lørdag 29. oktober 2011

Pålitelege Osterøy

Alt no, i slutten av oktober 2011 og før (om enn berre timar før) sommartida er slutt, så er Osterøy IL klare med datoar for sin karusell i 2012.

7. mai, ei god veke seinare enn vanleg, er det planen å starta. Ofte har me vore ein gjeng og fått banetrening alt i slutten av april, seinast i år då til dømes Casper Stenersen var av garde og sletta pappa Sigve sin klubbrekord på 1000 meter. Så følgjer det karusellar 21. mai og 27. juni.

Karusellane først i juli, 9. og 11. juli, er førebels sett opp som høvesvis reine kast- og hopp-stemne, medan karusellen den 18. juli - og for så vidt den 27. juni - er øyremerka for løp.

Dei tre siste datoane skal det etter planen vera øvingsprogram i alle tre øvingsgreiner. Det er 1. august, 20. august og 22. september.

I tillegg inviterer Osterøy på ny til friidrettsfest for 13- og 14- åringar 8. og 9. september (NCC-lekene). Og endeleg: Medan dei stakkars veteranane dei to siste sesongane er blitt forviste til haustregnet og hauststormane si tid, oktober månad, for sitt KM, så har Osterøy alt teke på seg KM for veteranar, tidleg i sommar, då det garantert blir 20+ og så godt som vindstille. Me snakkar om 4. og 5. august.

Til neste år må det bli ferie på Lone(våg) camping...

torsdag 27. oktober 2011

Ein misforstått rekning

Det er fire dagar igjen til årets første vinterkarusell-løp i regi av BFG Fana.

Ungdommane har teke til å få rekningar. Det må dei jo leva med, det er ein del av det å bli vaksen. Men det er ikkje alle rekningar ein treng å ta på alvor. Rekningane for deltaking i Løpskarusellen som dett ned i epost-kassane til dei aktive distanseløparane i BFG – og moderklubbane – er slike rekningar.

La meg seia det så klart eg kan: Det er aldeles meiningslaust at ein ikkje går gratis som aktiv distanseløpar i klubbens eige arrangement. Dette er nytt. Tidlegare blei det meld inn ei gruppe på om lag ti (pluss) utøvarar frå Gneist, godkjent av trenar Torstein Erichsen, som gjekk gratis i Karusellen fordi karusell-løp blei sett på som ein verdifull del av treninga for desse løparane (ikkje minst gjennom vinteren). Også distanseløparane i BFG har (naturlegvis!) gått (dvs. sprunge) gratis.

No er det slutt på dette og rekningar det ned i epost-boksane til alle og ein kvar. Det er misforstått. Løpskarusellen skal naturlegvis vera ei god inntektskjelde for BFG, men den må då også vera eit godt sportsleg tilbod til eigne aktuelle utøvarar?!

På vinteren er det eit firesifra tal unike utøvarar i Løpskarusellen, berre eit par-tre titals av dei ville gått gratis etter den sjølvsagde modellen. Her pressar ein med andre ord ein liten brøkdel av dei totale inntektene frå eigne utøvarar, som jammen har kostnader med idretten sin som det er.

Eg tar for gitt at utøvarane sjølve tar dette opp på beste vis, med siktemål å få omgjort ordninga som no er innført. Eg tar også for gitt at sportsleg utval i BFG tar dette opp ved første høve.

tirsdag 25. oktober 2011

Leikvang - ein ny epoke

Haukås, seier nokon, men dei fleste av oss nyttar nok "Leikvang" når me snakkar om å ta turen til friidrettsanlegget (ja, litt fotball blir det vel og sparka der) i Bergen Nord. Og no er altså Leikvanghallen teken i bruk og ein heilt ny epoke har starta.

Hallen er eit glitrande anlegg. Det einaste påtakelege minuset er at den ligg betre til for fengselsfuglar enn for friidrettsutøvarar flest. Det får me leva med og bli vane med trafikkmaskinene forbi Åsane, jo før jo heller.

Førstkomande lørdag blir hallen offisielt opna, nesten fire veker etter at den blei teken i bruk til trening.

Så står vonleg fleire store spennande stemnetilbod på programmet utover i innesesongen, IL Gneist har vel eit par på lur, i alle fall.


