tirsdag 30. april 2013

Før Hovdingleikane

Då er me i gang med utesesongen på bane. Først ute er Hovdingleikane på Leikvang - ute, altså - komande lørdag. I fjor var det snødriv under 600 metrane. I år melder ein om omslag til i det betre når me kjem til lørdag og helg. Så det lovar bra.

Hovdingleikane er smålåtne med øvingsutvalet. 600 meter er lengste løpsøving, så her er det først og fremst dei yngste som får si baneopning, medan BFG Bergen inviterer til opning også for dei eldre når opningsstemnet går på Fana Stadion om ei veke.

Gneist, som me er vane med har haugevis av deltakarar og startar er varsame ut i år. Her er dei påmelde frå Gneist til Hovdingleikane - 10 år og eldre:

J15
Maria Josefine Berg (600m)
Renate Lie (600m)

G10
Tobias Allers-Hansen (40m,  60m (G11), 600m, lengde)

G12
André Seliussen (60m, 200m, 600m)

G13
Gjert Høie Sjursen (60m, lengde, diskos)

G16/17
Aleksander Lie (600m)

mandag 29. april 2013

Historietime: Hovud-NM 2006

Hovud-NM i 2006 gjekk av stabelen på ein idrettsbane i Oslo, som ber namnet Bislett. Då eg vaks opp var Bislett først og fremst skøytearena - i alle fall for meg. Ja, ikkje slik at eg gjekk på skøyter der. Eg gjekk knapt på skøyter nokon stad. Eg gjekk pittelitt på skøyter på Opsangervatnet nokre kalde vintrar, men eg gjekk ikkje så mykje på skøytene som på det stoffet dei var laga av.

No ja, eg såg altså på skøyter. Og det var på tv. Eg fekk aldri "gleda" av å stå og frysa på Store Stå, eller deromkring.

Men det gjævaste med skøyteløp for meg, både på Bislett og andre stader, var dei lengste løpa. Då laga broderen og eg skjema til både 5.000m og 10.000m. Og det var milslukarane som var dei store heltane - i nauda allroundarane. Difor var det Sten Stensen som var den store helten i mine barndomsår, medan det berre var flaut då Rolf Falk-Larssen trippa rundt på 10.000 etter å ha vunne dei tre første distansane under VM på Bislett i 1983. Etter den gamle regelen blei han meister fordi han hadde vunne tre distansar, sjølv om han blei slegen i samandraget av svenske Tomas Gustafson.

Alt dette for å fortelja at hovud-NM i friidrett på Bislett i 2006 ikkje blei så sterk affære for BFG, slik i breidda. Det var etter måten få deltakarar med, som med eitt heiderleg unntak ikkje markerte seg noko særleg.

Og det heiderlege unntaket markerte seg skikkeleg og - vel, for første og einaste gong - vann både 5.000 og 10.000 under NM. Me snakkar om Kirsten Melkevik (Otterbu). Med 34:36,10 var ho over halvminuttet framfor nr. 2 på 10.000. Vinnartida på 5.000 blei 16:19,41 - ganske nøyaktig eit halvt minutt framfor sølvvinnaren.

Så: To gull blei ein god fasit, sjølv om breidda ikkje var den heilt store - og det blei eit par magre år mot slutten av tiåret.

Og no, i dag, er Bislett berre friidrettsarena (etter at Vålerenga flytta til Ullevaal med fotballen sin også). Ingenting er som det var før.

søndag 28. april 2013

Hjartesukk

Ein runde rundt på terminlister og på nettstader hos relevante friidrettsklubbar fortel om at aktiviteten blir stor også i 2013-sesongen. Det er det liten tvil om.

Men nett kva som skal skje, er meir usikkert.

Vel, dei større stemna har sendt ut sine invitasjonar, med øvingsprogram, så det er ikkje der problemet ligg.

