mandag 5. august 2013

Levva livet (Overhalla dag 3)

Namsos/Overhalla/Heima: Det blei FEM medaljar til BFG Bergen under junior-NM i Overhalla i helga. Det er omtrent nøyaktig (...) som det blei spådd. Det er ein nedgang frå dei 8 medaljane i fjor i Sigdal, men fjorårets fangst var ein av dei største det siste tiåret (sjå nedst i innlegget). Dessutan er prognosane gode for åra som kjem!

Dersom fordelinga hadde vore fire gull og ein bronse, så hadde det vore syngbart på melodien til "Fire pils og en pizza", men no skal ein ikkje vera pirkete. Siste del av helgas filosofiske diskusjon i Namsos kretsa elles rundt spørsmålet "kva er no rock i våre dagar?, kva var det no før? og kva kan dette læra oss?" Svara, min ven, dei bles i vinden.

GULL nr. 2 kom heilt på slutten av meisterskapet, då fire fantastisk flinke jenter sprang strålande på 1000 meter stafett i U20-klassen. Laget sprang inn på tida 2:15,99 (juniorrekord i BFG Bergen) og bestod av Monika Benserud (100 meter), Sara Berrefjord (200 meter), Vilde Lund Bjørnsen (300 meter) og Renate Lie (400 meter). Marginen ned til Tyrving var på suverene 13 hundredelar - spenning, spenning.

BRONSE nr. 3 var det bloggar-kollega (blogg-ferie for tida?) Ole Martin Røssland som serverte, då han hadde kurs i hinderspringing og vassgravspasseringar for resten av feltet på 2000 meter hinder. To av konkurrentane tok dessverre eksamen før målgang og slo Ole Martin denne gongen, men slikt må ein tåla når ein spring offensivt. Tida blei 6:23,22. (Det vanka litt kjeft for ruslinga mot mål siste metrane...)

Frå lørdagens resultat må det meldast at det blei sett to klubbrekordar i Gneist: Sondre Rinde sin 100 meter hekk (100 cm) på 16,77 i G15 og Monika Benserud sitt tresteg-hopp på 12,23 i J17 (betring av eigen rekord, sett tidlegare i år på 12,13).

Det var eit strålande ver i Trøndelag i helga - over all muleg forventning. Ja da, det kom regn, som omtalt på denne bloggen på førehand, men det datt ned lørdag kveld og natt til søndag - og plaga oss ikkje nemneverdig.

Som det heitte i Nord-Trøndelag på 1980-talet - lenge før rai, rai:

Å - Å - levva livet.
1000m-stafett-forside


MEDALJEFANGST I JUNIOR-NM 2003-2013


GULL
SØLV
BRONSE
2003
3
3
2
2004
3
1
2
2005

4
2
2006
1
6
2
2007
3
1
3
2008
1
1
1
2009
2
2
2
2010
1
1
1
2011
3
1

2012
3
2
3
2013
2

3


1 kommentar:

  1. BFG vant 1000 m-stafett i JR NM i Haugseund 2005.

    http://www.kondis.no/1000m-stafett.4766130-127709.html

    SvarSlett