torsdag 30. juni 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 30. juni

Utanfor konkurranse i Årets mest framgangsrike: Bob Dylan, som var minst like ung i går som i Nygårdsparken for ti år sidan, og - på jentesida - Suzanne Vega, som var like ung som på slutten av 1980-talet. Imponerande.

So til idretten. Året er halvgammalt, sola har snudd (sjølv om me merkar lite til nett det, av gode grunnar). Me kastar eit blikk på Årets mest framgangsrike ved denne milepælen på kalenderen og tar med fem utøvarar i kvar øvingstype for dei to kjønna:

JENTER
Løp
Silje Stenersen, Maria T. Berg, Charlotte Harris, Anna Serine Røssland, Anna Evensen

Hopp
Synne Våge Opheim, Maria Jensen, Anna Evensen, Sanne L. Christensen, Cathrine Harris

Kast
Cathrine Harris, Maren Haugen Lillefosse, Charlotte Harris, Anita Norheim (her er det berre fire utøvarar som har kast både i 2010 og i 2011, så langt)

GUTAR
Løp
Stian Norheim, Kristoffer Blücher, Herman Hovland, Håvard Opheim, Stian Ø. Aarvik

Hopp
Erlend Biskopshavn, Magnus Leikvoll, Thomas Blücher, Kristoffer Blücher, Håvard Opheim

Kast
Kristoffer Blücher, Gjert H. Sjursen, Amund Sjursen, Aleksander Lie, Magnus Leikvoll

onsdag 29. juni 2011

Strandebarm

Det er for godt til å vera sant; vermeldinga seier at regnet skal ta seg ein pause det meste av helga! Då kan det nesten bli den vanlege, sommarlege friidrettsfestivalen i Strandebarm me har blitt vane med. Me tar naturlegvis ingenting for gitt.

Nokre utøvarar vegrar seg for å konkurrera, andre gjer det ikkje. Her i familien har me i dag ein 11 årsjubilant, Heine, som hoppar i lufta og ropar "Jippi!" kvar gong han får melding om at no skal han delta. Denne gongen blir det 60 meter.

Her er lista over alle Gneist-utøvarane som er påmeldt helgas storhending inne i Kvam:

G- Rekrutt:
- Tobias Allers-Hansen (60 meter, lengde)
- Jon-Anders Haukøy (60 meter, lengde)

G10:
- Hans-Magnus Haukøy (600m, lengde, 60m, 200m, høgde, tresteg)

G11:
- Heine Røssland (60m, rekruttklassen)
- Thomas Blücher (200m, tresteg)

G12:
- Kristoffer Blücher (200m, tresteg)

G14:
- Stian Ø. Aarvik (800m)

G15:
- Stian Norheim (800m, 3000m, G16)
- Aleksander Lie (800m)

G 16:
- Ole Martin Røssland (800m, 3000m)

J- rekrutt:
- Selma Røssland (60m)

J11:
- Anna Evensen (200m, 60m, 600m, høgde, kule, lengde)

J12:
- Nora Ø. Aarvik (60m, 600m, høgde)

J13:
- Anita Norheim (tresteg, 100m, 200m)

J14:
- Anna Serine Røssland (800m)

J15:
- Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, lengde)

tirsdag 28. juni 2011

Byrkjelo

Komande helg er det årets første kretskamp for 13- og 14- åringar. Det går føre seg oppe hos NM-arrangøren (midt i august) i Byrkjelo, Nordfjord. Dei som møtest til dyst er Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er åtte av øvingane under Sparebankleikane som inngår i kretskampen.

Kretskampen har lange tradisjonar og er eit godt første møtepunkt, før ungdommane møtest på ny under NCC-leikane på haustparten. Det er gjort ein del endringar i øvingsprogrammet under Sparebankleikane i år - og dermed under kretskampen. Det har mellom anna gjort at lengste øvinga er 600 meter, mot tidlegare 800 meter. Gneist er godt representert på Hordaland sitt lag. I tillegg finn me familien Leikvoll på plass under Sparebankleikane. Fleire av Gneist-utøvarane på kretslaget er også påmeldt andre øvingar i Byrkjelo til helga.

Her er Gneist sine utøvarar og øvingane dei skal delta i på kretslaget:

J13:
- Renate Lie (60m, 600m, lengde)
- Maren Haugen Lillefosse (60m, 60m hekk, høgde, lengde)
- Cathrine Harris (60m hekk, kule, diskos)

J14:
- Ingrid Næss Johansen (600m)

G13:
- Sondre Rinde (60 m, 60m hekk, lengde, kule)
- Henrik Irgens Gravdal (600m, 60m hekk, lengde)

mandag 27. juni 2011

Utanfor konkurranse

Ein treng kanskje ikkje heita Vilde og koma frå Bergen for å springa framifrå 400-metrar, men det er tydeleg at det hjelper. I ly av det meste og utanfor konkurranse under lørdagens KM i Rogaland i Sandnes sprang Vilde Lund Bjørnsen (J15) ein strålande 400 meter i kvinner senior. Ho kom i mål på 57,73. Det var - for kuriositetens skuld - 4,4 sekund framfor ho som kunne titulera seg sjølv som kretsmester på distansen i nabofylket i sør.

Viktigare: Det er sjette beste tida på distansen for 15-åringar gjennom alle tider. Vilde Svortevik frå Laksevåg er med sine 57,40 ei av dei få som har betre. Martine Eikemo Borge - kjent frå BFG, men som no gjer det skarpt i USA - har 58,08, medan ei ikkje ukjent Ingvill Måkestad er hakket bak der igjen med 58,26.

Tida er verdt 1086 tyrvingpoeng. Det er høgste poengsummen på løp i Gneist denne sesongen. Og tida er ei monaleg forbetring av klubbrekorden i Gneist. Den var på 60,6 og sett først i 1974 (Nanna Gjerde), så tangert i 1977 (Bente Lervik (Liland)) - den første tida altså sett godt over 20 år før Vilde Lund Bjørnsen blei fødd.

Dette kan vera starten på ein strålande 400 meter-karriere. For dei som hugsar Vilde sine 600 metrar - eg hugsar ein fantastisk fin på Tyrving for tre år sidan, til dømes - er det likevel meir kontinuitet som er stikkordet.

søndag 26. juni 2011

Tangering

Vel, vel, det skulle vore stor-KM på Fana stadion i helga. I så fall ville me fått eit meisterskap på ein stadion bada i sol,så godt som vindstille i store periodar, rett og slett eit meisterskap som både utøvarar og me slitarane på sidelinja hadde fortent.

