

G16
Henrik Almenningen (100m, lengde, tresteg, spyd)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)

G17
Magnus Leikvoll (høgde, stav, kule)
Aleksander Lie (400m, 800m)

G18/19
Anders Bjørndal (400m, 800m)

MS
Jørgen Austvik (800m, 3000m)
Ole Martin Røssland (800m, 3000m)
Amund Høie Sjursen (100m, lengde)

søndag 9. juni 2013

KM dag 3 - Nesten til Ukraina!

Amund Høie Sjursen (G17) opplevde under KMs siste dag søndag å få sjå 10-talet på 100 meter for første gong. Tida blei så god som 10,84! Men dessverre var medvinden så sterk som +3,1. 10,84 er fem hundredelar under kravet til U18-VM, som i år går i Ukraina midt i juli. Det blir spennande å følgja Amund sine forsøk på dette kravet på Nadderud og Stampesletta.

Sondre Rinde (G15) sprang eit nytt glitrande 100 meter hekk-løp og flytta persen ned med eitt tidel til 14,70 (1033 poeng). På 400-meteren gjekk det noko tråare. Her blei tida 59,30 (800 poeng).

Renate Lie (J15) flytta 100 meter-persen sin ned til 12,84 (1009 poeng). Og dermed er ho ei av tre jenter i BFG med 12,84 i år (Maren Haugen Lillefosse og Elise Una Mikkelsen er dei to andre - Elise rettnok med litt for mykje medvind i sitt løp.)

Vilde Lund Bjørnsen (J17) sprang på 12,71 på 100 meter, men her var det litt for mykje medvind (+2,2).

Henrik Irgens Gravdal (G15) sprang ein for han uvant 400 meter. Det enda med kjempepers og 54,97 (973 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) slo til med 1,83 i høgde (930 poeng). Og med det blei han nr. 27 på lista over BFG-utøvarar som er kvalifserte til junior-NM i Overhalla i august!

Henrik Almenningen (G16) hoppa godt i tresteg: Han landa på 12,56 (926 poeng).

Elina Drivenes (J16) sprang på 13,48 på sin 100 meter (883 poeng).

Stadig nye på lista til meisterskapa: Vegard Albrigtsen (G15) sprang greitt under UM-kravet på 2000 meter i debutløpet på distansen. Tida hans blei 6:35,50 (862 poeng).

Linn Seliussen (J15) flytta 2000 meter-persen sin frå innesesongen ned nokre sekund, til 7:24,36 (846 poeng).

lørdag 8. juni 2013

KM dag 2 - Og så var dei to

Dag 2 under KM var mellomdagen - og heile KM framstår som eit aldri så lite mellomspel - mellom Framolekene sist helg og Tyrvinglekene neste helg for svært mange. Det er mange øvingar der det er lett å plukka seg KM-medaljar (få deltakarar) og her finst ein god del "DNS-ar", altså utøvarar som har meldt seg på, men har kome på andre tankar. Og, sjølv om forholda har vore brukbare, er her ikkje veldig mange persar eller sesongbeste.

Men her er jo alltid unntak, naturlegvis.

Renate Lie (J15) kvalifiserte seg til senior-NM gjennom sitt 400 meter-løp under Framolekene sist helg. I dag var ho eitt hundredel ifrå å gå under kravet også på 200 meter. Tida til Renate blei sterke 26,11 (1030 poeng). Berre USA-farar Martine Eikemo Borge har betre 200 meter-tid enn Renate i BFG så langt i utesesongen.

Eitt av kjernemåla for BFG Bergen i 2013-sesongen på bane har vore å få minst tre utøvarar for menn under 2 blank på 800 meter. Med eit nytt kanonløp av Anders Bjørndal (G18) lørdag, så er dei no to: Anders og Henrik Irgens Gravdal. Og fleire nærmar seg. Tida til Anders blei 1:59,92 (920 poeng).

Elina Drivenes (J16) sesongdebuterte på 200 meter med 27,46 (897 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) er ein annan som sakte, men sikkert nærmar seg 2 blank grensa på 800 meter. Tida hans blei denne gongen 2:01,11 (872 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang sin 60 meter på 8,79 (854 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) hoppa 4,91 i lengde (832 poeng).

Charlotte Harris (J13) hoppa 4,16 i lengde (823 poeng).

Henrik Almenningen (G16) sesongbetra seg i lengde til 5,47 (814 poeng).

Sesongbeste - og KM-gull - blei det også på Aleksander Lie (G17) på 800 meter med tida 2:07,98 (811 poeng).