For her er mange arrangørar som er flinke og flittige med seriestemne rundt om, men slett ikkje alle er like flinke til å informera kva for øvingar som skal går føre seg på dei ulike seriestemna. Her er det fleire som bør kunna betra seg: IL Fri arrangerer stemne 15. mai, men kva for øvingar er det der? AKS-77, Hovding og Strandebarm er andre som held korta tett til brystet. og først tett opp til stemnedato informerer om øvingar.

Då blir det verre å planlegga, både for dei som skal konkurrera og dei som skal transportera. Seriestemna er flotte tiltak og for mange er konkurransar her gode øvingsarenaer for dei større stemna.

Her er alltid heiderlege unntak: Både Osterøy og Norna-Salhus informerer godt og skikkeleg om øvingane på sine karusellstemne, til dømes.

*

Til sist: I fjor blei Stordleikane avlyst fordi banedekket ikkje blei ferdig i tide. Eg registrerer at det tillyste kretsstemnet på splitter nye Haugesund Stadion den 13. mai er avslyst, fordi dekket ikkje vil vera klart. Mailekene startar berre seks dagar etter...

lørdag 27. april 2013

Litt av kvart

Det har vore vårens første hendingsrike friidrettsdag. Det var god taiming med omsyn til veret: Søndag er det meldt om full haust igjen, etter smak av i alle fall vår - og i sola også sommar - i dag, lørdag.

Under Bergen City Marathon var det fleire gode løp frå våre ungdommar. Stafettlaget til Team Drevelin på halvmaraton-Sprekstafetten - der kvar løpar sprang om lag 2 km - hadde både Henrik Irgens Gravdal, Stian Øvergaard Aarvik og Ole Martin Røssland på laget. Laget vann like så godt heile stafetten.

Mellom mykje anna gjævt merkar me oss også at vår fotballspelande springar, Ingrid Helene Nyhus, tok ein flott 2. plass på den dryge fem-kilometeren under arrangementet i sentrum.

Sjølvaste Sentrumsløpet i Oslo hadde som tradisjonen tilseier besøk av Linn Seliussen. Linn vann like så godt klassen sin på 10km, med den flotte tida 41,02. Glitrande!

Skansemyren var Henrik Almenningen og sikra seg sin aller første Gneist-klubbrekord - og også utesesongens første klubbrekord - då han kasta 700 gram-spydet 43,14m langt (745 tyrvingpoeng). Fin start for Henrik!

Og til sist: Frå den bortreiste son, i alle fall nabo, Anders Bjørndal, blir det meldt om svært god innleiing på den korte track & field-sesongen i Minnesota. Svært solid mile-løp først og deretter, med mile-løpet i beina, blei det 2:07 på 800 meter. Anders kjem tilbake til gamlelandet og gamleklubben ein dag før Framo startar...

fredag 26. april 2013

Sjøkrig og landkrig

Vel heimkomen frå siste års fredsprisvinnar, EU, registrerer eg ein aldri så liten krig mellom BFG og Gular i etterkant av årets Sjøkrigsskolestafetten.

BFG Bergen dominerte ganske enkelt denne stafetten når Gular ikkje valte å stilla lag. Dette er blitt kritisert av Tom Roger i hans Kondis-artikkel.

Heilt nedst - under bileta - ser ein så Gular sin kommentar. Her er det full skyttargravskrig. Og så uviktig kan ikkje dette vera for Gular, når svaret er såpass klart.

Kommentarar har også gampane på Los Gampos, der dei spør seg: Hvor mange klubber var det i Bergen sa du?

Og så blir det å samanlikna epler og poteter, dette - enno. Gular seier dei er best, BFG seier dei er yngst og best. Hos BFG er kjerna at det kjem opp ein svært sterk ungdomsgenerasjon - stort sett med base i Gneist - som kan gi Gular kamp om ikkje veldig lenge.

Dette kan naturlegvis ikkje Gular avfeia.

