tirsdag 30. oktober 2012

Historietime: Hovud-NM 2003

Hovud-NM i friidrett i 2003 gjekk av stabelen i Fredrikstad. Her blei Merete Knudsen bronsevinnar i spyd for BFG. No var ikkje nivået så veldig dette året, men likevel; ho var tre centimeter bak sølvet og berre litt over 2 meter bak gullet. Ho tok i tillegg 9. plassen i kule.

Benedikte Liland blei nr. 10 i tresteg (her blei ungjenta Margrete Renstrøm nr. 6) og nr. 11 i kule.

Kirsten Melkevik Otterbu tok 5. plassen på 5.000 meter og 6. plassen på 10.000 meter.

Hilde Hovlandsdal hamna på 7. plass i høgde.

Morten Benserud sprang inn til 5. plass i det andre heatet på 400 meter hekk. Han blei jo suveren juniormeister på distansen same året.

Den nye sprint-trenaren i BFG, Johan Sørstrønen, tok ein 5. plass i... spyd! Lengda til Johan var 57,42. Det var eit stykke bak medalje, men han var i godt selskap. Andreas Thorkildsen vann NM-gull og Ronny Nilsen (den noverande sportssjefen) tok sølvet. Ja da, det blei sprint på Johan også; ein fjerdeplass i eine forsøksheatet på 100 meter (11,12).

Den store BFG-stjerna på denne tida var likevel Stine Larsen. Ho tok sølvet på 10.000 meter. Ho var 27 år under NM i Fredrikstad og hadde ei rekkje merittar bak seg alt. Same året vann blei ho nr. 17 i maraton under VM i Paris. I tillegg vann ho Torino maraton.

søndag 28. oktober 2012

Tofteåsgubben

Det hender, når me er i vene Sunnhordland, at det blir i meste laget av god mat. Denne helga har ikkje vore noko unntak - med gullbryllaupsfeiring i botnen og gode greier.

Då kjem det greitt med at den eine ungdommen treng følgje på langturen. Me la inn eit par ekstra stigningar, først dei 1200 metrane opp frå Toftevågen opp til Landa, og deretter skogsvegen opp til sjølvsaste Tofteåsen. Seriøse som me er, så blei det ikkje tid til stopp for skriving i boka på toppen, men i staden hardtarbeidande nedoverjogging i snøslapsen.

Vel nede igjen blei det god plass til tre-fire kakestykker til...

Og samtidig, ein annan stad i landet, debuterte eldste ungdommen, Ole Martin, i sjølvaste Svalandsgubben, eit tradisjonsrikt terrengløp i Birkenes kommune i Aust-Agder. Seniorløpet er på heile 27 km og den reelle løyperekord-innehavaren er ein viss Jan Fjærestad (1.43.44 frå 1977). Ole Martin blei nr. 3 i juniorklassen over 15 km i søndagens løp (29 påmelde i klassen), godt bak vinnaren Erik Udø Pedersen og toar Kristian Tjørnhom. Kort rapport så langt: Knalltøft løp, men glitrande trening.

Så får Tofteåsgubben og Svalandsgubben junior snakkast nærmare etter kvart.

lørdag 27. oktober 2012

Historietime: junior-NM 2003

Ja, det høyrest litt framandt ut i BFG-øyro i desse dagar, men i 2003 var det truleg kastarar det var stilt størst forventningar til før junior-NM i Kristiansand det året. BFG (og Gneist, der dei kvassaste kom ifrå) var verkeleg ein kasteklubb i desse åra.

Steffen Nerdal, som no representerer ein klubb lenger nord i landet, var den store stjerna. I slegge var han uvanleg suveren. Steffen tok gull med over 10 og ein halv meter ned til sølvplassen! I tillegg kom Andreas Eeg på bronse. Om ikkje det var nok; heile tre BFG-utøvarar var med i sleggefinalen i MJ19 - den siste, Håkon Arnesen, tok 10. plassen. Det blei i tillegg gull også i kulestøt til Steffen Nerdal, her var sigersmarginen "berre" 40 centimeter. Og i diskos blei det sølv på kastestjerna i BFG - den gongen.

Suveren var også Morten Benserud i favorittøvinga 400 meter hekk. Han tok gull med om lag eit halvt sekund ned til nr. 2. På kort-hekken - 110m hekk - blei det sølv.

Dei andre medaljane i meisterskapet stod Benedikte Liland (sølv, tresteg), Eirik Karstensen (bronse i høgde, MJ22) og Hilde Hovlandsdal for. Hilde tok bronse i høgde, to centimeter bak vinnaren Stine Kufaas.

onsdag 24. oktober 2012

Lagserien 2012: Ein første Gneist-prognose

Først av alt - ei repetisjonsøving:

Lagserien er noko som dei færraste tenker på gjennom sesongen. Utanom nokre få stafettøvingar så er friidrett ein individuell idrett. Men på slutten av sesongen blir alle dei individuelle resultata gjort om til lag og til lagserie.

Det inneber at dei ulike klubbane samlar saman resultata, gjer dei om til tyrvinpoeng og sender dei inn til friidrettskretsen. Sånn uti desember - slik til vanleg - blir så årets resultat i sirlige divisjonar presentert.

Kor mange lag ein melder inn i serien avgjer kvar enkelt klubb. Plasseringa i divisjon er - nett som i skikkelege lagidrettar - bestemt av kor ein hamna sist år, med nedrykk og opprykk og greier.

Alt dette blir gjort etter eit opptrukke system. Det vil seia at ein leverer inn eit visst tal resultat i dei ulike øvingsgreinene, alt etter kva for ein divisjon ein høyrer heime i. Det finst ein Elitedivisjon, og det finst 1. - 5. divisjon (i alle fall for gutar) her i Hordaland.