KM dag 1 - bølgja held fram

Vel, eigentleg skulle innlegget etter KM dag 1 hatt tittelen "Welcome home", men det brukte eg opp i går kveld medan eg venta på resultatlista.

Lørdag kveld ligg så resultatlistene føre for både dag 1 og dag 2 av årets KM på Fana Stadion, men som ofte er tilfelle så manglar det ein del vindmåling i første utgåvene av resultatlista. Irriterande for statistikarar  - og for dei som persar. For vinden var nok meir enn grei nok fredagskvelden, vil eg tru. Reknar med at det kjem i endeleg versjon.

Men, dette med bølgja: Me har nokre sterke namn i Gneist (og BFG-)-miljøet no. Men når me har hatt éin sterk utøvar som har sletta ei røys gamle klubbrekordar, så kjem det likevel gjerne ein ny og gjer det endå betre. Kristoffer Blücher sletta nyleg Henrik Irgens Gravdal sin sterke 800-rekord frå i fjor, til dømes, og fredag kveld var det Pål Haugen Lillefosse (G12) som braut rekka av sprint-rekordar i G12 som Kristoffer sette for to år sidan, då Pål sprang 200 meter på 27,23 (1031 poeng)!

Så, bølgja held fram.

Og sjølvaste "the Wave" - Anders Bjørndal (G18) er alt nemnt. Med 4:14,94 (909 poeng) på 1500 kvalifiserte han seg altså til junior-NM.

Sanne Myrmel (J14) persa i stav til 2,57 (908 poeng). (Sanne er forresten kvalifisert både til UM og junior-NM i 2014.)

Håvard Rinde (G12) fekk notert 8,61 i kule (812 poeng).

Og Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang på 28,80 på 200 meter - men førebels utan vindmåling.


fredag 7. juni 2013

Welcome home

Resultatlistene frå KM på Fana Stadion kjem vel etter kvart. Dette er eit dugnadsprosjekt, der det let til å fungera slik nokolunde i alle fall første kvelden, fredag. Kretsdugnaden held fram lørdag og søndag.

Me me fekk i alle fall to "highlights" i BFG Bergen på den avsluttande 1500 meteren:

- Ny pers på Jørgen Austvik, som nærmar seg veldig å bli den første i klubben i "moderne tid" som går under den magiske 4 blank-grensa. Den nye persen til Jørgen - som også fekk seg KM-bronse - er på 4:00,93.

- Anders Bjørndal har vendt tilbake til gamleland og gamleklubb etter nesten eitt års eksil i Minnesota. Og Anders beviste fredagskvelden at han ikkje har lege på latsida. Det blei pers med nesten ni sekund på 1500 meter. Ikkje nok med det: Tida 4:14,94 inneber også at Anders sprang fem hundredelar betre enn kravet til junior-NM i Overhalla (og for så vidt i Fredrikstad i 2014).

Det var aller første gongen Anders kvalifiserte seg til eit junior-NM. Med det har BFG nådd 26 kvalifiserte så langt i år. Og det er også full likestilling i klubben: 13 jenter og 13 gutar er kvalifiserte til meisterskapet i Nord-Trøndelag tidleg i august.

Full oversikt finst her.

torsdag 6. juni 2013

Før KM

Kretsmesterskap i friidrett. Kretsmester i friidrett. Smak på det - er det ikkje gjævt? Vel, burde det ikkje vore gjævt?

Vel, ein kan trygt slå fast at kor gjævt eit KM er, går i bølgjer. Det er snakk om tidspunkt for arrangementet (to onsdagar i september som ein prøvde seg på for to år sidan var ingen genistrek), ikkje minst, men det er også snakk om ramma rundt. KM er eit spleiselag og ein dugnadsjobb for klubbane i kretsen. Det er vel i varierande grad at den enkelte klubb då kjenner eigarskap til arrangementet, slik som ein gjer når ein arrangerer eigne "leikar" eller andre stemne.

Vel, vel. Denne helga er det uansett klart for sjølvaste STOR-KM, som ikkje gjer arrangementet større. Det er berre for å markera at det er eit KM for alle klassar frå 11 år og til og med senior.

Eg registrerer at det er Gneist-utøvarar som er oppmeldt ein klasse til KM. Det er det for så vidt ikkje høve til. I KM skal ein starta i den årsklassen ein høyrer heime i. Det er heller ikkje høve til å melda seg opp og ned mellom seniorklasse og aldersbestemt klasse - også her skal det i utgangspunktet gjerast eit val. Så får ein nett sjå på handhevinga i helga.

