tirsdag 31. mai 2011

Jenteløftet - Før Framolekene II

For eit par år sidan lanserte Norges Fotballforbund noko dei kalla "Jenteløftet", dei ville løfta jentefotballen opp og fram, både gjera den betre og betre omtalt. Friidrettsjentene i Gneist er definitivt knallgode. Dei kjem til å prega Framolekene - som no berre er to dagar unna - frå start til slutt. Omtalen kan like definitivt bli betre. Fotballkampen mellom Fjøra og Fana fekk i dag fleire linjer i Fanaposten enn stafett-suksessen til BFG i NM/UM. Ja, til og med kampen mellom Smørås og Radøy Manger slo omtalen av stafettjentene (og -gutane). Det er ei mager trøyst at det blei to linjer meir enn kampen mellom Bjarg og Florø. Om Bergens Tidende sin særs smålåtne og tilfeldige omtale er betre eller verre, blir ein akademisk diskusjon.

No ja, her er dei påmelde jentene til Framo (ti år og eldre):

J10:
Sara Tyssebotn Berg: 600m, lengde, 40m, 60m
Miriam Haugland, 60m hekk, lengde, 60m

J11:
Charlotte Harris: 40m, kule, høgde
Sanne Lillevik Christensen: 60m, lengde, tresteg
Madeleine Sande: 60m, lengde
Silje Stenersen: 60m, 600m, lengde, tresteg


J12:
Nora Øvergaard Aarvik: høgde, 60m, 600m


J13:
Cathrine Harris: 60m, 100m, 200m, lengde, tresteg, kule, 60m hekk, spyd
Renate Lie: 60m, 100m, 600m, lengde, tresteg, 800m, 1500m hinder
Maren Haugen Lillefosse: 60m, 100m, 200m, 600m, lengde, tresteg, kule, 60m hekk, høgde
Anita Norheim: 60m, 100m, lengde, tresteg, 60m hekk, spyd, diskos
Maria Tyssebotn Berg: 200m, 1500m, 600m, tresteg

J14:
Ingrid Næss Johansen: 1500m, 800m, 2000m
Anna Serine Røssland: 1500m, 2000m, 1500m hinder


J15:
Monika Benserud: lengde, tresteg, stav, 80m hekk, 60m, 100m, 200m
Vilde Lund Bjørnsen: lengde, 60m, 100m, 200m

J16:
Marianne Benserud: 60m, 100m, 200m, stav, høgde
Maren Risøen: 100m, 200m, lengde
Vilde Omholt: 800m, 2000m

J17:
Hedda Magnerud: 100m, 200m, 60m
Synne Opheim: tresteg, stav

Maren Haugen Lillefosse (J13) er altså oppe i ni startar - ho tar til å bli smålåten. Me registrerer at Maria Tyssebotn Berg (J13) skal debutera på 1500 meter og me er spente på lengdeformen til Maren Risøen (J16). Og torsdag spring Renate Lie (J13) og Anna Serine Røssland (J14) 1500 meter hinder. Det blei ei våt, men god, trening i vassgrava mandag kveld. Flott at vermeldarane spår om nesten-sommar det meste av Framo-helga (igjen), men dumt at det startar først i løpet av fredag, slik at tørkeveret for hinderløparane ikkje blir det aller beste.

Denne gongen ser det ut til at yr.no gir oss hakket betre ver (og temperatur) enn storm.no

mandag 30. mai 2011

Team

Bak på ryggane står det "Gneist Junior". Fire staute ungdommar - i ulik høgde - går rundt omkring i idrettssentrum av Drammen by før sin banestafett-debut i UM-samanheng. Det osar lag, miljø og gode idrettsvener lang veg.

Det er ei god stund sidan IL Gneist stod på startstreken under eit slikt arrangement. Slik sett var det ein milepæl i den nye blømingsperioden for friidretten i Gneist då Stian Norheim la i veg på første etappe på 4 x 600 meter i UM på friidrettsbanen på Marienlyst søndag. På førebuingsmøtet vårt søndag morgon var me samde om at det kunne bli alt frå 3. til 11. plass (det var 11 lag påmeldt). Det blei ein 7. plass, så då hamna midt inni der. Rettnok møtte ikkje to av dei 11 laga, men det høyrer med å stilla. Og det eine laget braut, men det høyrer med å koma til mål. Og Aleksander Lie kontrollerte inn 7. plassen, framfor ærverdige BUL frå Oslo. Mellom der gjorde Søvikheia sine distanse-løparar på gutesida, Anders Bjørndal og Ole Martin Røssland sin del av team-arbeidet.