I staden har me hatt ei etter måten roleg friidrettshelg. Utanom den handfulle mengda utøvarar som har vore i Opplands hovudstad, så har det vore stille. Men me skal for all del ikkje gå utanom gjengen på Lillehammer.

Me kan ikkje anna enn å gjenta, å tangera våre ord og vendingar om Sondre Rinde (G13). Han er VL-kongen frå Veidekkelekene 2011. Søndag tok han sin fjerde og femte siger! Det finst ei rad magiske grenser i mange øvingar i friidrett, avhengig av alder og nivå. Søndag kom Sondre over magiske 5 meter i lengde, nærare bestemt 5,08. Med det tangerte han Per Åge Liland sin rekord frå Bobbysocks-året, 1985.

På 100 meter var Sondre rett og slett suveren. Først oppnådde han 13,18 i forsøket, før han knuste all motstand med 13,06 i finalen. Han var med det heile 44/100 før nestemann. Her er det no berre sju hundredelar ned til Torgeir Hasås sin klubbrekord frå slutten av det førre årtusenet.

Broder Håvard (G10) persa fint på 600 meter, til 2:05,37, og svevde til heile 3,93 i lengde, verdt 956 tyrvingpoeng. Håvard er faktisk heilt i toppen i Gneist-samanheng for gutar i hopp, med tre solide poengsummar i lengde, tresteg og høgde.

Neste helg aukar aktiviteten monaleg. Då dreg ein gjeng til arrangøren sin generalprøve før hovud-NM, Sparebankleikane i Byrkjelo i Nordfjord, medan me andre dreg inn til Strandebarm,der det er nesten like vent som i ytste luten av Kvinnherad.

lørdag 25. juni 2011

Jakta på havregrynsgraut-oppskrifta

Me må berre få tak i den, eg tenker på oppskrifta til havregrynsgrauten hos familien Rinde. Spesielt 13-åringen Sondre har hatt ein eventyrleg framgang i 2011-sesongen og driv og er ein slags Bjørn Dæhlie i OL-språket, 17 og nesten eit halvt år etter vinter- OL- eventyret på Lillehammer. gullgrossist som han er der borte under Veidekke-lekene.

Lørdag tok Sondre sitt tredje gull på tre dagar, denne gongen på 60 meter. Først var han suverent best i forsøksheata, med 8,30. Det var fem hundredel berre bak pers, med solid motvind. I finalen var han også etter måten klart best og persa med 8/100, ned til 8,17. (No er det råd å skjela til Fredrik Nesslin sin ti år gamle klubbrekord, på 7,92...)

At Sondre også støtte kula nokre centimeter lengre enn han har gjort før, til 9,51, og tok bronse i den øvinga, styrkar behovet til oss andre for å få  tak i oppskrita!

Og...  broder Håvard (G10) persa også godt på 60 meter, til 9,69.

I kulissane ventar Vegard (fødd 2006).

fredag 24. juni 2011

Nye steg

Små steg om gongen, i rett retning. Det er ein fin filosofi. Og det har fleire av våre deltakarar på Lillehammer denne langhelga forstått.

Sondre Rinde (G13) tok sitt andre gull, etter sigeren på 200 meter St. Hans-kvelden, då han vann korthekken, fredag ettermiddag. 9,67 i 2,2 sekundmeter motvind er eit nytt solid løp på 60 meter hekk av Sondre. No er det på eit stabilt høgt nivå.

Marianne Benserud (J16) var i elden for første gongen under 200-meteren. Og ho var ikkje verre på det at ho flytta persen ned tre tidelar, til 27,15. Det gir 922 tyrvingpoeng og er berre fem hundredel unna junior-NM- kravet. (Der er ho klar gjennom kvalifisering i andre øvingar alt. I junior-NM er det jo slik at er ein kvalifisert i éi øving, så kan ein i prinsippet delta i alt ein vil.) 

Endeleg må me nemna Håvard Rinde (G10). Håvard kan nok bli god i mykje, men det er i alle fall rett å nemna han som endå eit kast-talent i Gneist, ved sida av Gjert Høie Sjursen (G11). Håvard betra persen sin med 2 kilos-kula til 7,41 i ettermiddag, noko som er verdt 934 poeng - som blir godt å ha med seg når lagserien skal gjerast opp på seinhausten ein gong.

torsdag 23. juni 2011

Persar på Stampesletta

Første dag av Norges nest største friidrettsstemne for jenter og gutar er ferdig. Det går på Stampesletta på Lillehammer. Namnet skjemmer ingen, men sanninga er at friidrettsbanen på Lillehammer ligg nydeleg til, ved OL-hallane "Kristins Hall" og "Håkons Hall" og like nedanfor hopp-anlegget frå dei same olympiske leikane. Utsikten er heller ikkje dårleg.

Ingrid Næss Johansen (J14) sprang inn til 5. plass på 1500 meter i eit knallsterkt felt, der heile tre jenter kom under 5:00. Ingrid betra persen noko frå vinnarløpet sitt i Haugesund, kom seg under 5:09 og hamna på 5:08.96. Det gir 916 tyrvingpoeng.

Sondre Rinde (G13) flytta også sin pers, på 200 meter. No er han komen under 27:00, landa på 26,89 i svak medvind. Resultatet gir 924 tyrvingpoeng.

Dei er ikkje så mange, Gneist-arane på Lillehammer, men dei har altså alt markert seg.

Sommar i hekken

Veidekke-lekene på Lillehammer startar i ettermiddag. Der er ein liten handfull Gneist-utøvarar med og me skal naturlegvis følgja med dei på beste vis. Veidekke-lekene er elles eit framifrå sportsleg stemne.

Det er spenstige tider. Ungane i nabolaget trenar hekk og hinder for harde livet utanfor vindauga. Det er som om eg må gni meg i augo endå ein gong.

Spenstige tider er det  også for dei sommarkarusellerande. Etter to karusell-løp så langt er det tydeleg at Sommarkarusellen er foreldregenerasjonen sin sjanse til å markera seg. Løypa er alternativ denne gongen, der ein må gampa av garde langs Flyplassveien. Så langt har ikkje underteikna prøvd seg, men sommaren er enno ung.