Her er uansett dei påmelde frå vår lokale andedam:

J12
Sara Tyssebotn Berg (600m)

J13
Anna Evensen (60m, 200m, 60m hekk, lengde, tresteg)
Charlotte Harris (60m, lengde)

J14
Sanne Myrmel (60m hekk, høgde, stav)
Nora Øvergaard Aarvik (60m, 200m hekk, høgde)

J15
Renate Lie (100m, 200m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 80m hekk, lengde)
Linn Seliussen (2000m)

J16
Elina Drivenes (200m)
Thyra Hevrøy (800m, 3000m, 300m hekk)
Anna Serine Røssland (800m)

J17
Monika Benserud (100m)
Vilde Lund Bjørnsen (100m)

KS
Ingrid Næss Johansen (800m, 3000m)
1000 meter stafett-lag (BFG Bergen)

G12
Pål Haugen Lillefosse (60m, 200m, 60m hekk, høgde, stav, lengde)
Håvard Rinde (60m, 200m, 60m hekk, lengde, tresteg, kule, spyd)
André Seliussen (600m, 1500m)

G13
Espen Bjørndal (60m, høgde, lengde)
Thomas Blücher (600m, 1500m)
Gjert Høie Sjursen (60m, lengde, diskos, spyd)

G15
Eirik Leikvoll (høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 400m, 100m hekk, 300m hekk, lengde, tresteg)

G16
Henrik Almenningen (100m, lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)

G17
Magnus Leikvoll (høgde, stav, kule)
Aleksander Lie (200m, 400m, 300m hekk)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde

MS
Jørgen Austvik (400m, 800m, 1500m, 5000m)
Anders Bjørndal (800m, 1500m)
Bjarte Eikanger (800m, 5000m)
Henrik Irgens Gravdal (400m, 800m)
Anders Strømblad Hansen (800m, 1500m)
Egil Johan Hessen (1500m, 5000m)
Stian Norheim (400m, 800m, 1500m)
Ole Martin Røssland (800m, 1500m)
Erlend Gjerdevik Sørtveit (800m, 1500m, 5000m)
Ole Hartvig Nissen Viken (stav)

onsdag 5. juni 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 5. juni

Då har det tikka inn ei heil rekkje resultat frå utesesongen. Ein del av dei som viste solid framgang i innesesongen styrkar denne framgangen, men det er også kome ein del nye til. Oversikten nedanfor inneheld minst fem namn i kvar øvingsgruppe for kvart kjønn, der det er så mange som har konkurrert så langt i år. I nokre tilfelle er det fleire enn fem, fordi det finst utøvarar i 1000 poengs-klubben mellom dei fem øvste.

Desse er dei mest framgangsrike så langt i 2013:

JENTER
Løp
Vilde Omholt, Ida Karoline Michelsen (ny), Sara Tyssebotn Berg, Gina Birkeland Milde, Amalie Ellingsen Nyheim

Hekk/hinder
Maren Haugen Lillefosse (ny), Ingrid Næss Johansen (ny), Anna Evensen

Hopp
Vilde Lund Bjørnsen, Ida Karoline Michelsen (ny), Anna Evensen, Nora Øvergaard Aarvik, Marianne Benserud, Silje Stenersen, Charlotte Harris (ny), Maren Haugen Lillefosse (ny)

Kast
Charlotte Harris, Victoria R. Bruun

GUTAR
Løp
Jens Larsen Åstveit, Gjert Høie Sjursen (ny), Torbjørn Knag, Herman Ellingsen (ny), Kristoffer Blücher, Thomas Blücher (ny)

Hekk/hinder
Erlend Borsholm, Stian Øvergaard Aarvik (ny), Kristoffer Blücher (ny), Ole Martin Røssland (ny), Håvard Rinde, Espen Bjørndal, Stian Norheim (ny)

Hopp
Gjert Høie Sjursen (ny), Magnus Leikvoll, Amund Høie Sjursen (ny), Pål Haugen Lillefosse, Eirik Leikvoll, Håvard Rinde, Herman Ellingsen (ny), Emil Engelsen Holm

Kast
Magnus Leikvoll, Gjert Høie Sjursen, Erlend Borsholm (ny), Eirik Leikvoll, Håvard Rinde (ny), Pål Haugen Lillefosse (ny)

Til neste oversikt er stort sett vårsesongen unnagjort.

tirsdag 4. juni 2013

Rekrutt-karusellen (Sommarkarusellen - 1)

Kveldens høgdepunkt under den første Sommarkarusellen mandag var så definitivt at stafettlaget til Gneist PU klarte å karra seg først i mål, inkludert kvarteret med handikap-tillegg. Det var svært!