Men BFG har hatt tilsvarande generasjonar tidlegare - som har forvitra; flinke ungdommar har gitt seg eller skifta klubb (mellom anna til Gular).

Jobb nr. 1 for BFG er å halda på den sterke ungdomsgenerasjonen, utvikla den og få den til å bli verande som seniorar. Då vil i så fall Gular-hegemoniet definitivt stå for fall.

Men det er ein stor jobb å gjera: Ressursar må spissast, utøvarar må oppfølgjast på så godt vis som muleg. BFG har teke mål seg av å bli ein leiande baneklubb i 2018. Utøvarane finst. Det er viktig at rammene blir så sterke som muleg.

*

Ok. Tilbake til Sjøkrigsskolestafetten. Etter besøket frå Gular i 2012, så er det BFG som har dominert sidan stafettens come back i 2011:


Sjøkrigsskolestafetten

2011
2012
2013

KS
1
2
1

K


1

MS
1
2
1

MJ
1
2
1


tirsdag 23. april 2013

Kretskamp i NM

Eg skal ikkje påstå at eg ser andedammen i heimlandet klarare her frå Europas hovudstad, men det kan jo henda at det hjelper.

Friidretten dominerer ikkje media. Friidretten dominerer ikkje sponsormarknaden.

Det er mot denne bakgrunnen lite lurt å gøyma bort friidrettskonkurransar.

Det er veldig lite lurt å gøyma bort konkurrsansar som til og med er norgesmesterskap.

Men det skjer.

Under NM i terrengløp, kort løype (ja, det er faktisk to NM i terrengløp i Norge), så er det ein individuell konkurranse lørdagen og ein stafett søndagen.

I og for seg høyrest ikkje dette så gale ut, men stafettkonkurransen på søndagen er på tremannslag frå kretsar. Laguttaka skjer gjerne svært tett opp til stafettane. Det betyr gjerne at svært mange av utøvarane har reist heim når stafetten skjer. Det betyr også at svært mange utøvarar ikkje kjenner nokon identitet og eigarskap til lag i stafetten.

I årets terrengstafett-NM på Hønefoss var det fem lag på startstrek for menn og to (!) lag for kvinner! For menn var det i tillegg berre fire kretsar som konkurrerte, sidan to av laga var frå Hordaland. For kvinner kunne kven som helst stilt opp og teke NM-bronse.

Ganske utruleg.

Mitt forslag er at forbundet ser til Varegg sitt konsept for tomannsstafett og at stafetten blir ein klubbstafett. Gneist/BFG åleine kunne stilt med fem-seks lag og planlagt ei heil terrenghelg med en slik konkurranse. Det same kunne ei rekkje andre lag gjort.

Men - kven er det som høyrer på meg?

lørdag 20. april 2013

Fristafetten - oppsummert

IL Gneist si friidrettsgruppe har dominert Fristafetten dei siste åra. Dominansen fekk sitt framhald under årets fristafett, sist onsdag.

I jenter 11-14 vann Gneist for femte året på rad! Sigeren var på knapt åtte sekund framfor Bergens Turn sitt 1. lag, som ein må halda fram med å sjå opp for.

Også for gutar 11-14 blei det siger for femte året på rad. Her var sigeren større - heile 25 sekund framfor Osterøy på 2. plass og nesten minuttet framfor Fana på tredje.

I Mix 11-17 har no Gneist vunne dei siste tre åra. Sigeren framfor Bjarg på andre var på 22 sekund.

Mix 11-14 er ein endå sterkare klasse: Her har Gneist vunne alle konkurransane sidan 2008! Og i denne klassen er Gneist verkeleg suverene. Førstelaget var 51 sekund framfor andrelaget, som igjen var ti sekundar framfor IL Fri.

Råsterk demonstrasjon av løpsbreidden i Gneist, dette.

