torsdag 30. august 2012

Før Ravnanger-UM - VIII (siste)

Kor ille blir UM-veret? Vel, det blir ikkje bra, sjølv om storm.no prøver å sukra pillen med å ha langt lysare og lettare symbol enn det er grunnlag for i detaljvarselet. Yr.no er langt meir rett på sak: Etter fredag blir det haust på Askøy. Og haust på Askøy er berre for barskingar.

Heldigvis har me mange av den sorten i Gneist!

Siste gjennomgang av Gneist-deltakarar inneheld heile fem øvingar, så her er berre å setja i gang:

Fredag kveld går 1500 meter hinder, jenter 15. Av seks deltakarar er det berre to som har tider på distansen frå før: Nora Kollerød Wold (Fredrikstad), som må vera favoritt med si 5:25-tid og Anna Serine Røssland, som har 5:30 frå Gøteborg i år og som er medaljekandidat. Bak der kan det eine tipset vera like så godt som det andre: Linn-Kristine Bloch Børke (Trondheim) har ikkje konkurrert sidan mars, men har god kapasitet, men på hinder? Kristin Helland-Hansen (Tyrving) er i solid framgang på 2000 meter, men hinder? Ingrid Næss Johansen har vist styrke på mange distansar i år, men er nett så vidt i gang med hindertreninga. Siste i feltet er Clara Sagnes Wågan (Namsen).

I lengde, gutar 16 er det 8 deltakarar på lista. Karsten Warholm (Dimna) er favoritt også i denne øvinga, med Ingar Kiplesund (Trondheim) som nærmaste utfordrar. Bak der kjempar Amund Høie Sjursen med Marius Bull Hjeltnes om medaljeplass. Dei duellerte seinast under Gneistspelen, då Amund persa til 6,71, og då var Amund 13cm sterkare enn Marius.

I tresteg, gutar 16 er det naturleg nok fleire av dei same konkurrentane, men her det berre 6 påmelde og Warholm, Kiplesund og Hjeltnes er klarare medaljekandidatar - i den rekkefølgja - enn i lengde. Amund er hakket bak der igjen, rangert på førehand som nr. 4.

800 meter, gutar 17 søndag har 15 utøvarar meldt seg på. Andreas Iden er Gneist sin representant, men Andreas har langt større sjansar på morgondagens 3000 meter. På 800 meter er det rett og slett mange gode under 2 blank-løparar. Stor favoritt er Gustav Follerås (Lillehammer). Bak han er det tett: Ådne Norland (Vollan), Abduljaleel Hir (Selsbakk), Simon Paul Sandbakken (Lambertseter), Jørgen Elisenberg (Orion) og Harald Aarskog (Skarphedin) er alle medaljekandidatar.

Aller sist i denne gjennomgangen - sjølv om løpet går i hauststormen lørdag kveld - kjem så 2000 meter hinder, gutar 17. Her er det fem ungdommar på startlista, berre ein av desse har tid frå tidlegare på distansen: Thomas Ryngøye frå Norna-Salhus. Ole Martin Røssland måtte bryta under debuten sin, under junior-NM i Kristiansand i fjor, men bør ha medaljesjanse lørdag. Det har også Kristian Tjørnhom (Kvinesdal) og Ole Petter Fjeld (Tønsberg). Sistemann i feltet er Andreas Lillerovde (Dimna).

I fjor blei det tre bronsemedaljar til Gneist (Håvard, Marianne og Ole Martin). I år trur eg på ei mangedobling av medaljefangsten i UM. I følgje førehandsrangeringa skal det bli 13 medaljar, tre av dei i gull. Så får me nett sjå...

onsdag 29. august 2012

First We Take Ravnanger...: Før Ravnanger-UM - VII

I går kveld var det dei gamle - på nesten 78 år - som var dei eldste på Koengen, der Leonard Cohen tok oss med på reise i musikalske perler gjennom fem tiår.

Til helga får me satsa på at det er ungdommen som regjerer under Ungdomsmeisterskapet, UM. Det skulle vera nest-siste bolken av gjennomgangen dette, før Closing Time (frå "The Future", 1992...):

Aleksander Lie er påmeldt 800 meter, gutar 16 - ei av favorittøvingane til Aleksander, sånn eigentleg. Han sprang då også svært lovande på distansen innomhus før han møtte på helseproblem utomhus. Det er 25 påmelde øvinga og Aleksander si ute-tid plasserer han som nr. 17 av desse. Edvard Kamperud Nygaard (Ås), Sigurd Blom Breivik (Sandvin) og Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) er sterkaste korta på førehand.

I høgde, gutar 16 er det Magnus Leikvoll som er vår ungdom. Han er på delt 6.plass på førehandsrangeringa med sine 1,70 av dei 10 påmelde. Karsten Warholm (Dimna) er klar favoritt, med Sverre Blom Breivik (Sandvin, broren til Sigurd, 800m), Jonas Kringen (Stjørdal) og Eric Alberto Marhaug (Bodø) bak der igjen.

Så følgjer ei tredje øving for gutar, 16 år, nemleg 1500 meter hinder. Hinder er ei spesiell øving på fleire vis, eit av dei er at det er mange som debuterer - i alle fall sesongdebuterer - når ein kjem til UM. Det er altså ikkje så mange tider å gå ut frå i ei førehandsrangering. Våre to, Aleksander Lie og Stian Norheim har nest-best og tredje-best tid på førehand av dei som har tider. Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) har best tid og er nok favoritt på distansen uansett vurdering. Andre muleg sterke karar her er trioen frå Stord - Lars Jonassen Føyen, Erlend og Sondre Mæland -, Håkon Steinshylla (Selsbakk) og - ikkje minst - Sigurd Blom Breivik (Sandvin). Men her skal altså likevel Aleksander og Stian kunna kjempa om medalje. Totalt er 15 gutar meldt på distansen.

Til sist for denne gong: jenter 15 år, 800 meter: Her er det Ingrid Helene Nyhus som er påmeldt i Gneist-fargar. Etter ein tung start, med disk på distansen i inne-UM i vinter, har Ingrid Helene kome solid i gang også på denne distansen. Med 2:25,81 er ho 11. rangert på førehand av dei 19 påmelde. Her er det elles godt håp om lokal medaljefangst: Emilie Larsen frå Orion er rettnok favoritt, men bak der er både Elina Drivenes og Målfrid Pettersen Lunde (Fana) med i medaljekampen. Også Maren Hauen (Ren-Eng) og Amalie Sæten (Kristiansand) må reknast med.

tirsdag 28. august 2012

Før Ravnanger-UM - VI

To øvingar har eg hatt tid til å kikka nærmare gjennom i dag, i forkant av helgas UM på Ravnanger. Det ser framleis ut til å bli eit vindfullt og regntungt UM, men for dei lokale heltane er det no berre å ta ein tur ut å trena omtrent no - så får ein førebudd seg godt.

Monika Benserud er alt omtalt som favoritt og medaljekandidat i eit par øvingar i jenter, 16 år. Det er ho også i tresteg. Ho har deltaking både i nordisk meisterskap og i hovud-NM i øvinga nyleg og - naturlegvis - så er ho fersk juniormeister. Tresteg er ei øving der det er viktig å ha marginane med seg, så her er ingenting utdelt på førehand - her heller - naturlegvis. Julie Gaustad (BUL) og Hanne Moe (Bodø) er andre gode namn i øvinga, som tel ti utøvarar.