Gneist sine juniorar er sett til å vera funksjonærar under karusellen. Dei har dessutan mange løp på denne tida på bane, så dei kjem sterkare igjen når det blir vinterkarusell.

I staden nytta mange av dei heilt yngste sjansen til å springa og markera seg. Det er kjekt. Eg har særskilt lova å nemna den yngste her i huset, Selma Røssland (9 år), som persa med to minutt og 15 sekund og kom i mål på den høgst respektable tida 27,10. Sånn, no var det gjort.

Om det er nokon som elles dominerer listene, så er det "Seliussen". Dei finn me høgt og rikeleg plassert på begge lister!

Som vanleg følgjer eg karusellen med fullstendig subjektivt blikk, med utgangspunkt i eit "Gneist og omland"-prinsipp. Og her er topp 10-listene etter første løp:

"KVINNER"
1. Linn Seliussen 20.42
2. Marianne Haukøy 21.16
3. Sara Tyssebotn Berg 22.38
4. Pernille Hordnes Sørås 23.05
5. Selma Røssland 27.10
6. Maria Josefine Berg 29.15
7. Ingvei Seliussen 31.20
8. Marie Seliusssen 31.21
9. Sofie Ellingsen 37.44
10. Hedda Erica Eikanger 38.13

"MENN"
1. Jens Larsen Åstveit 17.24
2. Morten Seliussen 17.50
3. André Seliusssen 18.40
4. Thomas Blücher 19.03
5. Jostein Lie 19.36
6. Herman Ellingsen 22.08
7. Torbjørn Knag 23.07
8. Mathias Algrøy 23.53
9. Erlend Borsholm 23.54
10. André Jensen Ryland 25.01

UM - kvalifiseringsoversikt

Det er til vanleg slik at ein har ganske god oversikt over kvalifiserte til meisterskap alt sesongen før det aktuelle meisterskapet. Det kjem av at ein prestasjon eitt år gjeld for kvalifisering også komande år. Dermed er det berre mindre justeringar som kjem det aktuelle året.

Til UM er det likevel eit ekstra moment, nemleg det at utøvarane må kvalifisera seg for nett den øvinga dei skal delta i. (Dette er annleis enn i junior- og senior-NM, der det held å kvalifisera seg for ei øving for å kunna delta i kva ein vil.) Dermed er det også spenning om alt kvalifiserte utøvarar klarer fleire øvingar før endeleg frist.

Årets UM på Lillehammer går først 6. - 8. september, så her er mange stemne å prestera i framleis.

Men alt så langt i utesesongen har talet på kvalifiserte frå Gneist Friidret gått opp frå 26 til 28 utøvarar. Dei to siste på lista mi er Jens Larsen Åstveit og Vilde Omholt. I tillegg har eg notert meg at Thyra Hevrøy og Eline Myking er nye på 800 meter og Maren Haugen Lillefosse er (sole-)klar på 80 meter hekk.

Heile lista ser slik ut:

GUTAR

G18/19
Anders Strømblad Hansen (3000m)
Andreas Iden (3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)
Erlend Gjerdevik Sørtveit (800m, 3000m)
G17
Magnus Leikvoll (stav, høgde)
Aleksander Lie (800m)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde, tresteg)
G16
Henrik Almenningen (lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)
G15
Henrik Irgens Gravdal (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll (høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 100mh, 300mh, lengde, tresteg)

JENTER

J18/19
Marianne Benserud (200m, tresteg, stav)
Vilde Omholt (800m)
J17
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg, stav)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m, 800m, lengde)
J16
Elina Drivenes (200m, 800m)
Thyra Hevrøy (800m, 300mh)
Ingrid Næss Johansen (800m)
Eline Myking (800m, høgde)
Ingrid Helene Nyhus (800m)
Anna Serine Røssland (800m)
J15
Renate Lie (100m, 200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 80mh, lengde)

Dermed er det 16 gutar og 12 jenter som er kvalifiserte. Og i og med at det er fri påmelding i eit par øvingar der me har aktuelle kandidatar (J15 i praksis), så kan me nok plussa på eit par utøvarar til på lista.

**

Til UM i Haugesund i 2014 er det kome til fem nye utøvarar sidan sist, slik at talet her alt no er på 25 utøvarar. 2014-gjengen halar med andre ord innpå dei som skal på tur i 2013. Kristoffer Blücher (G15 i 2014) er alt komen opp i seks øvingar han er kvalifisert for.

mandag 3. juni 2013

Kvalifiseringsoversikt, BFG Bergen - pr. 3. juni 2013

Som eg sa det til hr. Lie på tribunen då Amund Høie Sjursen passerte 7-meteren i lengde søndag: "alt lykkes for denne regjering"...

