onsdag 30. november 2011

Mot siste Mailekene på Haugesund Stadion

Mailekene komande vår - i mai... - blir mulegeins dei siste på Haugesund Stadion. Etter planen blir noverande Haugesund Stadion ein rein fotballstadion, utan løpebanane, frå 2013. Dei som vil setja banerekordar som vil stå for all framtid må altså i så fall koma i form til mai 2012.

Det siste eg har fått med meg, er at prosessen med å få klar klart dette "dobbelt-vedtaket" - fotball og friidrett - kan bli noko forseinka, men her får me berre følgja med. Norges Fotballforbund har opphavleg sett frist for ei oppgradering av fotballstadion i Haugesund til 1. april 2013.

Det er tidlegare fatta vedtak om å byggja ny friidrettsstadion på Haraldsvang. Ombygginga av Haugesund Stadion til fotballarena - og dermed øydelegging av friidrettsdelen der - skjer ikkje før dette nye stadionet er på plass. I mellomtida er arbeidet i gang med mellom anna tomtesal i svingane på dagens Haugesund Stadion, område som blir frigjort fordi stadionet blir "forminska" - eller meir intimt, som fotballfolket kallar det. Dette tomtesalet skal vera med på å finansiera den nye friidrettsbanen, som er kostnadsrekna til 35 millionar.

Og 15. desember er det omframt årsmøte i Haugesund IL der sal av "HIL-huset" - der me gjerne er og får oss noko godt å eta og drikka under Mailekene - er tema. Sal av HIL-huset skjer fordi Haugesund IL reknar med å samla sportsleg og sosial aktivitet i den nye friidrettshallen i byen, HIL-hallen, som også ligg på Haraldsvang - like ved det nye, planlagde, stadionet.

Stavklubben Gneist (II) - Alle Tider, J16, 2011

Jenter 1995 har fleire solide utøvarar: Maren Riøsen sprang bra på 100 meter og hoppa godt i lengde i 2011. Vilde Omholt sprang ein solid 800 meter, betra seg også ytterlegare på 2000 meter og er best i landet på 1000 meter i årsklassen i 2011.

Men det er i stavsprang at (også) 1995-jentene markerer seg i Alle Tider-statistikken etter 2011-sesongen. Tina Therese Jenssen kom over 2,71 under UM på sentralidrettsanlegget på Lisleby ved Fredrikstad først i september. Det var det UM-et me fekk alle versortane på ein gong. Tina Therese hamna på 5. plass der og ho er også nr. 5 på årets statistikk. 2,71 held til 30. plass i Alle Tider-statistikken for 16-åringar.

Marianne Benserud sitt sprang på 3,11 er også frå UM, der ho kapra bronsemedaljen. Nr. 3 er ho også på årets norgesstatistikk og ho plasserer seg på 9. plass i Alle Tider-statistikken i stav for 16-åringar.

tirsdag 29. november 2011

Frå 60 til 5000 - Alle Tider, G15, 2011

Også 1996-gutane har hatt småplukk med skadar og sjukdom i 2011-sesongen. Aleksander Lie, til dømes, var etter måten uheldig med sjukdom og er revansjelysten framfor ein ny sesong, men også i Gutar 15 år er han no likevel representert i Alle Tider-statistikken.

Der har han selskap av to andre frå Gneist, den eine på 60 meter, den andre (mellom anna) på 5000 meter, så her er det god (løps-)breidde i øvingane.

Alle Tider-noteringane for 1996-gutane i Gutar 15 ser slik ut:

Aleksander Lie
- 26. plass på 200 meter hekk (29,29)
- 26. plass på 300 meter hekk (42,51)
- 29. plass på 1500 meter hinder (4:48,27)

Stian Norheim
- 19. plass på 5000 meter (16:45,76)
- 36. plass på 1500 meter hinder (4:50,77)

Amund Høie Sjursen
- 72. plass på 60 meter (7,57)

søndag 27. november 2011

Godt med, trass skadesesong - Alle Tider, J15, 2011

Våre to einarar mellom 1996-jentene, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen, fekk delar av 2011-sesongen øydelagt av skadar - men berre delar av sesongen. Dei fekk med seg mykje, sjølv om meisterskapa etter sommaren gjekk fløyten.