Lista over kjentfolk sine bestetider etter to løp - og korleis dei plasserer seg totalt - finst nedanfor:

MENN
5km:
6. Andreas Iden 17:12
12. Aleksander Lie 18:10
32. Jostein Lie 20:29
46. Jon Iden 21:13
63. Glenn Jensen Ryland 22:24
65. Henrik Berger Ettrup 22:39

10km
24. Tom Roger Johansen 39:34


KVINNER
5 km
19. Beate Jensen 24:21
56. Ann-Mari Tyssebotn Berg 27:54

10km
2. Torun Øvergaard Aarvik 41:19

tirsdag 21. juni 2011

Testing. Knarvik. Testing

I eit nydeleg nesten-sommar ver på årets lengste dag tok tre karar frå Søvikheia ut for å undersøka tilstanden i Fil Aks-77. Som rapportert tidlegare har friidrettsklubben i Knarvik, Lindås, vore i hardt ver overfor Norges Friidrettsfobund. Klubben har plassert seg i toppen - eller botnen, alt etter som - av lista når det gjeld kvalitet og kvantitet på innrapportering av stemne. Så ille blei det at forbundet sende melding til Fil Aks-77 om at stemne på Knarvik ikkje lengre var å rekna som godkjende.

Etter nokre dagar heiv ein seg spontant rundt der ute over brua i nord og sende inn alt ein hadde liggande i krikar, krokar, skuffer og skap. Det kom resultatlister og stemnerapportar i bunkar, i søkk og i kav. Eg har nesten vore gjennom alle, men dei frå 16. mars får ligga til eg har siste runde med innestatistikken. Det får vera grenser.

Men, altså, bot og betring er lova. I dag, 21. juni, var første mulege test etter friidrettsforbundet si klare tale. Anders Bjørndal, Ole Martin Røssland (begge G16) og underteikna (sjåfør/oppvarmingsmakker/tidtakar) drog i veg for å testa dei nye tidene på Knarvik.

Vel, det skal dei ha: Eit nydeleg ver laga dei til for sitt vesle seriestemne. Ikkje så mange minuttar forseinka blei 800 meteren sett i gang kl. 19.35. Gutane sprang i veg, med godt mot, forserte ein lei motvind då oppløpssida blei runda, og etter dei vanlege to rundane på distansen kom Ole Martin i mål på brukande tid, hans nest beste på distansen; 2:10,95, medan Anders pynta aldri så lite på persen frå Framo, til 2:19,73.

Då er første del av testen unnagjort, den som krov fysisk utfalding. No gjenstår ventinga; først på resultatlistene på nettsidene (det er der dei til sist pleier å koma - og så langt berre der), så - spennande nok - på om det blir sendt inn på rett og forsvarleg vis, både stemnerapport og resultatliste, til Norges Friidrettsforbund.

Me har altså gjort vår del, så langt.

... to be continued...

mandag 20. juni 2011

Eigentleg berre best

Så er ei flott Tyrving-helg over, med heile spekteret av austlandsver og med ei røys av flotte prestasjonar. I lagkonkurransen er heimelaget alltid best, med mange, mange deltakarar, men heldigvis ikkje teljande. Sandnes IL stakk av med den store pokalen, svært knepent framfor IL Gneist. Dette er det høgaste Gneist har vore i lagkonkurransen under Tyrvinglekene i "moderne tid" (dvs. i alle fall dei siste seks-sju åra...).

Det er knallsterkt! Sandnes IL plukka poeng frå supermann Jacob Ingebrigtsen på 11 år til seniorklassane både for menn og kvinner. Medan andre tribuneslitarar frå helga i kveld spring den andre Sommarkarusellen, så skal underteikna høgtidleg markera avslutninga på ungdomsskulen for Gneist-troppens eldstemann, Ole Martin på 16 år og fire månader. Med andre ord: me plukka 0 poeng i alle øvingar frå 17 år og eldre. Toppen er altså enno ikkje nådd.

Kva var det elles eg skulle ha sagt? Jo, nokre av høgdepunkta sett med Gneist-auge frå siste delen av leikane:

100 meter for J15 blei ein fantastisk affære, der dei to beste dominerte kvar sin del av finalen og begge var frå Gneist: Vilde Lund Bjørnsen blei nr. 2 med 12,60 (1048 tyrvingpoeng) og Monika Benserud vann md 12,56 (1054 tyrvingpoeng). Begge jentene er under Kjersti Ristesund sin 26 år gamle klubbrekord elektronisk (inntil vidare får Kjersti også stå der med sine 12,4 manuelt). Og: Begge tidene er under senior-NM. kravet. Vilde på si side betra eigen klubbrekord på 200 meter, til 25,51, dagen før. Det er verdt heile 1077 poeng.

Renate Lie (J13) sprang ein perfekt 1500 meter og senka persen med om lag fire sekund, til 5:05,98. Det gir 994 poeng og det er berre like over sekundet bak Ingrid Sandvoll sin 35 år gamle klubbrekord. Det er nok eit naturleg mål for Renate.

Maren Haugen Lillefosse (J13) sprang ein fin 200 meter hekk, på 32,42, som gir 999 poeng. Så skadde Maren seg på 60 meter hekk, men det gjekk ikkje verre enn 9,86, ny klubbrekord, og eit løp verdt heile 1045 poeng...

Ei anna J13-jente, Cathrine Harris, hadde stor hopp-helg, med siger både i lengde og tresteg. I tresteg landa ho søndag på 10,25, som er verdet 1005 poeng. I lengde dagen før blei det over magiske 5 meter - 5,01 (1002 poeng), berre ni cm bak klubbrekorden med same satssona.

Amund Høie Sjursen (G15) sneik seg vidare til 100 meter-finalen i god motvind. I finalen fekk gutane springa på motsett side av Nadderud og Amund fekk vera med i eit sterkt heat og til ny pers, 12.10, fire tidelar under UM-kravet.

Stian Øvergaard Aarvik (G14) held fram med å nærma seg 4.30-grensa på 1500 meter.Det blei 4:30,91 i eit sterkt felt søndag. Løpet er verdt 979 poeng.

Og endeleg: Lørdag kveld bestemte Henrik Irgens Gravdal (G13) seg for at Tyrvinglekene kunne vera eit passande høve til å debutera på 1500 meter. Søndag ettermiddag var han meir enn klar, sprang eit meisterleg løp (der han trassa alle slags manøvrar frå konkurrentane...), og fekk solide 4:37,46, siger og 1003 poeng.

søndag 19. juni 2011

Så langt - så godt

Til og med sola kom og varma lørdag ettermiddag på Nadderud. "Typisk Tyrving-vær" utbasunerte den glimrande speaker Jo Nesse. No ja, tenkte vel me, etter å ha opplevd dei fleste typar ver dei siste fire åra.

Eg tar ein pause i statistikkføringa og konstaterer nokre fakta nedanfor. Resten får stå igjen til heimturen er unnagjort...

Men: Stafettlaget til gutane i 4 x 60 meter stafett kom i mål på 31,70 i 13- 14 årsklassen. Det er godt og vel sekundet betre enn den gamle klubbrekorden frå 1998. På laget sprang Emil Engelsen Holm, Henrik Irgens Gravdal, Stian Øvergaard Aarvik og Sondre Rinde.