I 2011 var Gneist sine gutar aller best i Hordaland, medan jentene blei nr. 2. Gneist har også stor breidde: For gutar har Gneist eitt elitelag, to lag i 1. divisjon og eitt lag i 3. divisjon. For jenter finst det eitt lag i Eliteserien, to lag i 1. divisjon og eitt lag i 2. divisjon - så her er seks av åtte lag samla i dei to øvste divisjonane.

Som vanleg blir dette presentert i tur og orden når resultata ligg føre i desember månad.

I denne omgang blir det ein isolert prognose, det vil seia ein prognose som er isolert til Gneist sine eigne resultat og som ikkje er knytt til kva andre lag har gjort i år - sjølv om me har ein viss oversikt over det også...

Me får ta gutane først denne gongen, sidan dei var så flinke i fjor:

- Elitelaget ligg etter denne høgst førebelse prognosen om lag 1500 poeng betre til enn i 2011 - og då vann laget. Her finst uhyre sterke resultat og - ja - tipset er enkelt og greitt at fjorårssigeren blir forsvart.

- 2. laget i 1.divisjon rykka ned frå Eliten i fjor - då var det altså to Gneist-lag i Eliten. Kvaliteten på breidden mellom gutane held seg svært god. Tips: 2. laget rykker opp igjen i Eliten, slik at det igjen er to Gneist-lag i Elitedivisjonen i 2013.

- 3. laget i 1. divisjon. Dette laget var heilt oppe på 3. plass i 1. divisjon i fjor. Hald dykk fast; det skal litt til, men det er ikkje utenkeleg at også dette laget er i nærleiken av opprykk. I så fall kan Gneist ha tre lag i Eliten neste sesong. Tipset er likevel at det kjem like bak opprykk (også i år) - uansett uhyre sterkt.

- 4. laget i 3. divisjon blei nr. 5 i 3. divisjon sist år. Prognosen fortel om circa 2500 poeng meir i år for dette laget, og då er også dette laget i nærleiken av opprykk - til 2. divisjon. Her blir det spennande.

Alt i alt fortel dette om ein uhyre sterk Gneist-sesong for gutar, frå topp til breidde og - faktisk! - i alle øvingstypar.

Så, til jentene sine fire lag:

- Elitelaget: Dette laget blei nr. 2 i 2011, etter å ha vunne året før. Førebels prognose fortel at jentene går noko tilbake i poengsum frå i fjor, slik at tipset går ut på ny pall-plass, men ikkje topp-plass.

- 2. laget i 1. divisjon: Dette laget blei sist i Elitedivisjonen i 2011, så her skulle det vera ein potensiell opprykkskandidat. Tipset går ut på at laget ikkje klarer det. Også her er det ein del tilbakegang frå fjoråret. Ein plass - eller to eller tre - bak opprykk.

- 3. laget har også vore i 1. divisjon i år, etter opprykk frå 2. Med andre ord så må målet her vera å halda på plassen i 1. divisjon. Men også dette blir spennande og tipset er i utgangspunktet negativt; at det blir retur til 2. divisjon for 3. laget.

- 4. laget til jentene har vore plassert i 2. divisjon i år, etter opprykk frå 3. divisjon i 2011. Held dette laget seg? Her er eg freista til å vera optimist og seia ja, men også dette blir tett og spennande.

Konklusjonen for jentene er altså noko meir pessimistisk enn for gutane. Ein svært viktig grunn til det er at gutane har svært mange fleire kastresultat enn jentene. Også på hekk/hinder er det uvanleg magert mellom jentene i 2012.

tirsdag 23. oktober 2012

Rekordstatistikk, jenter: Renate pustar Bente i nakken

Då eg i fjor på denne tida sleit med fritidsproblem og laga ein oversikt over kven som har flest klubbrekordar, slo eg fast at det pågjekk ei jakt på Bente Lervik (Liland) sin rekord-rekord. Pr. i fjor stod ho med 28 klubbrekordar, medan Renate Lie kom halsande bak med 23, trass i berre tre års fangst (11, 12 og 13 år). I år har Renate plussa på med tre nye rekordar, medan Bente har mista éin - og dermed er styrkeforholdet 27-26 i Bente sin favør. Og då får me endå eit spenningsmoment før 2013-sesongen.

Her er den totale oversikten over dei jentene som har flest klubbrekordar i Gneist (topp 10), 11-19 år:

1. Bente Lervik Liland 27 (-1)
2. Renate Lie 26 (+ 3)
3. Benedikte Liland 23 (-)
4. Monika Benserud 20 (+1)
4. Vilde Lund Bjørnsen 20 (-1)
4. Kjersti Ristesund 20 (-)
7. Marianne Benserud 13 (+2)
8. Torunn Sandvoll 12 (-)
9. Mary-Ann Noreide (Hårklau) 11 (-)
10. Cathrine Harris 8 (+1)
10. Anne-Beth Espetvedt 8 (-)
10. Kathrine Sandvik 8 (-)

Og her er så oversikten, topp 10, over dei av dagens aktive som har flest klubbrekordar:

1. Renate Lie 26 (+3)
2. Monika Benserud 20 (+1)
2. Vilde Lund Bjørnsen 20 (-1)
4. Marianne Benserud 13 (+2)
5. Cathrine Harris 8 (+1)
6. Ingrid Næss Johansen 6 (+3)
7. Silje Stenersen 5 (+2)
8. Maren Haugen Lillefosse 4 (-)
9. Anita Norheim 3 (-)
9. Anna Serine Røssland 3 (+1)

søndag 21. oktober 2012

Rekordstatistikk, gutar: Ungdommen på jakt

Denne bloggen er jo jamleg oppteken av klubbrekordar, gjennom heile sesongen. No heilt på tampen vender me oss frå kvalitetsfokus til kvantitet, nemleg til oversikten over kven som har flest klubbrekordar - ja, gjennom "alle tider", som det gjerne heiter på friidrettsspråket.