2000 meter, jenter 15 ser ut til å bli ein spesielt våt affære søndag midt på dagen. Til saman er 14 jenter påmeldt her og heile tre av dei er frå Gneist. Det stoppar ikkje der: tre til kjem frå Fana, slik at "BFG-systemet" nesten har halve feltet til start. På papiret kjem dette til å bli uhyggeleg jamnt. Sterkaste tida i feltet har vår eiga Ingrid Næss Johansen, framfor Amalie Manshus Sæten (Kristiansand) og Ingrid Helene Nyhus. Anna Serine Røssland har like så godt 4. beste tida. Men utanom desse er det fleire som enno ikkje har tid på distansen, som det er grunn til å tru vil vera med heile vegen: Nora Kollerød Wold (Fredrikstad), Linn-Kristine Bloch Børke (Trondheim) og Målfrid Pettersen Lunde (Fana) må nemnast mellom desse. Normalt vil Christina Ellefsen Hopland (Varegg) også vera ein av favorittane, sjølv om ho hadde tunge bein under Gneistspelen sist helg.

Årets mest framgangsrike 2012 - pr. 28. august

Det er ikkje store svingningane no i oversikten over "Årets mest framgangsrike". Mange gjorde særs gode prestasjonar i vårsesongen, til dømes. På den andre sida står me framleis framfor både UM og NCC-leikane, så her kan skje ein del. Men igjen: Dei som har størst framgang er ofte dei nest-beste og vel så det - og oversikten nedanfor inneheld eit par namn som har hatt imponerande stor framgang nettopp frå denne gruppa.

Me får gå litt meir inn på kven og kva når det nærmar seg avrunding av 2012-sesongen.

Slik er i alle fall stoda:

JENTER
Løp
Pia Hovland, Silje Stenersen, Nora Øvergaard Aarvik, Maren Haugen Lillefosse, Sanne L. Christensen, Charlotte Harris

Hekk/hinder
Monika Benserud, Anna Serine Røssland, Anna Evensen, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris

Hopp
Pia Hovland, Maren Haugen Lillefosse, Monika Benserud, Sara Tyssebotn Berg, Marianne Benserud, Sanne L. Christensen, Anna Evensen, Nora Øvergaard Aarvik

Kast
Charlotte Harris, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris, Sara Tyssebotn Berg

GUTAR
Løp
Torbjørn Knag, Gjert Høie Sjursen, Erlend Wiig Røssevold, Eirik Leikvoll, Emil Engelsen Holm

Hekk/hinder
Kristoffer Blücher, Pål Haugen Lillefosse, Stian Norheim, Sondre Rinde, Aleksander Lie, Jørgen Jensen Axelsen (ny), Kristian Schjønningsen, Håvard Rinde

Hopp
Amund Høie Sjursen, Emil Engelsen Holm, Gjert Høie Sjursen, Eirik Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse, Sondre Rinde, Kristoffer Blücher, Tobias Damm

Kast
Håvard Våge Opheim, Amund Høie Sjursen, Magnus Leikvoll, Henrik Irgens Gravdal, Pål Haugen Lillefosse

mandag 27. august 2012

Før Ravnanger-UM - V

I kveld var eg på hindertrening på Fana Stadion. Vel, eg var sjølv berre tilskodar - det tok vel dei fleste for gitt, men seks Gneist-utøvarar som skal springa hinderløp under UM var i aktiv trening. Ein av dei var Jørgen Jensen Axelsen, som skal springa 2000 meter hinder lørdag kveld i G18/19-klassen. Jørgen er ein av åtte påmelde. Her er to klare favorittar i Erik Udø Pedersen (Holum) og Sander Sekkingstad Terum (Aurland), men bak der er det fleire som har stempel som outsiderar, mellom dei Jørgen.

Alt fredag spring Jørgen 3000 meter, G18/19. Her er det tøff konkurranse og heile 24 påmelde. Jørgen er rangert som 9. best på førehand. Også her er Erik Udø Pedersen favoritten, følgt av Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa), Snorre Holtan Løken (Herkules) og Sindre Løchting (Orion).

Fredag kveld spring også Andreas Iden og Ole Martin Røssland 3000 meter, gutar 17. Det er totalt 11 gutar som er påmeldt øvinga, som har to klare favorittar i Gustav Follerås (Lillehammer) og Kristian Tjørnhom (Kvinesdal). Bak der er det fleire som kjempar. Sterkast tid av desse igjen på førehand er det nettopp Ole Martin og Andreas som har (begge 8:59).

Til sist i denne omgang, stav, jenter 17, der det også er to Gneist-utøvarar med, Marianne Benserud og Tina Therese Jenssen. Dei fem utøvarane i øvinga er ganske greie å rangera: Paula Nedberge Lllano frå Laksevåg er favoritten, framfor Malin Vik Gregor (Orion), Marianne, Kaisa Bovollen Rokne (Nittedal) og Tina Therese.

Før Ravnanger-UM - IV

Det kan bli vindfullt under årets UM. Vel, det er i så fall ein temmeleg liten sensasjon, når det er plassert på Ravnanger Idrettspark, Askøy. Ein del regn forventar me også.

Så bør me vera sikre heimefordelen.

I lengde for jenter, 16 år må den nyss heimkomne NM-fararen Monika Benserud finna seg i å vera klar favoritt - i Naomi van den Broecks fråver. Sjølv om det blei eit stykke unna pers i Kristiansand, så er besteprestasjonen til Monika vesentleg betre enn den nest-beste her. Vilde Lund Bjørnsen er vår andre utøvar i denne øvinga. Vilde har til gode å hoppa lengde så langt i år, men er medaljeaktuell også ho dersom ho får det til å klaffa. Andre sterke namn her er Sofie Olsholt (Tyrving) og Katarina Falsen (Moelven). Det er 16 utøvarar påmeldt denne øvinga.

Og det stoppar ikkje der: Monika Benserud er også mellom favorittane på 80 meter hekk. I skrivande stund er det uklart om nemnde Naomi van den Broeck er med i denne øvinga, men Ida Planke Berg (Tyrving) og Johanne Eline Larsen (Urædd) er andre i medaljesjiktet. Eg er komen til 13 utøvarar i denne øvinga.

2000 meter for gutar, 15 år er det opptil fleire hordalendingar som er å rekna med i toppen: Lars Lunde frå Stord er favoritten, medan Vegard Austevoll frå Kalandseid er medaljekandidat, saman med Thomas Bucher-Johannessen frå Tyrving. Vår eigen Stian Øvergaard Aarvik er outsider. Han sprang strålande i debuten på Nadderud i juni (6:02,92) og hadde opptil fleire krefter igjen då. Det er totalt 19 utøvarar påmeldt 2000 meter.

3000 meter, gutar 16 er Stian Norheim Gneist-representanten. Totalt blir det 18 utøvarar i feltet på søndag. Endre Wigaard (BUL), Kristoffer By Vollset (Strindheim) og Jonas Gjesdal (Varegg) har sterkaste tidene, medan Stian har med si siste betring til 9:36,98 plassert seg midt i feltet - på 10. plass - på førehand.