Me drøymde nok om høgare plassering og om betre tid enn 6:23,4, men me oppdaga at det ikkje var notert klubbrekord på distansen tidlegare... Og her ligg det ei viktig spire: Her ligg det ein tradisjonsstart. Ikkje berre bør Aleksander og Stian ta mål av seg om å vera berebjelkar på neste års lag i Moss, etter der kjem Casper Stenersen og Henrik Gravdal med sitt kompani. Her skal det byggjast lag år etter år.

Då er det kjekt å høyra om at dei yngre ungdommane markerer seg så det syng etter på det vesle AKS-leikane- stemnet på Knarvik. Ein soleklar kandidat til neste års 4 x 600-lag er Stian Ø. Aarvik, som senka 600-persen sin til meir enn småfine 1:36,62 på Knarvik. Og i neste pulje kjem Kristoffer Blücher, som også berre senkar og senkar på 600-pers, no til 1:46,67.

Jentene byggjer sine lag i BFG-anden. Monika Benserud var med på tre stafett-gull i helga, Vilde Lund Bjørnsen på to og Marianne Benserud på eitt. Og i åra som kjem kan det bli fleire Gneist-jenter på felles BFG-lag. Ei som er sjølvskriven, når den tida kjem, er Renate Lie, som er på gang igjen. 600 meter har kanskje vore hennar sterkaste øving, på Knarvik blei det 1:41,39, 1014 Tyrving-poeng og under sekundet ned til Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord.

lørdag 28. mai 2011

208 startar - Før Framolekene I

Eg skal ikkje garantera at eg har det rette talet, men eg har kome fram til at Gneist har 208 startar i komande vekes Framolekene. Det må vera brukbart...

No er dette så mange at det er uråd å fokusera på sjansar og felt for dei enkelte utøvarane. At Gneist kjem til å markera seg kraftig gjennom alle dei fire dagane, er likevel heva over tvil.

Her følgjer oversikten over gutane sine startar (10 år og eldre):

G 10:
Hans-Magnus Haukøy: lengde, 600m, 60m, høgde
Pål Haugen Lillefosse: lengde, 600m, 60m, 60m hekk, høgde, 40m, kule, tresteg
Håvard Rinde: lengde, 600m, 60m, 60m hekk, høgde, 40m, kule, tresteg, spyd


G11:
Espen Bjørndal: 40m, 60m, høgde, lengde, 60m hekk
Thomas Blücher: 40m, 60m, lengde, tresteg, 600m
Tobias Damm: 40m, lengde
Johannes Møllerup: 60m, lengde, 600m
Gjert Høie Sjursen: 60m, kule, slegge, spyd, diskos
Hans Jakob Stava: 60m, lengde, 600m


G12:
Kristoffer Blücher: lengde, tresteg, kule, 100m (G13), 40m, 600m, 60m
Jesper Høie Hausberg: lengde, 600m, 60m
Snorre Høie Hausberg: lengde, 600m, 60m
Herman Hovland: spyd, 40m, 600m, 60m

G13:
Henrik Irgens Gravdal: 60m, 600m, lengde, spyd, tresteg, 800
Sondre Rinde: 60m, 100m, 60m hekk, lengde, kule, tresteg, 200m
Casper Stenersen: 100m, spyd, 1500m


G14:
Emil Engelsen Holm: 100m, 60m, 60m hekk, 80m hekk
Jens Larsen Åstveit: 100m, 200m
Stian Øvergaard Aarvik: 600m, 800m, 1500m


G15:
Aleksander Lie: 1500m hinder, 200m, 400m, 300m hekk
Stian Norheim: 1500m hinder, 2000m, 800m
Magnus Leikvoll: 60m, 100m, høgde, kule, stav
Håvard Våge Opheim: 60m, 100m, høgde, stav
Amund Sjursen: 60m