Dei to har såleis markert seg endå sterkare tidlegare år, sjølv om det er mykje godt i oversikten her også. Aller sterkast var Vilde sine løp på 300 og 400 meter.

Slik ser det ut, når det altså gjeld markeringane i Alle Tider-statistikken for jenter 15 år for dei to:

Monika Benserud
- 9. plass i tresteg (11,56)
- 11. plass på 60 meter (7,93)
- 29. plass i stav (2,70)
- 33. plass på 100 meter (12,56)
- 65. plass på 200 meter (26,30)
- 85. plass på 80 meter hekk (12,37)
- 89. plass i lengde (5,38)

Vilde Lund Bjørnsen
- 2. plass på 300 meter (39,77)
- 6. plass på 400 meter (57,73)
- 16. plass på 200 meter (25,51)
- 18. plass på 100 meter (12,45)
- 28. plass på 60 meter (8,01)

Stavklubben Gneist

Eg har i fleire år alt, av det eg naturlegvis vil kalla naturlege (-) grunnar, kalla Gneist for ein løpeklubb (springeklubb). Det er Gneist, heilt utvilsamt. Det er like lite tvilsamt at Gneist ikkje er nokon kasteklubb. I hopp kan ein kanskje seia at det varierer litt, men kan henda er meir det knytt til spesielle talent hos enkeltutøvarar (som gjerne også er svært gode, og til og med best, i løp) enn til ein spesiell filosofi i Gneist-systemet.

Men stav... Stavmiljøet i Bergen og omland har i fleire år vore styrt frå IL Fri, dvs. frå deira representant Paavo Moilanen - vår finske stavekspert. Han har mange artige eigenskapar, den viktigaste er kan henda at han er særs raus og er først og fremst stav-menneske. Han vil gjerne hjelpa barn og unge fram - dvs. opp - i/frå stavgropa.

No er det Gneist som har overteke "stavkarusellen", både inne og ute. I praksis er det Paavo og Trond Leikvoll som administrerer stemna, no sist i Høiehallen lørdag.

Marianne Benserud innleia sin 17-årssesong med fine 3,12. Det er verdt 968 tyrvingpoeng og er også Marianne sin første klubbrekord som 17-åring. (Ingvild Mundal Andersen har 3,07, sannsynlegvis utomhus.)

Brørne Leikvoll hadde også ein flott ettermiddag i hallen: Magnus (G16) kom seg over 3,02, som er sesongbeste og verdt 720 poeng, medan Eirik (G14) hoppa 2,82, som både er verdt 867 poeng og samtidig ei rekordtidleg kvalifisering til UM i 2013. (Eirik var jo over UM-kravet for 15-åringar på 2,60 alt i 2011-sesongen, men det var rett og slett for tidleg til å gjelda som kvalifisering til UM.)

torsdag 24. november 2011

Spesialistar - Alle Tider, J14, 2011

1997-årgangen mellom jentene er prega av to, innimellom tre, spesialistar. Ja, eg veit det er opptil fleire 1997-jenter som er registrerte i Gneist, men fleire av dei likar best berre å trena så langt.

Mellom dei som konkurrerer, er duoen Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland dei ivrigaste. Og dei møtest stort sett også på dei same distansane - i alle fall så langt. Innimellom har dei i 2011 også hatt besøk av Ingrid Helene Nyhus. Til alt overmål er også Ingrid Helene med på så godt som dei same distansane som dei to førstnemnde. Ingrid Helene sparkar i tillegg fotball på opptil fleire fotball-lag i Gneist-systemet.

I Alle Tider-samanheng er det Ingrid og Anna Serine som får seg ei kvar si notering etter 2011-sesongen. Og kanskje seier det noko om at det trass alt er ei viss spesialisering på gang også mellom desse jentene?