No ja, det er no flinke trenarar og - framfor alt - utøvarar som gjer at BFG er i vinden for tida.

Det inneber også at "staben" til meisterskapa er i stadig utviding. Her følgjer oppdatert oversikt:

SENIOR-NM (Tønsberg i august)
Me har etter siste tids bravadar faktisk fleire kvalifiserte til hovud-NM (alt no) enn me hadde i 2012. Og då må me altså hugsa på at fire av fjoråets ti kvalifiserte er borte frå klubben. Me har tre nye kvalifiserte sidan sist - og altså første "hane" i korga på fleire år i Amund Høie Sjursen. Slik ser oversikten ut:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Sara Berrefjord (NY: har sprunge dønn likt med 100 meter-kravet på 12,75!)
* Vilde Lund Bjørnsen
* Martine Eikemo Borge
* Renate Lie (NY: sprang under kravet på 400 meter på Framolekene søndag)
* Benedikte Liland
* Maren Haugen Lillefosse
* Elise Una Mikkelsen
* Pernille Thomassen

* Amund Høie Sjursen (NY: No altså både under kravet på 100 meter og i lengde)

JUNIOR-NM (Overhalla i august)
Det er framleis dei same 13jentene som er kvalifiserte til junior-NM som det var då utesesongen starta:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Sara Berrefjord
* Vilde Lund Bjørnsen
* Elina Drivenes
* Thyra Hevrøy
* Ingrid Næss Johansen
* Renate Lie
* Maren Haugen Lillefosse
* Elise Una Mikkelsen
* Eline Myking
* Ingrid Helene Nyhus
* Anna Serine Røssland

For gutane, derimot, har det skjedd ting. Her er talet no stige frå 10 til 12 kvalifiserte utøvarar:

* Vegard Austevoll (NY: 1500m)
* Henrik Irgens Gravdal
* Anders Strømblad Hansen
* Andreas Iden
* Eirik Leikvoll
* Sondre Rinde (NY: har klart kravet i tresteg)
* Ole Martin Røssland
* Amund Høie Sjursen
* Erlend Gjerdevik Sørtveit
* Stian Øvergaard Aarvik
* Jørgen Austvik (U23)
* Jørgen Jensen Axelsen (U23)

***

I tillegg så er det litt greitt å nemna ein første oversikt for 2014 også:

- 5 kvinner og 1 mann er kvalifisert til senior-NM på Jessheim alt no.
- 14 jenter og 9 gutar er alt klare for junior-NM i Fredrikstad

Oppsamlingsheat (med godkjent vind)

Me må ikkje la noko liggja og slenga i statistikkstova:

Då resultatlistene først blei lagt ut frå Framolekene var det ein del øvingar som mangla vind. Resultatlistene er så blitt reviderte og oppdaterte, men utan at eg og andre har fått meldingar om det - her må må sjekka og sjekka sjølve.

Men rett skal vera rett: Nokre Gneist-utøvarar sprang korthekk lørdag på gode vis, utan å ha fått den omtalen dei fortener - berre fordi vindmålinga mangla i første versjon.

Alle løp hadde godkjent vind. Dette er viktig: Det skal vera godkjent vindmåling for at resultata skal telja med for statistikkformål, også for dei yngste.

Men, til saka:

Håvard Rinde (G12) sprang eit glitrande hekkeløp over 60 meter lørdag. Tida hans blei 10,22 (+1,1). Då manglar Håvard skarve 4 poeng på dei magiske 1000...

Pernille Michelsen (J10) kom i mål på 12,13 (-0,5) på sin 60 meter hekk (899 poeng).

Sanne Myrmel (J14) hadde littegrann betre tid inne i vinter, men ny utepers på 60 meter hekk for henne er på 10,79 (-0,4) - 792 poeng.

Då skulle me ha det!

(Feil og manglar finst det sikkert enno her og der - og då er det viktig at dei interesserte, engasjerte og kunnskapsrike lesarane gir tilbakemelding!)

Framo dag 4: Sterke toppar

Siste dag av Framolekene blei noko våt, sjølv om det ikkje blei noko styrtregn. I staden kjempa sola innbitt om å få overtaket og klarte det, nett i tide til avslutningsøvingane. Alt i alt har veret og forholdet under Framolekene igjen vore over middels.

