fredag 30. desember 2011

Stafett-NM/UM 2012

For første gong på ei god stund markerte IL Gneist seg i 2011 i banestafett-meisterskapet. Det skjedde i Drammen og det skjedde både som Gneist (4 x 600 meter for G15/16) og som BFG Fana (Gneist-jenter deltok både på 15/16-laget, kvinner junior- og kvinner senior-laga).

Fordi det ikkje har vore nokon sterk tradisjon for denne deltakinga, så er det endå viktigare å fokusera på meisterskapet. Den styrkte lagkjensla passar det godt å få inn tidleg i banesesongen - og Gneist kan i høg grad bidra på gode stafettlag.

For gutane er det truleg for tidleg med 4 x 100 meter-lag for 15- og 16- åringane i 2012. Den andre distansen som er knytt til UM-klassane (15/16), er 4 x 600 meter. Her deltok Aleksander Lie og Stian Norheim på laget som 15-åringar i fjor. Stian Ø. Aarvik kjem til frå 1997-kullet. Her manglar det i utgangspunktet ein fjerdemann, men erfaringa frå i fjor fortel at habile 200m-løparar, med god basis, kan vera verdifulle å ha med på eit slikt løp.

For dei eldre gutane er det vel 4 x 1500 meter i BFG-drakt det er muleg å sikta seg inn mot. Det var to Gneist-gutar på laget som tok bronse i juniorklassen i fjor. Begge desse kan vera med også i 2012 (Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland). I tillegg kjem Andreas Iden. Og både Anders Bjørndal, Eirik H. Karstad, Aleksander Lie, Magnus Pettersen LundeStian Norheim (og for så vidt også Stian Ø. Aarvik) kan vera kandidatar til eit BFG-lag, der det er habile utøvarar frå Fana IL som også kan bidra. Ja, om ein finn pengar på kistebotnen, er det plass til to (og nesten tre...) 4 x 1500-lag i menn junior!

Mellom jentene kjem det drivande gode Fana-jenter inn og kan bidra på eit nytt 4 x 100-lag (t.d. Elina Drivenes og Målfrid Pettersen Lunde), saman med våre eigne Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen. Dei to sistnemnde bidrog jo også sterkt på gull-laga til BFG i junior- (begge) og seniorklassen (Monika) i 2011.

Både 4 x 600 i 15/16-klassen og 4 x 800 i juniorklassen kan vera aktuelle distansar for jentene i 2012. Eitt minus er det at Ingrid Næss Johansen har konfirmasjonshelg same helga som det er stafett-NM. På 600 bidreg Fana uansett sterkt (Drivenes, Lunde og Eline Myking). På 4 x 800 meter er også Drivenes og Myking særs aktuelle namn, i tillegg til Ingrid Helene Nyhus, Vilde Omholt og Anna Serine Røssland.


Her må nok langtidsplanleggast skal det sendast såpass mange på tur!... (Og det må samarbeidast godt med Fana IL.) Og meisterskapet er altså plassert helga 19. - 20. mai og er no flytta frå Moss til den splitter nye og flotte friidrettsarenaen til Ullensaker/Kisa IL på Jessheim.

onsdag 28. desember 2011

Arrangørane

Det kan vera kjekt å vera på friidrettsstemne. Av og til - i 2011 berre ein sjeldan gong - er det strålande ver og flott å sitja på tribunen å sjå flinke ungdommar utfalda seg. Andre gongar kan det vera surare ver, men likevel flotte prestasjonar å sjå - berre me har kledd oss godt nok. Og ungane og ungdommane kan gle seg over ein rikhaldig meny av store og små stemne.

Men stemna kjem ikkje av seg sjølv. Det er ei rekkje dugnadsgjengar rundt om som står bak dei. Ein er avhengig av dei som "alltid" er på stadion og dei som blir sett til å raka i lengdegropa - meir eller mindre på rette måten.

Ei raskt samansett liste over dei innsende resultatlistene for 2011 viser interessante ting om kven det er som er ivrigaste arrangørar i Hordaland. Dette er altså ikkje talet på arrangement, men talet på innsende lister. Nokre klubbar er flinkare enn andre til å senda inn smått og stort, andre arrangement har av ulike grunnar ikkje hamna på forbundet sine oversikter, sjølv om dei måtta vera sendt inn, men likevel:

IL Fri toppar oversikten ganske suverent. Ja, dei er flinke til å senda inn, ikkje minst fordi dei har ein viss Stein Fossen sentralt plassert. Men IL Fri er faktisk ein ganske så flittig arrangør av alt frå Arnameisterskap og Arnaløpet, til Trappeløpet og ei rekkje seriestemne. Størst utteljing gir nok likevel serien av kaststemne på Skansemyren, saman med Laksevåg. Også her er Stein Fossen ein heilt sentral mann.

Deretter følgjer Osterøy IL og Norna-Salhus. Den fantastiske innsatsen på Osterøy er rost før, Norna bør vera høgt der oppe, stor klubb, med pengar på bok, som den er. Laksevåg er overraskande høgt oppe, men seriestemne både inne og ute og god utteljing på samarbeid med IL Fri på kast forklarer dette.