Denne oversikten gjeld gutane. Marius Benserud og Roar Haugland held stand med sine 29 rekordar, det same som i fjor. Steffen Nerdal er framleis også nr. 3, men der har han fått selskap av 14-åringen Sondre Rinde. Sondre har auka rekordfangsten sin med ytterlegare sju dette året. Han plussa på med sju også frå 12 til 13 år. Gjer han det same som 15-åring, ja då kan alle rekna seg fram til at Marius og Roar sin delte topp er truga. Det kjem fleire ungdommar bakifrå, først og fremst Kristoffer Blücher, nett ferdig med 13års-sesongen, men har alt heile 16 klubbrekordar!, og Gjert Høie Sjursen, som plukkar jamt og trutt med seg nye kast-rekordar. No er han nådd opp i 8.

Her er den totale oversikten over dei gutane som har flest Gneist-rekordar (11-19 år):

1. Marius Benserud 29 rekordar (-)
1. Roar Haugland 29 rekordar (-)
3. Sondre Rinde 23 rekordar (+ 7)
3. Steffen Nerdal 23 rekordar (-)
5. Rodgeir Vigestad 17 rekordar (-)
5. Sigve Stenersen 17 rekordar (-2)
5. Morten Benserud 17 rekordar (-1)
8. Kristoffer Blücher 16 rekordar (+10)
9. Torstein Ryland 14 rekordar (-)
9. Kjetil Espetvedt 14 rekordar (-1)

Og her er lista over dei med flest klubbrekordar av dagens aktive:

1. Sondre Rinde 23 rekordar (+7)
2. Kristoffer Blücher 16 rekordar (+10)
3. Henrik Irgens Gravdal 12 rekordar (+2)
4. Amund Høie Sjursen 11 rekordar (+5)
5. Gjert Høie Sjursen 8 rekordar (+4)
5. Aleksander Lie 8 rekordar (-4)
7. Pål Haugen Lillefosse 5 rekordar (ny)
8. Casper Stenersen 5 rekordar (-1)
8. Eirik Leikvoll 5 rekordar (+1)
8. Ole Martin Røssland 5 rekordar (+2)

lørdag 20. oktober 2012

Donald Duck vs. Tyrving

I eit par-tre sesongar har Donald Duck Games vore arrangert på Bislett i samband med Bislett Games. (For utanforståande; dette er idrettsarrangement i Norge, trass i alle "games-a".) I gamle dagar var det noko som heitte Donald Duck-lekene, så då anda inviterte til friidrettsstemne på nytt - denne gongen altså på engelsk - så var det altså eit slags come back (tilbakekome).

Konseptet har for det første vore at det er for ungar frå ti til og med 13 år. For det andre har det vore lagt til helga like i etterkant av diamantliga-stemnet på Bislett. Det har jo være gjævt for ungane. Tilbake i 2008, då underteikna debuterte som forelder på Tyrvinglekene, så var det desse leikane som var same helga som Bislett Games. Då blei det arrangert stafett-finalar, i tillegg til inviterete 800 meterar for ungdom, på Bislett fredagskvelden. (Det var ein bukett Gneist-jenter som markerte seg sterkt og som fekk springa på Bislett før karrieren skaut fart for opptil fleire av dei.)

Kva som skjer i framtida, nei det... I alle fall er det slik at Tyrvinglekene sommaren 2013 går 14. - 16. juni (den helga Norges største stemne har gått dei siste åra), medan Bislett Games er sett opp torsdag 13. juni - altså dagen før.

Om Donald Duck må bita i graset denne gongen, slik han vel har for vane å gjera i teikneserien, det gjenstår å sjå. Alternativet er at det blir tøff konkurranse mellom Donald og onkel Skrue/Tyrving. I tillegg er det jo eit spørsmål om det i staden kan bli eit slags come back (tilbakekome) for Tyrving/Bislett Games-samarbeidet?...

Kvakk for i dag.

fredag 19. oktober 2012

215 kroner

Skal me sjå... kva får ein for 215 kroner i ein relevant butikk i dag, tru?

Eg prøver Löplabbet, det er jo ikkje heilt urimeleg når ein driv med friidrett:

Løpssko haust 2012: Nei, billegaste alternativet er 1000 kroner akkurat.

Løpesko som ikkje er nyaste modell då: Nei, me er nærmare, men 550 kroner er billegast.

Og for den som trudde at det er billegare å gå enn å springa, så får ein tru om att: Billegaste gåskoa går for (...) 1100 kroner.

MEN, når me kjem til kler er det håp! Me kan få to og eit halvt (...) par "...tynne løpesokkar i teknisk materiale, som passar både til trening og konkurransar". Det er jo bra. Me kan til og med få eitt par med varme sokkar i ull "...med god svettetransport..." Nyttig det.

Og det kjem meir: Heile fire refleksvestar, som både er praktiske og som kan brukast til mørkespringing eller  -sykling. Flott! Eller eit stk blinkelys til trening i mørke.

MEN det blir ingen kompresjonsprodukt (billegaste er 400 kroner), inga pulsklokke (sjølv om me kan få råd til lommer og haldarar til sykkel for pulsklokker, men utan det som skulle vera oppi lommene og haldarane, så er det vel ingen vits vel?)

I sportsnæringsavdelinga kan ein likevel boltra seg: Heile 7 stk "Sportsbar til bruk etter trening eller som mellommåltid"! (No må ein jo rettnok springa berrføtt, sidan ein ikkje har råd til sko.)