Ingrid er inne på 3000 meter, med tida 10:54,07. Tida blei oppnådd under Fanalekene i haust og med den sletta ho Ingrid Sandvoll sin klubbrekord frå andre halvdel av 1970-talet. Ingrid Sandvoll hadde også beste tida oppnådd av ei 14 år gammal jente på distansen i Hordaland, slik at tida til Ingrid Næss Johansen er uoffisiell kretsaldersrekord - uoffisiell fordi distansen ikkje er "lovleg" for 14-åringar. Men i 2012 er Ingrid å rekna som 15-åring og kan, fullt lovleg, springa både 3000 meter og det meste anna. Etter planen står 3000 meter på programmet for henne under junior-NM i Sigdal i slutten av juli. På landsplan er tida til Ingrid, uoffisell aldri så mykje, den 12. beste oppnådd for 14-åringar gjennom tidene.

Anna Serine er, for andre året på rad, først og fremst inne med ei markering på 1500 meter hinder. Med 5:41,27, oppnådd alt under Framolekene i juni, har ho 9. beste tida gjennom "Alle Tider" for 14-åringar. Anna Serine satsar friskt på hinder også i komande sesong - der distansen ikkje minst finst på programmet under UM på Askøy siste dagen i august.

onsdag 23. november 2011

Friidrett - Fotball 1-0

No er me godt forspente med friidrettsbanar som i stor grad er til for det formålet, men svært mange banar må likevel dela anlegget sitt, ikkje minst med fotball. Ein og annan gongen kjem det rugby-folk og syklistar og gjer ting vanskelege for oss skikkelege folk på Fana Stadion, men det skal me ikkje gjera eit stort nummer av. Ikkje i dag.

Mest aktuell dei siste par åra har fotball-kollisjonen vore på Haugesund Stadion, der ein del har reist for å vera med på Mailekene. Haugesund sitt fotball-lag blir visstnok berre betre og betre og er blitt ein gjengangar i Eliteserien. Terminlista i Eliten blir ikkje klar før i desember månad, men Mailekene ligg truleg godt an til å få bli arrangert pinsehelga neste år, siste helga i mai.

Dei siste par åra har Tyrving ikkje hatt fotball for menn å konkurrera med. Då har Stabæk sitt fotball-lag spelt på Telenor Arena. Ein del vil ha fått med seg at Telenor Arena no er i ferd med å bli asfaltert og såleis eigna seg dårleg for fotball-sparking. Stabæk skal tilbake til Nadderud. Men både herrelaget og damelaget til Stabæk må spela kampane sine på andre datoar enn dei Tyrvinglekene går på. I Bærum er det nemleg slik at friidretten og Tyrving har forrang og fotball-laga som absolutt må trakka rundt på graset der må halda seg unna 15. - 17. juni 2012. 

Det gjer godt å høyra, ikkje sant?

Vinterkarusell utan vinter (så langt - og bank i bordet)

Familien var på reise mandag og gjekk tydelegvis glipp av draumeforhold under 2. løpet av Vinterkarusellen. Det er ein vinterkarusell som så langt har gått i mange plussgrader og strålande forhold, ganske så langt unna vinteren. Men vinteren kjem vel og gjer ære på karusellens namn om ikkje så lenge. (Neste løp er 12. desember).

Her er bestetidene frå "Gneist og omland" etter to løp (tar høgde for feil og manglar!):

5km kvinner
1. Silje Stenersen 20.02
2. Renate Lie 20.12
3. Sara Tyssebotn Berg 26.59
4. Margrethe Irgens Gravdal 27.27
5. Ann-Mari Tyssebotn Berg 28.30
6. An Magritt Hasås 32.49

Silje og Renate nærmar seg altså 19-talet, Sara forbetra seg med nesten tre minutt frå sist (!).

5km menn
1. Andreas Iden 17.43
2. Torgeir T. Hasås 18.05
3. Stian Ø. Aarvik 18.10
4. Anders Bjørndal 18.13
5. Henrik Irgens Gravdal 18.24
6. Jostein Lie 21.03
7. Henrik Berger Ettrup 21.37
8. Jon Iden 22.35
9. Mads Holm 23.47
10. Andre Jensen Ryland 28.24

Stian Aarvik leverte eit solid løp, to minutt og tretten betre enn sist. Anders Bjørndal betrar seg meir og meir, no sist med 38 sekund. Også Jon Iden og Mads Holm viste solid haustform, med høvesvis 25 og 30 sekund betre tider enn sist.