Kort NM-nytt

I full fart-blogg: Det var fin innsats frå alle dei ni BFG-jentene/kvinnene som stilte i årets hovud-NM i Kristiansand. 

Martine Eikemo Borge tok gull på 800 meter og sølv på 400 meter. Det blei også fine plasseringar på Gneist-jentene i BFG-fargar: Marianne Benserud, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen.

Monika var med på laget i 1000 meter stafett som vann sølv avslutningsdagen, berre åtte hundredelar bak vinnarane frå SK Vidar. Monika sprang 1. etappen. Tida til stafettlaget blei så godt som 2:10,22 - noko som er ny klubbrekord i BFG Fana med god margin (to sekund). Den gamle blei sett i 2009.

Gneistspelen

"Pappa, hvordan var det i gamle dager da dere ikke hadde bredbånd?"

Jo da, det er harde tider når internett er noko som finst hos naboen og på jobb og ikkje på heimekontoret. Det er då ein merkar at det er heilt ok å driva med statistikkarbeid for klubb(ar) og forbund sånn til vanleg - men ikkje utan nettsamband. (Siste: Nytt modem skal no vera observert i ein postbil på veg til Kiwi, Søreide.)

Vel, dette fører til at dette blir ein "super-gjennomgang" av Gneistspelen, altså ein som tar for seg alle tre dagane under eitt og dei store linjene. Veret var etter måten godt: dusjen blei skrudd på nett då arrangementet var ferdig lørdagen og på slutten av søndagen var det nesten som om sola steikte.

Først: Henrik Irgens Gravdal (G14) kopierte så godt som sitt fantastiske 800 meter-løp frå Mailekene nøyaktig tre månader tidlegare: Han sprang - i eit godt heat, med mange gode Gneist-prestasjonar - på 2:05,16, ni hundredelar betre enn Haugesund-tida og dermed også ni hundredelar under eigen klubbrekord (verdt 1069 poeng).

Amund Høie Sjursen (G16) gjorde ein strålande lengdekonkurranse og persa med heile 20 centimeter til 6,71 (1062 poeng). Også det er betring av eigen klubbrekord.

Broder Gjert Høie Sjursen (G12) hamna på nøyaktig 1000 poeng, då også han betra eigen klubbrekord. Det skjedde i kule og den nye rekorden er 11,31 (10cm betre enn den gamle).

Det var ei god helg for Sondre Rinde (G14), sjølv om han stoppa på 999 poeng på 200 meter hekk. Tid: 29,21. I lengde tar det til å smaka fugl også av Sondre sine prestasjonar: 5,69 blei det denne gongen (988 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G15) var med i det flotte 800 meter-heatet til slutt på søndagen. Han persa med om lag to sekund, til 2:06,70 (951 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J14) plukka med seg 944 poeng for sin 100 meter på 13,45.

Det var eit par-tre enkeltutøvarar som fekk det til å klaffa i opptil fleire øvingar, ei av dei var Nora Øvergaard Aarvik (J13). På 60 meter kom ho seg heilt ned på 8,65 (932 poeng), medan det blei 30,01 på 200m (819 poeng) og 1:49,83 på 600 meter (812 poeng).

Ei anna som finn formen seint på sesongen er Cathrine Harris (J14). Det blei årsbeste i lengde med 4,91 (928 poeng), så blei det 10,09 på 60 meter hekk (925 poeng), 8,80 i kule (880 poeng) og 14,11 på 100 meter (838 poeng).

Kristian Schjønningsen blei kaptein på G13-skuta i Kristoffer Blücher sitt skadefråver. I lengde landa Kristian på 4,97 (924 poeng), medan det blei 1:39,77 på 600 meter (862 poeng).

10-åringen Herman Ellingsen hoppa heile 3,73 i lengde, og sjølv om ikkje 10-åringar kan rangerast, så kan dei plukka tyrvingpoeng...: 916 blanke blei det til Herman.

Håvard Rinde (G11) har hatt jamn og god framgang det meste av sesongen. Denne gongen blei det 10,97 på 60 meter hekk (906 poeng) og 1:51,86 på 600 meter (821 poeng).

Pia Hovland (J11) hadde eit strålande lengdehopp på 3,86 (897 poeng).

Som nemnt var Kristoffer Blücher fotballskada i helga. Men broder Thomas Blücher (G12) tok ansvar og leverte 1:44,00 på 600 meter (870 poeng) og tangering av 60 meter-persen på 9,02 (832 poeng).

Både Jørgen Jensen Axelsen (G19) og Ole Martin Røssland (G17) var med i det alt nemnde sterke og gode 800 meter-heatet for gutar som avslutta spelen. Jørgen persa til 2:02,64 (844 poeng) og Ole Martin sin nye pers er på 2:06,49 (838 poeng).

Herman Hovland (G13) gir Kristian Schjønningsen selskap med solide prestasjonar i årsklassen: Det blei 4,49 i lengde (828 poeng) og 8,70 på 60 meter (811 poeng).

Anna Serine Røssland (J15) betra 800 meter-persen med eitt sekund (den gamle sett i september i fjor), då det blei 2:30,73 (816 poeng).

Stafettlaget på 4 x 100 meter for jenter 13/14 kom lørdag ettermiddag i mål på 53,72. Det er ny klubbrekord med eit halvsekund. Den gamle rekorden var det sterke jenter som hadde (Marianne Benserud, Vilde Lund Bjørnsen, Monika Benserud og Tina Therese Jenssen). No skal eg ikkje vera skråsikker - sjølv om eg sat og såg løpet - for namna på resultatlista mi harmonerer ikkje med dei eg i alle fall trur sprang: Gina Milde, Michelle Floor Heggeland, Cathrine Harris og Renate Lie. Her er det lov å arrestera meg...

Så ein kuriøs klubbrekord til sist: Eirik Leikvoll (G14) er ikkje mest kjent som sleggekastar, men i helga slengde han av garde slegga til 20,79. Sidan dette var ei 4 kilos-slegge med 119,5-reim, så får me nesten notera det. Tidlegare er det operert med 110-reim. Og dermed blei denne gneistspel-gjennomgangen avslutta med sleggenytt for vidarekomne...

fredag 24. august 2012

Før Ravnanger-UM - III

Ok, så tar me ein bunke deltakarar og øvingar til, før det blir ny nettpause...:

100 meter for gutar 16 er det Amund Høie Sjursen som er Gneist sitt store håp. Amund har hatt flott framgang i år og er klar finalekandidat på 100-meteren. Han har 11,41 under godkjente vindforhold og har vore heilt nede på 11,31 med litt for mykje medvind. 11,41 held til å vera rangert som nr. 6 på førehand for Amund. Favorittane er Eric Alberto Marhaug (Bodø), Karsten Warholm (Dimna), Even Meinseth (Sørild) og Yobe Najar (BUL). Øvinga har 24 påmelde utøvarar.

Stian Øvergaard Aarvik er Gneist sin representant på dei lengre løpa i gutar 15 år. Me tar for oss den kortaste distansen først, 800 meter. Her stiller 18 utøvarar til start - fleire av dei nest-beste glimrar med sitt fråver, medan dei to beste i år, Abdurrahman Hir (Selsbakk) og Lars Lunde (Stord) er på plass. Bak dei følgjer Andreas Wathne frå Skjalg og vår nærmaste utfordrar lokalt, Stian-nabo Vegard Austevoll (Kalandseid). Stian er rangert som nr. 10 på førehand.