Og resultata har vore langt over middels.

Prestasjonen over alle prestasjonar stod utvilsamt Kristoffer Blücher (G14) for, då han sprang 400 meter på 52,44. Det er norsk aldersrekord med over sekundet! Poengsummen etter tyvingtabellen er smått utrulege 1162... Litt symbolsk for omtalen av Kristoffer: Hans sterke 100 meter på 12,08 (betring av ein klubbrekord med to tidelar...) (1045 poeng) kjem rett og slett i bakgrunnen her.

Amund Høie Sjursen (G17) presterte ein fenomenal lengdeserie. Han hadde 6,52 som årsbeste og 6,71 som pers frå før. Søndag hadde han seks hopp over 6,90! Og bestehoppet sneik seg heldigvis like over 7-meteren: 7,02. Det gir 1084 poeng. Og då snakkar me også rekordar: Rettnok er det framleis fire fattige centimeter opp til U23-rekorden i BFG, men klubbrekorden i Gneist i G17 blei sletta med ein halvmeter. Og den var gammal, sett av Carl Trygve Standsberg i 1968... Det skulle bli 45 år det!

Henrik Irgens Gravdal (G15) fekk sure 9:00,00 på Torvastad nyleg. Søndag blei det 8:56,92 på 3000 meter for fenomenet. Tida er 7. beste i landet for 15-åringar gjennom alle tider og godt og vel fire sekund raskare enn det Henrik Ingebrigtsen hadde på distansen på same alder. (Det er drøye sju sekund fram til kretsaldersrekorden til Thomas Solberg Eide.)

Renate Lie (J15) slo skikkeleg til då ho først kom seg under minuttet på 400 meter. Tida hennar blei solide 58,75 (1047 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G16) var heilt nede på 8:55 inne på 3000 meter, men søndag blei det i alle fall så vidt det var utepers med 9:00,89 (tre hundredelar) - 1030 tyrvingpoeng.

Monika Benserud (J17) sprang fortare enn på lenge då ho fekk til 12,51 på 100-meteren (1014 poeng). Ho hoppa også lengde. Der blei det 5,29 (945 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J15) sprang ein solid 100 meter, på 12,84 (1009 poeng). Ho hoppa også 4,93 i lengde (909 poeng).

Sondre Rinde (G15) betra seg på 100 meter til flotte 12,06 (982 poeng), og han hoppa 5,87 i lengde (944 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) fekk sesongbeste på 3000 meter med 9:00,22 (972 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) sprang 100 meter på 11,96 (955 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) sprang sin beste 3000 meter og kom seg under 9 blank-grensa. Tida blei 8:59,42 (955 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J16) sletta 3000-persen sin frå inne-NM i Haugesund med fem sekund, då ho kom i mål på 10:49,17 (944 poeng).

Me noterer oss at det gror bra også mellom dei yngste poengplukkarane: Emma A. Voldsund (J10) sprang 40 meter på 6,80 (930 poeng) og hoppa 1,10 i høgde (910 poeng).

Silje Stenersen (J13) klarte akkurat å persa på 600 meter. Tida blei 1:45,04 (927 poeng).

Anna Evensen (J13) fekk tida 13,94 på 100 meter (913 poeng).

Stian Norheim (G17) er på gang og fekk ny pers på 3000 meter med 9:33,78 (908 poeng).

Sanne Myrmel (J14) svinga seg over 1,45 i høgde (902 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) støtte kula 11,88m (902 poeng). I tillegg blei det 13,48 på 100 meter på vår "nye" sprintar (884  poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) hoppa 1,10 i høgde (895 poeng).

Så fekk me eit positivt løp frå Aleksander Lie (G17) på 400 meter. Tida blei 54,29 (888 poeng). Her er det meir å gå på med betre disponering av kreftene neste gong.

Verdfulle kastpoeng blei det på Katrine Holm Gjeraker (J10). Ho fekk til 5,20 i kule (884 poeng).

Pernille Michelsen (J10) sprang 40 meter på 6,99 (863 poeng).

Mathias Algrøy (G11) sprang sin 40 meter på 6,81 (856 poeng).

Charlotte Harris (J13) støtte 8,84 i kule (848 poeng).

Ingeborg Strandenes (J10) hoppa akkurat 1 meter i høgde (835 poeng).

Marianne Benserud (J18) sprang 100-meteren sin på 13,58 (827 poeng).

Gina Milde (J15) sprang på 14,00 på sin 100 meter (824 poeng).