Bileta er tekne av Jon Iden, på dag to etter at hallen blei opna for trening.

søndag 23. oktober 2011

Sondre sin rekordsesong

Det har vore skrive og sagt mykje om den nest-eldste Rinde-guten (etter Arve, naturlegvis) sin fantastiske 2011-sesong. I denne oversikten får me nye tal på det. Den fortel at Sondre har plussa på rekordmengda si med sju og er inne på "Alle tiders" topp 10-oversikten i IL Gneist. Det er ikkje dårleg, for å seia det mildt. Sondre går berre - til liks med Renate Lie, omtalt i går - inn i sitt 14. år og har mange rekordsesongar framfor seg.

Elles ser me at at både Marius Benserud og Sigve Stenersen må sjå at rekordmengda går noko ned - dei kan jo av naturlege grunnar ikkje setja fleire. Det fører mellom anna til at Marius Benserud no deler topp-plassen med Roar Haugland.

Her er den totale oversikten over dei gutane som har flest Gneistrekordar (10-19 år):

1. Marius Benserud 29 rekordar (- 3)
1. Roar Haugland 29 rekordar
3. Steffen Nerdal 23 rekordar
4. Sigve Stenersen 19 rekordar (-3)
5. Morten Benserud 18 rekordar (- 2)
6. Rodgeir Vigestad 17 rekordar
7. Sondre Rinde 16 rekordar (+ 7)
8. Kjetil Espetvedt 15 rekordar
9. Torstein Ryland 14 rekordar
10. Aleksander Lie 12 rekordar (+ 1)
10. Espen Liland 12 rekordar

Og her er så lista over dei med flest klubbrekordar av dagens aktive:

1. Sondre Rinde 16 rekordar (+ 7)
2. Aleksander Lie 12 rekordar (+ 1)
3. Henrik Gravdal 10 rekordar (+5)
4. Andreas Iden 7 rekordar (-1)
5. Kristoffer Blücher 6 rekordar (+4)
5. Casper Stenersen 6 rekordar (+2)
5. Amund Høie Sjursen 6 rekordar (-2)
8. Gjert Høie Sjursen 4 rekordar (+4)
8. Eirik Leikvoll 4 rekordar (+2)
8. Stian Norheim 4 rekordar (+2)

No blei ikkje sesongen til Casper Stenersen slik han drøymde om, men styrkeforholdet mellom far og son har likevel endra seg klart til Casper sin fordel. Det var 22-4 for eitt år sidan, no er det altså 19-6, slik at skilnaden har gått frå 18 til 13. Følg med, følg med...

Og Gjert Høie Sjursen har hatt sin første rekordsesong (11 år) dette året, har plukka med seg fire rekordar og ligg no berre to bak broder Amund.

lørdag 22. oktober 2011

Jakta på Bente

Klubbrekord-oversikten i Gneist viser interessante ting, mellom dei at det mellom trenarane våre er solide folk med mange rekordar på samvitet.

Dagens oversikt er ein oppdatert ein over kven som har flest klubbrekordar mellom jentene. Mange av dagens utøvarar tar til å gjera seg gjeldande og jakta på leiarposisjonen til Bente Lervik (Liland) er i full gang. Fremst i jakta er den yngste, nemleg Renate Lie, som framleis berre har tre sesongar med klubbrekord-plukking bak seg, men ho har fleire med seg i jakta.

Her er oversikten over topp ti:

1. Bente Lervik (Liland) 28 rekordar (- 1)
2. Renate Lie 23 rekordar (+ 3)
2. Benedikte Liland 23 rekordar (- 2)
4. Vilde Lund Bjørnsen 21 rekordar (+ 4)
5. Kjersti Ristesund 20 rekordar (- 2)
6. Monika Benserud 19 rekordar (+ 4)
7. Torunn Sandvoll 12 rekordar
8. Marianne Benserud 11 rekordar (+ 4)
8. Mary-Ann Nordeide (Hårklau) 11 rekordar
10. Kathrine Sandvik 8 rekordar (- 1)
10. Anne-Beth Espetvedt 8 rekordar

Dei som altså er nærmast Renate i jakta på Bente Liland sin totale rekord er Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud.