G16:
Anders Bjørndal: 60m, 800m, 1500m
Eirik Karstad, 1500m
Ole Martin Røssland: 1500m, 1500m hinder, 2000m

G 18/19:
Jørgen Jensen Axelsen: 1500m, 3000m, 800m, 2000m hinder

Eit par kommentarar berre: For klassane frå 15 år og oppover er hinder innlagt KM-øving torsdagen. Her er både Aleksander Lie (G15) og Ole Martin Røssland (G16) med og kjempar om KM-tittelen. Elles registrerer me hyggeleg nok nye namn i Jens Larsen Åstveit (G14) og Jesper og Snorre Høie Hausberg (G12). Herman Hovland er ein spennande start med sesongdebut i G12. Han kan gjera det skarpt i så ulike øvingar som spyd og 600 meter. Me registrerer at eldestemann Damm, Tobias, er påmeldt på sprint og i lengde (G11). Ynstemann Sebastian fekk jo sin debut under rekruttstemnet nyleg. Eirik Karstad (G16) debuterer i Gneist-drakta, kanskje noko overraskande - men spennande nok! - på 1500 meter. Henrik Gravdal (G13) spring sin lengste banedistane til no, fredagen, når han er med på 800 meter.

fredag 27. mai 2011

Kvalifiseringsnytt

Til dei store samanhengane, til VM og OL og slikt, heiter det seg at dei som er kvalifiserte "kan ta mål av VM-/OL-dressen". For Gneist-utøvarar kvalifiserte til UM må det nærmaste vera å sjekka at "Gneist Junior"-overtrekksdrakta framleis passar - eller å ta mål av den for dei heilt ferske.

Sist me kikka på oversikten over dei kvalifiserte, var det 14 utøvarar som var klare for UM i Fredrikstad sist i august. Det var talet før første banestemne i år var blitt arrangert. Både uteresultata frå fjoråret og vinterens inneresultat er gjeldande som kvalifiseringsgrunnlag.

Framleis er sesongen fersk, men me vil peika på følgjande nyhende:

Anne-Marte Aldal Sætre (J17) har svinga seg over 2,30 i stav og er dermed kvalifisert seg til UM, der kravet er på nettopp det. Til overmål er kravet framleis på 2,30 for 18/19-klassen og dermed er Anne Marte alt kvalifisert til evenementet på Askøy neste år også. Dette gjer Anne Marte til nr. 15 på lista over UM-kvalifiserte i år.

Så har Marianne Benserud (J16) kvalifisert seg på 200 meter, med tida 27,45 frå opningsstemnet. Dette er også under kravet for J17 til neste år.

Aleksander Lie (G15) har utvida sine øvingsval - her må det nok prioriterast - med også å kvalifisera seg på 200 meter. Han har krope under kravet på 25,35 med 7/100.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) skal alt springa 3000 meter og 2000 meter hinder i UM, men nærmar seg også kravet på 800 meter. Det er på 2:03,00 og Jørgen er no nede på 2:05,76 etter karusellen på Osterøy denne veka.

Så gler me oss til Gneist-debuten for osingen Eirik Karstad (G16). Han er absolutt UM-kandidat. Nærmast er han frå tidlegare i høgde, der han kom seg over 1,65 i fjor, noko som er fem centimeter under årets krav.

Stian Norheim (G15) er alt reiseklar på den opne distansen, 1500 meter hinder, men det er ei særs rimeleg forventning at Stian kjem seg under kravet på 2000 meter under Framolekene neste søndag.

Til sist: Til UM på Ravnanger i måandsskiftet august/september 2012 er like så godt heile 11 uøtvarar alt kvalifiserte. Utanom desse er seks utøvarar å rekna med, sidan dei er med på øvingar som har open påmelding. Ferskaste nyhendet for 2012 er at Ingrid Næss Johansen (J14) berre var tidelar unna kravet på 800 meter under Mailekene sist helg - framleis neste halvanna år unna UM-debuten sin utandørs. Ho sprang på 2:33,59 - medan kravet er på 2:33,00.