10km kvinner
1. Torun Ø. Aarvik 41.49
2. Ingrid Næss Johansen 44.42

Ingrid sesongdebuterte på 10km med dette.

10km menn
1. Jørgen Jensen Axelsen 33.45
2. Ole Martin Røssland 36.02
3. Tom Roger Johansen 43.06
4. Lars Arve Røssland 46.12

I eit kanonfelt var også Gneist representert i det ypparste sjiktet, med Jørgen si kanontid.

lørdag 19. november 2011

Mange noteringar - Alle Tider, G13, 2011

Då skal me fullføra soga om statistikk-debutantane - på landsplan - frå 1998-årgangen. Det handlar altså om Gneist-utøvarar som etter 2011-sesongen markerer seg på "Alle tider"-statistikken i Norge.

Eg har nemnt det før - og eg seier det igjen: Året då Norge vann "alt" - frå Nagano til Marseille - fostra ein gullkanta gjeng - av begge kjønn - som no spring og hoppar (og slikt) med den blå Gneist-drakta.

Gutane er ikkje på nokon måten verre enn jentene. Her er oversikten over dei til saman fire utøvarane som får noteringar i Alle Tider-statistikken for 13-åringar etter 2011-sesongen:

Henrik Irgens Gravdal
- 12. plass på 600 meter (1:33,95)
- 35. plass på 1500 meter (4:33,29)
- 38. plass på 400 meter (59,9 - manuelt og elektronisk slege saman)
- 42. plass på 800 meter (2:11,04 - olympiameister Vebjørn Rodal hadde 2:11,0 som 13-åring)
- 55. plass på 200 meter hekk,68cm (32,22)
- 86. plass på 60m hekk,76,2cm (10,38)


Eirik Leikvoll
- 50. plass i stav (2,77)


Sondre Rinde
- 8. plass på 200 meter hekk,68cm (29,85)
- 13. plasss på 60 meter hekk,76,2cm (9,58)
- 16. plass i tresteg (11,35)
- 21. plass på 80 meter (10,81)
- 35. plass på 200 meter (26,02)


Casper Stenersen
- 12. plass på 1500 meter (4:27,35)
- 20. plass på 1000 meter (2:53,64)
- 48. plass på 600 meter (1:35,76)

torsdag 17. november 2011

Renate inn i statistikken - Alle Tider, J13, 2011

Det er lett å få auge på det storslagne talentet i 1998-gjengen i Gneist, både mellom gutane og jentene. Og, som nemnt, frå og med 2011-sesongen har talenta også vore synlege i den offisielle statistikken for første gongen.

I vår gjennomgang av ute-prestasjonane på landsbasis, i eit historisk perspektiv, startar me nettopp med J13. Der har Renate Lie dominert i 1998-klassen i fleire år alt - og er også solid inne på Alle Tider-statistikken etter at utesesongen i 2011 i røynda er over:

- 1. plass (og altså aldersrekord) på 400 meter (61,29)
- 1. plass (og aldersrekord) på 1500m hinder (5:29,66)
- 4. plass på 300 meter (43,64)
- 19. plass på 600 meter (1:40,61)
- 22. plass på 200 meter (27,36)
- 49. plass på 1000 meter (3:11,99)
- 63. plass på 100 meter (13,38)
- 65. plass på 80 meter (11,42)
- 84. plass på 1500 meter (5:00,89)
- 99. plass i tresteg (9,71)

Men Renate er ikkje åleine. Cathrine Harris er etter 2011-sesongen inne med to Alle Tider-noteringar:
- 8. plass i tresteg (10,75)
- 57. plass i kule,2kg (11,16)

Og hekkespesialisten Maren Haugen Lillefosse har også fått to noteringar:
- 32. plass på 200m hekk,68cm (32,42)
- 35. plass på 60m hekk,76,2 cm (9,86)

Alt i alt ein fabelaktig statistikk-start for 1998-jentene.

tirsdag 15. november 2011

OBS! Jättekonsert och ny "helg" i Göteborg

Nett då 2012-sesongen såg ut til å vera spikra og nokon til og med hadde bestilt hotellrom og slikt for noko, så kom det: Ein ny jättekonsert på Nya Ullevi fører til at Världsungdomsspelen 2012 no blir flytta til same helga som i fjor, 7. - 9. juli, i staden for månadsskiftet juni/juli, som me har trudd lenge.