Sistnemnde, Sondre Rinde (G13), sprang også særs sterkt på 200 meter hekk, kom i mål - og vann - på 30,43, noko som gir flotte 1046 tyrvingpoeng.

Pål Haugen Lillefosse (G10) sprang i G11-klassen på 200 meter på særs godt vis, kom i mål på 31,27, noko som er verdt 960 poeng i tiårsklassen.

Uheldig med vinden var Anna Evensen  (J11), som opplevde både + 2,1 og +2,2 på sine løp i dag, medan Kristoffer Blücher (G12) gjekk til topps (igjen!) på 200 meter med sterke 27,33, godt over sekundet framfor Henrik Gravdal sin klubbrekord frå i fjor, men dessverre med + 2,2 m/s i vind.

Og Eirik Leikvoll (G13) held seg rundt 50-51. Han hoppa jo 2,51 i stav hin dagen, tok 2. plass i stav i dag med 2,50 og persa på 60 meter frå 9,51 til 9.50 i dag...

Fleire gode prestasjonar og kuriositetar kjem i endeleg oppsummering.

lørdag 18. juni 2011

Litt bakpå...

... men berre eg altså. Ein kan ikkje reisa til Oslo/Bærum utan å sjå litt av gater og streder. I dag har det vore ein slik dag. Me har flanert saman med Andreas og Jon Iden og er klare for framhaldet på Nadderud.

Ein flott opningsdag var det fredagen. Veret var vestlandsfint, til og med... Alle slåst til siste hundredel. Stian Øvergaard Aarvik (G14) følgde opp det gamle ordtaket med å "Slå svensken", slo svensken i sitt 600 meter-heat med to hundredel. Då får det våga seg at han kom 1/100 bak eigen pers denne gongen.

Aleksander Lie (G15) sprang ein flott 300 meter hekk, i sterk konkurranse. Han hadde håpa å hamna i besteheatet, men kreativ bokføring på "Årsbeste" frå fleire av konkurrentane hindra han i det. 42,51 gir likevel fine 1022 poeng og er Aleksanders første besøk i 1000-klubben i 2011.

Kristoffer Blücher (G12) tar stadig nye steg som 600 meter-løpar. Fredag kom han i mål på 1:43,35, noko som gjorde at han følgde opp Henrik Gravdal sin siger i klassen frå 2010!

Og Henrik Gravdal (G13) sjølv gjorde eit nytt kanonløp på 600 meter. Han sprang jamt fort heile vegen og kjempa konkurrentane i senk, til 1:33,95, 1014 tyrvingpoeng og sterk betring av eigen klubbrekord.

torsdag 16. juni 2011

50 - 50 - 51!

Eg hadde ikkje før nemnt han, Eirik Leikvoll (G13), at han var tilbake etter skade, at han hadde heva seg over 2,45 inne i Høiehallen medan det regna ute tirsdagskvelden, før han slo til igjen.

Denne gongen var det blitt onsdag kveld, sola skein (tja, dette er kunstnarisk fridom sidan eg sat på konsert på Ullevaal Stadion på denne tida, men rykta vestifrå fortel...) då Eirik igjen hoppa stav, i framleis nye Arna idrettspark.

50 år har gått sidan Per Liland som 13-åring sette klubbrekord på 2,50. Onsdag kveld sneik Eirik seg - i rein Bubka-stil - 1 centimeter over den i Gneist-samanheng legendariske rekorden.

50 år var gått, 2.50 var rekorden på, no er den på 2,51.

Gratulerer, Eirik!

Bislett Games

Ingenting er som ein leikande tur til Bislett dagen derpå. I går kveld var det nemleg maraton - maratonkonsert med ein eldre ungdom frå New Jersey på Ullevaal Stadion. Denne gongen var det ikkje min eigen helt, Bruce, men den nest største musikarsonen frå staten, Jon Bon Jovi og bandet hans. Dei var rasande flink og heldt dei 31.000 på Ullevaal i ande i to og ein halv time.

Så i dag blei det ein roleg rusletur rundt i Oslo sentrum først, og deretter joggetur igjennom Oscars gate ned til Bislett. Der blei det leikande lette, private, Bislett Games, med eit par rundar og fire-fem drag. Ein av oss - eg skal ikkje påstå det var meg - fauk lett over 91-hindera som stod ute enno etter leikane for ei veke sidan. Og i dag var det sommar i Oslo som det er meininga den skal vera. På Bislett var det som ei god og varm gryte.

Og apropos: No er Donald Duck-leikane (games-en) på plass i resultatlistene. Me noterer oss at Håvard Rinde (G10) openbart har eit kastetalent. Hans 40,73 i liten ball gir 890 tyrvingpoeng og er fjerde beste Gneist-kastet for gutar i sesongen.

Me noterer også frå Høiehallen i regnveret utanfor hin dagen at Eirik Leikvoll (G13) er i gang igjen i stavgropa etter sin skade. Han svinga seg flott over 2,45. Det høyrer for ordens skuld heime i inne-statistikken. Innesesongen 2010-2011 varer heilt til 30. juni.

onsdag 15. juni 2011

I Torstein Erichsens rike

Aahh... Tenk om det hadde vore friidrettsstemne i dag... Men så er det onsdag og berre tid for karusellar rundt om, det er vel ein på Ravnanger?

Her i Oslo er det 22-23 fine grader. Det er nett så vidt vind. Og ein blir gjennomsveitt av ein tur i Torstein Erichsens rike - i og rundt Frognerparken. Det er litt urverkeleg å kjenna på sommaren igjen - og det er litt uverkeleg å lesa vermeldinga, til dømes for fredag. Om to dagar skal det nemleg bøtta ned. Bygdøy Allé skal gjerast om til ei elv og alle dei solbadande i parken blir dusjande i regn, så sant dei vågar seg utomhus.

Men me må jo utomhus, me må ta bussen heilt ut til Nadderud, der me får sjå kor jamn eller ujamn banen er. Der den er ujamn, blir dammane liggande det meste av helga.

Vel, vel, me får nyta finaveret så lenge me har det. Formen er fin, men det treng den også å vera, framfor ei hard helg på tribunen.

tirsdag 14. juni 2011

1977

I 1977 var eg ti år gammal og ein særs ivrig lesar av Donald-bladet. Skal eg vera snill og grei, så harmonerer det ganske godt med essensen i Donald Duck at resultatlistene frå Donald Duck Games på Bislett i starten av helga berre slik haltande finst enno. Resultata frå fredag 10. juni er lagt ut under linken "Se resultatlistene fra lørdag her!" Medan resultata frå lørdag 11. juni ikkje finst nokon stad. Enno. Men dei kjem nok.

