tirsdag 31. januar 2012

KM innomhus - siste akt?

Ja, då er KM innomhus terminfesta. Så då får me tru det blir slik.

Det er då ikkje måte på heller; det første innomhus-kretsmesterskapet skal gå over heile tre dagar: 24. - 26. februar. Det blir tre heile dagar til ende - men korleis deltakinga blir, det er eit anna spørsmål. Vinterferiehelg er det i alle fall. Og her er potensielle deltakarar til eit KM som både er høgt til fjells og langt mot sør nett den helga.

I tillegg til KM er det også sett opp "regionsleikar" for dei under 11 år. KM er det for heile aldersgruppa frå 11 år og til senior.

Korleis øvingsprogrammet er bestemt, det veit eg ikkje. Det er ikkje heilt enkelt å skjelna eit klart prinsipp, om det finst. For ute-KM følgjer ein i 15-19 års-klassane gjerne prinsippet om at KM-øvingane er dei same som UM-øvingane. Det stemmer ikkje for inne-KM, men det er sikkert ein tanke bak - ein stad.

Då slepper me altså å lura lengre; KM er terminfesta. Slik sett er soga no i forkant over - kan henda. Først må det finnast funksjonærar ute i dugnadsklubbane - og deltakarar...

søndag 29. januar 2012

Kule-supplement

Jada, eg visste jo at det var invitert til noko kulestøting ute på Leikvang også lørdag, men samtidig blei eg ikkje sjokkert over at eg ikkje fann kuleresultat mellom dei første resultata eg studerte. Det er noko med Gneist og kast (og meg og kast, sikkert også) som gjer det, det er berre slik det er. Eg har ikkje noko forbetringspotensial på dette, Gneist har sikkert (kanskje).

I alle fall var det fleire som støtte kula i Leikvanghallen, alle var gutar. I det heile dominerer gutane i innomhus-konkurrering (så langt). Det kjem seg noko med ein del startar for 13- og 14- åringane på Stange neste helg.

Kristoffer Blücher (G13) fekk tildelt (?) kule på 4 kilo (i staden for tre, som høyrer årsklassen til) og fekk dermed ein pers med den kula på 7,91.

Emil Engelsen Holm (G15) er ikkje eit vanleg syn i kuleringen. Han fekk seg eit støt på 8,60, som gir 379 tyrvingpoeng. Det er ikkje å kimsa av. I Gneist-samanheng er alle kast noko verdt, har det til vanleg vist seg når ein kjem til lagserie-oppsummeringa på haustparten.

lørdag 28. januar 2012

Just testing, 150 og Eirik Leikvoll

Prologen til Pingvinlekene - eller Prøve-Pingvinlekene - gjekk av stabelen i Leikvanghallen lørdag. Der blei det sprunge eit par 200 meterar for senior, det blei hoppa stav og det blei sprunge 150 meter.

150 meter?... Jada, 150 meter. Den finst for så vidt som ei øving, men mest som ei treningsøving for sprintarar. Eg veit at sjølv statistikarar nøler med å ta distansen på alvor - og me opplever ganske subjektive val frå statistikar til statistikar når det gjeld kor vidt ein skal ta med resultat frå 150 meter. Det kan uansett ikkje setjast rekordar på distansen, berre "bestenoteringar".

Så, mitt subjektive val er at eg noterer - eller gøymer i hjarta mitt - følgjande: Flotte 150-meterar av Emil Engelsen Holm (G15: 19,05), Sondre Rinde (G14: 19,71), Kristoffer Blücher (G13: 19,83), Hans-Magnus Haukøy (G11: 24,09), Pål Haugen Lillefosse (G11: 22,18) og Thomas Blücher (G12. 22,65).

Så er det gjort.

Og så blei det hoppa stav. Her sesongdebuterte Monika Benserud (J16) i øvinga med 2,67 (828 tyvingpoeng), men først og fremst fekk me eit nytt rekordjagande svev frå stavkometen Eirik Leikvoll (G14). Han kom seg over 3,17, noko som gir 989 tyrvingpoeng og Eirik er no berre 4 centimeter bak Kristian Haga sin klubbrekord frå 1986. Og det er mange månader igjen av Eirik sin 14 års-sesong.

Og: Hordaland sitt store stav-talent, Eirik Greibokk Dolve (1995) enda på 3,31 i innesesongen i 2009 - det året han blei 14 år. Det fortel ein del om utviklinga og potensialet hos vår eigen Eirik.

fredag 27. januar 2012

I've seen the future...

For oss som gler oss som ungar til 5. mars i år, så er det eitt sitat som gjeld framfor noko anna.

For dei uinnvigde: 5. mars kjem nyaste albumet til Bruce Springsteen, Wrecking Ball

Og ja, det mest kjende sitatet er ("naturlegvis"):

"... And I saw something else: I saw rock and roll future and its name is Bruce Springsteen..." (Jon Landau i "The Real Paper", mai 1974)

Og det er dette sitatet eg kjem på når eg studerer Trond Engevik sin fantastiske statistikk-nettstad, som finst her

Her finst rett og slett alt som er verdt å veta; her får ein landsstatistikk, kretsstatistikk, klubbstatistikk, personleg statistikk!... 

Og eg såg noko meir: Eg såg friidrettsstatistikken si framtid og den finst på "Min friidrettsstatistikk". 

Og eg såg ei framtid der me statistikkpuncharar får tid til å ta ein joggetur igjen (etter gammalt), får helsa på ungane og kona igjen, kanskje til og med får flytta eit papir eller to på jobben. 

Eg oppmodar alle til å legga til side fjernkontrollen og la Min friidrettsstatistikk bli helgekosen.

Jo da, no er det berre opp til Friidrettsforbundet å ta lærdom av vår mann i Nittedal!

torsdag 26. januar 2012

Inbjudan

For dei av oss som har tenkt oss til Göteborg i juli månad, så er det viktig lesnad på nettsidene til Världsungdomsspelen. Invitasjonen - inbjudan - kom ut sist veke og den inneheld fleire ting enn at me får eit lørdags- til mandagsstemne i år.