Her er så liste over dei med flest klubbrekordar av dagens aktive:

1. Renate Lie 23 rekordar (+ 4)
2. Vilde Lund Bjørnsen 21 rekordar (+ 4)
3. Monika Benserud 19 rekordar (+ 4)
4. Marianne Benserud 11 rekordar (+ 4)
5. Cathrine Harris 7 rekordar (+ 3)
6. Maren Haugen Lillefosse 4 rekordar (+ 1)
6. Vilde Omholt 4 rekordar (+ 3)
8. Silje Stenersen 3 rekordar (+ 3)
8. Anita Norheim 3 rekordar
8. Ingrid Næss Johansen 3 rekordar (+ 3)

Gutane følgjer...

torsdag 20. oktober 2011

Viktige stemne

Utgangspunktet er altså alle dei enkeltresultata som er blitt teljande i årets lagserie - så får me heller koma tilbake til meir pedagogikk og detaljar rundt Lagserien seinare. Oversikten over kor desse aktuelle bestenoteringane er sett var siste tema, men den oversikten galdt total-tal for alle typar øvingar.

Denne gongen bryt me desse tala ned på øvingstypar - og får fram eit par interessante ting.

For løp (for begge kjønn) ser oversikten slik ut "i toppen" (altså over stemne der flest relevante bestenoteringar er ifrå i 2011):

1. Framolekene 28
2. Bergenslekene 17
3. Fanalekene 9
3. Tyrvinglekene 9
5. Gøteborg 8

Også her er det altså tre av dei større stemna på Fana Stadion som dominerer, men det er forholdsvis mange løpsresultat å henta frå Tyrving og frå Världsungdomsspelen. I forhold til talet på startar er talet spesielt høgt frå Gøteborg.

For hekk/hinder er oversikten "i toppen" slik:

1. KM/Gneistspelen 5
1. Tyrvinglekene 5
3. Fanalekene 4
4. Framolekene 3

Også her noterer me det er prestert godt under Tyrvinglekene .

Generelt er det eit nokolunde samanfall mellom oversikten totalt (gårsdagens blogg) og for viktige stemne når det gjeld løp, med den nemnde ekstra mengda resultat frå Tyrving og Gøteborg her.

For hopp og kast er det annleis på viktige måtar, først hopp:

1. KM/Gneistspelen 19
2. Hoppstemne, Ytrebygda 17
3. Framolekene 13
3. Gneist sin inne-karusell 13
5. Fanalekene 12
6. Hopp-KM 10

Hoppstemnet på Ytrebygda skole går føre seg ei kort stund ein fredagskveld i februar. Dette stemnet er likevel uhyre viktig i poengplukkinga. Heile 17 av hoppnoteringane i lagserien er altså herifrå. I denne samanhengen er det heilt utvilsamt at dette er eit viktig stemne. Det same kan seiast om Gneist sin innekarusell i Høiehallen (13 noteringar), som vel no blir erstatta av arrangement i Leikvanghallen, og deltakinga i KM i hopp utan tilløp - sist arrangert i Laksevåghallen tidleg i januar månad. Totalt finst det altså 40 noteringar frå desse tre typane arrangement, som der og då nok blir opplevd som ok treningskonkurransar og avbrot frå den lange treningane fram mot utesesong.

Dette er oversikten i kast:


1. Gneist sine kaststemne 15
2. KM/Gneistspelen 13
3. Fanalekene 9
4. Stordleikane 6
5. Framolekene 3
5. Tyrvinglekene 3

Her er det, naturlegvis, eitt viktig poeng å henta, nemleg at utan Gneist sine eigne to kaststemne - 15. september og 30. september - ville poengfangsten i kast vore svært tynn. I lagserie-samanheng er det tenkeleg at desse to stemna åleine kan ha vore heilt avgjerande for topp-/pallplassering for Gneist-lag.

onsdag 19. oktober 2011

Heime best

Det er mange løgne oversikter ein kan laga, no i mellomsesongen. Ein av dei er denne: Kor har utøvarane våre plukka poenga sine i 2011? Kor er persar og bestenoteringar, som blir gjeldande i Lagserien, prestert?

Svaret er eintydig: Heime på Fana Stadion. Det er der - eller her - fleirtalet av bestenoteringar er sett. Det er jo ikkje så løye, sidan det er størst deltaking her.