Når det gjeld BFG Bergen sine lag, så fortel resultatlistene om eit litt meir blanda inntrykk:

I kvinner junior var det i år to lag. Bestelaget tok 2. plassen og kopierte dermed bedrifta frå i fjor. Men avstanden opp til Gular var på heile 59 sekund. Det er fire år sidan sist BFG vann denne klassen.

Det var ikkje BFG-lag i kvinner senior denne gongen.

I menn junior blei det ein hyggeleg siger for BFG, den første sidan 2009. Sigeren var på 19 sekund framfor AKS-77 sitt lag.

I seniorklassen er BFG i B-gruppa i Fristafetten, trass i siger i same pulja i 2012. Dette året hamna seniorlaget heilt nede på 4. plass, men me får vega det opp mot juniorlaget sin siger: Juniorlaget hadde over 20 sekund betre tid denn senior B-laget. Ja, juniorlaget hadde kjempa med Varegg om 2. plassen i senior B.

Her er plasseringsoversikt i Fristafetten frå dei siste seks sesongane:



Fristafetten

2008
2009
2010
2011
2012
2013
J11-14
2
1
1
1
1
1
G11-14
2
1
1
1
1
1
Mix11-17
5
-
3
1
1
1
Mix11-14
1
1
1
1
1
1







KJ
1
1
4
3
2
2
KS
1
2
2
-
2
-
MJ
1
1
4
3
3
1
MS-B
1
2
2
2
1
4

fredag 19. april 2013

NM/UM i terrengløp (kort løype) - oppsummert


Ja da, det er ei lita veke sidan alt, men ein treningsleir er ein treningsleir. Og internett og epost er fyord. Dermed driv eg og oppsummerer både det eine og det andre, på harde livet, no i etterkant.

Det blei eit strålande NM/UM i terrengløp i Hønefoss.

Som spådd.

Så då blir det litt bloggsk sjølvskryt. Og sjølvskryt skal ein alltid lytta til – sidan det kjem frå hjartet:

Gutar 15 blei vunnen av Henrik Irgens Gravdal. Spådommen gjekk då også ut på at Henrik var favoritten. Henrik var fem sekund framfor sin argaste rival, 13 sekund framfor bronsen og over halvminuttet framfor nr. 4!

I gutar 16 var eg litt vag, men nemnde tre namn: Joakim Sødal, Lars Lunde og Stian Øvergaard Aarvik. Eg var ikkje dristigare enn at eg «i alle fall» tippa medalje på Stian. Det blei bronse – bak Sødal og Lunde. Stian var berre 1,9 sekund bak sølvet til Lunde, men var over ti sekund framfor nr. 4, så medaljen var trygg nok.

I gutar 17 blei det dessverre ingen start for Stian Norheim. (Når det er sagt; her blei fire namn nemnde som favorittar; tre av dei tok medaljane.)

I Menn junior (18/19) var det Ole Martin Røssland, som representerte dei lokale heltane - i BFG-drakt ved dette høvet. Førehandstipset gjekk på at Ole Martin kom til å hamna midt i laget, han blei nr. 11 av 22. Dei tre førehandstippa medaljekandidatane blei nr. 1, 3 og 4. Og så er det berre å ønska Magnus Hannevig Pettersen (Sturla) vel tilbake i konkurransedrakt og i toppen - han blei nr. 2.

Jenter 15 gav ein skikkeleg bommert: Mari Drabløs frå Tyrving vann, rettnok (klart; med 13 sekund), men det var Else Bratteland frå Sørild som blanda seg inn og «tok» sølvet frå Renate Lie – med eitt sekunds margin. Linn Seliussen, som var bronsekandidat, hamna på 4. plass (11 sekund bak bronsen).