Første øvinga tar til lørdag 7. juli kl. 9.00 og stemnet er avslutta til kl. 19.00 mandag 9. juli.

No har eg ikkje finstudert alle aldersklassar og alle øvingar, men eit første augekast på øvingar som er aktuelle før ungdommar i umiddelbar nærleik fortel at her er ingen blåkopi frå tidlegare år. Her er ikkje minst øvingar som vanlegvis har gått fredagen (altså 1. dag) som no er å finna på mandagen (altså årets 3. og siste dag). Dette er det viktig at ein finstuderer, for det får, for fleire, konsekvensar for kva for kombinasjon av øvingar ein finn det fornuftig å velja.

Slik finstudering har ein naturlegvis god til enno: Fristen for påmelding er 15. juni. Eg reknar med at Gneist set ein frist i grei tid før det igjen for dei utøvarane som har tenkt seg bortover.

Finstuderinga av programmet, ja det gjer ein her.

tirsdag 24. januar 2012

5. vinterkarusell: Anders Bjørndal sitt gjennombrot

Endeleg (....) vinter under Vinterkarusellen, men løypa var visstnok brukande. Sjølv sprang eg - ikkje i protest, rettnok - gamletraséen mot Stend, samtidig som startskotet for 5. vinterkarusellen gjekk frå Fana Stadion.¨

På 5km for kvinner registrerer me at Ingrid Næss Johansen betra si tid med 11 sekund til 22.14, berre to dagar etter ein sterk prestasjon (3. plass) under Askløpet. Sanne Lillevik Christensen betra seg kraftig, frå 27.37 til 25.21. Med det klatra ho til 4. plass på Gneist og omland sin adelskalender for i vinter, plassen bak Ingrid.

På 5km for menn fekk den same adelskalenderen ny leiar, då Jørgen Jensen Axelsen sprang inn til siger med 16.30. Men dagens store gjennombrot stod den tidlegare fotballspelaren Anders Bjørndal for, som etter ein sterk treningsvinter no bevegde seg under 18 minutts-grensa så vidt; 17.59. Med det er Anders nr. 3 i Gneist-familien på 5km i vinter, bak Jørgen og gårsdagens hare, Andreas Iden.

På 10km har eg ikkje funne nokon endringar sidan sist. Her er listene etter 5 løp (tre igjen):

5km kvinner
1. Silje Stenersen 20.02
2. Renate Lie 20.12
3. Ingrid Næss Johansen 22.14
4. Sanne Lillevik Christensen 25.31
5. Beate Jensen 26.01
6. Sara Tyssebotn Berg 26.59
7. Margrethe Irgens Gravdal 27.27
8. Ann-Mari Tyssebotn Berg 28.30
9. An Magritt Hasås 32.49

5km menn
1. Jørgen Jensen Axelsen 16.30
2. Andreas Iden 17.17
3. Anders Bjørndal 17.59
4. Torgeir T. Hasås 18.05
5. Stian Ø. Aarvik 18.10
6. Ole Martin Røssland 18.11
7. Magnus Pettersen Lunde 18.13
8. Henrik Irgens Gravdal 18.24
9. Aleksander Lie 18.25
10. Jens Larsen Åstveit 20.54

10km kvinner
1. Torun Ø. Aarvik 41.49
2. Ingrid Næss Johansen 44.42
3. Marlen Røssland 50.44

10km menn
1. Jørgen Jensen Axelsen 33.45
2. Ole Martin Røssland 36.02
3. Torgeir T. Hasås 38.40
4. Stian Norheim 40.57
5. Tom Roger Johansen 42.09
6. Lars Arve Røssland 45.04

mandag 23. januar 2012

På topp i Norge (januarutgåva, 2012), gutar

Vel, i skrivande stund må to ting seiast, når det gjeld norgesstatistikken: For det første er han som teknisk legg ut nye statistikkversjonar på ferie - sikkert velfortent. Det betyr at opptil fleire innsende versjonar er blitt liggande og det er ikkje heilt oppdatert det ein finn på friidrett.no nett no.

 For det andre opplever ein heftig diskusjon i statistikkmiljøet om godkjenning eller rettare underkjenning av stemne i dei nye hallane. Utandørs har (dei aller fleste) banane såkalla sarg, det vil seia eit fysisk skilje mellom løpsbanane og indre bane. Det har ikkje innandørshallane. Her må ein i staden bruka kjegler for å laga ein kunstig sarg. Reglane seier at det skal vera kjegler for minimum kvar 10. meter på langsidene og det skal vera kjegler i svingane, med maks avstand på 1,5 meter. Nyleg blei løpsresultata frå eit stemne i UM-hallen i Sandnes underkjent av ein slik grunn, altså at det mangla "kjegle-sarg". No står rundbaneløpa frå Nornalekene i same fare. På Leikvang var det kjegler i svingane, med ujamnt mellomrom, og ikkje noko på langsidene. Nornalekene sin lagnad blir drøfta i statistikkutvalet akkurat no.

Til så lenge og med det atterhaldet, her er "dei lokale" markeringane i innestatistikken for heile landet så langt, når det gjeld gutane:

G13 og G14 
Her er det openbart fleire lokale heltar som skal på plass i statistikken! Men me manglar aller første versjon for 2012. Her kan heller ikkje statistikkførar skulda på at statistikk er sendt inn og ligg og ventar i køen...