Til sist i denne omgang slår me fast at Gneist har meldt på lag på 1000 meter stafett for gutar. For det første: det er i seg sjølv veldig bra! Har ein nok utøvarar med i eit UM som vil stilla på stafett, så stiller ein. I fjor blei det 9. plass. Det blir det neppe i år, sidan startlista fortel om berre 8 lag. Men i tillegg ser laget i år minst like sterkt ut som det som stilte i Fredrikstad i fjor - dersom ikkje skadar og slikt endrar vesentleg på den påtenkte lagoppstillinga. Dei andre laga som er påmeldt er: Skjalg, Sandvin, Ullensaker/Kisa, Stord, Tyrving, BUL og Gloppen.

Før Ravnanger-UM - II

Lyn - Blogg 1-0.

Modemet i heimen tok kvelden og vel så det etter lynangrepet midt i veka. Og då blir det frustrasjon, harme og fortviling - frå Ipad- og Facebook-brukarar - og frå Bloggaren.

No ja, me får no ordna oss - og prøva koma ajour igjen med alt det som ligg, no berre timar før Gneistspelen står for døra og ein haugevis med Gneist-utøvarar trugar med å omkalfatra heile statistikken...

Men, her og no - til neste helg igjen - til gjennomgangen før UM på Ravnanger:

Me er komne til Jenter 16 og til deira sprintløp på 100 meter og 200 meter:

På 100 meter har me to jenter med, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen. Distansen har rimeleg klare favorittar i Hovding-jenta Naomi van den Broeck og Signe Onstad Sævareid frå Asker. Monika har 12,46 så langt, noko som er 4. best av deltakarane på Askøy og like bak tredjerangerte Vilde Gjesbakk frå Rana. Vilde er 9. rangert. Det er 25 utøvarar påmeldt 100 meter.

På 200 meter - der det er 21 utøvarar påmeldt totalt - er det så Vilde som er åleine-representant for Gneist. Også her er det to klare favorittar i Madelen Andersen frå Fredrikstad og nemnde Naomi van den Broeck, medan Vilde er klar og grei tredjerangert på førehand.

onsdag 22. august 2012

Ein sommar(karusell) er over

Gneist sin aller første sommarkarusell er vel i hamn. Deltakartalet låg utruleg stabilt på godt over 200 gjennom alle dei fem løpa. Veret var stort sett glitrande for springing (og av og til for soling) og det var mange gode, harde duellar - både heilt der framme og lenger bak.

Eg har jo laga denne oversikten over det eg kallar "Gneist og omland", der Gneist-utøvarar og deira nærtståande er tekne med - og der grensa blir dregen fullstendig subjektivt.

Igjen: mange tar dette som treningsløp, nokre spring med ungar eller småsøsken. Slikt tar naturlegvis ikkje oversikten nedanfor høgde for...

Slik enda det - topp 12 (slik at eg får med den minste i familien):

KVINNER
1. Ingrid Næss Johansen 19.57
2. Renate Lie 21.09
2. Marianne Haukøy 21.09
4. Sanne Lillevik Christensen 22.27
5. Pernille Hordnes Sørås 23.37
6. Marlen Eide Røssland 23.40
7. Anne-Marte Aldal Sætre 24.23
8. Sara Tyssebotn Berg 24.37
9. Beate Jensen 25.01
10. Nora Øvergaard Aarvik 25.17
11. Selma Røssland 29.25
12. Maria Josefine Berg 31.30

MENN
1. Bjarte Eikanger 15.55
2. Andreas Iden 16.10
3. Jørgen Jensen Axelsen 16.19
4. Henrik Irgens Gravdal 16.30
5. Stian Øvergaard Aarvik 16.52
6. Anders Bjørndal 17.03
7. Ole Martin Røssland 17.19
8. Torgeir Hasås 17.25
9. Magnus Pettersen Lunde 17.44
10. Stian Norheim 17.57
11. Inge Haukøy 18.19
12. Aleksander Lie 19.03

Før Ravnanger-UM - I

Det er ein sjanse å ta - å studera startlistene til årets UM nett med det same fristen er gått ut: Her er framleis mykje ryddearbeid. Eg fekk e-post frå leiaren i Rekord- og statistikkutvalet klokka 3:40 i natt med bøn om hjelp til å sjekka om alle dei som er påmeldt faktisk er kvalifiserte. Her finst ein del (ikkje mange, men mange nok) som må lukast ut av ein slik grunn, men det er også ein del som er godt innanfor kvalifiseringsgrenser, men som har prestert å melda seg på i feil årsklasse.

Med dette i mente så har eg røska laus fire øvingar til denne første gjennomgangen:

Først ut er 100 meter hekk, jenter 17. Her er det Marianne Benserud som er Gneist sin representant. 11 deltakarar finst på mi liste og med si tid frå i fjor (17,48 - like under UM-kravet på 17,50), så må Marianne finna seg i å vera eit stykke bak favorittane i denne øvinga. Her er det Synnøve Bjørgo Adam frå Fagernes, Eline Netland frå Sandnes og Lisa Celine Willassen, også Sandnes, som har best tider på førehand.

Så til sprintøvingane for gutar 15, der Emil Engelsen Holm stiller. På 100 meter er det 20 utøvarar påmeldt, Emil si tid på 12,31 er 15. beste av desse. Favorittar er Abou Granli Diomandé (Orion), Damian Steinke (Molde) og Nicolas Roppen Masters (Dimna), med Petter Villanger (Kalandseid) som nærmaste utfordrar av dei lokale heltane. På 200-meteren i same årsklasse er det først og fremst Emil har realistiske forhåpningar. Her er eg komen til 19 deltakarar og her er Emil heilt oppe på 5. plass på førehand, ikkje langt bak medaljeplass dersom han får ting til å klaffa. Dei same tre som på 100 meter - Diomandé, Steinke og Masters - har dei tre beste tidene på førehand.

Til sist i dag ei øving der Gneist faktisk har gode tradisjonar dei siste meisterskapa - ute og inne, nemleg stav, gutar 16. Der har me to utøvarar mellom dei sju påmelde, Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim. Begge har plukka med seg edelt metall sidan dei kom i UM-alder. Denne gongen er konkurransen tøffare, der våre karar har slite litt, samtidig med at ein del av konkurrentane har hatt fin framgang. Det betyr at Håvard er nr. 6 på førehand, Magnus nr. 7, men i stav kan svært mykje skje. Best resultat på førehand har Jonas Bergkvist Melå (Moelven), Jon Simen Mangseth Hilstad (også Moelven), Joachim Afzal (Mandal og Halse) og Steinar Sollien Nicolaisen (Horten).

Silje overskugga veteranane

Det var mykje ståhei i den indre kretsen på førehand om kampen mellom veteranane Jostein Lie, Petter Rasmussen og Morten Seliussen på 800 meter under onsdagens Norna-karusell. Dessverre måtte Petter kasta inn handkleet på grunn av skade under oppvarminga. Ingen skal seia at ikkje Jostein og Morten gav alt i løpet - og dei imponerte i alle fall underteikna. Dei sprang opp mot sitt aller beste: Morten sprang på 2:19 (som han også hadde i Strandebarm, sjølv om resultatet aldri dukka opp offisielt) og Jostein gjekk frå "høg 2:24" innomhus til "låg 2:24" ute.