Oversikten gjeld altså dei noteringane som er med på dei til saman 8 (fire for kvart kjønn) laga i Lagserien for Gneist i 2011.

Framolekene er det stemnet flest bestenoteringar er i frå, til saman 47.

KM/Gneistspelen er ein god nr. to, med 40 noteringar.

Litt overraskande, kan henda, så er Fanalekene, nr. tre med 38 noteringar

Og Bergenslekene, med totalt 24 noteringar, følgjer deretter.

På femte kjem stemnet borte frå Fana Stadion med flest noteringar, nemleg Tyrvinglekene, der jo Gneist også var nest beste klubb i 2011. 21 av noteringane i Lagserien i 2011 er frå Tyrving.

Bak der igjen kjem Stordleikane, med totalt 20 noteringar.

Bak desse tala er det interessante skilnader etter øvingstypar, det kjem eg tilbake til. Men det er også skilnader i totaloversikten etter kjønn:

Medan jentene har flest noteringar frå Framo, så er det KM/Gneistspelen som klart har flest noteringar for gutane.

Ein første konklusjon: Gneist har klart å mobilisera svært godt på dei lokale stemna med utgangspunkt i Fana Stadion, men har også gode kontingentar med på sentrale stemne andre stader. Her er Stordleikane og Tyrvinglekene i ei særstilling, med Världsungdomsspelen i Göteborg bak der igjen.

Det finst eit par andre særs viktige, lokale, stemne i denne oversikten. Det får bli tema for neste innlegg.

tirsdag 18. oktober 2011

Ny frisk

Aaaaaah.....

I eit par veker har det vore skjegget vokse, håret gror, føtene gror gjøno joggesko...

No har Bloggen stussa skjegget, joggeskoa er nye med friske fargar og det er i alle fall lagt ein plan for å letta på hårmanken.

Alt dette har jo skjedd parallelt med at ungdommane har hatt treningsfri. Ingenting er tilfeldig. Lite trening, lite konkurransar, lite statistikkføring, sjølv om det flyter inn ei og anna liste frå her og der framleis.

Spesielt er kastarane enno i gang på banar, i Oppegård, på Spikkestad, i Sandane - og på Fana Stadion. Seinast var Gneist sitt kastalibi Gjert Høie Sjursen (G11) med på Norna-Salhus sitt stemne søndag og slengte i veg 3 kilos-slegga til 20,27 - noko som er ti meter (!) lengre enn den gamle klubbrekorden med denne vekta. Gjert har jo sjølv rekorden med standardslegga - 2kg - i årsklassen.

Løparane har teke til å gampa, men er mindre enn to veker unna konkurransegamping langs Flyplassveien i årets vinterkarusell. Vel, førebels melder yr om ufattelege 11 grader og full sol i siste veka av oktober...

lørdag 15. oktober 2011

Zzzzzzzz

Bloggen er på haustferie.

Bloggen har treningspause.

Bloggen er sliten.

fredag 7. oktober 2011

Fram og tilbake i kast

Ok, eit siste besøk i Lagserien no, før me kjem grundig tilbake til den når resultata er offisielle. Her skal endringar for førstelaga til jentene og gutane frå 2010 til 2011 analyserast.

For jenter er det slik at 50 noteringar tel med i Elitedivisjonen, fordelt slik:
- 20 løp/gang
- 5 hekk
- 15 hopp
- 10 kast

(La oss med ein gong slå fast at Gneist ikkje har nokon kappgang-noteringar med i serien...)

* For løp ligg ein eit bittelite hakk betre an enn i 2010: førebels prognose er + 193 poeng
* I hekk/hinder var det endå fleire toppar i 2010. Her fortel prognosen om - 208 poeng
* I hopp er skilnaden frå 2010 svært liten: - 86 poeng
* I kast er det derimot ein ganske vesentleg skilnad. For det første har jentene berre registrert 19 kast totalt i serien i 2011, mot 29 i 2010. For det andre er verdien av dei ti beste kasta - altså dei som tel for 1. laget - gått ned ganske betrakteleg. Prognosen fortel: - 920 poeng

Konklusjonen er enkel for jentene: Gneist er i høgste grad framleis ein løpsklubb (inkludert hekk/hinder), supplert med solide hoppresultat, men ligg - i samanlikning - langt etter i kast.