Herman Hovland (G14) sprang sin 100 meter på 13,40 (821 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) betra seg aldri så lite på 600 meter, til 1:37,88 (821 poeng).


...
Og heilt til slutt: Bjarte Eikanger sin 3000 meter på 8:58,75 var imponerande. Ungdommen på snart 41 år jagar no tidene sine frå nokre år tilbake og er meir enn god nok pes for dei endå yngre ungdommane i BFG!

søndag 2. juni 2013

Framo dag 3 - mange nye framgangar

Skoddeyret låg over Fana Stadion lørdagen, men det hindra ikkje ei rekkje sterke prestasjonar:

Heller ikkje denne dagen var det muleg å koma utanom Kristoffer Blücher (G14). Sju hundredelar betra han sin alt sterke 60 meter-pers (og klubbrekord) med. Ny bestetid: 7,53 (1059 poeng).

Men langt framme over lørdagens prestasjonar kjem i høg grad Anna Evensen (J13) sitt 60 meter hekkeløp. Ho kom i mål  på 9,85 (1047 poeng), som er eitt hundredel betre enn Maren Haugen Lillefosse sin gamle klubbrekord, frå 2011.

Eit nytt solid sprintløp stod Renate Lie (J15) for, då ho vann 60-meteren med 8,11 (1010 poeng).

I same løpet blei det 8,22 (981 poeng) og sesongbeste på Maren Haugen Lillefosse (J15).

Monika Benserud (J17) stadfesta sin klubbrekord på 60 meter med sitt løp på 7,98 (1005 poeng) - same tida som ho også hadde på distansen innomhus i vinter.

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang 60-meteren på 8,50 (973 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) svinga seg over sterke 1,75 i høgde (965 poeng).

Sondre Rinde (G15) sprang på utesesong-beste på 60 meter, med tida 7,69 (962 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) har vore mest kjent som kastar dei siste åra, men no har han også sterk framgang i sprint og hopp. Der har han som kjent noko å slekta på. Spesielt i lengde blei det ein pangdag på Gjert lørdag: 5,15 fekk han opp i 4. omgangen (960 poeng). På 60 meter sprang Gjert så fort som 8,36 (902 poeng). Litt kast blei det no også på Gjert: Med 30,36 (867 poeng) tok han seg av den ledige klubbrekorden i slegge (3kg/110cm).

Thomas Blücher (G13) skal me passa på, der han kjem snikande bakifrå, ut av skuggen frå sin eitt år eldre bror og på noko lengre distansar enn broderen også. På 1500-meteren lørdag blei det såpass god tid som 4:45,65 på Thomas (946 poeng).

Herman Ellingsen (G11) er i vinden og presterte fleire fine konkurransar lørdag: Han sprang på 9,87 på 60 meter hekk (926 poeng) og på 60 meter sprang han på 9,09 (921 poeng). I lengde hoppa Herman 4,18 (926 poeng).

Eg har sagt det før - og eg seier det igjen: Jens Larsen Åstveit (G16) ser ut til å garantera pers for kvart einaste løp han spring dette året. Lørdag blei det ny pers igjen, denne gongen med 4:22,58 på 1500 meter (925 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J14) er i gang igjen og sprang 60-meteren på 8,56 (916 poeng).

André Seliussen (G12) ventar framleis på fullklaff på 1500 meter, men det blei då uteforbetring til 5:06,52 (912 poeng).

Eline Myking (J16) pynta på persen frå innesesongen då ho vann 1500-meteren på 4:56,53 (912 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) følgde opp broder Eirik i høgde og kom seg over 1,80 (909 poeng).

Solid sesongbeste og fin pers blei det på Ingrid Næss Johansen (J16) på 1500 meter. Tida blei 4:57,25 (908 poeng).

Pernille Michelsen (J10) sprang på 12,13 på 60 meter hekk (899 poeng) og på 9,73 på 60 meter (870 poeng). I lengde blei det 3,44 på Pernille (861 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) og Anna Serine Røssland (J16) kompletterte jenter 16-kvartetten som både kom seg under 5 blank og persa i same 1500 meter-løp lørdag. Thyra fekk 4:59,52 og Anna Serine 4:59,60 (begge løp verdt 894 poeng).

Stian Norheim (G17) sprang eit nytt solid løp og viser at formen er på god veg. Tida på 1500 meter blei 4:24,00 (874 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) hoppa 3,47 i lengde (867 poeng).

Espen Bjørndal (G13) fekk til eit hopp på 4,62 i lengde (854 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) sprang på 13,20 på 80 meter hekk (839 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang endå sterkare innandørs, men sesongbeste blei det i alle fall på 60 meter med 8,85 (838 poeng).