Men me konkluderer likevel at dette berre var oppvarminga og at me får nytt slag når Petter også er fit for fight.

Men med all respekt; overskrifta har alt Silje Stenersen (J12) stole frå denne kvelden: Ho sprang rettnok ikkje fortare enn dei to alt nemnde herrane, men med 2:26,28 imponerte Silje igjen. Ho pynta på persen frå Knarvik i mai med nesten fire sekund og - viktigare - ho slo May-Britt Thorkildsen sin 32 år gamle klubbrekord (2:27,1). Sterke saker, Silje!

Og elles:

Marianne Benserud (J17) hoppa årsbeste utomhus i stav, med 3,25 (1010 poeng).

Stian Norheim (G16) ser ut til å lykkast i nå sin beste form når det nærmar seg UM: Me tippar 9:36,98 på 3000 meter er eit steg på vegen mot endå sterkare tid neste helg på Askøy. Tida gir 932 tyrvingpoeng. I tillegg er den under kravet til neste års UM i G17.

Hans-Magnus Haukøy (G11) kom seg over 1,28 i høgde (930 poeng).

Og Nora Øvergaard Aarvik (J13) sprang 200 meter i god motvind på 30,25 (801 poeng).

Og då er det Gneistspelen neste...

mandag 20. august 2012

Stord-erstatning II - her og der 19/8

Det var nokre av oss som trudde at både Gneist-arar og andre ungdommar ville ta turen til Knarvik søndag fordi det ikkje var stordleikar, men på Knarvik var det "berre" to Gneist-utøvarar. Då får me tru det dukkar opp nokon på karusell mandag (Osterøy og Sommarkarusellen løp 5) og/eller tirsdag (Norna-karusellen) i staden.

Men litt har me no raska saman av resultat også denne søndagen:

Renate Lie (J14) braut 2.20-barriera på 800 meter på sjølvaste Bislett. Ho kom i mål på 2:19,62, som i tillegg gir 1020 poeng.

Ole Martin Røssland (G17) hadde også kome seg til Oslo og Bislett - etter Stockholm-tur fredag/lørdag. Og også han var barriere-brytar søndag: Under 9 blank på 3000 meter for første gong: 8:59,36 (1001 poeng).

I Stockholm var fortfarande Sondre Rinde (G14), som tok 4. plassen i lengde med ny pers, 5,64 (978 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang ned til 55,99 på 400 meter på Bislett (860 poeng).

... Og: På Knarvik var me då nokre få sjeler i alle fall - i finaveret - som følgde Anna Serine Røssland (J15) rundt på 3000-meteren hennar. Tida blei 11:05,93 - pers med nesten 25 sekund.

Heilt til sist, litt BFG-nytt også: Målfrid Pettersen Lunde (J15) persa med 15 sekund på 1500 meter i Stockholm søndag kveld og braut også ein barriere: 4:59,53 på 1500 meter!

søndag 19. august 2012

5. plass til Monika

Heldigvis er hopparar og sprintarar vane med å stå tidleg opp. Dagens økt i Nordisk meisterskap i svenske Växjö starta alt klokka 10.

I Lengde for kvinner U20 var Monika Benserud ei av dei to norske som deltok. Og Monika viste igjen at ho er på sitt beste under dette meisterskapet. I går blei det altså 7. plass i tresteg, med eit resultat som var 2 cm bak pers.

I dag blei det to plassar opp - til 5. - i lengde. Det lengste med godkjent vind målte 5,45, men Monika sitt beste hopp i konkurransen var på 5,69 - sju centimeter over pers, men vinden var marginalt for sterk for godkjent resultat, nemleg +2,1.

Me kan fastslå at dette blei ein glitrande landslagsrepresentasjon for Monika.

lørdag 18. august 2012

Rundtomkring - og på turné

Akkurat i dag var det nok ein del som var glade for at det ikkje var stordleikar, etter som regnet tiltok i styrke utover ettermiddagen. I morgon skal det bli brukande ver på Knarvik og vonleg ein god Gneist-gjeng der.

Men ein handfull utøvarar har reist ut i Skandinavia og konkurrert denne helga. Eg har prøvd å få oversikten:

I Stockholm er det DN Galan Youth, altså ungdomsstemne på arenaen der det var DN Galan eller Diamond League Stockholm fredagskvelden. Det er ikkje mange nordmenn med og så godt som alle av dei som er det, er frå Bergen. (Unntaket er vel brørne Engevik frå Nittedal, men dei er no halvt bergensarar/gneistarar dei og...)

Aller best av våre gjorde Sondre Rinde (G14) det. I eit sterkt felt på 300 meter hekk kom Sondre heilt ned på 43,40. Det er verdt 1059 tyrvingpoeng og er ny klubbrekord. (Den gamle, på 43,55, hadde Aleksander Lie.)

 Ingrid Næss Johansen og Målfrid Pettersen Lunde (Fana) sprang 800 meter i J15, der Målfrid var heilt nede på 2:22 og tok ein 5. plass. Premiar blei det også på Andreas Iden (G17) og Jørgen Jensen Axelsen (G19) på 1500 meter. Også desse fekk 5. plassar. Saman med Ole Martin Røssland held dei fram Skandinavia-turnéen søndag. Då blir det 3000 meter på Bislett under Norway Games.

På Bislett er Amund Sjursen (G16), Renate (J14) og Aleksander Lie (G16) alt på plass. Amund vann lengde (6,32) lørdag, Renate noterer me heilt nede på 8,38 (964 tyrvingpoeng) på 60 meter og det er kjekt å konstatera at Aleksander er på plass igjen, mellom dei konkurrerande.

Heilt til sist: Monika Benserud tok 7. plass i Nordisk meisterskap i Växjö, Sverige, i tresteg. Med 11,70 var ho på sitt beste - det var berre to cm bak persen.

torsdag 16. august 2012

Rinde på Leikvang

For å fylla inn og ut og supplera til gagns: Under Hovding-ruletten (det er mange "karusellar", men det er berre éin rulett - kor no namnet i si tid kom ifrå...) sist torsdag var det også Gneist-utøvarar til stades - i alle fall frå familien Rinde.

Sondre (G14) sprang opptil fleire løp same kvelden og me noterer oss to gode tider på to meir eller mindre "ukurante" sprintdistansar:

Den minst ukurante er 80-meteren, der Sondre pynta på persen frå 10,40 til 10,33. Det gir 938 tyrvingpoeng og er betring av Sondre sin eigen klubbrekord.

40 meter er ei noko meir ukurant øving for 14-åringar. Ikkje får ein tyrvingpoeng som 14-åring og faktisk var det ikkje notert nokon klubbrekord i Gneist på distansen heller for 14-åringar før Sondre gjorde 5,84 på Leikvang den 9. august.