G15
1. Kristian W. Jensen, Fana, høgde
1. Kristian W. Jensen, Fana, 60m hekk
1. Kristian W. Jensen, Fana, lengde
2. Henrik Almenningen, Fana, tresteg
2. Emil Engelsen Holm, 60m hekk
3. Kristian W. Jensen, Fana, 60m
3. Kristian W. Jensen, Fana, 400m
4. Emil Engelsen Holm, 400m
5. Kristian W. Jensen, Fana, kule
7. Eivind Knudsen, Fana, 800m
8. Emil Engelsen Holm, 200m
9. Kristian W. Jensen, Fana, 200m

G16
2. Håvard Våge Opheim, stav
3. Aleksander Lie, 800m
3. Aleksander Lie, 1500m
4. Magnus Leikvoll, stav
4. Magnus Leikvoll, kule
5. Håvard Våge Opheim, høgde
5. Magnus Leikvoll, høgde
5. Magnus Leikvoll, lengde
7. Amund Høie Sjursen, 60m
7. Håvard Våge Opheim, 200m
10. Stian Norheim, 800m

G17
1. Andreas Iden, 800m
1. Ole Martin Røssland, 1500m
1. Ole Martin Røssland, 3000m
2. Ole Martin Røssland, 800m
2. Andreas Iden, 1500m
4. Anders Bjørndal, 800m
4. Anders Bjørndal, 1500m

G 18/19
1. Jørgen Jensen Axelsen, 3000m
1. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m
2. Jørgen Jensen Axelsen, 800m
2. Thomas Langhelle Trefall, Fana, høgde
2. Adrian Manum Kvinge, Fana, lengde
3. Erlend Gjerde Sørtveit, BFG, 1500m
6. Håvard H. Kristiansen, Fana, lengde

søndag 22. januar 2012

Hopp i Lonevågen

Vel, det er i kaldaste laget å hoppa i både Lonevågen og andre vågar nett no. Men det var no det det var; hopp-KM i Lonevåg i dag, søndag. Ein liten gjeng med Gneist-utøvarar reiste utover til Osterøyhallen og fekk med seg edle medaljar og nokre poeng... Me får håpa - og tru - det blir endå fleire deltakarar i hopp utan fart på Ytrebygda skole i slutten av neste månad.

Kristoffer Blücher (G13) kom, i tillegg til alt anna, heim med ny klubbrekord, då han hoppa 2,41 i lengde u/t. Den gamle hadde Tom B. Haaland (2,37) i frå det året Bjørg Eva Jensen henta einaste vinter OL-gullet heim til Norge, 1980.

I høgde u/t peikar det seg ut to utøvarar: Aller sterkaste prestasjonen stod Emil Engelsen Holm (G15) for, då han svinga seg over heile 1,38. Det gir 949 poeng og det gjer han også til klar norgeseinar så langt i vinter. I tillegg oppnådde Eirik Leikvoll (G14) 1,26, som gir 906 tyrvingpoeng.

Silje Stenersen (J12) og Monika Benserud (J16) var einslege svalar mellom jentene. Her var det naturlegvis spesielt gledeleg at Monika var tilbake mellom dei konkurrerande, for første gong på nærare eit halvt år.

lørdag 21. januar 2012

Guteklubb i Høiehallen

Lørdag ettermiddag var ein fin gjeng med gutar i mange aldrar med på offisielt stemne i stav og tresteg utan fart. Og det var i den siste øvinga dei minneverdige resultata kom. Dette er jo på mange måtar ei ukurant øving, der det offiselt berre finst "bestenoteringar" og ikkje rekordar, men i klubbrekord-samanheng i Gneist er me store på det og har med tresteg utan fart.

Difor fekk me tre nye klubbrekordar lørdag ettermiddag:

Håvard Rinde (G11) sette ein splitter ny ein i sin årsklasse, med hoppet på 5,52. (Det var elles berre sju centimeter framfor Pål Haugen Lillefosse.)

Sondre Rinde (G14) fekk seg klubbrekord også i denne øvinga, då han oppnådde nøyaktig 7 meter. Med det slo han Magnus Leikvoll sin to år gamle rekord i aldersklassen i øvinga (5,78).

Til gjengjeld fekk Magnus Leikvoll (G16) seg ein ny, no altså i G16, der rekorden var ledig, med eit hopp på 7,12.

Dei litt eldre gutane hadde det også kjekt i sandgropa i Høiehallen: Ungdommane Arne Lillefosse, Arve Rinde og Trond Leikvoll var monaleg jamne: Arne 6,71, Arve 6,66 og Trond 6,44. Dessverre gir tresteg utan fart ikkje poeng verken i Tyrvingtabellen eller i Veterantabellen. For dei alle var det likevel ei fin gjennomkøyring før dei meir kurante utan fart-øvingane i høgde og lengde dei komande vekene.

Og kor e' alle jenter hen?...

På topp i Norge (januarutgåva, 2012), jenter

Slik om lag ein gong i månaden kikkar eg nøgnare på norgesstatistikken og våre utøvarar som er representert der. Frå 15 år og oppover tar eg også med utøvarar frå dei nærståande klubbane BFG, Bjarg og Fana - det er rett og slett viktig å bli kjent med kvarandre, dersom ein skal få eit levedyktig BFG opp å stå igjen.

I dag ser me på jentene sine oversikter så langt i innesesongen. Her er Renate Lie og Ingrid Helene Nyhus heilt øvst av Gneist-jenter, medan nykomaren i BFG-systemet, Målfrid Pettersen Lunde (Fana) også har eit besteresultat (400 meter).

(Topp tre-plasseringar utheva.)

J14:
1. Renate Lie, 400m
1. Renate Lie, 800m
3. Maren Haugen Lillefosse, lengde
6. Cahtrine Harris, lengde
6. Maren Haugen Lillefosse, 200m
8. Maren Haugen Lillefosse, 60m
10. Cathrine Harris, 200m
17. Cathrine Harris, 60m

J15:
1: Ingrid Helene Nyhus, 1500m
1. Ingrid Helene Nyhus, 2000m
1. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 400m
2. Ingrid Næss Johansen, 1500m
2. Ingrid Næss Johansen, 2000m
2. Elina Drivenes, Fana, 800m
4. Elina Drivenes, Fana, 200m
5. Eline Myking, Fana, høgde
8. Ingrid Næss Johansen, 800m
9. Anna Serine Røssland, 800m
19. Elina Drivenes, Fana, 60m

J17:
2. Marianne Benserud, stav
3. Vilde Omholt, 800m
4. Marianne Benserud, 200m
4. Elise Una Mikkelsen, Fana, 60m
9. Marianne Benserud, 60m

J18/19:
3. Evelyn Hove Eeg, Fana, kule
14. Agnete Gradek, Fana, 60m

fredag 20. januar 2012

Hordaland kraftig underrepresentert

Okei, no tar me turen til landet utanfor Gneist-land - nemleg seniorlandet. På friidrett.no kan ein finna ein interessant oversikt over senior-utøvarane, rangert etter poengplukking i serien for seniorar.