Påmeldingsfristen til årets UM er 16. august. Her skulle med andre ord vera muleg for Gneist å hiva inn ei øving eller to for ungdommar i samband med Gneistspelen, dersom det er utøvarar som då framleis er like før å kvalifisera seg.

torsdag 26. mai 2011

Øyhopping

Tirsdag var det karusell på Osterøy, onsdags kveld var det dei gjenoppståtte Askøylekene ute på Ravnanger. Som del av ein BFG-gjeng var Jørgen Jensen Axelsen (G18) einaste Gneist-svale på banen ved Lonevåg (på Hatland, meir presist) tirsdags kveld. Han konsentrerte seg om 800 meter og flytta persen ned på 2:05,78. Målet er vel 2:03 og UM-kravet, vil eg tru.

Det var ei meir rikhaldig gruppe som tok turen til Askøylekene. Totalt sett var det faktisk overraskande mange deltakarar på Ravnanger, men forventninga var på den andre sida låg - både til talet på deltakarar og til veret. Så, når sant skal seiast, det var rett og slett eit lite stemne. På den andre sida var veret det beste eg kan hugsa frå desse leikane: opphald, inntil to sekundmeter med vind og rundt 10 grader. Fantastisk!

Resultatlistene kjem nok ikkje på ei stund frå Askøy, men Espen Bjørndal (G11) er i gang med utesesongen på ordentleg og sprang ein fin 60 meter og landa på 3,93 i lengde. Maria Tyssebotn Berg (J13) flytta også persen nærare 2,00 på 600 meter då ho vann klassen sin. Høgdepunktet var det rivande oppgjeret på 800 meter - Stian vs. Stian - der yngstemann Aarvik drog det lengste strået med strålande 2:16, sekundet framfor Norheim.

Og arrangementet? Det halta svært på Ravnanger og det er ei gåte at dette er vår fremste storstemne-arrangør for tida - med junior-NM i fjor, UM neste år og ambisjon om senior-NM ganske snart. Det var, som nemnt, eit lite stemne og det tok frykteleg lang tid å avvikla.

Neste gong hoppar me nok tilbake til Osterøyne, når me har valet.

tirsdag 24. mai 2011

Blowin' in the Wind

Det måtte berre bli noko dylansk i tittelen i dag, på His Bobness sin 70-årsdag.

Når det er sagt; det er så ymse som bles i vinden denne haustlege våren. Eg las nett om ein trampoline i Åsane som hadde knust bilruter, me var ute seint og festa vår nye i går kveld - etter at den gamle havarerte i det japanske kirsebærtreet sist vinter.

Og det bles oske frå Island - i år som i fjor. Komande helg er det ein del som køyrer bilen til Knarvik for å konkurrera, andre av oss har flybillettar til Oslo i samband med banestafett-UM/NM i Drammen. Me får følgja med på dei rotete meldingane frå Avinor i dagane som kjem.

Det er god deltaking i Drammen. Jentene er involvert i tre 4 x 100 meter-stafettar. J15-16- laget til BFG har åtte motstandarar søndag (Asker, IL I BUL, IL Tyrving, Kristiansands IF, Sandnes IL, IK Tjalve, Ullensaker/Kisa, to lag). Seniorlaget til BFG stiller også søndag og her er det seks andre lag med (IL i BUL, Lørenskog FIL, Ranheim IL, IK Tjalve, Trondheim Friidrett, Ullensaker/Kisa). Aller størst motstand møter BFG-laget i juniorklassen, der er det heile 13 lag utanom med (Asker SK, Fredrikstad IF, IL i BUL, IL Tyrving, Kristiansands IF, Laksevåg TIL, Moss IL, FIK Orion, Ranheim IL, Sandnes IL, Ullensaker/Kisa, to lag, og Urædd Friidrett). Juniorlaget spring lørdag.

Det er vanskeleg å spå godt om plassering for desse tre laga, all den tid me ikkje kjenner til kva for utøvarar som stiller på dei ulike andre laga, men det er flinke sprintjenter som utgjer BFG-laga, så det vil ikkje overraska veldig om det blir minst eit par særs gode plasseringar.