Stord-erstatning I - Arna 15/8

Ifølgje nokolunde sikre kjelder ligg Stord Stadion med flunki nytt (framleis blått) dekke, innbydande og fin - men heilt utan utøvarar til helga - då det altså eigentleg skulle vore Stordleikane. Dei ansvarlege i Stord IL si friidrettsgruppe ville ikkje gambla på at det skulle bli fint nok ver til at dekket kunne bli ferdig - og det har me jo all muleg forståing for, sjølv om det må vera smått bittert å stå i 25 grader og fastså at dekket er ferdig før dei oppsette leikane. Ei fattig trøyst for både arrangørar og påtenkte deltakarar er at det er meldt om veromslag og rotbløyte lørdag.

No ja, som erstatning for Stordleikane finst det seriestemne både her og der lokalt - og desse får seg kanskje eit lite oppsving nett i desse dagar på grunn av avlysinga i Sunnhordland.

Onsdag kveld var det seriestemne i Arna idrettspark, der opptil fleire Gneist- og BFG-utøvarar stilte til start. For BFG-gjengen var det 3000 meter dei fleste stilte opp i, med flott årsbeste for trenar Bjarte Eikanger (9,12) og med strålande 9.10,01 frå Jørgen Austvik.

Pål Haugen Lillefosse (G11) fekk notert seg 100 meter-tid med godkjent vind: 14,62 og Eirik Leikvoll hoppa tresteg for første gongen i år, til nett over 10 meter: 10,01 (801 poeng).

Og søndag er det ny "Stord-erstatning" - denne gongen på Knarvik.

21. august - den store veterandagen

Komande tirsdag, den 21. august, er det annonsert storoppgjer mellom tre framståande veteranar på 800 meter. Det skjer under Norna-karusellen på Fana Stadion.

No er det sikkert andre utøvarar som kjem til å stilla på 800 meter, men dei blir nok fort gløymde i denne samanhengen. Dei tre som skal duellera, først og fremst, er: Morten Seliussen, Petter Gregor Rasmussen og Jostein Lie.

Morten og Petter er ungdommane i feltet, medan Jostein er veteran-veteranen, fem år eldre enn dei to andre.

Men i vinter opplevde me at dei alle tre oppnådde 2:24-løp innomhus. Det skjedde dessutan i tre heilt ulike løp: Petter var først (2:24,63) under Gneist sitt romjulsstemne, så sprang Morten fortare (2:24,00) under Nornalekene først i januar, medan Jostein hadde stor suksess under veteran-NM midt i mars (2:24,95).

No har både Petter (2:21,57) og Morten (2:19-talet; resultatet frå Strandebarm er framleis ikkje offisielt klarert, så vidt eg veit) sprunge fortare ute, medan Jostein driv og samlar absolutt alle krefter til dette eine løpet, 800-meteren komande tirsdagskveld.

Eg veit ikkje kva dei tre det gjeld gjer, men me andre gler oss!

I vår interne veterankonkurranse gjekk Geir Sjursen til topps førebels i år etter sin 100-meter på 12,72 under førre Norna-karusell. Jostein Lie ligg på andreplass, medan Kjersti Bjørndal innehar tredjeplassen, etter å ha pynta på si 60-meter- tid frå innandørssesongen.

onsdag 15. august 2012

9 til hovud-NM

Same helga som Gneistspelen er det hovud-NM (for seniorar) i Kristiansand. Her stiller BFG Fana med ni utøvarar - alle i kvinneklassen. Rangeringa nedanfor gjeld ikkje i forhold til dei påmelde i NM, men gjeld plasseringa på landsstatistikken uavhengig av kven som faktisk deltar i Kristiansand.

Marianne Benserud
- Marianne er nr. 9 i stav i år, medan det i NM er 8 påmeldt øvinga.

Monika Benserud
- Det er 19 deltakarar påmeldt i lengde, her er Monika nr. 11 i landet i år.
- Det er 12 påmeldt i tresteg og her er Monika rangert som nr. 7.

Vilde Lund Bjørnsen
- På 200 meter er Vilde rangert som nr. 32 i landet i år. Her er 30 påmeldt øvinga.
- Vilde vann bronse på 400 meter i U20-NM. Denne gongen er ho éi av 21 kvinner på startstrek i senior-NM. På landsplan er Vilde rangert som nr. 20.

Martine Eikemo Borge
- Martine er éi av 13 kvinner som stiller på 800 meter. I Ingvild Bovim Måkestad sitt skadefråver må Martine finna seg i å vera favoritt også i senior-NM (ho vann jo U23-NM i Sigdal nyleg).
- Martine er også éi av 21 utøvarar som stiller på 400 meter. Her blir det ny tett gullkamp for Martine, med Line Kloster frå Vidar som nærmaste utfordrar.

Anne Skudal Dolvik
- På 200 meter (32) er Anne nr. 15 i landet i år.
- På 400 meter (21) er ho 17. best i landet.

Iren Vevatne Isaksen
- Iren er ein av fleire BFG-arar som stiller på 100 meter. Totalt er 29 utøvarar påmeldt. Iren er nr. 14 på landsstatistikken før NM.
- På 200 meter er Iren rangert på 14. plass (32 deltakarar i NM).

Christine Bjelland Jensen
- Christine spring 100 meter (29 påmeldt) og er nr. 20 i Norge på distansen i år.
- På den doble distansen er Christine rangert på 25. plass.

Elise Una Mikkelsen
- er også deltakar på 100 meter (29). Elise er rangert som nr. 45 på statistikken på distansen i år.

Pernille Thomassen
- er kvalifisert på 3000m, men stiller på 5000m i Kristiansand. 17 utøvarar er påmeldt øvinga. Pernille har ikkje tid på 5000 meter denne sesongen, men er nr. 14 i landet på 3000m.

Endeleg stiller BFG Fana lag på 1000 meter stafett.

tirsdag 14. august 2012

Mykje Gneist-moro

Eg registrerer at Gneist tangerer NCC-rekorden sin med 11 uttekne til utøvarar til desse regionsleikane for 13- og 14- åringar (11 også i 2011). Det er jo glitrande!

Dei uttekne:

Jenter 13 år
Michelle Floor Heggeland
Nora Øvergaard Aarvik

Jenter 14 år
Cathrine Harris
Renate Lie
Maren Haugen Lillefosse

Gutar 13 år
Kristoffer Blücher
Herman Hovland
Kristian Schjønningsen

Gutar 14 år
Henrik Irgens Gravdal
Eirik Leikvoll
Sondre Rinde

Så er spørsmålet om 2011 og 2012 utgjer førebels topp-år når det gjeld Gneist-markering i NCC-lekene - det ser vel slik ut i skrivande stund. Leikane går på Osterøy 8. og 9. september.

Før det - neste helg - er det Gneistspelen (24. - 26. august). Påmeldingsfristen gjekk ut alt i går, 13. august. Her er det haugevis av Gneist-utøvarar med (me kan ikkje rekna dei alle) - og fleire til når PU-gjengen og rekruttane melder seg i tillegg.

Ifølgje www.Gneistspelen.no er det pr. i dag 449 startar og 167 utøvar. Eit raskt overslag fortel at godt over tredjeparten er eigne Gneist-utøvarar.

Så spørs det om me får Gneistspel-ver eller om det blir finver...

søndag 12. august 2012

Cathrine Harris

Som sagt; me er framleis varme i toppen etter dagens ferd til fjells, men frå resultatbunken finn me eit flott hoppresultat:

No er det aldri så stille før stormen: Det har vore lite stemne og resultat så langt etter sommaren (vel, me er vel framleis litt i sommaren...) og med Stordleikane borte, så blir det skrinnare enn vanleg også i framhaldet.