Oversikten kan ein finna her.

Dersom ein går bak denne oversikten og ser på kva for fylke desse senior-utøvarane representerer, så er Hordaland - basert på størrelsen på fylket - kraftig underrepresentert. Tre utøvarar er frå Hordaland - éin frå Bergen og to frå Odda (så på den andre sida så er Odda kommune kraftig overrepresentert...). Til samanlikning har Trondheim kommune åleine tre representantar på lilsta.

Oversikten over kva for fylke landets 30 beste seniorutøvarar kom frå i 2011, ser slik ut:
1. Akershus 5 utøvarar
1. Oslo 5
2. Sør-Trøndelag 4
4. Rogaland 3
4. Hordaland 3
6. Oppland 2
6. Vest-Agder 2
6. Sogn og Fjordane 2
9. Vestfold 1
9. Telemark 1
9. Møre og Romsdal 1
9. Nord-Trøndelag 1

Dei andre fylka 0.

torsdag 19. januar 2012

Over til Rogaland

Nokre av oss har eit nokolunde nært forhold til fylket i sør. Sjølv vaks eg opp med fotball, der det var nært samarbeid mellom dåverande Sunnhordland Fotballkrets og den nordlege delen av Rogaland sin.

Rogaland friidrettskrets har eitt større utandørsstemne i si terminlista. Det er Mailekene i Haugesund, som i år (heldigvis) er tilbake i pinsehelga, 26. - 27.mai. I sør-fylket er det smått med store stemne, ser ein vekk frå at Sandnes IL skal arrangera inne-UM.

Til gjengjeld blir det køyrt ei rekkje med seriestemne både i nord og i sør. Spesielt dei i nord kan mulegeins vera aktuelle for utøvarar frå vårt eige omland, i alle fall når dei er i nærleiken av sommaren.

På og rundt Haugalandet blir det både skipa til kretsstemne (på Haugesund stadion) og Haugesund Sparebank Cup (litt rundt omkring). Den siste startar i Sveio 8. mai (som ikkje er aktuell, same dagen som vårt eige opningsstemne, som det jo er) og held fram på Frakkagjerd 5. juni, på Haugesund Stadion 29. august og blir avslutta på Torvastad 22. september.

Kretsstemna på Haugesund Stadion startar opp 14. mai, held fram 11. juli og 14. august. I tillegg har Haugesund tradisjonell avslutningsveke i slutten av september.

I sør har både Skjalg og Sandnes eigen serie med stemne.

onsdag 18. januar 2012

KM - i vinterferien

Aaah, sagaen held fram!

Hald presssa, stopp bestillinga av vinterferien!

KM innomhus er no på veg til å bli tidfesta til helga 25. - 26. februar, som altså er første helga i årets vinterferie. For ein del av våre eldste inneber det at dei må pendla frå dei kanariske øyene til Leikvang for å springa KM... For dei fleste andre står valet mellom skiføre og innomhus-underlaget på Haukås.

I og for seg forstår eg valet: det er det einaste helge-alternativet som i og for seg finst, før me snakkar om vår.

Kor vidt det faktisk er eit alternativ, ja det gjenstår å sjå, når ein får oversikt over påmelde og - ikkje minst - tilgjengeleg funksjonærar.

Nokon svært nær denne bloggen har - til dømes - planar om å bevega seg i retning av den delen av Kvinnherad som fortener fornemninga "vene" (altså den ytste luten av kommunen, naturlegvis), når det blir vinterferie.

Men me får venta på stadfestinga frå friidrettskretsen før me seier at denne sagaen er på veg inn i aller siste akta, den som handlar om idrett, men me kan rimeleg trygt gå ut frå at om det blir innomhus-KM, så blir det 25. - 26. februar.

Pingvinar - vinterens lokale høgdepunkt

Eg har no slengt innom Akvariet i Bergen ein del gongar opp igjennom åra; eit par gongar på bybesøk i barndommen, så ein lang pause før ei ny rekke akvariebesøk med ungane i småbarnsalder og etter kvart i diverse fødselsdagar.

Og pingvinane har eg alltid hatt sans for; desse tilbaklente, smokingkledde dyra, som ser ut som om dei har nett den livsfilosofien eg alltid har jakta etter, den som har mottoet: Gi meg ein plass på jorda, ikkje nødvendigvis i sola, men ein kvan plass ein kan velja mellom ro og fred.

No ja, dette skulle eigentleg bli ei oppløftande melding om når det blir innomhus-KM, men ei slik melding går vel i litteraturvitskapen for å vera magisk realisme, som den kjem ikkje.

Dermed seglar Pingvinlekene 11. og 12. februar opp som det lokale vinterlege høgdepunktet i friidrett - og det får ein ikkje grina over, Gneist sitt eige stemne som det er. Førebels er det veldig mange Gneist-utøvarar på påmeldingslista, men det dett vel inn gode bunkar til med deltakarar når det nærmar seg meir.

Så, medan friidrettskretsen leitar etter ledige onsdagar til innomhus-KM..., så ser me fram til Pingvinlekene I/Happy Feet III.

lørdag 14. januar 2012

KM innomhus - til sommaren?

Sagaen om KM innomhus held fram. Som ein del mulegeins rekna med, så var det ein viss sarkastisk tone som låg over blogginnlegget i går, fredag den 13. Det er verkeleg ikkje slik at Hordaland Friidrettskrets la opp til eit KM med berre 60 meter for gutar 15, verkeleg ikkje.