Gneist-gutane på 4 x 600 meter skal i elden søndag. Dei er ikkje medaljefavorittar, men er i ei utfordrarrolle om alle fire gutane har ein god søndag. Arrangørklubben IF Sturla stiller med to lag og det beste av dei er favoritt. IK Tjalve manglar eit sterkt kort, men er likevel medlajekandidat. Andre sterke lag er IL i BUL, Haugesund IL, IL Tyrving og Ullensaker/Kisa. Langt frå svake er IL Sandvin, Sandnes IL og FIK Orion. Det skulle altså bli 11 lag totalt på startstreken.

mandag 23. mai 2011

Ikkje så mange i mangekamp

Eg må vedgå det, det var i skuggen av Mailekene at det pågjekk KM i magekamp i den framleis nye idrettsparken i Arna denne helga. Det var til og med eit ope KM, med flinke folk både frå andre stader på Vestlandet og frå aust.

Gneist har gjort det bra i fleire år i dette kretsmesterskapet, ikkje minst på jentesida. Søstrene Benserud og 98-gjengen, med Renate Lie i spissen, har vore vanlege deltakarar og flittige premievinnarar. I år var det ingen Gneist-jenter med, fleire av dei aktuelle var nettopp i Haugesund. Brørne Leikvoll og brørne Blücher var i staden  verdige representantar, med KM-gull til Kristoffer Blücher i G12 og til Eirik Leikvoll i G13. Kristoffer sin poengsum er tett bak Henrik Gravdal sin klubbrekord i 4-kamp, sett i fjor.

Eit hav av rekruttar boltra seg på Fana Stadion fredagskvelden. (Underteikna sine rekruttar var då, som kjent, på veg til vene og vindfulle Sunnhordland.) I tillegg sprang to ungdommar 80 meter hekk, mellom dei Monika Benserud (J15), som fekk notert seg 12,49, som gir 1001 Tyrving-poeng. Av gammal vane sjekkar eg alltid klubbrekordane når Monika er på farten. Denne gongen fekk eg tryggleik for at dei yngste ungdommane er i gode hender: Klubbrekorden på distansen tilhøyrer 10-12- trenaren Kjersti Ristesund Bjørndal, på sterke 11,66 frå det (eg veit eg har nemnt det før) segnomsuste året, 1985.

Kom mai, du...

Eg er overvelda og heilt speechless - som dei seier, dei som er kule dommarar i "Norske talenter": Friidrettsungdommen i IL Gneist har nokre årgangar som dominerer både her vestpå og - er eg kanskje trygg på vil visa seg etter kvart - på landsbasis. Det viser Mailekene i Haugesund ganske tydeleg.

Her er naturlegvis mykje som ikkje blir nemnt her. Det var mellom anna så mange gongar at Gneist-utøvarar blei ropt opp for få å bestemannspremiar at dei aktuelle utøvarane sjølve blei i tvil om kva det galdt. Eg registrerte i alle fall Silje Stenersen, Maren Haugen Lillefosse og Sondre Rinde mellom dei som gjesta pallen på aller gjævaste vis denne helga.

Ingenting stoppar desse Gneist-talenta. Casper Stenersen (G13) har hatt ein sjukdomsperiode, noko som gjorde at han stod over 800-meteren lørdag. Søndag var han ikkje sjukare enn at han kjempa heilt til mål mot G14-vinnaren Marius Emil Salvanes, som sette stemnerekord på 1500-meteren. Casper si tid, 4:32,05, gir heile 1041 poeng på Tyrvingtabellen, noko som klart er sesongens beste løpsresultat for gutar. Det er også fattige 25/100 bak Andreas Iden sin tre år gamle klubbrekord. Og det er magne sjansar igjen for Casper. Tenk når guten er frisk...

Nest beste løpsresultatet i sesongen så langt står Sondre Rinde (G13, også han) for, med sitt 9,5 på 60 meter hekk. Sondre var heldig med vinden på dette løpet - målaren stoppa på +2,0. Med tillegget for manuell tid gir løpet 1020 poeng. Det gav også både bestemannspremie på hekk og stemnerekord for ein Sondre i kanonform.