14. september 1977 sprang ei 14 år gammal Gneist-jente, Ingrid Sandvoll, lengre enn kva som var lovleg då og kva som er lovleg no, 3000 meter. Og ho gjorde det særs godt: 10:54,1 er framleis klubbrekord på denne ulovlege distansen. 2. pinsedag gjorde Ingrid Næss Johansen (J14) sitt første angrep på Ingrid Sandvoll sin 34 år gamle rekord. På sitt første baneløp på distansen kom Ingrid i mål på 11:19,98, inne i pinsesola i Ulvik. Neste 3000 meter for Ingrid er planlagt i Strandebarm første søndagen i juli.

I 1977 debuterte eg som organisert idrettsutøvar, rettnok i fotball. Mandag debuterte Kristian Schjønningsen (G12) i Gneist-drakt under Ulvikaleikane. Den tidlegare representanten for friidrettslaget Frisk i Fyllingsdalen sprang på fine 1:46,88 på 600 meter og støtte kula 8,16. Det siste er det sjuande beste kastet for gutar i Gneist-drakt i 2011.

mandag 13. juni 2011

Dei gamle

Hordar bankar ned dørene mine - i alle fall ein slengar på dei virtuelle epost-dørene - og undrar kor det blir av dei gamle i år? Kor blir det av veteranane? Det har vore dønn stille på banefronten sidan innesesongen. Skal me vera positive - og det skal me vel? - så samlar dei vel alle kreftene sine til Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm første helga i juli? Og Norna-karusellane i juli er det vel også håp for?

No ja, me kan ikkje anna enn å lova å følgja opp innsatsen til veteranane når dei måtte finna for godt å ta den - innsatsen - i bruk.

Og så, så er me naturlegvis urettvise, i vårt einsidige fokus på bane. Sommarkarusellen starta opp sist mandag med flotte løp mellom anna av Jostein Lie  og Terje Norheim.

Og Hordaland Bedriftsidrettskrets sin Bedriftskarusellen er halvvegs etter Sommarløpet ved Skansemyren sist torsdag. Her har formpila til nemnde Lie peika strake vegen oppover. Han gjennomførte sitt beste løp så langt i sesongen under Sommarløpet og ligg på ein flott 4. plass halvvegs i Karusellen. Det gjer han 14 sekund framfor den yngste bedriftsutøvaren, den halvprofesjonelle snart 14-åringen Ingrid Næss Johansen (som leiar kvinneklassen) og 18 sekund framfor Lars Arve Røssland. Sistnemnde har Bloggen spesielt god kjennskap til. Formen hans har vore som ei jo-jo- ferd denne våren. Sist torsdag var han der tråden på jo-jo- en nektar å følgja med opp og ein må berre bita i det sure eplet og tvinna tråden opp med handamakt.

Også nemnde Terje Norheim sprang habilt under Sommarløpet. Terje er ikkje med i samandraget i år, men har framleis sjansen til å hausta heider for seks gjennomførte løp. Då må han gjennom fire av fem løp i den hektiske hausten.

Men, altså, her er framleis rom for framgang for dei gamle - orsak; for dei eldre - av oss!

(P.S.: Snart heimkomne Jon Iden har annonsert sesongdebut under Sommarkarusellen 20. juni.)

søndag 12. juni 2011

Turné

Nokre av oss gler oss til eit nytt norgesbesøk på Bob Dylan's "Never Ending Tour". Til overmål kjem Bob denne gongen til Koengen - den 29. juni.

Om det ikkje er ein "Never Ending Tour", så er det ein del familiar som er i ferd med å legga ut på saftige friidrettsturnéar rundt om i inn- og utland dei komande vekene.

Familien Rinde, til dømes, starta no i pinsehelga med Bislett Games-sjåing og Donald Duck Games-deltaking. Det er sikkert gjævt på Donald Duck Games, men dei par åra arrangementet har vore i drift (sidan 2009), så har det vore eit lite mareritt for statistikkførarar: både sein service og med opptil fleire feil.

Så langt ligg berre resultatlista frå fredag 10. juni føre. Til gjengjeld gjorde brørne Rinde det særs godt den første dagen: Håvard (G10) fekk 11,88 på 60 meter hekk og persa til 2:06,23 på 600 meter. Sondre (G13) sette stemnerekord under Mailkene på 60 meter hekk. Då måtte han nøya seg med manuell tid; 9,5. Denne gongen betra han denne tida, no elektronisk og med 0,1 i medvind, til 9,58. Det gir 1044 tyrvingpoeng og då er det denne tida som utgjer Sondre sin klubbrekord i øvinga.

Og turnélivet held fram - til Tyrving, Veidekke, her og der i Sverige, til...

lørdag 11. juni 2011

Lynande gode jenter - Før Tyrving II

Jaja, når ein driv med utandørsidrett må ein både følgja med på vermeldingane og å tåla det veret som måtte koma. Men er ein vestlending og det er sommar, så tenker ein gjerne at ein skal til Austlandet for å tørka seg. Denne gongen verkar det som om det ikkje skal slå til på turen til Tyrvinglekene. Snarare tvert om, som det gjerne heiter. Det har som kjent regna hundar og kattar og slikt der aust denne veka. Etter ein liten pause no ved slutten av pinsehelga skal regnet, lynet og tordenveret koma tilbake på besøk til Tyrving-helga. Slik det ser ut no.

Så, heldigvis, har me lynande gode utøvarar... Dei som er litt engstelege for tordenver får berre springa endå litt fortare enn vanleg. Og enno kan me jo håpa at dei austlandske vergudane tar seg kraftig saman.

Gneist-jentene som er påmeldt til Tyrving:

J10:
- Sara Tyssebotn Berg: 60m, 600m, lengde, liten ball

J11:
- Anna Evensen: 200m, 60m, 60m hekk, lengde, liten ball
- Charlotte Harris: 200m, 60m, høgde, kule, lengde

J12:
- Nora Øvergaard Aarvik: 200m, 60m, 600m, høgde

J13:
- Anita Norheim: 200m, 60m
- Cathrine Harris: 200m, 60m, 60m hekk, kule, lengde, tresteg
- Maren Haugen Lillefosse: 200m, 200m hekk, 60m, 60m hekk, høgde, lengde
- Maria Tyssebotn Berg: 1500m, 60m, 600m, lengde
- Renate Lie: 1500m, 60m, 600m, lengde, tresteg

J14:
- Anna Serine Røssland: 600m, 1500m
- Ingrid Næss Johansen: 600m, 1500m

J15:
- Monika Benserud: 100m, 200m, 80m hekk, lengde, stav, tresteg
- Vilde Lund Bjørnsen: 100m, 200m, lengde

Gutane er altså i fleirtal og det er ein etter måten ung Gneist-tropp som reiser av garde. Om eit par-tre år får det vera ei von at me har utøvarar over heile aldersspekteret. Men det er særs flinke jenter som reiser. Her kjem det til å vanka medaljar og premiar i mange øvingar. Og regnet skal me nok tåla.

fredag 10. juni 2011

Sterk Gneist-tropp - Før Tyrving I

128 startar er Gneist-utøvarar påmeldt til på neste helgs Tyrvinglekene. Det er naturleg nok noko mindre enn på Framo sist helg, men temmeleg bra likevel. Eg minnar om at Gneist markerte seg sterkt i lagkonkurransen i fjor. Det vil overraska meg mykje om det ikkje blir eit lite hakk sterkare i år.