For gutane sin elitedivisjon er det til saman 60 noteringar som gjeld, fordelt slik:
- 24 løp/gang
- 6 hekk
- 18 hopp
- 12 kast

(og gutane er i endå mindre grad kappgjengarar enn jentene)

* Gutane hadde faktisk endå betre resultat i løp i 2010 enn i 2011 ("faktisk", fordi totalresultatet er - som nemnt i Bloggen går - betre). Prognosen seier: - 258 poeng
* Også i hekk/hinder er det ein nedgang, men rettnok liten: - 72 poeng
* I hopp, derimot, er det grei framgang: + 633 poeng
* Og i kast dreg Gjert Høie Sjursen fleire med seg i 2011. Her er det slik at oversikten pr. no fortel at alle som bidreg med kastresultat på 1. laget er fødde enten i 2000 eller 2001! Prognosen fortel: + 645 poeng

Det betyr at for gutane er det slik at det er hopp og kast som bidreg til den store totale framgangen, medan løp er nokolunde stabilt.

torsdag 6. oktober 2011

Lagserien - 1. prognose

Ja da, eg veit eg må ta det med ro i svingane, no når me er  komne til den tida på året at galne statistikarar ikkje snakkar om anna enn denne "Lagserien".

Igjen: Friidrett er - med eit par-tre småunntak - ein individuell idrett. Når så sesongen er slutt gjer ein den likevel om med eit lagfokus. Me snakkar i denne samaheng om Hordaland Friidrettskrets. For 10- 19 år skjer dette slik:

Dei beste resultata etter Tyrvingtabellen for kvar enkelt utøvar gjeld. Det vil altså seia at ein utøvar berre kan ha eitt resultat med i ei enkeltøving, men kan vera representert med ei rekkje ulike øvingar.

Kvar klubb kan melda på fleire lag i serien. Dei individuelle resultata blir omgjort til del av eit lag. Ein har på førehand bestemt kor mange resultat som tel i kvar øvingsgrein (løp/hekk/hopp/kast) i kvar divisjon. Dei enkelte laga har si plassering i divisjonar basert på fjorårsresultat. (Talet på resultat pr. øvingsgrein pr. divisjon kjem eg tilbake til - etter kvart.)

Fristen for innsending av serieresultat er 20. oktober. Så tar det ein del veker deretter før resultata blir offentlegjort. Gneist vann jenteserien i fjor og blei nr. 2 i guteserien, men Gneist har fire lag for kvart kjønn og alle laga gjorde det glitrande i fjor, slik at Gneist stiller med to lag i Elitedivisjonen både for gutar og jenter i 2011.

Elitedivisjonen har åtte lag, 1. til 4. divisjon har ti lag. (Resten, under der, er i 5. divisjon.)

Basert på ein aller første gjennomgang - og berre basert på Gneist sine resultat - kan ein slå fast følgjande:

GUTAR:
* 1. laget i Elitedivisjonen ligg ca. 1000 poeng betre an enn i 2010, då ein enda på 2. plass. Den førebelse poengsummen er betre enn vinnarsummen til Norna-Salhus i fjor.
* 2. laget rykka opp til Eliten frå 1. divisjon i fjor. Poengsummen så langt kan tilseia at 2. laget klarer å halda på plassen i Elitedivisjonen, slik at me også får to lag der i 2012.
* 3. laget vann 2. divisjon og rykte opp i 1. divisjon i fjor. Poengsummen så langt viser at 3. laget vil vera på "øvre halvdel" i 1. divisjon og ikkje svært langt unna endå eit opprykk.
* 4. laget vann 4. divisjon i fjor og rykte opp i 3. divisjon. Poengsummen så langt ville halde til ein 2. plass - opprykksplass - i 3. divisjon i fjor.

Alt i alt ser det altså uhyre sterkt ut på gutesida!

