lørdag 1. juni 2013

Framo dag 2 - Henrik braut drøymegrensa

Den siste dagen av årets mai månad blei endå ein flott forsommardag. Eg tilbrakte det aller meste av den i vene Sunnhordland, men fekk akkurat med meg dei par-tre siste heata av 800 metrane på Framolekene - ein seanse som pr. tradisjon går etter mange av ungdommane si sengetid.

Dermed fekk eg også med meg at Henrik Irgens Gravdal (G15) blei førstemann i BFG Bergen under 2 minutt på 800 meter denne sesongen. Det blir fleire etter kvart! At det skulle bli yngstemann, Henrik, som klarte det, var knapt nokon sensasjon, men naturlegvis likevel sterkt nok. Tida til Henrik blei 1:59,63 (1078 poeng). Eg minnar om Rodgeir Vigestad sin klubbrekord i Gneist i G15 på 1:58,2 frå 1979...

Kristoffer Blücher (G14) er no blitt 800 meter-løpar av rang. Henrik er alt hylla for sitt 1:59-løp, men Kristoffer sletta faktisk fredag Henrik sin eitt år gamle klubbrekord i G14, då han sprang heilt ned på 2:04,32 (1084 poeng). Det skjedde i eit rivande oppgjer med eitt år yngre Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes. Kristoffer sprang råsterkt på 200 meter innomhus i vinter. Fredag forbetra han denne tida og sprang på 24,23. Det er ny kretsaldersrekord i Hordaland - og følgjeleg også ny klubbrekord (med solid margin). Løpet er også verdt 1048 tyrvingpoeng.

OPPDATERT: Maren Haugen Lillefosse (J15) sitt 80 meter hekk-løp på 11,88 gjekk føre seg i så mykje som 1,7 sekundmeter motvind. Dermed er dette offisielt verdt 1086 tyrvingpoeng. Det er også etter måten tett på prestrasjonane til Isabelle Pedersen og Kjersti Ristesund (28 år gammal klubbrekord i Gneist) på distansen.

Gjert Høie Sjursen (G13) oppnådde solid pers- og klubbrekord-forbetring i diskos (0,75) då han kasta 40,65 nede på grusbanen. Det var også Gjert sitt første besøk i 1000 poengs-klubben denne sesongen (1008).

Sondre Rinde (G15) fekk seg fin tresteg-forbetring til 12,76 (996 poeng), berre ni centimeter bak Lars Jørgen Ytrehus sin 34 år gamle (!) klubbrekord.

Silje Stenersen (J13) pynta på 800-tida si til sterke 2:24,49. (Også her vinkar det ein sterk klubbrekord frå 1979 - 2:22,1.)

Emil Engelsen Holm (G16) er no også under 24 blank på 200 meter utomhus. 23,95 blei tida (961 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 9,69 i tresteg (959 poeng).

Vilde Lund Bjørnsen (J17) håpar me skal koma i sin vanlege haustform. Fredag blei det 26,57 (947 poeng) i sesongdebuten på 200 meter.

Stian Øvergaard Aarvik (G16) følgde opp kanonløpet på hinder torsdag med 2:03,28 på 800 meter (940 poeng).

Monika Benserud (J17) fekk opp 11,33 i tresteg (913 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) er i jamn framgang heile tida. Denne gongen blei det 2:05,23 på 800 meter (905 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J14) sprang 200 meter på 28,34 (903 poeng).

Elina Drivenes (J16) var i nytt basketak med tidlegare lagvenninne Målfrid Pettersen Lunde på 800 meter. Målfrid var sterkast denne gongen, men tida til Elina blei brukande 2:22,52 (902 poeng).

Henrik Almenningen (G16) hoppa 12,25 i tresteg (895 poeng).

Vilde Omholt (J18) konsentrerer seg om 800 meter og pyntar stadig på persen. Fredag kveld presterte ho 2:25,94 (805 poeng).

1 kommentar:

  1. Kjekt å se at det er en BFG/Gneist generasjon som kan true (og ta) de gamle rekordene til Vigrestad og Stenersen. Hvis de nå i tillegg kommer seg forbi det punktet hvor de fleste av oss kaster inn håndkleet fordi det må prioriteres trening ved siden av skolegang og fest, og man som regel bare finner tid til 2 av 3, blir dette veldig bra, i hvertfall på nasjonalt nivå.

    SvarSlett