I tillegg til solid deltaking frå Norge - det er jo dette stemnet "alle" satsar på - så kjem det også ein fin liten bukett frå Sverige, ikkje minst frå Sävedalens AIK, som har for vane å plassera seg i toppen av dei konkuransane dei deltek i.

Og veret?... Vel, for dei som såg på Bislett Games torsdagskvelden så kunne kanskje det gi ein ide: utanfor vindauget her heime var det lettskya og fint, på tv-skjermen ausa det ned på Bolt-ane og dei andre. Førebels er meldinga: For all del hugs Gneist-regnjakka! (Elles merka me oss at Tyrving-general og-speaker Jo Nesse var  i sitt ess, mellom anna som intervjuar av Usain Bolt på Bislett i går kveld - han er altså i god form, i alle fall.)

Dette er Gneist-gutane som er påmeldt Tyrvinglekene  2011:

G10:
- Håvard Rinde: 60m, 60m hekk, 600m, kule, lengde, liten ball
- Pål Haugen Lillefosse: 200m, 60m, 60m hekk, 600m, lengde, liten ball

G11:
- Thomas Blücher: 200m, 60m, 600m, lengde, liten ball

G12:
- Kristoffer Blücher: 200m, 60m, 600m, kule, lengde, liten ball

G13:
- Casper Stenersen: 600m, 1500m
- Eirik Leikvoll: 200m, 60m, høgde, lengde, stav
- Henrik Gravdal: 200m, 200m hekk, 60m, 600m, lengde, liten ball, tresteg
- Sondre Rinde: 200m, 200m hekk, 60m, 60m hekk, kule, lengde, tresteg

G14:
- Emil Engelsen Holm: 200m, 200m hekk, 60m, 80m hekk
- Stian Øvergaard Aarvik: 60m, 600m, 1500m

G15:
- Aleksander Lie: 100m, 300m hekk, 400m, 800m
- Amund Sjursen: 100m, høgde, kule, lengde
- Håvard Våge Opheim: 100m, høgde, lengde, stav
- Magnus Leikvoll: 100m, 200m, høgde, kule, stav
- Stian Norheim: 800m, 2000m

G16:
- Andreas Iden: 800m, 3000m
- Ole Martin Røssland. 800m, 3000m

Her har alle utøvarane sjansar til å markera seg høgt oppe i minst éi av øvingane sine, så dette blir bra. Og altså: Andreas Iden (G16) is on his way back home...

onsdag 8. juni 2011

Ein fin kveld for friidrett

Ai, ai, ai, for ein flott kveld for friidrett! Eg tenker ikkje på Bislett Games torsdag. Vergudane har truga med å opna slusene over Bislett, så der får me nett sjå.

Eg tenker i staden på kveldens karusellstemne på Hatland, Lonevåg, Osterøy. Det var eit stemne som var nærmast uverkeleg dårleg besøkt, gitt dei glimrande forholda.

Dei to fantastiske løparane våre i 98-årgangen, Casper Stenersen og Henrik Gravdal hadde ein fantastisk duell, heilt utan at Casper var til stades. Henrik sprang eit sterkt åleine-løp på 600 meter. I mål kom han på ny pers og ny klubbrekord: 1:35,75. Det er smått utrulege eitt hundredel framfor tida Casper oppnådde under Hovdingleikane for ein månad sidan. No gler me oss til Tyrving!

Ole Martin Røssland (G16) følgde opp sin fine 2000 meter frå Framo søndag då han flytta persen på 1500 meter ned med nye fem sekund, til 4:18,24.

I same heatet kjempa Jørgen Jensen Axelsen (G18) seg inn til 4:12,55, eitt tidel under årsbeste og to og eit halvt sekund bak persen frå 2010.

Det var også fine 1500 meter-løp av Anna Serine Røssland (J14), eitt sekund bak den nybakte persen frå Framo (5:14), av Stian Norheim (G15), som var eit par tidel bak persen frå i fjor (4:40) og av Stian Ø. Aarvik (G14), som hamna i "feil" heat og sprang solo-løp til 4:38.

Alt i alt ein flott kveld for friidrett. Eg kan visa vegen til Lonevåg neste gong...

tirsdag 7. juni 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 7. juni

Det har skjedd til dels store endringar på oversikten over dei som har markert størst framgang frå 2010 til 2011, ikkje minst i løpet av Framolekene - og særleg i løpsøvingar. Det er verdt å merka seg at dette er ein tyrvingpoeng-basert oversikt. Difor fell elles særs gode prestasjonar, som Henrik Gravdal sin 800 meter og Renate Lie sin 1500 meter hinder utanfor. Til gjengjeld blir det rein pluss for desse to på øvingane neste sesong.

Av alle dei som har gjort hopp og byks denne gongen vil eg nemna éi særskilt: Maria Tyssebotn Berg (J13) debuterte lørdag på 1500 meter på ein framifrå måte og gjorde sitt beste løpsresultat der. Det blir spennande å følgja med utviklinga hennar på denne distansen vidare!

Neste gong er vårsesongen unnagjort (ikkje minst med Tyrving).

JENTER
Løp
- Silje Stenersen (ny)
- Maria Tyssebotn Berg (ny)
- Charlotte Harris (ny)

Hopp
- Synne Våge Opheim
- Maria Jensen
- Sanne Lillevik Christensen (ny)

Kast
- Cathrine Harris (ny)
- Maren Haugen Lillefosse (ny)
- Charlotte Harris

GUTAR
Løp
- Stian Norheim (ny)
- Kristoffer Blücher
- Herman Hovland (ny)

Hopp
- Erlend Biskopshavn
- Magnus Leikvoll
- Thomas Blücher (ny)

Kast
- Kristoffer Blücher (ny)
- Gjert Høie Sjursen
- Amund Høie Sjursen

mandag 6. juni 2011

Approbering

"Approbering"  - det høyrest ut som noko som gjer vondt hos tannlegen. På betre norsk og i vår samanheng betyr det at eit friidrettsstemne er godkjent formelt. Ein sender inn informasjon om eit stemne ein ønskjer å ha og søkjer om å få det plassert i terminlista. Om alt er i orden, så blir det altså approbert. Dette er ein føresetnad for at resultata frå eit gitt stemne skal bli godkjende

Men det er ikkje tilstrekkeleg. Resultata frå stemna må også sendast inn tenesteveg, til friidrettsforbundet, og vera følgt av ein stemnerapport. Denne rapporten fortel til dømes noko om kva for form for start ein har brukt i løp, om det har vore elektronisk eller manuell tidtaking, om det har vore brukt godkjent vindmålar, osb.