Så følgjer Gneist, for så vidt hakk i hæl på Stord, og saman med vesle Trio frå vene Kvinnherad. Gneist bør absolutt vera minst der den klubben er, men at Trio, som blir driven av to-tre veteranar klarer å stabla på beina 17 arrangement (det meste "seriestemne", men også eit lokal meisterskap), er imponerande.

BFG Fana kjem særs dårleg ut i denne oversikten, men både karusellane og Ulriken Opp saknast i materialet. For 2012 kjem Gneist sin del truleg til å gå noko opp og BFG Fana sin til å gå ned. Fana ligg heller ikkje med så mykje for 2011, men har allt annonsert fleire arrangement enn dette for 2012 (Kengurustemna).

Topp 10 (med klart atterhald om feil og manglar!)
1. IL Fri 42 innsende lister
2. Osterøy 28
2. Norna-Salhus 28
4. Laksevåg 27
5. Stord 18
6. Gneist 17
6. Trio 17
8. Bremnes 14
9. Ask 13
10. Viking 8

mandag 26. desember 2011

Sommarkarusellen 2012

Og så reklame:

Sommarkarusellen 2012 går i regi av IL Gneist og startar alt mandag 4. juni. Det blir fem karusellar: 18. juni og 2. juli og så ein lengre pause, før avslutning den 6. og 20. august.

Det blir også "berre" 5 km som tilbod på sommaren. Det er lett å registrera at det har vore svært mange som har prøvd seg på 10 km under Vinterkarusellen no. Samtidig kjenner ein del seg lettare i beina og finn 5 km meir naturleg på sommaren.

Det blir retur til den gamle traséen, den som går på gang- og sykkelstien oppover i Rådalelen og som har vending ved Stend og målgang ved Byggern.

Andre ting: Jo, det blir nye startnummer og det blir sjansar - via trekning - til å få nokre av dei gjævaste startnummera (til dømes "1" og "2").

Meir informasjon om dette - og ein god del anna - finst alt på den nye Sommarkarusellen sine nettsider.

Gå ut og trass Dagmar og venninnene hennar og tren! Dette blir bra!

søndag 25. desember 2011

Hallstatus

Fem dagar før historiens første innomhus Gneist-stemne i Leikvanghallen, så kan det passa med ein liten statusrapport for friidrettshallane i Norge.

Trønderane er frampå i denne samanhengen, som ofte elles, og var pionerar med hallen på Ranheim. No er også hallen i Steinkjer klar. Der skal det vera NM innandørs om nokre veker.

På Vestlandet var Sandnes først ute - sjølv om hallen blei noko forseinka. Første store meisterskapet der blir UM andre helga i mars. Vestlandet har nådd trønderane solid igjen; først med Leikvanghallen, som vart offisielt opna i oktober, og no også med HIL-hallen i Haugesund. Den blir offisielt opna 31. januar. Då blir Rogaland første fylket med to innandørshallar.

Neste på planen blir Tyrving-land, dvs. Bærum og elles i Akershus. Hallen i Bærum er venta klar i 2013, som jo er berre eit år unna - om nokre dagar... Også Oslo planlegg hall. Det same gjer Tromsø (gjera om Tromsøhallen til fullverdig friidrettshall) og Bodø. Det er også sannsynleg at Sørlandet kjem på hall-kartet om nokre år, men dei ligg nok sist i løypa.

lørdag 24. desember 2011

Gneist-jenter i BFG-statistikken 2011

Også jentene markerer seg godt i BFG-statistikken etter 2011-sesongen. Dette er altså senior-statistikk frå 15 år og så langt oppover ein berre vil. Gneist kan dermed vera representert med jenter i alderen 15-19 år.

Til saman ni jenter frå Gneist har resultat i denne aldersgruppa i 2011. Og det er altså kvar fjerde kvinne av alle i BFG totalt. Nedanfor finst ein oversikt over Gneist-jenter som markerer seg mellom dei tre beste i ei øving i BFG-samanheng i 2011:

Marianne Benserud
- nr. 1 i høgde (1,50)
- nr. 1 i stav (3,11)
- nr. 1 i spyd (17,71)


Monika Benserud
- nr. 1 i lengde (5,38)
- nr. 1 i tresteg (11,56)
- nr. 2 på 60 meter (7,93)
- nr. 3 i stav (2,70)

Vilde Lund Bjørnsen
- nr. 1 på 300 meter (39,77)
- nr. 2 i lengde (5,15)
- nr. 3 på 400 meter (57,73)

Tina Therese Jenssen
- nr. 2 i stav (2,71)


Vilde Omholt
- nr. 1 på 1000 meter (3:30,54)
- nr. 1 på 2000 meter (7:16,16)

Synne Våge Opheim
- nr. 2 i høgde (1,45)
- nr. 3 i treteg (10,33)

* Utanom desse har også Hedda Magnerud, Anne-Marte Aldal Sætre og Maren Risøen resultat i aldersgruppa.