Også i Jenter 16 bomma eg på Kristine Gundersen (Børsa) som medaljekandidat – i alle fall var ho utegløymt. Men tipset om at dei fem Gneist-jentene kom til å hamna høgt oppe på listene slo til, det same gjorde tipset om rekkefølgja på dei fem: Ingrid Næss Johansen slo til med gull, sekundet framfor nemnde Gundersen, og 12 sekund framfor Eline Myking på bronseplass. Berre eitt sekund bak Eline kom Thyra Hevrøy på fjerdeplass, som igjen var fem sekund framfor Anna Serine Røssland på femte. Elina Drivenes kom på 9. plass, godt og vel halvminuttet bak lagvenninne Ingrid. Dette er ein sterk gjeng!

Til sist:
Rebecca Wade frå BFG tok ein flott 6. plass i kvinneklassen, to sekund framfor eks-BFGar Silje Arnøy. 

Eg sa det kunne bli "så mange som" seks medaljar - det blei fem. Det er ein auke på 150 % frå Strandebarm-meisterskapet i 2012. Og til neste år er kortløype-meisterskapet ein ferjetur unna - på Stord, så då blir troppen endå større og sterkare.


tirsdag 9. april 2013

Treningsleir

Då dreg Bloggen på treningsleir til varmare strok. Bloggaren har frose for mykje og for lenge denne vinteren/kalde våren. Det er på tide å smaka på varmen.

Kva det skal trenast på, det er meir usikkert. Det skal i alle fall lesast, så lesetrening blir det.

Men oppladning er ein viktig del av ein treningsleir. Og som statistikar er det mykje oppladning som trengst før utandørssesongen startar mot slutten av denne månaden og så aukar kraftig i intensitet etter kvart som mai skrir fram. Så oppladning blir det.

Så skal eg naturlegvis sitja ved telegrafen (det heiter vel kanskje ikkje det lengre) og venta spent på nytt om ungdommane sine bravadar i Fristafetten og UM/NM i terrengløp. Så sitjing blir det også.

Bading er vel også trening, så bading blir det kan henda også.

Men først og fremst blir det avkopling - fortent eller ikkje fortent.

Hasta la vista.

mandag 8. april 2013

NM/UM i terrengløp, kort løype

KM i terrengløp er over. Til helga er det NM og UM i terrengløp, kort løype. Det er det Ringerike Friidrettsklubb som tar seg av, og då snakkar me om Hønefoss, Buskerud.

Arrangøren har fått mykje velfortent pepper på førehand for ikkje svært god informasjon og eit rotete påmeldingssystem, der det ligg usorterte påmelde i Min Idrett og ein bunke til i arrangøren sitt eige system. Til saman ser det svært amatørmessig ut. 


Dette gjer det også til eit mykje større arbeid å vurdera våre lokale terreng-springarar. Sidan det i skrivande stund ikkje ligg føre noko offisiell startliste - som har sydd saman alt det som finst av påmelde - ja, så må bloggarar og andre stakkarar gjerar arbeidet sjølv. 

Eg veit på ingen måte om eg har funne alle i dei aktuelle klassane, så dette blir omtrenteleg - og langt meir omtrenteleg enn underteikna likar:

G18/19 (NM, junior)
Her er det Ole Martin Røssland som deltar (i BFG-drakt). Eg har kome til 23 konkurrentar for Ole Martin, men det kan godt vera fleire. Her er det berre å bita seg fast i ei rekkje sterke løparar. At løypa "berre" er 2 km og truleg ei etter måten lett terrengløype også, er ikkje til Ole Martin sin fordel. Kristian Tjørnhom, Jørgen Frost Bø, Magnus Sirnes Hjellum og Erik Udø Pedersen er berre nokre av mange gode løparar i klassen.

G17
Stian Norheim er påmeldt i denne klassen, men Stian måtte stå over begge løpa på Skansemyren i helga på grunn av skade. Me får håpa at Stian får rett og god behandling og får skikk på beina til komande helg. Eg er komen til 14 utøvarar i klassen her - sånn circa. Anders Sørensen, Edvard Kamperud Nygaard, Mathias Berntzen Engevik og Markus Harbo er sterke namn.