No er den offisielle meldinga komen: Det oppsette KM innomhus 28. og 29. januar er utsett "pga kollisjon med NFIFs kompetansehelg i Trondheim". Dette er det to ting å seia om: Det er høgst uheldig at administrative arrangement (sjølv om kompetansehelga kan seiast å vera i eit grenseland) hindrar tilskipinga av sportslege. For det andre: kompetansehelga til Forbundet har stått på timeplanen i fleire månader. Igjen har eit terminfesta arrangement andre stader kome som julekvelden på kjerringa for vår lokale krets. I fjor var det slik at ein oppdaga at Veidekkelekene på Lillehammer skulle gå samtidig med stor-KM, om lag fire månader etter at tidspunktet var spikra på Lillehammer.

Så, inn i det litt konstruktive hjørnet, men berre litt: når skal så innomhus-KM (som skulle vera historias første) gå av stabelen (no då)? Vel, helga etter passar i alle fall særs dårleg for 13- og 14- åringar. Då er det leikar, sponsa av eit bilmerke frå Korea, borte i Stangehallen. Helga deretter er uaktuell. Då skipar Gneist til sine første pingvinleikar. Og helga deretter (18. - 19. februar)? Jo, det er helga då Pingvinlekene eigentleg skulle gått, men det gjekk ikkje, sidan Hordaland Friidrettskrets har kretsting nett den helga. Det skulle teke seg ut om ein no klarte å skipa til kretsting og kretsmeisterskap same helga.

Dei to neste helgene er det vinterferie. Det betyr at både utøvarar og funksjonærar er spreidd både her og der. Så er det inne-UM.

Og så kjem våren...

Ein får satsa på ein dårleg sommar i år også, så kan me trekka innomhus i juli...

fredag 13. januar 2012

Eksklusivt innomhus-KM

Kvifor er det slik at det aller første innomhus-KM i Hordaland berre skal vera for gutar 15 år? Og kvifor skal dei berre få lov til å springa 60 meter? Kunne dei ikkje ha fått hoppa lengde også?

Ifølgje terminlista på friidrett.no skal "KM innendørs" gå på Leikvang 28. januar og 29. januar, som er ein lørdag og søndag, noko som i seg sjølv er løgne greier gitt øvingsutvalet. Påmeldingsperioden er 7. januar til 21. januar. 7. januar har jo vore for ei lita veke sidan, så ein får rekna med at infoen ein finn om øvingar er offisiell og endeleg. Og øvingane - eller øvinga - er altså 60 meter for gutar 15.

No har jo Gneist faktisk ein god bukett med gutar 15 (1997) som kan springa habilt på 60 meter, så ein skal ikkje klaga for mykje, men underleg er det jo.

No kan ein jo tenka seg at Hordaland Friidrettskrets er av den varsame sorten, det har jo vore teikn som ein har kunna tyda i den retning tidlegare. Og ein slik sort vil gjerne vera varsam i starten og heller auka på etter kvart, så ei øving eller to (eller ei) første gongen og kanskje full pakke om fem-ti år, det kan kanskje vera strategien bak her?

Men i anti-diskrimineringa sitt namn: ein 60 meter også for jenter 15 ville då vel vore på sin plass?

torsdag 12. januar 2012

Hopp og sprett og tjo og hei

Friidrettssesongen (eller -sesongane) går i fasar: Det er inne- og ute, det er bane- og terreng, det er kort og langt - og så har me hoppsesongen. Spesielt den delen av hoppsesongen som går innomhus og som går utan fart er særs sesongbetont.

KM i hopp utan fart er blitt flytta litt rundt om, men har i år hamna på sjølvaste Hauge skule på Osterøy neste søndag, den 22. januar. Saman med Gneist sitt stemne på Ytrebygda den 24. februar så er dette hopp utan fart-sjansen i vinter - i praksis. I lagserien for 2011 var følgjande hopp utan tilløp med til slutt:

Jenter:
- 2 resultat for 1. laget
- 4 resultat for 2. laget
- 5 resultat for 3. laget
- 4 resultat for 4. laget

Gutar
- 0 resultat for 1. laget
- 6 resultat for 2. laget
- 5 resultat for 3. laget
- 2 resultat for 4. laget

Til saman snakkar me altså om 15 hoppresulatat for jenter og 13 for gutar (28 totalt) som talde med i Lagserien, henta frå to enkeltdagar (KM, som i fjor var på Laksevåg, og Gneist sitt hoppstemne), så dette er viktige stemne!

I tillegg startar Fana IL i morgon, fredag, opp sin aller første kengurukarusell i Høiehallen. Den går over frem fredagar (13. januar, 3. februar, 10. februar, 24. februar og 9. mars). Her er det ikkje utan fart, men i staden full fart: høgde og lengde på dei fire første datoane og høgde og tresteg den siste.

mandag 9. januar 2012

Årets mest framgangsrike 2012 pr. 9. januar

Så er me i gang (II): Etter Nornalekene har me fått temmeleg mange Gneist-resultat i 2012-sesongen alt (inkludert innesesongen på slutten av fjoråret). Om lag ein gong i månaden tar eg ein titt på "Årets mest framgangsrike", som inneber skilnaden for den enkelte i besteresultat i dei ulike øvingane frå året før. For dei fleste er denne skilnaden "negativ" så langt (som rimeleg kan vera), det vil seia at resultatet var betre i fjor. Men det er faktisk også eit par utøvarar som er på pluss-sida, som alt no har sterkare besteprestasjon - etter poengtabellen - enn i 2011.

Éin kommentar: Årets mest framgangsrike for gutar i 2011, Eirik Leikvoll, er særs godt i gang med det nye året (og har også selskap med broderen).