7. - 9. juli fører til ei anna endring, nemleg at Spelen går frå lørdag til mandag, i staden for det vanlege fredag til søndag. Det klarer me sikkert å leva med, sommar som det er.

Konkurransestart blir lørdag 7. juli kl. 9.00.

Så då flyttar dei vel sikkert friidretsfestivalen sin i Strandebarm tilbake til helga før, vil eg tru. Om det ikkje skulle dukka opp ein jättekonsert i Norheimsund, eller noko.

Kva for ein konsert det er snakk om i Göteborg den 4. juli, nei, det veit eg ikkje - enno.

lørdag 12. november 2011

Leikvang - Leikvoll

Då er den etter måten lange rekka av Gneist-arrangement for 2012-sesongen i gang. Det hende i Leikvang Friidrettshall lørdag, då det første av innesesongens stavstemne gjekk av stabelen.

Eg har høyrt ved fleire høve at Gneist-arar har kome i skade for å kalla hallen og staden for "Leikvoll" i staden for "Leikvang". Det er ikkje det mest unaturlege, med tanke på namnelikskapen. Når det er stavstemne i tillegg, så er Leikvoll-ane godt representert. Pappa Trond var dommar (saman med, i stavsamanheng, allestadsnærverande Paavo Moilanen frå Fri), medan Magnus (G16) og Eirik (G14) var to av dei til saman åtte deltakarane.

Magnus sesongdebuterte med 2,91, som gir 643 tyrvingpoeng, medan Eirik klarte 2,61 (793 poeng).

Tredje Gneist-ar på Leikvang var Pål Haugen Lillefosse. Pål fyller 11 år først til neste år, men i friidrettssamanheng er han 11 år frå og med stav-debuten i dag. Han hoppa over 1,81, som gir 818 tyrvingpoeng, og som er ny klubbrekord i G11 og 2012-sesongens aller første klubbrekord. Den gamle var på 1,70 og tilhøyrde Eirik Hovlandsdal (sett i 2000) og Eirik Leikvoll (sett i 2009) i fellesskap.

tirsdag 8. november 2011

PU-rapport

Lørdag 24. september starta Gneist Friidrett si PU-gruppe opp, i Hordnesskogen, med sju deltakarar. (PU står for psykisk utviklingshemma.) Sju veker seinare har medlemstalet blitt dobla til 14. Og rapportar fortel at fleire er på veg. Så langt har dette vore ein klar suksess.

Kvar lørdag kl. 12 møtest me, som hovudregel på Fana Stadion. Så langt har me vore særs heldig med veret. Eit par dagar har me nesten hatt sommarver på seinhausten, og me har knapt hatt regndråpar. Sist lørdag var me ein tur i Høiehallen på slutten av økta - Høiehallen vil vera tilfluktsstaden dei dagane veret måtte bli for ufyseleg utover, for det skjer nok etter kvart.

Øktene blir starta med oppvarming; ein eller fleire rundar rundt banen. Så har me ulike stafett-opplegg, før me prøver på distansetrening. Først har me hatt 40 meter, sist auka me til 60. På slutten har me litt leik av ulikt slag. Alt dette peikar fram mot måla om deltaking på ulike stemne og i mosjonsløp.

Gneist Junior er godt representert med assistentar. Me har fire av dei og dei er heilt nødvendige for å få dette til å gå rundt: Andreas Iden, Ole Martin Røssland, Vilde Omholt og Anna Serine Røssland.

fredag 4. november 2011

Golf

Berre for å understreka at eg tilhøyrer ein heilt annan generasjon enn ungdommen: I 1992 kjøpte eg mi første datamaskin, då var eg 25 år. Det var ei pittelita Apple-maskin, som gjekk under namnet Classic II (altså ikkje fullt så klassiske som den klassiske Classic). Den maskina kosta like mykje som 3-4 langt kraftigare berbare i dag. Det er no så, men den tente meg godt i mange år. Ei heil hovudoppgåve fekk eg skrive på den, hugsar eg. Og så var det eit par spel som kom med maskina som dei eldste ungane hadde stor glede av då dei var mindre. Dei hugsar den maskina godt på grunn av spela.