Og sportsnæring kjem godt med når ein må klara seg utan løpesekk/drikkesystem (billegast 370 kroner).

Så er det muleg å få ein god del relevant "tilbehør", men som likevel fort blir irrelevant: ein har til dømes råd til piggar, men ikkje til piggsko.

Så det blir ikkje stort...

Kvifor alt dette maset om 215 kroner?

Jo, skattelistene blei lagt fram i dag. Ingen kan unngå å få det med seg, dersom ein har eit minimum av mediebruk.

Og kven hadde ei inntekt på 215 kroner sist inntektsår? Jo, årets europameister, norgesrekordsetjar og femtemann i OL, Henrik Ingebrigtsen. Til gjengjeld tente den store fotballstjerna Kai-Ove Stokkeland i følgje       Aftenposten på nett 466.833 kroner.

Ein blir ikkje så flink til å springa av det, men for 149 kroner kan ein få seg Thor Gotaas si gode verdshistorie om springing, "Løping".

Det er no noko det og.

torsdag 18. oktober 2012

Historietime: UM 2003

Sting - den særeigne artisten frå Newcastle, England - skreiv ein gong for lenge sidan ein song med tittelen History Will Teach Us Nothing. Og svært ofte forstår eg kva han kunne ha sikta til.

Men likevel; om me ikkje lærer stort, så kan det no vera underhaldande med historiske dykk i arkivet.

Ideen fekk eg frå Torstein, som fann oppslag om Håvard Hasås sine bravadar under UM på Bislett i 2002 her. Då blei altså Håvard dobbeltvinnar - 800m og 2000m i G15. Han var del av den førre "Gneist-bølgja". No er me jo som kjent inne i ei ny.

I 2013 skal Overhalla i Nord-Trøndelag arrangera junior-NM. Ti år tidlegare, i 2003, var klubben arrangør for UM.

Og det var Gneist-utøvarar som markerte seg også der:

Anne Dolvik (J15) kom til semifinalen både på 100 meter og 200 meter. Mest interessant: På 100 meter blei ho nr. 5 i den andre semifinalen på 13,19. Nr. 6 i den første semifinalen blei ei jente som heiter Ezinne Okparaebo. Tida hennar: 13,51...

Benedikte Liland (J16) hadde også eit fint UM. Eg har kome til at det blei fire medaljar på ho. I tresteg, lengde og kule hadde ho tett konkurranse av ei Ida Marcussen. Benedikte var sterkaste i tresteg, der ho blei ungdomsmeister, medan ho var hakket bakk i lengde (bronse) og kule (bronse). På 80 meter hekk tok Benedikte sølv på 12,14. Vinnar her: Christina Vukicevic frå Ski IL. Ho sette meisterskapsrekord på 11,51.

Hilde Hovlandsdal (J16) vann høgde ganske greitt på 1,71. Nr. 2 blei Øyunn Grindem frå Sandvin på 1,66. Grindem er også nr. 2 på årets norgesstatistikk med 1,88 (men no representerer ho Tjalve).

Morten Benserud (G17/18) blei hekkemeister både på 100 meter og 300 meter hekk. I tillegg blei det bronse på 400 meter flatt.

Og så var Gneist ein kasteklubb så seint som i 2003. Steffen Nerdal (G17/18) blei ungdomsmeister både i slegge, kule og diskos. I slegge kasta han så langt som 60,51. I tillegg tok Andreas Eeg bronse både i slegge og diskos.

Helene Bergsås (J16) vann sølv på 800 meter, godt framfor Silje Fjørtoft, som framleis er ein framragande hinderløpar.

... Men noko av det mest slåande er skogen av fullstendig ukjente namn, som dominerte listene under UM 2003 (og 2001, for den del). Sjølv om her er nemnt Okparaebo, Vukicevic og Ida Marcussen, så er det nok av i dag fullstendig ukjente namn mellom medaljevinnarane.

Dei færraste blir stjerner. Det fortel meg at me som er leiarar eller trenarar for ungdommane må syta for at ungdommane har det kjekt medan me har dei med oss mellom dei utøvande.

Senior-markeringar, menn (sist 7.9)

Aller siste blikket på BFG-folkets markeringar i seniorstatistikken utomhus her i landet viser at våre beste menn tok konkurransepause etter måten tidleg. Det var ein god del fleire markeringar på kvinnesida, men her må ein hugsa på at Jørgen Austvik framstår som "veteranen" mellom dei på listene nedanfor, med sine 20 år. Tenk når ungdommane verkeleg blir seniorar!

60m
7. Amund Høie Sjursen (-1)

100m
78. Amund Høie Sjursen (-1)

1500m
48. Jørgen Austvik (-1)
64. Jørgen Jensen Axelsen (-2)
77. Andreas Iden (-2)
80. Erlend Gjerdevik Sørtveit (-3)

3000m
30. Kristian Blummenfelt (-)
56. Ole Martin Røssland (-1)
58. Andreas Iden (-1)

5000m
29. Jørgen Jensen Axelsen (-)
34. Ole Martin Røssland (-)
35. Jørgen Austvik (-)
41. Andreas Iden (-)

10000m
27. Ole Martin Røssland (-3)
30. Andreas Iden (-3)

2000m hinder
7. Jørgen Jensen Axelen (-)
12. Ole Martin Røssland (-1)

Høgde
27. Thomas Langhelle Trefall (-1)
41. Amund Høie Sjursen (-3)

Stav
40. Håvard Våge Opheim (-5)

Lengde
15. Amund Høie Sjursen (-)

Tresteg
12. Thomas Langhelle Trefall (+1)
22. Amund Høie Sjursen (ny)


onsdag 17. oktober 2012

Senior-markeringar, kvinner (sist: 6.9)

Vel, av og til må bloggaren arbeida litt, eg meiner sånn skikkeleg arbeida.