Uansett, slik er oversikten (neste kjem etter Happy Feet III; Pingvinlekene):

JENTER
Løp
Ingrid Helene Nyhus, Sunniva Eikestad, Marianne Benserud, Cathrine Harris, Sanne L. Christensen

Hopp
Marianne Benserud, Silje Stenersen, Sunniva Eikestad, Maren Haugen Lillefosse, Anna Evensen

Kast
-- ingen resultat så langt... --

GUTAR
Løp
Eirik Leikvoll, Emil Engelsen Holm, Ole Martin Røssland, Magnus Leikvoll, Jørgen Jensen Axelsen

Hopp
Eirik Leikvoll, Kristoffer Blücher, Magnus Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse, Sondre Rinde

Kast
Magnus Leikvoll, Kristoffer Blücher, Sondre Rinde, Håvard Rinde, Kristian Schjønningsen

søndag 8. januar 2012

Så var me i gang...

Nornalekene er historie. Eller i gang, alt etter som. Dei første Nornalekene er over, men me får tru at dei er komne for å bli, at me kan gjera rekning med eit nytt stemne av denne storleiken på nyåret i 2013.

Deltakinga har, etter mitt syn, vore som venta, med ei hard kjerne frå Bergen og omland, krydra med nokre av dei ivrigaste frå Haugalandet, Stord og eit par kvalitetsgjester frå Aurland og Nittedal og slikt.

Og både i Gneist-familien og elles har ein fått heile spekteret frå glitrande tidleg-resultat (dei som heiter "julestjerner" på vinteridrettsspråket) til litt meir normale, tyngre prestasjonar på denne tida av året, midt i tung trening for mange.

Det var ein god del fine resultat også tredje dag. Eg har valt ut tre av dei:

Amund Høie Sjursen (G16) var på plass og sprang ein god 60 meter, i eit sterktt heat. 7,59 heldt "berre" til 4. plass, men det er ein strålande sesongdebut i seg sjølv. Løpet er verdt 948 poeng og er - alt no - berre 9/100 bak klubbrekorden med automatisk tidtaking (Espen Liland, 7,50, frå 2005).

G16 inneheldt også eit flott 800 meter-felt. Dei hadde like så godt eit halvoffisielt "drag" først, då gjengen blei vinka av etter 100 meter pga tidtakings-krøll. Etter nokre minutt var dei av garde igjen. Det blei eit bikkjeslagsmål mellom vår reserve Gneist-ar Mathias Berntzen Engevik (Nittedal), Jonas Gjesdal frå Varegg og vår eigen Aleksander Lie. Aleksander persa for andre gong på ei god veke, til 2:03,43. Det er alt no 938 tyrvingpoeng. Det aller viktigaste var vel likevel at Aleksander var fullverdig deltakar i bikkjeslagsmålet med dei beste igjen, slik me hugsar han frå stordomstida på 600 meter.

På jentesida tar me med Maren Haugen Lillefosse (J14), som betra seg til 8,65 på 60 meter. Dermed nærmar ho seg 900 poengsgrensa som "14-åring" alt; 892 poeng.

Ferdig med jula; full fart framover

Jo da, i ettermiddag var det juletrefest med full pakke, inkludert juletregang og nisse. Men no er jula jaga ut for denne gongen. Mine inntrykk frå andre dag av Nornalekene er likevel henta frå resultatlistene, ikkje frå oppleving på nært hald. Eg kjem sterkare att.

Medan eg var oppteken med julefest, var ein god del av ungdommane igjen i elden i Leikvanghallen. Igjen er det eit påfallande forhold mellom talet på deltakande gutar og jenter. Ein god del gutar har prøvd seg, medan det berre har vore ein handfull jenter.

Nokre utøvarar er berre med enkeltdagar, enten av praktiske årsaker i heimen eller fordi det held med litt konkurransetrening no midtvinters.

Kristoffer Blücher (G13) var på plass lørdag og oppnådde mellom anna 10,15 på 60 meter hekk. Det gir 930 tyrvingpoeng. Kristoffer hoppa også 10,84 i tresteg, som gir heile 974 poeng. Her fekk han følgje av Kristian Schjønningsen, som oppnådde 10,56 (946 poeng). (Kristian var også like bak i hekken, med 10,34 (892 poeng)).

Sondre Rinde (G14) sprang også 60 meter hekk. Det gjorde han på 9,58. Her er det muleg eg har blingsa, men dette er første 60 meter hekk med 84cm-hekkar eg har notert i årsklassen i klubbrekord-oversikten. (Tidlegare har me hatt 60m hekk med 76,2cm-hekkar.) Her må ein elles opp til utomhus-lengda, 80 meter hekk, før det blir utdelt tyrvingpoeng.

På 1500 meter sneik Ole Martin Røssland (G17) seg like over 900 poeng denne gongen, med 4:19,37 (906p). Aleksander Lie (G16) var like bak den grensa, med 4:27,45 (891 poeng).

lørdag 7. januar 2012

Klubbrekordar midtvinters

Dei har aller første Nornalekene har gjort unna sin første dag, av tre. Ein del Gneist-utøvarar var i elden, sjølv om det blir fleire dei to neste dagane.

Men alt første dag noterte me to klubbrekordar, det er ikkje dårleg den 6. januar. Den første sette Pål Haugen Lillefosse (G11). Han betra eigen rekord i stav med nesten halvmeteren (!), til 2,30. Det er også aller første medlemskapet i 1000 poengs-klubben i 2012. For 2,30 er verdt nøyaktig 1000 poeng. Pål presterte i tillegg 1,25 i høgde, som gir 909 tyrvingpoeng.

Nesten 1000 poeng alt tidleg i januar blei det på Ole Martin Røssland (G17), som persa med 16 sekund på 3000 meter, då han sprang inn til 9:01,46. Det er verdt 996 poeng. Vinnaren i heatet blei Jørgen Jensen Axelsen (G19), som sneik seg under 9, til 8:59,95 - verdt 954 poeng. Det er dei to beste poengsummane i løp så langt i 2012.

Den andre klubbrekorden stod Ingrid Helene Nyhus (J15) for, også det i ein UM-langdistanse. Ho sprang 2000m på 7:01,35, som er 21 sekund betre enn gamlerekorden til Vilde Omholt, sett i 2010. Løpet er også verdt 938 tyrvingpoeng, som er høgste løpssummen for jenter så langt.