Sjølv blei eg hekta på MacGolf, som var ganske forseggjort golf-spel for si tid. Eg blei ganske god, om eg sjølv skal seia det. Det er likevel det einaste positive forholdet eg har til golfsporten. Eg skjønar meg ikkje på den, rett og slett. Ein gong gav kabel-tv- leverandøren min meg Viasat Golf gratis i fleire månader, men eg klarte ikkje nytta meg av det.

Det forholdet eg har til golf, er det eg har til golfbanen til Fana Golfklubb. Det er eit svært spesielt forhold. Sommarhalvåret er det fullt av frustrasjon, sidan ei flott grøn lunge er stengt for oss heilt vanlege menneske, men så, men så... endeleg! Så er golfbanen ved Siljustøl offisielt stengt for sesongen - og opna opp for oss andre. Første offisielle stengedagen for golfarane og opningsdagen for oss andre var i dag. Det blei mørkt og kveld før eg fekk prøvd meg der, men eg berre måtte springa på vegar og bakkar - og bli god og blaut. 

Ah, no er me i gang. Ikkje-golfsesongen er offisielt opna!

Dei nye konfirmantane

Mandag kveld blir ein fin bukett frå 1997-årgangen teken opp i Gneist Friidrett Hall of Fame - eller "Gneist Junior", som ein del også likar å kalla foreininga. 1997-gjengen blir såleis konfirmantar eit halvt år før dei blir det ein gong til. Ein av dei store tinga dei komande 15-åringane kan sjå fram til er å få konkurrera i Ungdomsmeisterskapet (UM), både inne (Sandnes) og ute (Askøy) komande sesong.

Først: Eit lite supplement til UM-oversikten, sist presentert her i Bloggen 29. august: Amund Høie Sjursen sitt tresteghopp på 11,76 frå Stord Stadion blei, etter ein del tid, stadfest som prestert i godkjent vind. Dermed er Amund alt kvalifisert både på 100 meter og i tresteg til neste ute-UM. Marianne Benserud spranng 100 meter hekk på 17,48 under mangekamp-UM i Trondheim i september, noko som er 2/100 under kravet i J17. Marianne er såleis kvalifisert i fem øvingar alt til meisterskapet på Ravnanger, i tillegg til at ho er 1/100 frå kravet i den sjette øvinga. Endeleg: Anna Serine Røssland har kvalifisert seg på 800 meter i J15.

Totalen er framleis 19 kvalifiserte Gneist-utøvarar pr. no.

Ein del av dei som no straks skal i gang med kvalifiseringsforsøk er å finna mellom dei nye konfirmantane. Det gjeld til dømes Emil Engelsen Holm, Jens Larsen Åstveit, Stian Ø. Aarvik og Mats Bjørndal. Alle desse er altså gutar. Dei mest aktive jentene fødde i 1997 har alt sikta seg inn mot minst éi øving: Ingrid Helene Nyhus, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland.

Av andre ikkje-kvalifiserte det blir spennande å følgja utover er Anders Bjørndal og Eirik H. Karstad. Begge  drøymer om kravet på 800-meteren.

Det er altså fri påmelding til INNE-UM i mars, medan alle resultat oppnådd i innesesongen gjeld som kvallifiseringsgrunnlag til ute-UM i månadsskiftet august/september (i tillegg til resultat frå utesesongen, sjølvsagt).

torsdag 3. november 2011

Inn i hus og eitt år eldre

Då er innesesongen akkurat så vidt komen i gang. Det skjedde akkompagnert av fingermat og festtalar under opninga av innandørshallen på Leikvang sist lørdag. Pittelitt tid til friidrett blei det faktisk også.

Dette var eit stemne der deltakarane var inviterte på førehand og berre øvingane 60 meter og lengde stod på programmet. Det var eit visst manne- og kvinnefall på invitasjonslistene, så dette blei ei smålåten opning. Så får me satsa på at aktiviteten kjem seg etter kvart der oppe i det bergenske nord.

Fleire Gneist-utøvarar måtte melda forfall, men ein liten bukett var no likevel med.