JENTER
* 1. laget har mykje å forsvara, det vann altså Elitedivisjonen i 2010. Her ligg bestelaget ca. 1000 poeng bak fjorårspoengsummen, slik at sigeren kan bli tung å forsvara.
* 2. laget rykte opp frå 1. divisjon til Eliten i fjor. Basert på fjorårstala kan det blir nedrykk igjen i år, men her ligg det og vippar.
* 3. laget tok ein sterk 3. plass - like under opprykksplass - i 2. divisjon i fjor. I år ligg også dette laget noko bak skjema og plasserer seg rundt midten i 2. divisjon.
* 4. laget blei så nr. 4 i 3. divisjon i 2010. Det laget ligg ca. 400 poeng betre an enn i fjor, men kjem til å hamna rundt same staden som i fjor - trygt rundt midten i 3. divisjon, altså.

Fleire av laga mellom jentene ligg altså og vippar her, så dette blir spennande.

Her er interessante utviklingstrekk også mellom øvingsgreinene frå 2010 til 2011. Meir om dette følgjer.

tirsdag 4. oktober 2011

Vindstille

Me er inne i ein etter måten stille periode. Eldstemann nytta i ettermiddag sjansen og prøvde - i lag med Andreas Iden, som er tilbake i full trening - den nye hallen på Leikvang. Rapporten er kort og grei: Dette var gode greier - og hallen var "betre enn på Ranheim". Jaja, den på Leikvang er no eit heilt år nyare, så det skulle berre mangla. Einaste irritasjonsmomentet er at ein har plassert den i utkant-Bergen.

Vindstille var det i alle fall inne i hallen. Det var det visstnok også under UM/NM i mangekamp i Trondheim andre helga i september. Det var då - som rapportert tidlegare -  Marianne Benserud (J16) vann sølv i sjukamp. Men som statistikar har eg teke resultatlistene frå Trondheim med ei klype salt. Absolutt alle vindmålingar er oppgitt med 0,0. Og det...

I tre veker har eg etterlyst meir informasjon om vindmålingane, men trønderar og fart...

Vel, vel, til så lenge får me presentera følgjande nye prestasjonar frå Marianne sin sjukamp:

- Ho sprang 100 meter hekk (76,2) på 17,48
- Ho betra kulenoteringa si til 7,58 (gir 613 tyrvingpoeng, som er ganske høgt plassert mellom Gneist-jentene i kast i år)
- Ho fekk 17,71 i spyd (175 tyrvingpoeng)
- Og ho kom i mål på 2:53,60 på 800 meter (436 poeng)

Til saman fekk ho så 3277 poeng i sjølve mangekampen. Mangekamp-resultat før og no er nesten like umuleg å måla opp mot kvarandre som spydkast med diverse spydtypar, men me er såpass informerte om tidlegare prestasjonar at me vågar å seia at Marianne sin prestasjon er ny klubbrekord i J16.

Juni 2012 - ei oppdatering

Då er ei viktig stadfesting komen på plass for terminlista neste sommar: Veidekkelekene på Lillehammer har falle ned på å halda fram som før; både med fire dagar og med den vanlege helga si. Då kan me nokolunde trygt slå fast at juni månad i 2012 vil ha følgjande hovudingrediensar:

31. mai - 3. juni: Framolekene. Fana Stadion.

9. - 10. juni: Stor-KM. Sannsynlegvis Fana Stadion. Dette har dei siste åra vore KM frå og med 15 år og oppover. I så fall så er denne helga "ledig" for tilbod til dei yngre, førebels.

15. - 17. juni: Tyrvinglekene. Nadderud Stadion. (Her er det faktisk endå eit viktig atterhald: Stabæk Fotball - altså elitelaget til Stabæk - vil mulegeins flytta tilbake til Nadderud frå Telenor Arena i 2012-sesongen. Dermed vil terminlista for Eliteserien i fotball kunna ha innverknad her. På den andre sida har fotballen sannsynlegvis EM-pause dei aktuelle helgene i juni)

21. -24. juni. Veidekkelekene, Lillehammer

30. juni - 1. juli. Ulvikaleikane. Dette har dei siste åra vore Strandebarm IL og Hardanger Friidrettsfestival si faste helg. No ligg det førebels an til at stemnet lenger inne i Hardanger overtar og at Strandebarm flyttar sitt arrangement til helga etter.

Og dette - 29. juni - 1. juli - er altså også helga til Världsungdomsspelen i Göteborg

mandag 3. oktober 2011

Terminlistenytt II

Denne vinteren blir altså særs spennande, med splitter ny hall på Leikvang. Familiens utsende skal ut og studera vidunderet tirsdag. Me ventar spente på rapport.