I prinsippet er det først når resultat - frå godkjende stemne - er blitt sendt inn på denne måten at me statistikkførarar kan ta i resultata. No er me jo snille og greie og får med oss resultat som ligg og slenger ute på nettet, utan at dei ha vore sendt inn etter føreskriftene også, men me bryt altså med gylne prinsipp når me gjer det.

Dette er no - akkurat i dag - stramma inn på. AKS-77, som køyrer sine stemne på banen i Knarvik og som også har sine AKS-leikar, har i dag blitt fråtekne godkjenninga på sine stemne. Grunnen at dei er verst i klassen når det gjeld innsending av resultat. Eg reknar vel med at dei tar seg saman, men utøvarar som ønskjer at sine resultat skal bli godkjende - til statistikkbruk og til kvalifiseringskrav - bør nok prioritera arrangørar som har sitt i orden på dette feltet. Norna-karusellen fungerer heilt fint, Osterøy er heilt framifrå. Karusellen på Ravnanger brukar vel ein 8-10 dagar på å senda inn, men dei gjer det. Også Hovding er seine: Første rulett i år blei sendt inn i dag, 18 dagar etter arrangementet, men også her kjem det no inn til sist.

Som administrasjonen i Norges Friidrettsforbund seier det i ein epost i dag: "Det er et helt håpløst forhold om vi sentralt skal forholde oss til egne nettsider for over 700 klubber for å finne de resultater som finnes. Derfor må de være innsendt for å ha noen gyldighet, f.eks. som kvalifisering til mesterskap."


Eg veit ein del har etterlyst resultat frå Mailekene i Haugesund, landets største todagars stemne, som dei seier sjølve (det stemmer sikkert). Eg var i det snille hjørnet og henta resultata frå nettsidene til Hagesund IL, men desse resultata er visstnok enno ikkje sendt inn.

Reparerere, kvalifisere, approbere... Pompel og Pilt!

søndag 5. juni 2011

Rekordar til (to) tusen

Endeleg! Full sommar i Bergen! Ikkje veit eg om det er fortent eller ei, men IL Norna-Salhus får rett som det er godveret til sine leikar, Framolekene - så også i 2011. Det tok til med litt hustrig torsdagen, så blei det berre betre og betre og varmare og varmare.

Som vanleg; eg har ingen garanti for at eg har fått med alt, men her er det eg har notert parallelt med kveldens statistikkføring, for klubb og fedreland:

Kristoffer Blücher (G12) sprang ein glitrande 100 meter i G13 og slo Sondre Rinde sin eitt år gamle klubbrekord: 13,42 blei Kristoffer si tid.

Ole Martin Røssland (G16) vann 2000 meter på 5:55,02. Det gav smått irriterande 999 poeng, men det er også ny klubbrekord.

Ingrid Næss Johansen (J14) sprang ein flott 2000 meter, kom i mål på 7:08,35 - ny klubbrekord og 958 poeng.

Vilde Omholt (J16) heldt fram trenden frå fjoråret, med å persa solid kvar gong ho stiller opp på ein 2000 meter. Denne gongen flytta ho persen til 7:16,16 - også det ny klubbrekord.

Cathrine Harris (J13) betra eigen rekord i kule (2kg) på ein overtydande måte, då ho støtte 11,09 - godt og vel meteren lengre enn gammal lengde. Det er også i nesten-tusen-poeng-klubben: 993.

Og endeleg: Monika Benserud (J15) kom seg heilt ned på 12,64 på 100-meteren. Det gir heile 1041 Tyrving-poeng og det er tangering av Kjersti Ristesund sin 26 år gamle klubbrekord på distansen.

Eitt av dei verkelege høgdepunkta kom då Maren Risøen (J16) landa på 5,03 i lengdegropa. Ho kom seg både over ei flott grense, men viktigast: ho blei siste tilskotet i UM-gjengen til Gneist med det hoppet. Også Marianne Benserud (J16) kom seg under eit UM-krav, på 100 meter med 13,41 (krav: 13,45). Stian Norheim (G15) feia all tvil ti sides på 2000 meter. Han kom i mål på 6:16, over 25 sekund betre enn UM-kravet.

Pål Haugen Lillefosse (G10) innkasserte 1014 poeng for høgdehoppet på 1,27.

Renate Lie (J13) sprang på 13,38 på 100 meter, som gav henne endå eit medlemskap i 1000-klubben (1003).

Til sist: I tillegg til at det var mange over 1000, mange rekordar og klarte kvalifikasjonskrav var det også mange resultat høgt oppe på 900-talet. Der hamna også Jørgen Jensen Axelsen  (G18) i sin 3000-debut på 8:57,11. Det er verdt 980 poeng, det er seks sekund bak pers, men godt under kva Jørgen sprang på til same tid i 2010.

Hjallis

Ei slik rekordhelg som me opplever under Framolekene 2011 får ein til å minnast Hjalmar "Hjallis" Andersen sine ord då han blei spurd om verdsrekordane si utvikling på skøyter. Ein kan ikkje gå på 0 heller, sa han - med ein smule tvil i stemma. Han var rett og slett imponert over korleis rekordane berre blei flytta nedover og nedover.

Casper Stenersen (G13) tilhøyrer den gylne 98-årgangen og spring berre fortare og fortare. 4:27,35 på 1500 meter gav han 1074 poeng - klart beste løpsresultatet på gutesida i Gneist så langt denne sesongen. Det er også godt og vel fire sekund under Andreas Iden sin tre år gamle klubbrekord. Berre fenomenet Jakob Ingebrigtsen (G11) frå Sandnes IL sin 600 meter overgjekk Casper sitt løp (1:40,46 i G11 gir 1118 poeng).

Og 98-er- generasjonen held fram: Sondre Rinde hadde frå før ein solid klubbrekord på 60 meter hekk frå Haugesund med manuell tid (9,5). Lørdag flytta han også Aleksander Lie sin to år gamle rekord med elektronisk tid godt under 10-talet, til 9,79.