Me tar også med at det blei ein fin høgdekonkurranse i G16, der både Håvard Våge Opheim og Magnus Leikvoll oppnådde pershøgda 1,65.

torsdag 5. januar 2012

Eirik mot nye høgder

Den fjerde bloggen eg skreiv, 4. desember 2010, var ("som alle husker", for å sitera Arne Scheie) titulert "Leikvoll-ar mot nye høgder". Då markerte eg at stav-karrieren til brørne Magnus og Eirik Leikvoll var i ferd med å ta skikkeleg av. Magnus hadde nett hoppa 2,82, medan Eirik nett hadde klart 2,22.

Eg ser no, godt og vel eitt år seinare, at eg fortalde at Eirik var den to år gamle broren til Magnus. Vel, det hadde vore retteleg imponerande - og mange fine tal også: 2,22 for ein 2-åring. Men Eirik var så vidt medlem av G13-klassen den gongen. Eg gjorde også eit poeng av at Eirik med det hoppet var i god rute til å kunna slå Per Liland sin 50 år gamle klubbrekord i G13-klassen, på 2,50. Det greidde Eirik med glans i 2011.

No er Eirik like fersk medlem av G14-klassen. Og i nyttårshelga presterte han - på stavturné - i Tallin, Estland, eit hopp som fører han inn i endå ein ny stav-divisjon. Den nye persen til Eirik er på 3,05! Det gir 947 tyrvingpoeng, som er ny poengpers også for Eirik.

Eirik blei kåra til "Årets mest framgangsrike" i 2011. Held han fram på dette viset, kan han i 2012 få medlemskap i 1000 poengs-klubben. Då må han over 3,20 - og han har det aller meste av 2012 på seg for å greia det. Og klubbrekorden i G14? Jo da, den er berre éin centimeter over der igjen, på 3,21, sett av Kristian Haga i 1986.

Dette blir det spennande å følgja med på vidare!

onsdag 4. januar 2012

Framo Light

Då - komande helg - er det klart for vinterens og Leikvanghallens første verkeleg store stemne. Det har fått namnet Nornalekene og Norna-Salhus håpar det skal bli vinterens "Framo". No er det vanskeleg å måla innomhus-suksess, men i beste fall blir dette eit Framo light, men på den andre sida; til innomhus-stemne å vera tidleg i januar, så er deltakinga ganske så brukbar. Det er tidleg i vintersesongen, men det er også lite konkurranse frå andre stemne enno. Til samanlikning går Gneist sine eigne pingvinleikar (Happy Feet 3) same helga som innomhus-KM i Rogaland.

No ja, ein god del Gneist-startar blir det. Mellom desse er det vesentleg fleire gutar enn jenter:

Her er dei over 10 år som er påmeldt frå Gneist:

G11
- Håvard Rinde (200m, 60m, 60m hekk, høgde, kule, lengde)
- Pål Haugen Lillefosse (60m, 60m hekk, 600m, høgde, lengde, stav)

G12
- Thomas Blücher (tresteg)

G13
- Kristoffer Blücher (60m hekk, kule, tresteg)

G14
- Henrik Irgens Gravdal (1500m, 200m, 60m, 800m)
- Sondre Rinde (200m, 60m, 60m hekk, kule, lengde, tresteg)
- Eirik Leikvoll (60m, høgde, lengde, stav)

G15
- Emil Engelsen Holm (200m, 400m, 60m hekk)

G16
- Aleksander Lie (1500m, 800m)
- Håvard Våge Ophem (200m, 60m, høgde, stav)
- Stian Norheim (3000m, 400m, 800m)
- Magnus Leikvoll (60m, høgde, kule, lengde, stav)

G17
- Andreas Iden (1500m, 3000m, 800m)
- Ole Martin Røssland (1500m, 3000m)

G19
- Magnus Pettersen Lunde (1500m, MS)

J14
- Maren Haugen Lillefosse (400m, 60m, 60m hekk, lengde)
- Renate Lie (400m, 800m)

J15
- Ingrid Helene Nyhus (1500m, 2000m)
- Ingrid Næss Johansen (1500m, 2000m, 800m)
- Anna Serine Røssland (800m)

tirsdag 3. januar 2012

4. vinterkarusell: Flinke nykomarar

Denne vinteren inneheld det meste av ver, men tordenveret og haglet gjorde seg heldigvis ferdig før start på den 4. vinterkarusellen mandag kveld. Vått blei det, i alle fall på bakken, men brukande forhold var det likevel. Nokre av ungdommane sprang på "idealtid", men brukbart fort likevel,

Ingrid Næss Johansen sesongdebuterte på 5 km med 22.25. Med det suste ho rett inn på 3. plass på "Gneist og omland" sin adelskalender for denne vinteren. Sanne Lillevik Christensen sesongdebuterte også, ho med 27.37 og 7. plass i Gneist-samanheng i vinter.

For gutane blei det ein sesongdebut og ein klubbdebut: Ole Martin Røssland sprang inn til 18.11 på sin første 5km for vinteren, noko som er 4. beste Gneist-tida i vinter, og Magnus Pettersen Lunde debuterte som offisiell Gneist-utøvar på 18.13, som er delt 5. plass totalt i vinter.

På 10km blei det gledeleg debut for evigunge Marlen Røssland. 50.44 med fall let seg høyra. Det er tredje best i Gneist-leiren i vinter.

Og Torgeir T. Hasås betra si 10km-tid til 38.40 og styrkte dermed sin posisjon som tredje beste i Gneist og omland-samanheng.

mandag 2. januar 2012

Geir Sjursen (fjor-)årets veteran

Veterankonkurransen mellom foreldregenerasjonen i IL Gneist lever sitt dunkle liv, i bakgatene og på skuggesidene i forhold til ungdommane sitt rampelys. I tillegg så har denne foreldregenerasjonen blitt jamt over slappare, etter at det toppa seg i Strandebarm i juli 2009.