No er det eit pittelite pusterom og eg serverer årets siste blikk på lokale heltars senior-markeringar i utesesongen 2012:

60m
3. Iren Vevatne Isaksen (-)
6. Monika Benserud (-)
13. Christine Bjelland Jensen (-)
17. Elise Una Mikkelsen (-)
23. Maren Haugen Lillefosse (+1)
38. Renate Lie (+2)

100m
14. Iren Vevatne Isaksen (-)
20. Christine Bjelland Jensen (+1)
24. Monika Benserud (-)
26. Anne Skudal Dolvik (-)
42. Vilde Lund Bjørnsen (-)
50. Elise Una Mikkelsen (-3)
65. Sara Berrefjord (-3)

200m
12. Iren Vevatne Isaksen (-1)
17. Anne Skudal Dolvik (-1)
26. Christine Bjelland Jense (-1)
29. Martine Eikemo Borge (-1)
33. Vilde Lund Bjørnsen (-)
57. Monika Benserud (-3)
72. Sara Berrefjord (-7)
96. Renate Lie (+7)
100. Elina Drivenes (-5)

300m
7. Renate Lie (-2)

400m
2. Martine Eikemo Borge (-1)
17. Anne Skudal Dolvik (-)
21. Vilde Lund Bjørnsen (-1)
30. Christine Bjelland Jensen (-)
41. Renate Lie (-1)
59. Elina Drivenes (-2)

600m
7. Renate Lie (-1)
10. Elina Drivenes (-1)
21. Målfrid Pettersen Lunde (ny)

800m
2. Martine Eikemo Borge (-)
36. Renate Lie (-1)
49. Målfrid Pettersen Lunde (+5)
50. Elina Drivenes (-1)
82. Ingrid Helene Nyhus (-)

1000m
5. Renate Lie (ny)

1500m
40. Renate Lie (-12)
43. Silje Stenersen (-3)
52: Målfrid Pettersen Lunde (-7)
71. Ingrid Næss Johansen (-14)
72. Ingrid Helene Nyhus (-3)
80. Anna Serine Røssland (-13)
81. Eline Myking (-13)

2000m
3. Ingrid Næss Johansen (-)
5. Thyra Hevrøy (+9)
6. Eline Myking (+5)
7. Ingrid Helene Nyhus (-2)
8. Anna Serine Røssland (-2)

3000m
20. Pernille Thomassen (-)
36. Ingrid Helene Nyhus (-)
51. Anna Serine Røssland (-2)
59. Ingrid Næss Johansen (-2)
61. Thyra Hevrøy (-2)

5000m
14. Pernille Thomassen (-1)
23. Ingrid Næss Johansen (-3)

100m hekk
25. Eline Bruce (-)

200m hekk
8. Maren Haugen Lillefosse (-2)

2000m hinder
6. Anna Serine Røssland (-)

Høgde
57. Eline Myking (-2)
57. Nora Øvergaard Aarvik (-2)

Stav
8. Marianne Benserud (-)
17. Monika Benserud (-)

Lengde
13. Monika Benserud (-)
21. Maren Haugen Lillefosse (-1)
46. Cathrine Harris (ny)
55. Vilde Lund Bjørnsen (ny)

Tresteg
7. Monika Benserud (-)
23. Cathrine Harris (+1)
29. Eline Bruce (-3)

Kule
17. Benedikte Liland (ny)
55. Birgit Attestog (-8)
62. Kristin Liland (ny)

Diskos
37. Evelinn Hovi Eeg (ny)

søndag 14. oktober 2012

På topp i Norge, gutar - 2012

Okei, så tar me gutane sin 2012-sesong i same slengen. Om det ikkje var noko å skjemmast over mellom jentene, så veit eg ikkje heilt kva som er rett å seia for gutane... Kva med Kristoffer Blücher, som har sju topp-plasseringar i G13 eller Sondre Rinde, som er best i alle hekkeøvingar i G14? Og då er berre to mellom ei rekkje gode utøvarar nemnde.

Her er status etter årets utesesong:

G13
1. Kristoffer Blücher, 200m (-)
1. Kristoffer Blücher, 600m (-)
1. Kristoffer Blücher, 60m hekk (-)
1. Kristoffer Blücher, 200m hekk (-)
1. Kristoffer Blücher, lengde (-)
1. Kristoffer Blücher, 300m (-)
1. Kristoffer Blücher, 400m (-)
2. Kristoffer Blücher, tresteg (-1)
2. Kristoffer Blücher, 60m (-)
2. Kristoffer Blücher, 100m (-)
4. Kristian Schjønningsen, tresteg (-2)
5. Kristoffer Blücher, 800m (-)
6. Kristian Schjønningsen, lengde (-2)
6. Kristian Schjønningsen, 200m hekk (ny)
6. Herman Hovland, 100m (-1)
8. Kristian Schjønningsen, 60m hekk (-1)
12. Kristian Schjønningsen, 600m (-4)
14. Herman Hovland, 200m (-5)
19. Kristoffer Blücher, kule (-3)

G14
1. Henrik Irgens Gravdal, 600m (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 3000m (ny)
1. Sondre Rinde, 80m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 200m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 300m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 100m hekk (-)
2. Sondre Rinde, 80m (-1)
2. Sondre Rinde, tresteg (+3)
2. Eirik Leikvoll, stav (-)
3. Sondre Rinde, lengde (-)
3. Henrik Irgens Gravdal, 800m (-)
4. Eirik Leikvoll, høgde (-)
6. Sondre Rinde, 100m (-)
8. Sondre Rinde, 200m (-)
12. Sondre Rinde, 60m (-3)
15. Henrik Irgens Gravdal, 200m hekk (-7)