G16
Her er det naturleg å tru at duellantane både frå KM lørdag og 2manns-stafetten søndag, Lars Lunde frå Stord og Stian Øvergaard Aaarvik frå Gneist, igjen kjem til å vera i hovudrollene. Joakim Sødal frå Kyrksæterøra må også reknast med i toppen. Medalje vil eg i alle fall tippa på Stian. Eg har identifisert 13 utøvarar i klassen.

G15
Og medalje - og truleg den gjævaste - er det rimeleg å forventa også i den yngste guteklassen, der Henrik Irgens Gravdal blir favoritten. Dette er ikkje ein omfangsrik klasse på lengre distansar - eg har kome til 11 utøvarar på startlista. Det er eit par ukjente namn for meg på lista, som dermed også kan overraska, men av dei kjente er det Thomas Jefferson Byrkjeland, som Henrik møtte seinast i inne-UM i Steinkjer, som verkar sterkast imot.

J16
I denne klassen florerer det av Gneist-jenter - til saman fem av dei til saman 16 påmelde i klassen er frå Gneist. Gneist-jentene vil også hevda seg ganske høgt oppe på listene. I teorien er det muleg med tredobbelt Gneist, men Johanne Lægran (vinnar av langløypa i haust), Maren Hauen, Stina Meinicke, Martine Svendsen og Nora Kollerød Wold er andre som kan hevda seg i toppen. Dei tre KM-medaljevinnarane frå Gneist må nemnast først - Ingrid Næss Johansen, Eline Myking og Thyra Hevrøy, men også Anna Serine Røssland og Elina Drivenes vil truleg hevda seg på øvste del av listene.

J15
I den yngste jenteklassen har eg berre funne seks påmelde utøvarar. Her er det truleg duka for ny duell mellom Mari Drabløs frå Tyrving og Renate Lie, og Linn Seliussen er bronsekandidat. Mellom dei tre andre er det mulegeins ein utfordrar i skiløparen Mari Hognestad frå Eidsvoll.

Så sjølv om arrangøren rotar, så får me forventa ei ryddig og god innstilling frå våre utøvarar. Om alle er friske og raske, så kan det bli så mange som seks medaljar lørdag - og i så fall ei tredobling frå Strandebarm i fjor.

søndag 7. april 2013

Los Bloggos

Eg skulle eigentleg skriva noko om 2-mannsstafetten på Skansemyren i dag.

Eg skulle skriva noko om at det var vinter og det snødde (og det tar ikkje slutt; no i kveld er det i tillegg til snø også spinnglatt).

Eg skulle skriva noko om kor kjekt det var å vera publikummar, i alle fall i dag når eg hadde kledd meg godt.

Eg skulle skriva noko om kor umåteleg kjekt det var å sjå Stian Øvergaard Aarvik spurtslå sin hardaste konkurrent, Lars Lunde frå Stord, då han sprang ankeretappen på laget til han og Bjarte Eikanger.

Eg skulle skriva noko om at dette var knallgod trening for både dei aller yngste og for dei noko eldre ungdommane, som Jostein Lie og Geirmund Drivenes, som sporty danna baktroppen.

Eg skulle rett og slett ha skrive alt dette - og meir til.

Men så er det jo alt gjort. Av nokon som held til i same kontorfellesskapet som underteikna - Los Bloggos.

Reportasje frå innsida, både frå KM i terrengløp og frå 2-mansstafetten (og meir til) finst hos bloggen Los Gampos og den finst rett og slett her.

Så får eg heller skriva om noko anna eg, ein annan gong.

lørdag 6. april 2013

KM i terrengløp - vel blåst (og snødd)

Ein kan ikkje seia anna enn at dei er flinke i Varegg. Dei fekk gjennomført eit godt KM i terrengløp, under forhold som i alle fall tilsynelatande var vanskelege. Uansett var det lite kjekt både for arrangør og for utøvarar å vakna opp til snø, både på bakken og i lufta den 6. april. Det får liksom vera visse grenser.