Og la meg repetera: Innesesongen går frå 1. juli til 30. juni, og ein følgjer då prinsipielt - og i alle fall pr. statistikk - aldersklassane ein har i siste del av den perioden. Er ein fødd i 1998, så er ein i G14 eller J14 alt no. Med andre "fylte" til dømes Sondre Rinde 14 år då han innedebuterte for sesongen på Leikvang.

På 60 meter for gutar sprang nemnde Sondre på 8,19. I tyrvingpoeng er det no altså G14-tabellen som gjeld og dette løpet er verdt 881 poeng. Eitt hundredel betre var Emil Engelsen Holm, som no - ni månader før fødselsdagen - spring som 15-åring (829 poeng).

I lengde blei det 4,95 på Sondre (840 poeng).

Einaste svala for jenter var Maren Haugen Lillefosse (no J14). Ho sprang på 8,89 på 60 meter (827 poeng).

Varsam start, altså.

tirsdag 1. november 2011

Gneist-adelen

Eg veit ikkje om eg i skrivande stund kan lita på resultatlistene til Løpskarusellen, men me får ta ein sjanse (Ingrid Næss Johansen, til dømes, måtte dessverre bryta etter 800-900 meter, men står oppført med ei (rettnok heilt urimeleg) tid på 5km).

Denne vinteren nøyer me med oss å halda oversikten over løparar i det som kan kallast "Gneist og omland", altså for Gneist-utøvarar, opphav og andre "slektskap". Oversikten blir oppdatert etter kvart løp og inneheld bestetidene til dei enkelte.

Desse er dei eg har funne i listene så langt (godt muleg eg har oversett nokon også):

5km kvinner
1. Silje Stenersen 20.05
2. Renate Lie 20.28
3. Margrethe Irgens Gravdal 27.35
4. Sara Tyssebotn Berg 29.54
5. Ann-Mari Tyssebotn Berg 30.06

5km menn
1. Andreas Iden 17.43
2. Torgeir T. Hasås 18.05
3. Henrik Irgens Gravdal 18.24
4. Anders Bjørndal 18.51
5. Stian Øvergaard Aarvik 20.23
6. Jostein Lie 21.03
7. Henrik Berger Ettrup 21.45
8. Jon Iden 23.00
9. Mads Holm 24.17
10. Jørgen Morken Heen 30.25
11. Eirik Måren Sæle 30.27
12. Trond Leikvoll 32.39

10km kvinner
1. Torun Øvergaard Aarvik 41.49

10km menn
1. Ole Martin Røssland 36.02
2. Tom Roger Johansen 43.06
3. Lars Arve Røssland 46.12

Amatøreriet held fram

Rundt 1000 personar, frå ganske små til ganske store og godt vaksne sprang av garde langs Flyplassveien i går kveld, glade i asfalt og akkompagnement frå biltrafikken som dei tilsynelatande er.

Det var altså temmeleg mange med i årets første vinterkarusell. Det var ikkje "rekordmange", det har vore fleire med tidlegare, men at "sprek-bølgja" framleis er på veg oppover er ganske tydeleg.

Likevel: BFG Fana får fleire og fleire deltakarar på sin karusell og tar stadig høgare deltakarpris, men kvaliteten på resultatservicen blir like dårleg. Eller kanskje dårlegare? Først tirsdag føremiddag skulle det leggast ut resultatlister. Dei er, nesten som vanleg, full av feil og manglar.

Ein hovudgrunn til feila og manglane er at med om lag 1000 deltkarar køyrer likevel BFG med både brikke-tidtaking og med manuell tidtaking, der funksjonærar står og bipar av tida til deltakarar, som står i kø for å få teke si tid. Så skal alt dette samkøyrast. Nokre får rett tid, andre får hakkande galen. Sjølv er eg ein av dei mange som i skrivande stund har ein heil time for lang tid, andre har endå meir merkverdige resultat.

Kvifor i all verda betaler ein 120 kroner (dersom ein betaler for eit enkeltløp og er vaksen) for å springa med eit startnummer, i kø? Spring same vegen, ta tida på deg sjølv, heilt utan startnummer og heilt gratis!

Og kvifor får arrangørar ei rekkje andre stader i landet dette til?

Turen: Jo da, den var fin den.