Både Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen (J15) har sprunge raskare på 60 meter tidlegare, men det var innomhus. 8,01 på Vilde gav 1037 utepoeng og 7,93 på Monika heile 1059 poeng. 7,93 er også ny klubbrekord ute, ho har sjølv 7,87 frå innesesongen.

Ingrid Næss Johansen (J14) held fram med å forbetra sine tider, dennge gongen flytta ho 1500-metertida si ned til 5:09,59. Med det er Ingrid under junior-NM- kravet på distansen til junior-NM i Sigdal i 2012.

Til sist ein liten fin bukett: Amund Høie Sjursen (G15) er tilbake med 7,75 på 60 meter og 946 poeng, Stian Øvergaard Aarvik (G14) held fram sin fine framgang, er heilt nede på 4:33,40 på 1500 meter og oppe i 962 poeng.

Og Heine Røssland (G8/9/10/11) braut den magiske 17,00- grensa på 60 meter (16,97) - og fullførte lørdagens stemne med ein 800 meter etter at siste 1500 meter var i mål...

lørdag 4. juni 2011

Henrik Rodal Gravdal

Ein ny fantastisk dag på Fana Stadion er over. Det hagla med gode resultat og forholda var glitrande for mange øvingar. Denne gongen måtte eg nøya meg med eit par-tre 200 meterar og alle 800 meterane, men du verda kva eg då fekk med meg!

Ei augustnatt i 1996 sprang ein trønder ved namn Vebjørn Rodal ein 800 meter i Coca Cola- og CNN-byen Atlanta på 1:42,58. Det gav OL-gull. Rodal var då 24 år gammal. 11 år tidlegare klarte han den sterke tida 2:11,0 som 13-åring. I dag sprang kometen Henrik Irgens Gravdal (G13) sin 800-debut på sterkaste vis: 2:11,04! Med det sletta Henrik også Sigve Stenersen sin 28 år gamle klubbrekord (2:12,1).

Klubbrekord blei det også på Gjert Høie Sjursen (G11) i diskos (0,6kg). Med 26,63 sletta han Endre Fagerlid sin 17 år gamle rekord.

Vilde Lund Bjørnsen  (J15) oppnådde dagens høgste tyrvingpoeng-sum i Gneist-gjengen med 1053 poeng for sin 200 meter på 25,82. Me noterer det som utomhus-klubbrekord. Det er 1/100 bak hennar innetid frå sist vinter. Monika Benserud (J15) sletta Amalie Tefre Skage sin fem år gamle klubbrekord i tresteg, då ho oppnådde 11,56 med godkjent vind. det er seks centimeter lengre enn Amalie sitt hopp i si tid. I tillegg hadde Monika 11,74, med så vidt for mykje vind.

Til liks med Henrik, så spring Renate Lie (J13) 800 meter utan å få poeng for det, men 2:27,32 er likevel ei særs sterk tid for ein 13-åring, ikkje minst når det blir gjort i skytteltrafikk mellom tresteg-gropa og springebanen. Vel så sterk var likevel Ingrid Næss Johansen (J14) sin 800 meter. Ho flytta persen sin ned til 2:29,45, noko som gjer at Ingrid alt er kvalifisert til 800 meter under neste års UM på Askøy.

Til sist: Her var haugevis av flotte resultat. Siste poenget eg vil nemna er at det var særs god laginnsats i tresteg-gropa mellom jentene på 13 år (langt frå uvanleg), med Cathrine Harris sitt 9,87 som høgdepunktet, og mellom jentene på 11 år (særs gledeleg), der Sanne Lillevik Christensen oppnådde 8,59.

torsdag 2. juni 2011

Hinder ingen hindring

Då er Framolekene i gang. Det blei ein mjuk start, både for utøvarar, publikum og statistikkførarar. På kvelden den første dagen er det eit lett snart-sommar-slør av lett skoddeyr som senkar seg over omlandet ved Nordåsen. Det blir snart vanleg "Framo-ver" og meir hektiske dagar der oppe på Fana stadion.

Først og fremst var dette hinder-dagen. Hinder er spesielt gjævt fordi det blir arrangert så sjelden. Til gjengjeld florerer det med persar, årsbeste, klubbrekordar - og til og med ein nasjonal rekord.

Anna Serine Røssland sette ny norsk aldersrekord på 1500 meter hinder i fjor haust, var det temmeleg klart at rekorden var på lånt tid. Renate Lie (J13) var topp motivert for å springa distansen ved første høve og det høvet fall på 14-årsklassen under Framolekene. 5:29,66 er den nye nasjonale rekorden - og til og med klubbrekorden... i klassen. Det er høgt opp på Richter's skala, men poeng på Tyrvingtabellen må Renate venta med på distansen til neste år. Til gjengjeld fekk Anna Serine poeng i år, for sitt løp på 5:41,27. Det gir 994 poeng. Det er også klubbrekord i J14.

Broder Ole Martin Røssland (G16) sneik seg så vidt ned på pers med 4:39,32 då han vann sin klasse. Han sneik seg også så vidt over 1000 poeng (1003) og sette klubbrekord i G16. Den gamle tilhøryde Jørgen Jensen Axelsen (no G18), som er blitt ein langt meir dugande hinderløpar no. 6:18,82 på 2000 meter hinder let seg høyra. det gir 984 poeng på tabellen, noko som plasserer han i godt selskap i "nesten-1000-poengsklubben-på-hinder", saman med nemnde Anna Serine og med Stian Norheim, som med eit solid løp i G15 persa ned til 4:51,99, som gir 978 poeng.

onsdag 1. juni 2011

Andreas - og Heine

Andreas Iden (G16) flytta årsbeste på 3000 meter ned eit lite hakk til under stemnet på den mellombelse heimebanen i Manchester tirsdag kveld. Den nye tida er 9:11,41. Andreas hamna på 28. plass i det sterke heatet, der vinnartida var på 8:21 og der 24 løparar kom under 9:00. Dei fleste løparane var seniorar, nokre var U23 og U20. Berre to av løparane var i U17-klassen og av desse to var Andreas best med god margin. No ser me fram til at Andreas kjem tilbake til den eigentlege heimebanen, Fana Stadion, sjølv om sesongdebuten på norsk jord kjem under Tyrvinglekene den 17. juni.

Heine Røssland har i dag vakna til sin månad, juni. Rettnok er det heile fire veker å venta til 11- årsdagen, men likevel, det hjelper på at månaden er her. Og Framo-arrangør Norna-Salhus har vore særs greie og skaffa Heine plass i startfeltet mellom rekruttane på 8 og 9 år sin 60 meter lørdag. Dette blir stort!