Men for dei som var redde for at det ikkje blei ført nokon oversikt lengre, så kan altså frykten med dette lindrast.

Verdige tidlegare vinnarar av Veterankonkurransen har vore:

2009: Arne Lillefosse
2010: Trond Leikvoll

I 2011 fauk så vår eminente trenar gjennom mange år, Geir Sjursen, opp på 1. plass, etter tre flotte inne-prestasjonar i vinter og ein høgst respektabel 100 meter på Fana Stadion i august.:
- 2,77 i lengde utan fart (KM, Laksevåg, 8. januar)
- 1,38 i høgde utan fart (KM, Laksevåg, 8. januar)
- 7,89 i kule (Høiehallen, 4. februar)
- 12,54 (+0,3) på 100 meter (Fana Stadion, 17. august)

Geir hamna på 3. plass i 2009, fall ned til 6. plass i 2010, før han altså kom knusande tilbake i 2011.

Arve Rinde fekk 2. plassen i 2011, også han med vinterlege pretasjonar (alle tre frå innesesongen). Men dette heldt til ein flott tur oppover lista for Arve, etter den keisame 4. plassen både i 2009 og i 2010.

Den siste pall-plassen gjekk til den regjerande meistaren, Trond Leikvoll. Igjen var det innesesongen som redda poenga: tre prestasjonar, alle frå innomhus. Trond er den einaste som har vore topp tre i alle dei tre åra denne store, vidgjetne Veterankonkurransen har eksistert. Og han har med dette innehatt alle pall-plassane: 2 i 2009, 1 i 2010 og 3 i 2011.

Og vidare:
4. Jens V. Opheim (ikkje resultat i 2009, nr.  5 i 2010)
5. Jostein Lie (nr. 5 i 2009, nr. 2 i Jostein sin store sesong, 2010)
6. Mads Holm (nr. 7 i 2009, ikkje resultat i 2010)

No er det mange i foreldregenerasjonen som er ivrige på andre måtar. Ein del sprang habilt under mandagens vinterkarusell, mellom anna (noko me kjem tilbake til). Men dette er Veterankonkurransen for bane. Me saknar framleis kvinnene på lista, me saknar fleire menn også - og me saknar spesielt dei som tidlegare har hatt resultat, men som i 2011 har halde seg vekke:

- Arne Lillefosse: meisteren i 2009, men synest å ha "lagt opp" - endå veteranar jo aldri legg opp, det er ei sjølvmotseiing.
- Geir Harris: ein annan trenar, som me hugsar godt frå det segnomsuste Strandebarm-stemnet i 2009
- Morten Bjørndal: You Tube-kjendisen med 200 meteren frå det same Strandebarm-stemnet. Førebels har han gitt seg på topp.
- Terje Norheim: Endå ein med 200 meter-meritt frå Strandebarm å sjå tilbake på. Men framover då?...
- Sigve Stenersen: Nr. 3 i 2010 - etter flotte hopp på Ytrebygda skole. Nye sjansar i februar 2012, Sigve
- Peter Blücher: Hadde berre eitt hopp på Ytrebygda i 2010...
- Lars Arve Røssland: Persa på 800 meter i Strandebarm i 2009, persa på 3000 på vene Husnes i 2010 og på 5000 i Arna same året. Kor har han halde seg i 2011? Mange distansar til å persa på!...

Jo da. Og med dette er Veterankonkurransen 2012 offisielt opna.

søndag 1. januar 2012

Sesongens første - og årets siste

Ser ein vekk frå det inviterte opningsstemnet i den-framleis-splitter-nye hallen på Leikvang i oktober, så var Gneist sitt romjulsstemne fredag ettermiddag innesesongens første store - og då altså årets siste, samtidig.

Det var mykje bra idrett som blei prestert og mange godord om det å få konkurrera i ein så fin hall innanfor kommunegrensene, sjølv om hallen nesten ligg på Osterøyne.

No er det slik at ungdommane altså er blitt eitt år eldre - i konkurransesamanheng. Til dømes er Jørgen Jensen Axelsen alt å rekna som 19-åring, sjølv om det berre er eit par veker sidan han fylte 18. Og så bortetter...

Det inneber også at når prestasjonar blir målt opp mot Tyrvingtabellen, så har utøvarane nesten eit heilt år på seg til å betra poengsummen i dei aktuelle øvingane i sin årsklasse.

Sagt på ein annan måte: Fleire av dei som alt no beveger seg over 800 poeng på tabellen, vil kunna klatra til både 900 og vel så det utover i 2012.

Difor er det naturlegvis hyggeleg å kunna markera følgjande Gneist-utøvarar som alt no, før 2012 enno har begynt (i alle fall i skrivande, om ikkje nødvendigvis i lesande stund), har klatra over 800-grensa:

Jentene:
- Maren Haugen Lillefosse, J14 (8,75, 60m - 29,28, 200m - 4,64, lengde)
- Cathrine Harris, J14 (8,76, 60m - 4,40, lengde)
- Anna Evensen, J12 (9,24, 60m - 30,70, 200m - 4,10, lengde)
- Marianne Benserud, J17 (3,12, stav)

Gutane:
- Emil Engelsen Holm, G15 (8,14, 60m - 26,08, 200m)
- Sondre Rinde, G14 (8,14, 60m - 26,53, 200m - 4,95, lengde)
- Kristoffer Blücher, G13 (8,40, 60m - 27,00, 200m - 5,01, lengde)
- Pål Haugen Lillefosse, G11 (9,38, 60m - 30,73, 200m - 1,83, stav - 3,63, lengde)
- Andreas Iden, G17 (2:07,88, 800m)
- Ole Martin Røssland, G17 (2:07,94, 800m)
- Aleksander Lie, G16 (2:05,34, 800m)
- Eirik Leikvoll, G14 (2,83, stav)
- Kristian Schjønningsen, G13 (4,77, lengde)
- Hans-Magnus Haukøy, G11 (3,74, lengde)