G15
2. Henrik Almenningen, Fana, spyd, 0,7 (-)
3. Henrik Almenningen, Fana, tresteg (-)
3. Stian Øvergaard Aarvik, 2000m (-)
4. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder (-)
5. Jakop Kjellstad, Fana, slegge (-)
5. Emil Engelsen Holm, 60m (-)
5. Kristian W. Jensen, Fana, kule (-)
7. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m (-)
7. Henrik Almenningen, Fana, spyd (-1)
9. Henrik Almenningen, Fana, lengde (ny)
9. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 300m (-2)
9. Emil Engelsen Holm, 200m (-)
10. Jakop Kjellstad, Fana, spyd (-)
14. Emil Engelsen Holm, 100m (-1)
14. Stian Øvergaard Aarvik, 800m (-)
17. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 400m (-)
19. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 100m (-1)

G16
1. Amund Høie Sjursen, 60m (-)
2. Stian Norheim, 5000m (-1)
2. Stian Norheim, 10000m (-)
4. Amund Høie Sjursen, lengde (-)
5. Aleksander Lie, 1500m hinder (-)
5. Amund Høie Sjursen, tresteg (-)
6. Amund Høie Sjursen, høgde (-1)
6. Aleksander Lie, 600m (-)
7. Stian Norheim, 1500m hinder (-)
7. Håvard Våge Opheim, stav (-)
8. Magnus Leikvoll, stav (-)
8. Amund Høie Sjursen, 100m (-)
11. Aleksander Lie, 300m hekk (-1)
12. Aleksander Lie, 1500m (-)
14. Stian Norheim, 1500m (-)
14. Håvard Våge Opheim, 60m (ny)
15. Magnus Leikvoll, kule (-)
16. Magnus Leikvoll, høgde (-3)
16. Stian Norheim, 3000m (-)

G17
2. Ole Martin Røssland, 10000m (-)
2. Ole Martin Røssland, 2000m hinder (-)
2. Ole Martin Røssland, 2000m (ny)
3. Ole Martin Røssland, 5000m (-)
3. Ole Martin Røssland, 3000m (-)
3. Andreas Iden, 10000m (-)
4. Andreas Iden, 3000m (-)
5. Andreas Iden, 5000m (-)
6. Andreas Iden, 1500m (-)
9. Ole Martin Røssland, 1500m (-)
15. Anders Bjørndal, 3000m (-)
15. Anders Bjørndal, 1500m (-)
16. Andreas Iden, 800m (-)
18. Anders Bjørndal, 800m (-)

G18/19
2. Thomas Langhelle Trefall, Fana, tresteg (-)
4. Jørgen Jensen Axelsen, 5000m (-)
5. Jørgen Jensen Axelsen, 2000m hinder (-)
5. Thomas Langhelle Trefall, Fana, høgde (-)
7. Kristian Blummenfelt, Fana, 3000m (-)
9. Jens-Martin Bolstad, Fana, tresteg (-2)
10. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 600m (-)
11. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m (-1)
12. Anders Strømblad Hansen, Fana, 600m (-)
14. Jørgen Jensen Axelsen, 3000m (-)
15. Håvard Kristiansen, Fana, lengde (-2)
17. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 1500m (-)

På topp i Norge, jenter - 2012

Bloggen og bloggaren har hatt sesongpause i vene Sunnhordland. Både vonleg og truleg har det - slik det pleier gjera - ført til lada batteri og ny giv og gode greier.

Som ein av dei sjølv, så veit eg at statistikarane no er i full gang med å retta opp feil og manglar i statistikkane. Stort sett er det som det dreiar seg om nett no, sjølv om det blir skipa til små lagserie-stemne både her og der enno.

Så, oversikten no omfattar ei oppsummering av topp 20-markeringar for jenter i Gneist (13-15 år) og BFG (15-19 år) for utesesongen, 2012. Som ein ser, det er ikkje stort å skjemmast over:

J13
4. Nora Øvergaard Aarvik, høgde (-1)
6. Michelle Floor Heggeland, 100m (-1)
10. Michelle Floor Heggeland, 800m (-1)
13. Nora Øvergaard Aarvik, 600m (+7)
16. Michele Floor Heggeland, 60m (-3)
19. Michele Floor Heggeland, 200m

J14
1. Renate Lie, 1500m hinder (-1)
1. Renate Lie, 1000m (ny)
1. Cathrine Harris, tresteg (-)
2. Renate Lie, 300m (-)
2. Renate Lie, 400m (-)
2. Renate Lie, 800m (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, lengde (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, 200m hekk (-)
3. Maren Haugen Lillefosse, 60m hekk (-1)
3. Renate Lie, 600m (-)
4. Cathrine Harris, 80m (-2)
5. Cathrine Harris, lengde (+3)
5. Renate Lie, 1500m (-2)
7. Renate Lie, 200m (-)
8. Maren Haugen Lillefosse (-)
9. Cathrine Harris, 60m hekk (-3)
10. Maren Haugen Lillefosse, 200m (-)
11. Renate Lie, 100m (ny)
14. Renate Lie, 60m (-)
17. Maren Haugen Lillefosse, 100m (-2)