Men alt i frå lovande rekruttar som Erik Øvergaard Aarvik og Selma Røssland la i veg klokka 13 og til ei god stund etter at nemnde Selma og underteikna hadde vandra ned til sentrum og bussen heim, så blei det sprunge godt og raskt på og rundt Skansemyren.

Til vanleg er bloggen oppteken av tider. I KM i terrengløp er dette mindre interessant. Her er plasseringane for Gneistarar og BFGarar i KM-øvingane:

J12
4. Sara Tyssebotn Berg

J13
1. Silje Stenersen

J14
5. Nora Øvergaard Aarvik

J15
1. Renate Lie
2. Linn Seliussen
3. Tuva Straume

J16
1. Ingrid Næss Johansen
2. Eline Myking
3. Thyra Hevrøy
4. Elina Drivenes
5. Anna Serine Røssland

KV40-44
1. Torun Øvergaard Aarvik

G12
1. André Seliussen

G15
1. Henrik Irgens Gravdal

G16
2. Stian Øvergaard Aarvik
4. Jens Larsen Åstveit

G18/19
2. Erlend Gjerdevik Sørtveit
3. Ole Martin Røssland
5. Anders Strømblad Hansen
'
MU23
1. Espen Roll Karlsen

MS
5. Bjarte Eikanger

MV40-44
2. Morten Seliussen
3. Petter Rasmussen

MV45-49
2. Egil Johan Hessen


torsdag 4. april 2013

Klar for KM i snøløp

I eit par konkurransar for ungar finst det noko kuriøst som ein kallar snøballkasting. Spesielt kuriøst er det jo når ein har snøballkasting på sommaren, til dømes på Bislett.

Meir relevant er det med Jan Fjærestad og kompani sine springeturar i snø gjennom heile vinteren og halve våren. Eg registrerer at dei innimellom - i praktfulle vinterlandskap - får spørsmål om kvifor dei ikkje heller går på ski. (Petter Northug får sjeldan spørsmål om kvifor han ikkje spring i staden.)

No ja, alt dette berre fordi vermeldarane fortel om inntil ti - 10! - centimeter nysnø når KM i terrengløp skal gå av stabelen på Skansemyren lørdag. Sjå til dømes dette BT-oppslaget.

Men, men, KM blir de no uansett:

J12
Her er det fem deltakar, der Sara Tyssebotn Berg er Gneist-representanten. Distanse: 600 meter.

J13
Her er det sikker Gneist-medalje, med berre to deltakarar på startstrek og Silje Stenersen som klar favoritt av dei to. Distanse: 800 meter.

J14
Seks jenter stiller i denne klassen. Også her er Gneist reprsentert, med Nora Øvergaard Aarvik. Medalje skal det godt gjerast - her er i alle fall tre svært sterke jenter på startstrek, i Ingvild Myking (Bjarg), Esther Zijerveld (Laksevåg) og Kari Kuvaas Herting (Bergens Turn). Distanse: 800 meter.

J15
Her det også berre to jenter påmeldt. Til gjengjeld er begge frå Gneist: Renate Lie og Linn Seliussen, der førstnemnde er favoritten. Distansen er 1000 meter.

J16
Også i denne klassen dominerer Gneist, her er alle fem frå dei blåkledde. Då er det med andre ord godt håp om tredobbelt. Ingrid Næss Johansen er favoritt, Eline Myking nest-favoritt, medan Elina Drivenes, Thyra Hevrøy og Anna Serine Røssland er med og kjempar. Også her er distansen 1000 meter.

G12
Her bør André Seliussen vera sikra medalje: tre gutar stiller til start i klassen. Distansen er 600 meter.

G15
Henrik Irgens Gravdal er stor KM-favoritt i denne klassen, som også har smålåtne fire namn på startlista. Distanse: 1000 meter.