* I stafett-samanheng er Gneist-jenter representert slik i BFG:
- Monika Benserud (lag med nest-beste tid), Marianne Benserud og Vilde Omholt (lag med 3. beste tid), 1000m stafett
- Monika Benserud (lag med beste tid), Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen (lag med nest-beste tid), Marianne Benserud, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen (lag med tredje beste tid), 4 x 100m stafett

torsdag 22. desember 2011

Gneist-gutar i BFG-statistikken 2011

Mange Gneist-arar i alderen 15-19 år markerer seg i BFG-statistikken. Til saman ti Gneist-gutar og ni Gneist-jenter i denne alderen finst i årets BFG-statistikk. Det utgjer høvesvis 21 og 24 prosent av alle i statistikken. Det er ein ganske klar tale om kor viktige desse utøvarane er for BFG Fana! Det er då også særs vktig at dette blir vist igjen til kvardags og i praktisk politikk - i omgangstonen mellom BFG og Gneist (og dei andre moderklubbane). Det er få ting som så tydeleg viser at det bør vera eit "OSS" mellom BFG og moderklubbane som det BFG-statistikken gjer.

Desse Gneist-gutane er mellom dei tre beste i BFG-systemet (altså i senior-samanheng) i sine øvingar i 2011:

Jørgen Jensen Axelsen
- nr. 1 på 1500 meter (4:04,56)
- nr. 1 på 2000 meter (5:48,91)
- nr. 1 på 10000 meter (34:37,79)
- nr. 2 på 3000 meter (8:57,11)
- nr. 2 på 5000 meter (15:52,14)
- nr. 2 på 2000 meter hinder (6:17,08)


Anders Bjørndal
- nr. 2 på 600 meter (1:35,45)
- nr. 3 på 300 meter (42,43)


Andreas Iden
- nr. 1 på 300 meter (40,30)


Magnus Leikvoll
- nr. 1 i stav (3,20)
- nr. 3 i høgde (1,55)


Aleksander Lie
- nr. 1 på 200 meter hekk (29,29)
- nr. 2 på 300 meter (40,62)
- nr. 3 på 200 meter (25,28)


Stian Norheim
- nr. 3 på 600 meter (1:38,36)


Håvard Våge Opheim
- nr. 2 i stav (3,16)


Ole Martin Røssland
- nr. 1 på 600 meter (1:34,80)
- nr. 2 på 2000 meter (5:55,02)
- nr. 3 på 5000 meter (16:02,85)


Amund Høie Sjursen
- nr. 2 på 60 meter (7,57)
- nr. 2 på 100 meter (12,04)
- nr. 2 på 200 meter (25,12)
- nr. 2 i høgde (1,61)
- nr. 2 i tresteg (11,76)
- nr. 3 i lengde (5,57)

* I tillegg er også Eirik H. Karstad med på BFG-statistikken i 2011.

* Utanom dette er det tre stafett-lag som er notet i statistikken: to av dei er reine Gneist-lag (1000m stafett: Magnus Leikvoll, Håvard Våge Opheim, Andreas Iden og Aleksander Lie - og 4 x 600 meter (Stian Norheim, Anders Bjørndal, Ole Martin Røssland og Aleksander Lie). Og på det eine BFG-laget som finst (4 x 1500 meter) sprang Ole Martin Røssland og Jørgen Jensen Axelsen.

onsdag 21. desember 2011

Årets mest framgangsrike

Då tar me først ei lita oppsummering over det som no er blitt ein (rettnok ikkje lang) tradisjon, nemleg kåringa Årets mest framgangsrike.


Vinnarane så langt er:

Jenter:
2010: Vilde Omholt
2011: Silje Stenersen

Gutar:
2010: Stian Norheim
2011: Eirik Leikvoll

I vurderingane har Gneist så langt lagt til grunn eitt viktig kriterium; dette er utøvarar som ikkje har oppnådd medlemskap i 1000 poengs-klubben. Med andre ord handlar det om den/dei mest framgangsrike av utøvarane utanfor denne klubben. Så sikrar me at det blir gjort stas på endå fleire.

2012 er for lengst i gang: innomhus-sesongen starta offisielt 1. juli i år. Reelt blei den lokalt innleia med opningsstemnet i Leikvanghallen i oktober. Men talet på resultat er rimeleg tynt så langt, så den aller første oversikten over framgangsrike presenterer me etter at Norna-lekene er vel i hamn i januar.

tirsdag 20. desember 2011

Gutane sitt 1. lag: BEST

Då avsluttar me gjennomgangen av laga i Lagserien i 2011 med gutane denne gongen. I fjor var det jentene som fekk æra av å runda av - då var det dei som gjekk heilt til topps. I år var det altså gutane sin tur. Og, som nemnt før, det er 22 år sidan sist. Av alle segnomsuste år i nær forhistorie er nok 1989 det som toppar lista, ser me stort, politisk og internasjonalt på det. Då vann altså Gneist-gutane lagserien i Hordaland.

Og så gjorde dei det igjen i 2011!