J15
1. Elina Drivenes, Fana, 600m (-)
1. Ingrid Helene Nyhus, 3000m (-)
1. Ingrid Næss Johansen, 2000m (-)
1. Ingrid Næss Johansen, 5000m (-)
1. Anna Serine Røssland, 2000m hinder (-)
2. Anna Serine Røssland, 1500m hinder (-)
2. Anna Serine Røssland, 3000m (-)
2. Thyra Hevrøy, Fana, 200m hekk (-1)
2. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 1500m (-)
3. Målfrid Pettersen Lune, Fana, 600m (+5)
3. Thyra Hevrøy, Fana, 2000m (+7)
4. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 800m (+1)
4. Ingrid Næss Johansen, 3000m (-)
4. Eline Myking, Fana, 2000m (ny)
5. Ingrid Næss Johansen, 1500m (-1)
5. Ingrid Næss Johansen, 1500m hinder (-)
5. Ingrid Helene Nyhus, 2000m (-2)
5. Elina Drivenes, Fana, 800m (-1)
5. Thyra Hevrøy, Fana, 3000m (-)
5. Thyra Hevrøy, Fana, 300m hekk (-)
6. Anna Serine Røssland, 2000m (-2)
6. Elina Drivenes, Fana, 600m (-)
6. Ingrid Helene Nyhus, 1500m (+1)
7. Anna Serine Røssland, 1500m (-2)
8. Eline Myking, Fana, 1500m (-2)
8. Eline Myking, Fana, høgde (-)
8. Målfrid Pettersen Lunde, 400m (ny)
9. Ingrid Næss Johansen, 600m (-2)
10. Thyra Hevrøy, Fana, 1500m (-1)
10. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 2000m (ny)
12. Elina Drivenes, Fana, 200m (-)
13. Ingrid Helene Nyhus, 800m (-)
20. Anna Serine Røssland, 800m (-)

J16
1. Monika Benserud, 60m (-)
1. Monika Benserud, 80m (-)
1. Monika Benserud, 80m hekk (-)
1. Monika Benserud, lengde (-)
1. Monika Benserud, tresteg (-)
1. Vilde Lund Bjørnsen, 400m (-)
2. Vilde Lund Bjørnsen, 80m (-)
3. Monika Benserud, stav (-)
4. Elin Marie Gjeraker, Bjarg, 80m (-)
5. Vilde Lund Bjørnsen, 200m (-)
5. Monika Benserud, 100m (-)
9. Vilde Lund Bjørnsen, 100m (-)
9. Vilde Lund Bjørnsen, lengde (+8)
12. Monika Benserud, 200m (-)

J17
1. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60m (-)
3. Marianne Benserud, stav (-)
4. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 100m (-)
5. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m (-)
7. Sara Berrefjord, Bjarg, 100m (-)
13. Marianne Benserud, 200m (-)

J18/19
1. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 60m (-)
1. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 300m (ny)
4. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 100m (-)
5. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 400m (-)
6. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 200m (-)
6. Eline Bruce, Fana, tresteg (-)
7. Evelinn Hovi Eeg, Fana, diskos (ny)
10. Eline Bruce, Fana, 100m hekk (-)
15. Birgit Attestog, Fana, kule (-)

mandag 8. oktober 2012

Anleggsnytt og slikt

Det kjem litt an på kven ein spør: Ein del vil synast at det gjævaste nye på anleggsfronten er at det skal bli fast dekke i Husnes Idrettspark i 2013. Andre synest kjempeanlegget i Haugesund, med samlokalisering av den ferske innomhushallen og den nye, utandørs friidrettsbanen på Haraldsvang, er svære saker.

Poenget er at det skjer ting. Og spesielt skjer det ting når det gjeld friidrettshallar. Det er jo også då eit aktuelt tema, no når me regnar ned og snart skal gøyma oss for kulde og frost. Heile dette tiåret står i friidrettshallens teikn her i landet. Vestlandet har alt fått hallar i Sandnes, Haugesund og på Haukås i Åsane. Midt-Norge har hall både på Ranheim i Trondheim og i Steinkjer, der Nordens største hall (i alle fall så langt) er å finna. Nord-Norge får truleg sin første hall i løpet av dei  nest tre-fire åra (Bodø?).

Men aller nærmast er det være vener i Tyrving og omland som kan gle seg: Den nye hallen på Rud i Bærum har fått tak og vegger og slikt og etter kvart blir den idrettslege innmaten også plassert. Den skal etter planen takast i bruk, i alle fall "på prøve", i februar 2013. Til liks med UM-hallen komande vinter i Steinkjer, så skal også hallen i Bærum ha seks løpebanar rundt, i tillegg til sprintbanar både i midten og på sida. Og - på same måten som både Gneist og Norna-Salhus her lokalt har sine stemnevariantar inne - så har også Tyrving planane klare for innomhus tyrvingleikar.

Så her blir det mykje å velja i og truleg endringar i konkurranse- og reisemønster i innesesongen - etter kvart.

lørdag 6. oktober 2012

21 sterk(are) kort til UM 2013

Den siste månaden av utesesongen har ikkje gitt oss fleire kvalifiserte til neste hausts UM på Lillehammer, men troppen på (førebels) 21 Gneist-utøvarar er eit lite hakk sterkare. Det kjem av at tre av dei kvalifiserte utøvarane har kvalifisert seg i ytterlegare ei ny øving, minst ein av dei i eit løp av svær kvalitet.

Då snakkar me naturlegvis om Henrik Irgens Gravdal sin 2000 meter på 5:54 under Bergenslekene - heile 48 sekund (!) under UM-kravet på distansen i Gutar 15. Men også Renate Lie (100m) og Vilde Lund Bjørnsen (lengde) har plussa på ei kvar si ny øving dei i alle fall kan delta i på Lillehammer.