G16
Til gjengjeld stiller heile ti gutar opp i G16, to av dei frå Gneist. Lars Lunde frå Stord er favoritten, medan Stian Øvergaard Aarvik er klar medaljekandidat. Jens Larsen Åstveit bør ikkje vera langt unna kampen om medaljeplass han heller. Distanse: 1000 meter.

G17
Ti utøvarar på lista også her, der Stian Norheim er Gneist-representanten over 1500 meter. Gustav Iden (Norna-Salhus) og arrangørklubben Varegg sine eigne Jonas Gjesdal og Rasmus Vonen er dei klaraste medaljefavorittane, men her er fleire sterke utfordrarar. Stian er i sjiktet eit lite hakk på bak medaljekampen.

G18/19
Også her er det ti utøvarar, så desse eldste guteklassane er det fres over på førehand. Også i G18/19 er distansen 1500 meter. Nesten halvparten - fire - av utøvarane er frå Gneist. Erlend Gjerdevik Sørtveit er klar medaljekandidat, men også Andreas Iden og Ole Martin Røssland vil kjempa om medaljane. Fjerdemann frå Gneist, Anders Strømblad Hansen, er truleg eit hakk bak der igjen. Norna-Salhus- utøvarane Mikal Iden og Jørgen Tvedt blir tøffe utfordrarar.

MU23
Her stiller BFG-utøvaren Espen Roll Karlsen opp, i kamp mot fire andre utøvarar. Espen er i høgste grad ein interessant start, men Halfdan-Emil Færø må vera storfavoritt. Distanse: 3000 meter.

MS
Her er det ungdommen og gamp Bjarte Eikanger som er vårt lokale håp. Totalt 11 mann står på startlista her, og det blir spennande å sjå Mulugeta Hulensav (Norna-Salhus) på snøføre. Den gamle Gneist-aren Erik Hovlandsdal (no: Norna-Salhus) vil også ha eit ord med i laget her.

Smøretips: Lilla.


onsdag 3. april 2013

Stafett-avspark

Stafett er stafett. Naturlegvis. Kva skulle det elles vera?

Jada, eg veit det skal springast i snøføyka ved Skansemyren lørdag (og i sol søndag?) først, men onsdag kveld er det no likevel stafett "kick off" i regi av BFG Bergen. Då skal det manast til innsats og formanast til god stafettoppførsel, framfor ein hektisk stafettsesong, frå og med Fristafetten neste onsdag, 10. april, og til og med Holmenkollstafetten, 11. mai.

Avsparket skjer i klubbhuset til BFG og det er berre å møta fram. I tillegg til viktig informasjon, maningar og formaningar, så blir det naturlegvis visning av Jostein Lies stafettkavalkade frå fjoråret, som ein også kan sjå på dei framifrå nye nettsidene til BFG Bergen - her.

Ja da, det er ein aldri så liten stafett også søndag - med "tomannsstafett" i Varegg-regi ved Skansemyren, men denne lagsprinten - etter modell av lagsprint i langrenn - er no vel så mykje ein dessert etter KM i terrengløp som det er starten på stafettsesongen.

Starten skjer i staden i meir skikkelege former på Espeland neste onsdag, når tradisjonsrike Fristafetten går av stabelen.

Underteikna skal til sydlegare strok og varma seg når Fristafetten går av stabelen, så alt no får me kikka på Gneist- og BFG-innsats i denne stafetten dei siste fem åra.

Den ser slik ut, der den øvste delen fortel om Gneist-plasseringar i aldersbestemte klassar og den nedste om BFG-plasseringar mellom juniorar og seniorar.



Fristafetten

2008
2009
2010
2011
2012
J11-14
2
1
1
1
1
G11-14
2
1
1
1
1
Mix11-17
5
-
3
1
1
Mix 11-14
1
1
1
1
1






KJ
1
1
4
3
2
KS
1
2
2
-
2
MJ
1
1
4
3
3
MS-B
1
2
2
2
1