For å repetera; dette gjeld for Elitedivisjonen for gutar:
* Til saman 60 noteringar
* 24 løp/gang
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Og desse Gneist-gutane plukka poeng for 1. laget i 2011:
- Jørgen Jensen Axelsen
- Espen Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Henrik Gravdal
- Hans Magnus Haukøy
- Andreas Iden
- Eirik Leikvoll
- Aleksander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Sindre Kampen Nesheim
- Stian Norheim
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Kristian Schjønningsen
- Gjert Høie Sjursen
- Amund Høie Sjursen
- Casper Stenersen
- Stian Ø. Aarvik

søndag 18. desember 2011

Jentene sitt 1. lag: nr. 2 i Elitedivisjonen

20 Norna-Salhus- jenter var med på laget då klubben frå nord i bydn gjekk heilt til topps i Lagserien for jentene i 2011. Med det fauk Norna-Salhus opp får 3. plass i Elitedivisjonen i 2010 til første. Laksevåg fall på si side ned frå 2. til 3. plass. Berre 11 utøvarar stod bak dei 50 noteringane til Laksevåg, altså ni færre enn Norna-Salhus.

For Gneist sitt 1. lag var det midt i mellom, 16 utøvarar som som plukka poenga. Norna-Salhus og Gneist var i ein litt eigen klasse - og det var etter måten tett opp til vinnaren. Det er liten tvil om at Gneist vil kjempa om øvste plass også i 2012.

For Elitedivisjonen for jentene gjeld altså:
* Til saman 50 noteringar
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Desse Gneist-jentene plukka poenga for 1. laget i 2011 - og var med på å stadfesta Gneist-jentene som heimehøyrande heilt i toppen i fylket:
- Sara Tyssebotn Berg
- Vilde Lund Bjørnsen
- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Sanne Lillevik Christensen
- Anna Evensen
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Ingrid Helene Nyhus
- Anna Serine Røssland
- Madeleine Sande
- Silje Stenersen
- Nora Ø. Aarvik

lørdag 17. desember 2011

Kirsten Melkevik

Så er nyhendet kome om at Kirsten Melkevik forlet BFG Fana frå 1. januar 2012. Ny klubb blir Idrottslaget Gular.

Ein kan sikkert diskutera grunnane til at Kirsten no forlet BFG og miljøet der, til fordel for "innflytttarklubben" Gular.

Det skal eg ikkje gjera her. I staden for er det tid for å hylla ein solid profil i BFG gjennom mange,mange år. Kirsten, som fyller 42 år til våren, har fleire solide prestasjonar - på bane, gate, terreng og motbakke. Seinast vann ho gull i NM i terrengløp i Trondheim no i haust.

Ho har representert Norge i store internasjonale meisterskap i maraton. Ho har hamna på plassar like under og like over 30. Ho kunne sikkert ha håpa på endå betre plasseringar, men for ei godt vaksen kvinne, som tok til med springing på høgt nivå temmeleg seint, så er dette uansett store prestasjonar.

Maraton - som også har blitt teke som mellom-namn (i engelsk versjon) - er hennar favoritt-distanse og draumen har vore å representera Norge på ny i OL i London til sommaren. Persen på maraton er 2:29.12, sett i Frankfurt i 2007.

Kirsten vaks opp i bygda Husnes i vene Sunnhordland. Det er i seg sjølv nok til å ønskja Kirsten hjarteleg lykke til i ny klubb.

Eg håpar BFG takkar Kirsten av på beste vis!

fredag 16. desember 2011

Gutane sitt 2. lag: nr. 7 i Elitedivisjonen

Jada, også gutane sitt 2. lag er i heis-systemet, berre på ein pittelitt annleis måten enn for jentene: Gutane sitt 2. lag blei nr. 2 i 1. divisjon i fjor, altså nest-beste opprykkslag. I år blei det 7. plass i Elitedivisjonen og då best av dei to laga som rykker ned igjen. På plassen bak kom Bergens Turnforening sitt 1. lag, laget som vann 1. divisjon i fjor. Så ja; 2. laget har heva seg opp framfor Bergens Turnforening sitt 1. lag gjennom dette året.

Og gutane var vesentleg nærare det å klara å halda to lag i Eliten enn det jentene var. Så her er eg endå sikrare enn i tilfellet var for jentene: 2. laget til gutane stiller svært sterkt til gjen-opprykk i 2012!

I Elitedivisjonen for gutar gjeld følgjande:
* 60 noteringar
* 24 løp/gang
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Følgjande Gneist-gutar plukka poeng for 2. laget i 2011:¨
- Jørgen Jensen Axelsen
- Kristoffer Blücher
- Thomas Blücher
- Henrik Berger Ettrup
- Henrik Gravdal
- Hans-Magnus Haukøy
- Jesper Høie Hausberg
- Herman Hovland
- Andreas Iden
- Eirik Leikvoll
- Magnus Leikvoll
- Aleksander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Sindre Kampen Nesheim
- Stian Norheim
- Håvard Våge Opheim
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Kristian Schjønningsen
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Stian Ø. Aarvik

torsdag 15. desember 2011

Jentene sitt 2. lag: nr. 8 i Elitedivisjonen

Jentene sitt 2. lag er hamna i elevatoren - heisen. I 2010 vann 2. laget 1. divisjon og rykka opp i Eliten, noko som altså førte til at Gneist-jentene hadde to elitelag i 2011. Men dette året blei det 8. og sisteplass i Elitedivisjonen for 2. laget, eigentleg ganske godt unna det å "redda" plassen.