Men søndag hadde Norna-Salhus eit nyss innlagt hoppstemne på Fana Stadion, og der hoppa Cathrine Harris (J14) 10,68 i tresteg - ein solid prestasjon. Det gir 988 tyrvingpoeng. Dessutan gir hoppet Cathrine billett til junior-NM i Overhalla neste sommar: Ho er med det den 17. jenta i og den 23. totalt i BFG som er kvalifisert til U20-delen av meisterskapet. (I tillegg er fire gutar kvalifisert til U23).

Opp til sola

Det var skoddeskyer over det meste av Hordaland søndagen, men nokre av oss klarte å karra oss opp og forbi skoddeskyene, opp til der sola heldt til.

Til dømes kunne me gjera det opp til toppen av Malmangernuten i Rosendal. Fjellet, som er 892 meter over havet, var også målet for NM i motbakeløp denne gongen - og samtidig var det "vanleg" motbakkeløp og norgescupløp i motbakkecupen.

Me var ein god gjeng som sprang litt og gjekk mykje oppover på morgonkvisten. Og det var ei fantastisk oppleving å klatra opp, over skoddebeltet og få sterk sol og heilt blå himmel på toppen.

Til topps kom også fleire kjentfolk i konkurranseklassen:

Damene først:

- Therese Sjursen nr. 4 i 23-39 år på 45:32
- Torun Øvergaard Aarvik nr. 5 i 40-49 år på 53:39
- Anne Bekkhus nr. 10 i 23-39 år på 58:28

Og så mennene:
- Thorbjørn Thorsen Ludvigsen nr. 1 i 23-39 år på 36:10
- Yngve Kiserud nr. 12 i 23-39 år på 41:18
- Ole Martin Røssland nr. 3 i 17-19 år på 41:19
- Espen Roll Karlsen nr. 4 i 20-22 år på 41:55
- Jørgen Jensen Axelsen nr. 5 i 17-19 år på 42:46
- Stian Øvergaard Aarvik nr. 1 i 15-16 år på 43:31
- Terje Hordnes nr. 2 i 50-59 år på 44:15
- Robert Hisdal nr. 17 i 23-39 år på 44:27
- Håvard Austevoll nr. 6 i 17-19 år på 48:03

torsdag 9. august 2012

Fin kveld for friidrett

Nornakarusellen på Fana Stadion onsdag kveld gjekk samtidig med at Andreas Thorkildsen kasta spydkvalifisering i London. Det var rett og slett ein fin kveld for friidrett. På Fana Stadion var det litt vind, men innimellom grei medvind for dei som var ute etter det. Det ble kasta langt, det blei hopp langt og høgt og det blei sprunge godt.

Det gjævaste kjem her:

Nesten tradisjonen tru startar me med Kristoffer Blücher (G13), som denne gongen prøvde seg på 400 meter, noko som han gjorde glitrande. Tida 57,68 er solid ny klubbrekord. (Henrik Irgens Gravdal hadde den gamle på 59,9 frå i fjor.) Det er også beste tida i Hordaland for 13-åringar gjennom alle tider, nest beste elektroniske tid i landet og fjerde best dersom me også tar me dei som har sprunge med manuelle tider. Brukande det, Kristoffer... Og om ikkje det var nok, som det gjerne heiter: Dette var den tiande klubbrekorden Kristoffer har sett berre i 2012.

Klubbrekord - ganger to - blei det også på Ingrid Næss Johansen (J15), som debuterte på skikkeleg offisielt vis på 5000 meter onsdagskvelden. Med god harehjelp frå Petter Rasmussen sprang Ingrid eit jamnt og godt løp, til tida 19:06,68, som både er klubbrekord i J15 i Gneist og rekord i U20 i BFG Fana. (Og på Ingrid sin tredje runde kasta Andreas Thorkildsen 84,47 i spyd-kvaliken i OL.)

Så presterte Sondre Rinde (G14) sitt beste lengdehopp sidan slutten av april, då han landa på 5,61. Det gir 972 poeng og det er over UM-kravet til Lillehammer-UM neste år.

Broder Håvard Rinde (G11) betra seg også littegrann i lengde, til 4,06 (frå 4,02), noko som gjorde at Håvard klatra over 900 poeng (902) i denne øvinga også.

Gjert Høie Sjursen (G12) persa på 60 meter til 9,20 (784 poeng).

Til sist fekk me ein forsmak på kva som ventar frå veteranane seinare på hausten. Det er lova store ting frå Dei Gamle. Onsdagskvelden var det Kjersti Bjørndal og Geir Sjursen som var i elden. Kjersti sesongdebuterte på 8,55 på 60 meter, medan Geir fekk årsbeste på 100 meter med 12,72 (12,96 frå tidlegare i år).

tirsdag 7. august 2012

Sommarkarusellen - 4/5

4. løpet - av 5 - i årets "Sommerkarusellen" gjekk av stabelen mandag kveld. Det var full sommar det meste av dagen, flott temperatur også under løpet, men lyn og torden blinka og rumla også (og slo ned opptil fleire stader, i andre bydelar), men det skikkelege regnet kom ikkje før me var ferdig nedpakka for denne gongen.

Deltakartalet har halde seg forbausande stabilt på godt og vel 200 - med ein topp på 263 under løp 2, like før skuleferien.

Renate Lie sesongbetra seg med eitt minutt og eitt sekund for jentene, nøyaktig det same gjorde Pernille Hordnes Sørås. Godt løp også av Sara Tyssebotn Berg. For gutane sesongdebuterte Ole Martin Røssland med 17.19, medan det var flott betring av Thomas Blücher - med 37 sekund til 20.23.

Her er "topp ti" for "Gneist og omland" etter 4 løp:

KVINNER
1. Ingrid Næss Johansen 19.57
2. Renate Lie 21.09 (-1.01)
2. Marianne Haukøy 21.09
4. Sanne Lillevik Christensen 22.27
5. Pernille Hordnes Sørås 23.37 (-1.01)
6. Marlen Eide Røssland 23.40
7. Anne-Marte Aldal Sætre 24.23
8. Sara Tyssebotn Berg 24.37 (-0.05)
9. Beate Jensen 25.01
10. Selma Røssland 29.25

MENN
1. Bjarte Eikanger 15.55
2. Andreas Iden 16.10
3. Jørgen Jensen Axelsen 16.19
4. Stian Øvergaard Aarvik 16.52
5. Anders Bjørndal 17.03
6. Ole Martin Røssland 17.19
7. Torgeir Hasås 17.25
8. Magnus Pettersen Lunde 17.44
9. Stian Norheim 17.57
10. Aleksander Lie 19.03

Senior-markeringar, menn (sist: 27.6)

Som nemnt for kvinnene; dei har så mange markeringar i norgesstatistikken at det var rimeleg å ta dei for seg. Men no har også mennene markert seg nok til at dei fortener eit blogg-innlegg heilt for seg sjølv. Ein god del nye er komne til sidan sist - eigentleg er alle på løp, men så var eit par hopp-markeringar frå sist rett og slett utegløymt også.