Spennande blir det også å få fullstendig oversikt over tilbodet av stemne innomhus, når det blir klart i samband med terminlistemøtet i Kretsen 26. oktober. Førebels er det bebuda stemne i regi av Norna-Salhus 7. - 9. januar og det første kretsmesterskapet innomhus siste helga i januar. Gneist planlegg også eit større stemne på Leikvang.

Terminlistemøtet 26. oktober skal også ta opp utandørssesongen 2012. Her er det ein del omsyn som skal takast, og det er positivt at ein prøver få oversikten såpass tidleg. Sist sesong blei terminlistemøtet halde i januar månad.

Hovdingleikane går til vanleg tidleg i mai og kjem truleg 5/5 neste år. (Då er det konfirmasjonsleikar her i huset...) Laksevåglekene hadde jo ein ikkje-planlagt pause i 2011, førebels står det "12.mai" i oversikten for desse leikane neste år. Det er same dagen som Holmenkollstafetten, så søndagen vil nok vera eit kjekkare alternativ. 

Me kan nok ta for gitt at Framolekene kjem på si vante helg, 31. mai - 3. juni. Meir usikkert er det elles i juni: Tyrvinglekene blei flytta vekk frå si vanlege helg i år, fordi den fall saman med pinsa, men no går signala i retning av at ein i Tyving vil halda på si "nye" helg, slik at det i så fall blir 15. - 17. juni. Veidekkelekene på Lillehammer er i skrivande stund framleis i diskusjon med seg sjølv om endeleg plassering neste år, sjølv om den førebelse terminlista fortel om 21. - 24. juni. Som nemnt tidlegare har ein vurdert på Lillehammer å korta ned til tre dagar og i så fall også flytta arrangementet til den gamle Tyrving-helga (8. - 10. juni). Tipset mitt går likevel på at Veidekke blir verande på St. Hans-helga. I så fall blir det truleg Stor-KM her lokalt 9.-10. juni.

Junior-NM går i Sigdal siste helga i juli (27. -29.). Det er éi veke tidlegare enn vanleg. Årsak: Sommar-OL i London første del av august. UM på Askøy går 31. august - 2. september. Gneistspelen er sett opp førebels 25. - 26. august. Det er jo ei fin helg, men det er muleg at NCC-lekene for 13- og 14-åringar blir plassert same helga og då blir ho mindre fin. Alternativ plassering for NCC-lekene er 8.-9. september. (Eg registrerer at Kretsen opererer med 1. - 2. september som førebels helg for NCC-lekene, men eg tar for gitt at desse regionale leikane ikkje går samtidig med Ungdomsmesterskapet på Ravnanger.)

Her er naturlegvis endå fleire stemne, men her er såpass mykje usikkert enno at det får me venta med.

lørdag 1. oktober 2011

Få, men viktige kastpoeng

Årets aller siste Gneist-stemne inneheldt kulestøt og slengball-kasting på Fana Stadion fredag kveld. Dette var eit stemne for 10- 12- åringar og det å plukka gode seriepoeng var eitt av formåla. Gneist er jo, som kjent, i toppen  både i løp og hopp, medan kast-nivået er eit par-tre hakk under der. I lagserien ville Gneist ha dominert fullstendig med endå betre kast-resultat.

Så er det eit anna spørsmål om Gneist kan og vil satsa like sterkt i alle øvingskategoriar. I prinsippet er det ønskeleg. På den andre sida må ei slik brei satsing vera del av ein strategisk plan over tid og ikkje av tilfeldige skippertak eller av tidsavgrensa kompetanse.

Det var i praksis to utøvarar som bidrog direkte med kast-resultat fredag (i tillegg til eit par rekruttar og kast-einar Gjert Høie Sjursen (G11), som hadde endå betre kast frå tidlegare):

Hans-Magnus Haukøy (G10)
- 17,44 i slengball. Det gir heile 875 tyrvingpoeng og er 8. beste kastresultatet for gutar i Gneist i 2011.
- 5,60 i kule. Det gir 754 poeng.

André Jensen Ryland (G11)
- 15,23 i slengball (646 poeng)
- 5,20 i kule (490 poeng)