Mitt stall-tips for 2012 er at heis-tilveret for 2. laget held fram og at det blir nytt opprykk til 2013...

For jentene sin Elitedivisjon gjeld følgjande:
* 50 noteringar totalt
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Følgjande Gneist-jenter plukka poeng for 2. laget i 2011:
- Marianne Benserud
- Maria Tyssebotn Berg
- Sara Tyssebotn Berg
- Sanne L. Christensen
- Anna Evensen
- Susanne Foldnes
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Miriam Haugland
- Tina Therese Jenssen
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Solveig Amalie Nenseter
- Anita Norheim
- Vilde Omholt
- Maren Risøen
- Anna Serine Røssland
- Madeleine Sande
- Silje Stenersen
- Nora Ø. Aarvik

onsdag 14. desember 2011

Gutane sitt 3. lag: nr. 3 i 1. divisjon

Toppen hos gutane er svært brei for tida. I 2011 hadde Gneist to lag i Elitedivisjonen og eitt - 3. laget - i 1. divisjon. 3. laget rykka like så godt opp frå 2. divisjon i 2010 og suste altså heilt opp og snuste på ny opprykksplass dette året.

For gutane sin 1. divisjon gjeld følgjande:
* Totalt 50 noteringar
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hop
* 10 kast

Og ja, gutane hadde nok kastresultat til å forsyna 3. laget med ti kast...

Desse Gneist-gutane plukka poeng for 3. laget i 2011:
- Jørgen Jensen Axelsen
- Anders Bjørndal
- Espen Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Thomas Blücher
- Henrik Berger Ettrup
- Henrik Gravdal
- Hans Magnus Haukøy
- Håkon Helle
- Emil Engelsen Holm
- Herman Hovland
- Andreas Iden
- Eirik H. Karstad
- Eirik Leikvoll
- Magnus Leikvoll
- Aleksander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Sindre Kampen Nesheim
- Stian Norheim
- Håvard Våge Opheim
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- André Jensen Ryland
- Kristian Schjønningsen
- Amund Høie Sjursen
- Hans Jacob Stava
- Casper Stenersen

Jentene sitt 3. lag: nr. 2 i 2. divisjon

Me har tidlegare presentert jentene sitt 4. lag i Lagserien. Det blei altså nr. 2 i 3. divisjon og rykker opp til 2. divisjon.

3. laget har vore i nettopp 2. divisjon i 2011, men også det laget kapra ein 2. lass, rettnok knepent framfor IL Fri sitt 3. lag. Tredjelaget til Gneist hamna på tredjeplassen i 2010 og tok dermed eit lite, men viktig, steg opp og fram i år. Det betyr nemleg at 3. laget til jentene er i 1. divisjon i 2012.

For jentene sin 2. divisjon er det følgjande som gjeld:
* 30 noteringar totalt
* 12 løp/gang
* 2 hekk
* 10 hopp
* 6 kast

Det skal her nemnast at 3. laget rykker opp til 1. divisjon utan kastresultat... Det betyr med andre ord at løps- og hoppresultata er tilsvarande gode...

Følgjande Gneist-jenter plukka poeng for 3. laget i 2011:
- Monika Benserud
- Maria Tyssebotn Berg
- Sanne Lillevik Christensen
- Sunniva Eikestad
- Anna Evensen
- Amalie S. Garden
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Maria Alme Jensen
- Tina Therese Jenssen
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Hedda Magnerud
- Vilde Omholt
- Synne Våge Opheim
- Maren Risøen
- Madeleine Sande
- Silje Stenersen
- Nora Ø. Aarvik

tirsdag 13. desember 2011

UM-endringar

Norges Friidrettsforbund har gjort viktige justeringar i retningslinjene for inne-UM, før meisterskapet i Sandnes i mars. Éin viktig grunn til endringane er at det rett og slett blir fleire og fleire påmelde til desse meisterskapa, noko som i seg sjølv er gledeleg, naturlegvis.

Det er innført kvalifiseringskrav på to distansar til inne-UM. Tidlegare har det vore fri påmelding til alle øvingar inne. Det gjeld 200 meter og 400 meter. Eit par av dei aktuelle Gneist-deltakarane på desse øvingane er godt innanfor krava, men det er også både jenter og gutar som treng studera desse kvalifiseringsgrensene nøye. Marianne Benserud, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud er alle kvalifiserte på 200 meter, medan det ikkje er kvalifiserte jenter på 400 meter.

Så langt eg kan sjå, er ingen av Gneist-gutane kvalifiserte på 200 eller 400 meter pr. no - men her kjem mange sjansar utover vinteren.

I tillegg er det gjort eit par endringar i dagsprogrammet. Dei som spring langt, er ferdige alt lørdag: 800 meter går lørdagen, slik den har hatt for vane, medan 1500 meter går fredagen i staden for søndagen.

Tilbake (etter 3. vinterkarusell)

Den tredje vinterkarusellen venta til den første vinteren var over for denne gongen. Det innebar gode løyper langs Flyplassvegen og Ytrebygdsvegen, med berre littegran snø og is heilt i kantane. Litt guffent er det jo med kaldt regn, hagl i håret og sur vind innimellom, men hell i uhell: dagens dose tordenver kom ikkje før etter at me var komne oss heim.