Her er oversikten for mennene (gutane...) i BFG-familien pr. nett no:

60m
6. Amund Høie Sjursen (-3)

100m
66. Amund Høie Sjursen (ny)

1500m
43. Jørgen Austvik (+2)
57. Jørgen Jensen Axelsen (ny)
71. Andreas Iden (ny)
73. Erlend Gjerdevik Sørtveit (ny)

3000m
23. Kristian Blummenfelt (-1)
45. Andreas Iden (-5)

5000m
26. Jørgen Jensen Axelsen (-9)
30. Ole Martin Røssland (ny)
31. Jørgen Austvik (ny)
36. Andreas Iden (-16)

10000m
13. Ole Martin Røssland (-9)
15. Andreas Iden (-10)

2000mh
6. Jørgen Jensen Axelsen (ny)

Høgde
24. Thomas Langhelle Trefall (-4)
35. Amund Høie Sjursen

Lengde
15. Amund Høie Sjursen

Tresteg
11. Thomas Langhelle Trefall (-3)


mandag 6. august 2012

Monika på landslaget

Etter gull og bronse i junior-NM i Sigdal nyleg var det gledeleg, men langt frå noko overrasking, at Monika Benserud i dag blei teken ut på det norske landslaget til den nordiske juniorlandskampen seinare i månaden.

Monika er teken ut både i lengde og tresteg.

Meisterskapet går i svenske Växjö "stordleikane-helga" - altså 18. - 19. august.

Lykke til!

Senior-markeringar, kvinner (sist: 27.6.)

Godt og vel fem veker er gått sidan sist "senior-markeringar". Jentene/kvinnene i BFG og moderklubbane har så mange markeringar no at dei må presenterast for seg. Her er dei:

60m
10. Monika Benserud (-)
14. Elise Una Mikkelsen (-2)
20. Maren Haugen Lillefosse (-3)

100m
15. Iren Vevatne Isaksen (-)
20. Monika Benserud (-)
20. Christine Bjelland Jensen (+5)
25. Anne Skudal Dolvik (-2)
40. Vilde Lund Bjørnsen (-3)
45. Elise Una Mikkelsen (-3)
59. Sara Berrefjord (-3)

200m
15. Anne Skudal Dolvik (-5)
17. Iren Vevatne Isaksen (-4)
25. Christine Bjelland Jensen (-4)
32. Vilde Lund Bjørnsen (-)
33. Martine Eikemo Borge (ny)
54. Monika Benserud (-6)
63. Sara Berrefjord  (+21)
87. Elina Drivenes (-8)
95. Renaet Lie (-10)

300m
3. Renate Lie (ny)

400m
1. Martine Eikemo Borge (-)
16. Anne Skudal Dolvik (-1)
19. Vilde Lund Bjørnsen (+4)
28. Christine Bjelland Jensen (-4)
39. Renate Lie (-3)
53. Elina Drivenes (-7)

600m
6. Renate Lie (-1)
9. Elina Drivenes (-1)

800m
2. Martine Eikemo Borge (-)
40. Renate Lie (-7)
44. Elina Drivenes (-7)
71. Ingrid Helene Nyhus (ny)
72. Målfrid Pettersen Lunde (ny)

1500m
36. Renate Lie (-5)
38. Silje Stenersen (-6)
53. Ingrid Næss Johansen (-8)
62. Anna Serine Røssland (-8)
63. Eline Myking (ny)
64. Ingrid Helene Nyhus (-11)

2000m
1. Ingrid Næss Johansen (+4)
3. Ingrid Helene Nyhus (-1)
4. Anna Serine Røssland (-1)
7. Thyra Hevrøy (-)

3000m
14. Pernille Thomassen (-2)
24. Ingrid Helene Nyhus (-4)
37. Ingrid Næss Johansen (-5)
40. Thyra Hevrøy (ny)

100m hekk
24. Eline Bruce (ny)

200m hekk
5. Maren Haugen Lillefosse (ny)

2000m hinder
3. Anna Serine Røssland (ny)

Høgde
49. Eline Myking (-10)
49. Nora Øvergaard Aarvik (-10)

Stav
9. Marianne Benserud (-2)
15. Monika Benserud (-3)

Lengde
10. Monika Benserud (-)
17. Maren Haugen Lillefosse (-2)

Tresteg
7. Monika Benserud (-1)
25. Eline Bruce (-6)
35. Cathrine Harris (-)

Kule
46. Birgit Attestog (-10)




torsdag 2. august 2012

Tilbake på karusellen

Onsdag var opptil fleire utøvarar tilbake på karusellen - Norna-karusellen - etter sommarferie (eller "sommarferie"; det har nok vore rimeleg bra med trening siste vekene også for dei fleste).

Ein som definitivt held fram der han stemna (i Gøteborg), det er Kristoffer Blücher (G13). Han sprang 300 meter på 41,24 (1045 poeng), noko som er klubbrekord med over to sekund. (Aleksander Lie hadde den gamle på 43,31 frå 2009.) Tida til Kristoffer er også den beste ein 13-åring har gjort nokon gong i heile landet!

Men Kristoffer stoppa ikkje der. Han sette også ny klubbrekord på 100 meter, då han sesongdebuterte på distansen med 12,71 (1015 poeng). Torgeir Hasås hadde den gamle klubbrekorden med 12,99 frå 1997 (12,8 manuelt).

Sondre Rinde (G14) hadde solid (hekke-)form sist han var på ein friidrettsbane. Onsdagskvelden blei det ny forbetring for Sondre på 300 meter hekk. 44,02 er den nye bestetida på (1031 poeng).

Aleksander Lie (G16) sesongdebuterte på 300 meter med 40,24 (841 poeng).

Ole Martin Røssland (G17) sletta persen på 800 meter (sett innomhus på Leikvang i januar). Han kom i mål på 2:07,17 (825 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) nærma seg sin pers (2:03,27 frå september i fjor), då han flytta sesongbeste på 800 meter ned til 2:04,46 (811 poeng).

onsdag 1. august 2012

Vene Sunnhordland

Den som trudde at det var lite å melda til ein friidrettsblogg her ifrå vene Sunnhordland, ja den trudde feil.

Vel, tidlegare kom den i første omgang negative melding om at Stordleikane var avlyst, men den positive delen er jo at det faktisk kjem nytt dekke på Stord Stadion og at det bør bli kvalitet og bra saker i 2013.

Og så er ikkje ein gong det nok: Junior-NM er nett ferdig. For 25 år sidan tok to 16- åringar frå Husnes medalje i lengde i junior-NM, den beste av dei (Gøran Moen, Trio, seinare Gular) tok gull. Det var i gullalderen for Trio når det gjeld friidrett. No blir det kan henda - som det heiter i lokalavisa her - "ein ny vår for friidretten". Og det skuldast at den snart 40 år gamle raudgrusen i Husnes Idrettspark skal bli til fast dekke sommaren 2013.

I Trio har en vore på studietur, heilt inn til Strandebarm i nabokommunen, så dette bør bli gode greier!

Og: Det er god plass til eit kvalitetsstemne - gjerne sommarstid - også på Husnes, i tillegg til på Leirvik.

For dei som er spente på detaljane om det nye friidrettseventyret, så finst dei i dette oppslaget i Lokalavisa Kvinnheringen.