Gina Milde (J15) sprang sin 60 meter på 8,75 (838 poeng).

Jenny Rajkumar (J11) hoppa 3,46 i lengde (813 poeng).

Charlotte Harris (J13) sprang 60-meteren på 9,12 (805 poeng). I tillegg blei det sesongbeste i lengde på 4,06 (802 poeng).

**

Så manglar eg vindmålingar på ei rekkje hekkeøvingar. Satsar på at dei dukkar opp etter kvart - slik tilfelle har vore i dei andre øvingane eg har etterlyst tidlegare under Framo.


lørdag 1. juni 2013

Framo dag 2 - Henrik braut drøymegrensa

Den siste dagen av årets mai månad blei endå ein flott forsommardag. Eg tilbrakte det aller meste av den i vene Sunnhordland, men fekk akkurat med meg dei par-tre siste heata av 800 metrane på Framolekene - ein seanse som pr. tradisjon går etter mange av ungdommane si sengetid.

Dermed fekk eg også med meg at Henrik Irgens Gravdal (G15) blei førstemann i BFG Bergen under 2 minutt på 800 meter denne sesongen. Det blir fleire etter kvart! At det skulle bli yngstemann, Henrik, som klarte det, var knapt nokon sensasjon, men naturlegvis likevel sterkt nok. Tida til Henrik blei 1:59,63 (1078 poeng). Eg minnar om Rodgeir Vigestad sin klubbrekord i Gneist i G15 på 1:58,2 frå 1979...

Kristoffer Blücher (G14) er no blitt 800 meter-løpar av rang. Henrik er alt hylla for sitt 1:59-løp, men Kristoffer sletta faktisk fredag Henrik sin eitt år gamle klubbrekord i G14, då han sprang heilt ned på 2:04,32 (1084 poeng). Det skjedde i eit rivande oppgjer med eitt år yngre Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes. Kristoffer sprang råsterkt på 200 meter innomhus i vinter. Fredag forbetra han denne tida og sprang på 24,23. Det er ny kretsaldersrekord i Hordaland - og følgjeleg også ny klubbrekord (med solid margin). Løpet er også verdt 1048 tyrvingpoeng.

OPPDATERT: Maren Haugen Lillefosse (J15) sitt 80 meter hekk-løp på 11,88 gjekk føre seg i så mykje som 1,7 sekundmeter motvind. Dermed er dette offisielt verdt 1086 tyrvingpoeng. Det er også etter måten tett på prestrasjonane til Isabelle Pedersen og Kjersti Ristesund (28 år gammal klubbrekord i Gneist) på distansen.

Gjert Høie Sjursen (G13) oppnådde solid pers- og klubbrekord-forbetring i diskos (0,75) då han kasta 40,65 nede på grusbanen. Det var også Gjert sitt første besøk i 1000 poengs-klubben denne sesongen (1008).

Sondre Rinde (G15) fekk seg fin tresteg-forbetring til 12,76 (996 poeng), berre ni centimeter bak Lars Jørgen Ytrehus sin 34 år gamle (!) klubbrekord.

Silje Stenersen (J13) pynta på 800-tida si til sterke 2:24,49. (Også her vinkar det ein sterk klubbrekord frå 1979 - 2:22,1.)

Emil Engelsen Holm (G16) er no også under 24 blank på 200 meter utomhus. 23,95 blei tida (961 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 9,69 i tresteg (959 poeng).

Vilde Lund Bjørnsen (J17) håpar me skal koma i sin vanlege haustform. Fredag blei det 26,57 (947 poeng) i sesongdebuten på 200 meter.

Stian Øvergaard Aarvik (G16) følgde opp kanonløpet på hinder torsdag med 2:03,28 på 800 meter (940 poeng).

Monika Benserud (J17) fekk opp 11,33 i tresteg (913 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) er i jamn framgang heile tida. Denne gongen blei det 2:05,23 på 800 meter (905 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J14) sprang 200 meter på 28,34 (903 poeng).

Elina Drivenes (J16) var i nytt basketak med tidlegare lagvenninne Målfrid Pettersen Lunde på 800 meter. Målfrid var sterkast denne gongen, men tida til Elina blei brukande 2:22,52 (902 poeng).

Henrik Almenningen (G16) hoppa 12,25 i tresteg (895 poeng).

Vilde Omholt (J18) konsentrerer seg om 800 meter og pyntar stadig på persen. Fredag kveld presterte ho 2:25,94 (805 poeng).