 5km for kvinner sprang ungjentene fort også denne gongen, men det er Beate Jensen som er ny på Gneist og omlands adelskalender for vinteren:
1. Silje Stenersen 20.02
2. Renate Lie 20.12
3. Beate Jensen 26.01
4. Sara Tyssebotn Berg 26.59
5. Margrethe Irgens Gravdal 27.27
6. Ann-Mari Tyssebotn Berg 28.30
7. An Magritt Hasås 32.49

5km for menn var både Andreas Iden og Aleksander Lie på plass igjen etter gammalt. Andreas betra si sesongbeste med 26 sekund, til 17.17. Topp 10 ser slik ut:
1. Andreas Iden 17.17
2. Torgeir T. Hasås 18.05
3. Stian Ø. Aarvik 18.10
4. Anders Bjørndal 18.13
5. Henrik Irgens Gravdal 18.24
6. Aleksander Lie 18.25
7. Jens Larsen Åstveit 20.54
8. Jostein Lie 21.03
9. Henrik Berger Ettrup 21.37
10. Jon Iden 22.35

10km kvinner tok Ingrid Næss Johansen det med ro denne gongen, slik at den smålåtne lista vår framleis ser slik ut:
1. Torun Ø. Aarvik 41.49
2. Ingrid Næss Johansen 44.42

10km for menn var det derimot fire endringar på lista. Både Torgeir T. Hasås og Stian Norheim sesongdebuterte. Spesielt kjekt var det å ha Stian tilbake, etter ein del sjukdomsplager. Tom Roger Johansen betra seg eit nytt jafs (med 57 sekund), det same gjorde for så vidt underteikna, på eit hakk og to bak i nivå:
1. Jørgen Jensen Axelsen 33.45
2. Ole Martin Røssland 36.02
3. Torgeir T. Hasås 39.33
4. Stian Norheim 40.57
5. Tom Roger Johansen 42.09
6: Lars Arve Røssland 45.04

... Og rett skal vera rett: Denne gongen ser det ut til at resultatservicen til BFG er av godkjent merke... Trur eg.

lørdag 10. desember 2011

Gutane sitt 4. lag: nr. 5 i 3. divisjon

Då er me i gang med presentasjonen også av gutane sine serielag i 2011.

Og - la meg gjenta: Lagserien er ei spesiell ordning for utøvarar og dei rundt dei som tenker individuell idrett heile året elles. Når så sesongen er slutt, så blir klubbane bedne om å ordna dei beste enkeltresultata etter lag og i eit seriesystem. Andre klubbar er ivrigare på å tenka lagserie også undervegs i sesongen. Nokre klubbar arrangerer karusellstemne, andre klubbar arrangerer nettopp seriestemne - for å samla poeng til serien...

No ja, gutane sitt 4. lag hamna midt på tabellen i 3. divisjon dette året. 4. laget rykte opp frå 4. divisjon (vann den) i 2010, slik at ein 5. plass i tredje divisjon er ei klar forbetring.

For 3. divisjon hos gutane gjeld følgjande:
* 30 noteringar totalt
* 12 løp/hekk/gang
* 10 hopp
* 8 kast

Følgjande utøvarar plukka poeng for Gneist-gutane sitt 4. lag i 2011:
- Thomas Blücher
- Johannes Gjeraker
- Henrik Gravdal
- Snorre Høie Hausberg
- Emil Engelsen Holm
- Herman Hovland
- Eirik H. Karstad
- Eirik Leikvoll
- Magnus Leikvoll
- Aleksander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Vegard Liseth
- Johannes Møllerup
- Håvard Våge Opheim
- Sondre Rinde
- Andre Jensen Ryland
- Erlend Wiig Røssevold
- Ole Martin Røssland
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Jens Larsen Åstveit

torsdag 8. desember 2011

Jentene sitt 4. lag: nr. 2 i 3. divisjon

Då - nokre timar før grautfesten blir ringt inn - er me i gang med gjennomgangen av laga i Lagserien i 2011.

Eg synest eg sa det så godt i fjor:

Kva er denne lagserien, sånn eigentleg?

Enkelt sagt: ein set saman, etter førehandsbestemte reglar, dei beste resultata frå klubbane i kretsen og ser kva for ein klubb som har fått flest poeng. Poenggrunnlaget er nyaste tyrvingtabell.

Seriesystemet er inndelt i seks divisjonar: ein elitedivisjon og fem divisjonar under der.

Gneist har fire jentelag og fire gutelag påmeldt i serien.

Ein utøvar kan plukka poeng for fleire lag.

Ein utøvar kan berre ha eitt resultat frå kvar øving med i serien (sjølv om ein skulle ha ti gode stavhopp, vil berre det beste telja), men elles ha med besteresultatet sitt i så mange øvingar som muleg.

Det er ingen samanheng mellom kva for lag ein har plukka poeng for i ein sesong og kva for lag ein plukkar poeng for i neste!

***

Dette skal takast sakte og roleg, så her kjem først 4. laget til jentene. 4. laget til jentene betra seg frå 4. plass i 3. divisjon i 2010 til 2. plass i 2011 - og 2. plass betyr opprykk tl 2. divisjon. Det inneber altså at Gneist har alle sine lag for jenter i 2. divisjon eller betre i 2012.