No må innesesongen koma godt i gang, før me kikkar på nytt på denne oversikten, men her er altså stoda  når utesesongen på det aller nærmaste er avslutta:


GUTAR
Andreas Iden, G18/19 (3000m)
Ole Martin Røssland, G18/19 (3000m)

Magnus Leikvoll, G17 (stav)
Aleksander Lie, G17 (800m)
Stian Norheim, G17 (3000m)
Håvard Våge Opheim, G17 (stav)
Amund Høie Sjursen, G17 (tresteg, 100m, lengde, høgde)

Emil Engelsen Holm, G16 (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik, G16 (800m, 3000m)

Henrik Irgens Gravdal, G15 (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll, G15 (stav)
Sondre Rinde, G15 (200m, tresteg, 100mh, 100m, 300mh, lengde)

JENTER
Marianne Benserud, J18/19 (stav, 200m)

Monika Benserud, J17 (stav, lengde, tresteg, 100m, 200m)
Vilde Lund Bjørnsen, J17 (100m, 200m, 400m, lengde)

Ingrid Næss Johansen, J16 (800m)
Ingrid Helene Nyhus, J16 (800m)
Anna Serine Røssland, J16 (800m)

Cathrine Harris, J15 (kule, tresteg, lengde)
Renate Lie, J15 (200m, 800m, 100m)
Maren Haugen Lillefosse, J15 (100m, 200m, lengde)

fredag 5. oktober 2012

Martine Eikemo Borge - flaggskipet

Bergens Tidende prøvde i går, 4. oktober, å informera folket om at det skjer noko rundt BFG. Det hadde jo vore kjekkare om dei var ivrigare på å gjera det når det skjedde sportslege bragder, naturlegvis, men ein kan ikkje forventa journalistiske under slik til kvardags.

Det finst så mykje ein blir freista til å svara på når Fana IL Friidrett set i gang med sine argument for å gå ut av samarbeidet i BFG. På den andre sida er det mykje i kvaliteten på denne argumentasjonen som det ikkje er verd å gå nærmare inn på. 

På eitt punkt må det i alle fall vera muleg å reagera - det at BFG ikkje får fram toppidrettsutøvarar. Det er beviseleg feil, det er oppvisning av manglande kunnskap og det er på grensa til ein hån mot BFG sitt flaggskip, Martine Eikemo Borge.

Martine har hatt ein flott 2012-sesong. Ho kom frå USA med fleire sterke resultat, ikkje minst innomhus, og følgte godt opp i heimlandet: I Sigdal sikra seg ho sine to siste junior-NM- gull i juli (400 og 800, i tillegg til sølv på stafetten), før dette blei toppa med senior-NM- gull i Kristiansand på 800m - og sølv på 400 og på 1000 meter stafett. Men alt før desse meisterskapa blei Martine teken ut på det norske landslaget til EM i Helsingfors, der ho sprang på laget i 4 x 400 meter stafett.

Og tidene? På 800 meter er Martine komen ned på 2:06,54 - og er i stadig framgang. I år var ho nr. 2 i Norge, berre bak ei viss Ingvild Måkestad Bovim. På 400 meter er tida 54,05 den 15. beste tida i landet gjennom alle tider og den tredje beste i Hordaland. Og Martine har vel ingen planar om å stoppa der?

Martine er 22 år gammal. Bak henne følgjer det ein haug med ungdommar i BFG-systemet, der ein fin bunke skal koma til å følgja i fotefara hennar. Ein begynnelse var Monika Benserud si deltaking under Nordisk meisterskap for juniorar i svenske Växjö i august, med fine plasseringar i lengde og tresteg. 

onsdag 3. oktober 2012

Årets mest framgangsrike - heilt på tampen

Me har nominert kandidatar til "Årets mest framgangsrike" i Gneist gjennom heile sesongen, ja frå og med innesesongen starta før jul i 2011. Det har vore ein sterk sesong og mange sterke resultat. Me har ein del toppar som klarer å gjenskapa - eller til og med betra - topp-prestasjonar år etter år. Og så har me dei som kjem sigande bakifrå.

Tittelen "Årets mest framgangsrike" blei innstifta i Gneist første gongen for året 2010. Då var det Vilde Omholt (jenter) og Stian Norheim (gutar) som fekk utmerkinga. I fjor, i 2011, var det Silje Stenersen (jenter) og Eirik Leikvoll (gutar) som følgde opp.

Avsløringa av årets vinnar kjem ikkje før under grautfesten, når det nærmar seg jul. Eg minnar berre om "statuttane": Utøvarar som er blitt medlem av 1000 poengs-klubben i løpet av året er ikkje kandidatar. Det skal også svært mykje til å vinna prisen fleire gongar (sjølv om det ikkje er umuleg).

Etter at grov-vurderingane er unnagjort står me igjen med 9 jenter og 15 gutar. Finvurderinga er altså ferdig om lag når grauten er servert...

tirsdag 2. oktober 2012

BFG tilbake på banen

Det var terminlistemøte i Hordaland Friidrettskrets mandag. Nytt derifrå tar til å siva ut til oss, smått om senn. Ikkje særleg overraskande blir Varegg arrangør av KM i terrengløp komande vår. Det blir eit løp i traséen rundt om kring ved Skansemyren, der terreng-stafetten gjekk av stabelen sist vår.

2012 har vore eit hendingsrikt år for Friidrettsklubben BFG. På så mange vis. Men vidare positivt har det ikkje vore at BFG i 2012 har arrangert svært rundt rekna 0 - null - banestemne i friidrett. Det er naturlegvis ein god del for lite.

For komande sesong skjer det ei endring. Me kallar det ein begynnelse, så får framhaldet koma etter kvart - slik det gjerne gjer.

Lørdag 29. desember går BFG sitt romjulsstemne av stabelen i Leikvanghallen.

Tirsdag 7. mai blilr det opningsstemne på Fana Stadion.

Og onsdag 25. september blir det avslutningsstemne, også det på Fana Stadion.

Dermed innleiar BFG innesesongen på Leikvang og utesesongen på Fana Stadion, før klubben også markerer avslutninga av 2013-sesongen.

Og då er BFG tilbake på banen. Bokstavleg talt.