I jentene sin 3. divisjon er reglane slik:

* til saman 25 noteringar
* 12 løp/hekk/gang
* 8 hopp
* 5 kast

Desse utøvarane plukka poeng for 4. laget til jentene i 2011:

- Sara Tyssebotn Berg
- Anna Evensen
- Susanne B. Foldnes
- Amalie S. Garden
- Charlotte Harris
- Miriam Haugland
- Stine Therese Hovland
- Maren Haugen Lillefosse
- Anita Norheim
- Ingrid Helene Nyhus
- Vilde Omholt
- Synne Våge Opheim
- Maren Risøen
- Anna Serine Røssland
- Madeleine Sande

tirsdag 6. desember 2011

Velfortent ferie for Gneist Friidrett PU

Lørdag 3. desember var det offisiell avslutning for haustsemesteret for Gneist Friidrett PU. Dette har vore den aller første perioden for nyvinninga, som altså starta med sju utøvarar og som no tel 18.

14 av dei var lørdag samla til avslutning med diplomar, pizza og brus på Kirkevoll skole.

Gjævt var det å få denne helsinga frå Norges Friidrettsforbund, ved presidenten, Svein Arne Hansen:

Hei PU-gruppen i Gneist Friidrett!


Norges Friidrettsforbund ønsker å sende dere en liten hilsen for vel gjennomført trening i 2011. Dere er en viktig gruppe for oss og vi gleder oss veldig til å følge deres utvikling som friidrettsutøvere i årene som kommer. Vi håper at dere kommer å få oppleve mye idrettsglede gjennom friidretten - uansett om dette innebærer å satse på å bli best i verden eller trene for moro skyld. Husk på at friidrett skal være gøy og at dere tar godt vare på hverandre som en gruppe.


Lykke til videre, vi har troen på dere!


Her ser me ein nøgd gjeng, etter diplomutdelinga. Og me er klare igjen til ny oppstart, 14. januar!



mandag 5. desember 2011

Gull til gutane!

Ah, det jamnar seg ut! I fjor var det jentene me hylla som vinnarar av Lagserien i Hordaland. I år sneik Norna-Salhus seg så vidt framfor Gneist på jentesida. Til gjengjeld er Norna-Salhus og Gneist i ein heilt eigen klasse, før nr. 3, Laksevåg.

Men gutane..., gutane er altså Hordalands beste! Og det er dei for første gong sidan 1989. 22 år har altså gått sidan sist. Det var det året då muren fall... Her er det Osterøy som følgjer nærmast og nabo Fana som tar ein sterk 3. plass.

Elles for gutane:
- 2. laget rykker ned frå Eliten til 1. divisjon
- 3. laget er nr. 3 i 1. divisjon
- 4. laget er nr. 5 i 3. divisjon

Elles for jentene:
- 2. laget rykker (også her) ned frå Eliten til 1. divisjon
- 3. laget rykker derimot opp frå 2. divisjon til 1. divisjon
- Og 4. laget rykker opp frå 3. divisjon til 2. divisjon

Det betyr at breidden også er upåklageleg - og faktisk hakket betre enn hos gutane:

I 2012 har Gneist sine gutar eitt elitelag, to lag i 1. divisjon og eitt i 3. divisjon.

Gneist sine jenter har eitt elitelag, to lag i 1. divsisjon og eitt i 2. divisjon.

Knallsterkt!

Detaljar kjem me rikeleg tilbake til.

Og oversikt over lagseriane for gutar og jenter i 2011 finst her

Berre Jørgen - Alle Tider, J/G17+, 2011

Det er lett å ta ein stor sveip over dei tre eldste gute- og jenteklassane, i jakta på Gneist-utøvarar som har markert seg i 2011: Det er uhyre få.

Ein del av oss kommenterte det i samband med den glitrande 2. plassen i lagkonkurransen under Tyrvinglekene i sommar - Gneist blei ganske knepent slegne av Sandnes: Det skjedde med eit lag der eldste utøvaren var 16 år og tre månader. Sandnes, mellom fleire lag, mønstra ei rekkje gode utøvarar både i 17- og 18/19-årsklassen, i tillegg til senior.

Det tar framleis eit par-tre år før Gneist fyller heile aldersspennet, til og med 19 år, med utøvarar av begge kjønn. Dei siste par åras satsing på Gneist Junior er med på å sikra at ein held på ei stamme i alle årsklassane.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) er nesten inne på Alle Tider-statistikken i Gutar 18 etter 2011-sesongen. Han er ei einsleg svale mellom gutane, som er 17 år eldre (Jørgen fyller 18 om dagar). Det er muleg at Jørgen kvalifiserer til ein plass på 2000m-oversikten etter denne sesongen. Her er det berre fem inne frå før. Jørgen oppnådde 5:48,91 i år, men det er også muleg at Alle Tider-ansvarleg Stein Fossen set grensa på 5:45 i 18 års-klassen. Også på 10.000 meter er Jørgen forholdsvis nær ei notering, med sine 34:37,79.

lørdag 3. desember 2011

Stav og halvmaraton

Kontrastar i veret og kontrastar i idrettsøvingar på den første lørdagen i desember dette året: Godt og lunt innomhus hoppa den trufaste gjengen med stavhopparar etter måten høgt:

Pål Haugen Lillefosse (G11) betra pers og klubbrekord med nye to centimeter, no til 1,83 (832 poeng).

Eirik Leikvoll (G14) har også teke til å flytta persane med aldri så lite, éin cm på han, til 2,83 (870 poeng).

Og Håvard Våge Opheim (G16) flytta seg opp til 3,13 (765 poeng).

Om lag på same tida streva to Gneist-gutar seg gjennom halvmaraton for første gongen. Dei starta kl. 12 frå Fana Stadion og om lag akkurat ved start opna himmelens sluser seg. Seinare blei det betre, men då var gutane alt gode og våte.

Og debuten gjekk strålande: Ole Martin Røssland (G17) kom på 3. plass på distansen med 1:20.36, medan Andreas Iden (G17) blei femtemann på 1:22.39. Sterke saker.

fredag 2. desember 2011

Ole Martin inn på 20-talet - Alle Tider, G16, 2011

1995-årgangen mellom gutane er faktisk monaleg utvida i 2011-sesongen. Både Anders Bjørndal og Eirik H. Karstad er komne for fullt denne sesongen.

Vel, Anders har jo sprunge i Gneist-drakt sidan han var rekrutt, slik om lag, men først i 2011 har han satsa skikkeleg på friidrett - og fått framgang deretter. Han oppnådde mellom anna 4:34,47 på 1500 meter og er også godt i gang med ny sesong i og med fine tider på 5km på Løpskarusellen.

Eirik sprang endå fortare på 1500 meter, 4:31,71, og hadde også fine løp på 400 og 800 meter. Eirik er naturlegvis "ny" i den forstand at han kom frå Os før 2011-sesongen.

Andreas Iden er godt tilbake etter Manchester-opphaldet. 2011-sesongen blei langt frå som han håpa på og sjukdomsplager sette han utanfor alle dei største meisterskapa dette året. Andreas er også heldigvis godt i gang med førebuingane til 2012.

Ole Martin Røssland har etter Gutar 16-sesongen tre markeringar inne på Alle Tider-statistikken:
- 21. plass på 5000 meter (16:02,85)
- 26. plass på 2000 meter (5:55,02)
- 28. plass på 1500 meter hinder (4:37,16)

Lørdag er det planen at Ole Martin og Andreas (saman med Stian Norheim) skal debutera på halvmaraton, sjølv om vermeldingane fortel at det blir minst halve løypa i kraftig, våt, motvind.

Nornalekene

Ja, innandørssesongen har offisielt vore i gang sidan 1. juli. Men trass i eit temmeleg nedslåande år vermessig i 2011, så var det no likevel mest ute ein heldt seg til slutten av oktober. Så har ein så smått teke til å bevega seg inn, med eit par mindre stemne, og først når det bikkar over nyttår får me dei større stemna innomhus.

Me skal naturlegvis ikkje gløyma "prøvestemnet" til Gneist i Leikvanghallen vesle nyttårsafta, 30. desember, men det er vel neppe eit av dei "større" stemna, sjølv om det er viktig nok!

Det første store er utvilsamt nyvinningen Nornalekene, som går av stabelen i Leikvanghallen 6. - 8. januar. Dette er Norna-Salhus sitt forsøk på å laga "Framolekene" inne: eit tredagarsstemne for alle - frå rekruttar til senior - og med etter måten godt øvingsutval.

Fredagen er det øvingar for 11 år tl 17, og i tillegg 3000m for senior (i tillegg til 16-17). Lørdagen er det same aldersspennet, men då er det også "full pake" for seniorane. Og søndagen kjem rekruttane.

For dei som spring langt, blir det for mange det første høvet til å bli svimmel inne: 2000 meter fredagen (14-15 år) er ti rundar, medan 3000 meter skulle bli 15 rundar...

Påmeldingsfristen er 28. desember.

Godt nytt år!...

... eller Gratulerer med dagen...

I dag er det i alle fall eitt år sidan det aller første innlegget på denne bloggen. Den berre rett og slett begynte, utan nokon fanfare av noko slag.

Og nett som no for tida; det var stavsprang som dominerte på konkurransefronten. Det blei fortalt at Marianne Benserud hadde hoppa 2,91 i stav, at Tina Therese Jenssen klarte 2,71 (som faktisk var det same som ho oppnådde utomhus seinare), at Synne Våge Opheim var i solid framgang og kom seg over 2,51 og at både Håvard Våge Opheim og Magnus Leikvoll kvalifiserte seg for ute-UM med 2,61 (berre kort tid etter var dei begge om lag halvmeteren høgare).

Eitt år har 365 dagar. Dette er det 288. innlegget på bloggen. Det inneber at eg har bevilga meg 77 "dagar" fri. Det er er vel i meste laget om ein tenker normalferie, men det får gå.

Rekorden i tal på innlegg pr. månad er faktisk frå den smålåtne februar-månaden i år, med heile 30 i talet.

Så får me ta eitt innlegg om gongen i framhaldet...