Klubbrekord kan me faktisk notera i kast etter helga i Haugesund. Cathrine Harris (J13) fekk opp solide 10,05 med 2kg-kula, noko som gir 931 poeng. Det er naturlegvis særs hyggeleg med gode kastresultat.

Anna Evensen i J11 hadde mange gode resultat i helga. Aller best var 60 meter hekk-løpet på 10,98, noko som gir 984 poeng. Tett bak som poengresultat var Silje Stenersen sitt 600 meter-løp i J11 på 1:51,30 (968 poeng). Begge jentene jagar klubbrekordane til Renate Lie, som sjølv mellom anna hadde to solide 60 meter-løp i J13, på 8,58 og 8,50 med litt for mykje vind (8,58 var med knepne +2,1).

Særs vindfullt blei det også på Aleksander Lie (G15) på 100 meter. Han presterte 12,15, som er godt under UM-kravet på distansen, men med heile 5,8 i pluss. Det siste fortel at det blei mange med nye hårsveisar i haugesundsvinden også denne helga.

At me gler oss til framhaldet, er å ta ta varsamt i.

fredag 20. mai 2011

Lite oppsamlingsheat - II

Eg har vore i Chicago (The Windy City), eg har vore i Bodø (Den vindfulle byen), men eg meiner eg ikkje var så oppteken av vind då som no. Vel, vel. Eg var ute og sprang i 9 sekundmeter i dag - ifølgje storm.no - og det gjekk no det og.

Framolekene: Nett då alle kasta seg rundt for å melda seg på før fristen, blei fristen utsett ei heil veke - til neste fredag, 27. mai. Er det berre for å plaga folk at ein driv med dette?

Askøylekene: Ja, ja, eg lyg når eg seier at det er gode greier at det ser ut til å bli typisk askøylekene-ver komande onsdag. Det blir meldt om mellom 30 og 40 millimeter nedbør. Sikkert vind også, men det har eg ikkje brydd meg med denne gongen. Eg kjem meg.

Banestafett-UM/NM: Ingen startlister er klare. Han som har ansvaret i IF Sturla er på utanlandstur. Det er han som skal manuelt legga inn dei påmeldingane som er sendt inn via epost. Det er løye kor mykje informasjon ein kan få, dersom ein spør.

Då var det vene Sunnhordland og det der.

torsdag 19. mai 2011

Lite oppsamlingsheat

Eg skal ikkje seia at det er stille før stormen.

For det første har eg sagt det før og eg bør såleis i staden seia noko anna. For det andre er det ikkje stille før stormen, det er midt i stormen. Det bles full haust der ute. Fruktbløminga er over før ho er komen skikkeleg i gang, dei fine blomane ligg godt plassert på bakken. Som statistikar gjer eg meg klar til å utvida "medvind/wind-assisted"- feltet monalag etter helgas Mailekene.

Heilt stiller er det heller ikkje sportsleg. I kveld er det rulett på Leikvang, Hovdingrulett-1. Viktigare er det at påmeldingsfristen til det desidert største friidrettsstemnet her lokalt, Framolekene, går ut ved midnatt. Og i morgon, fredag, har rekruttane sitt eige stemne i regi av IL Gneist.

Fristen til årets stafett-NM/UM på bane gjekk ut i går. Arrangementet går på Marienlyst i Drammen siste helga i mai. Påmeldingslistene er ikkje på nokon måte klare enno, så dette kjem me grundig tilbake til, men i alle fall åtte Gneist-utøvarar er klare til dyst: Marianne Benserud, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen på ulike 4 x 100 meter-lag for BFG Fana, Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland på BFG Fana sitt 4 x 1500 meter-lag for Menn junior og kvartetten Anders Bjørndal, Aleksander Lie, Stian Norheim og Ole Martin Røssland for Gneist på 4 x 600 meter i 15- 16-årsklassen for gutar.

17. mai sprang Andreas Iden (G16) sin sesongdebut på 3000 meter "heime" i Manchester. Andreas var yngstemann i feltet, som var ganske godt spreidd i kvalitet: vinnaren fekk 8:24, sistemann kom i mål på 9:45. Andreas var først i ei gruppe som sprang i raskaste laget, passerte halvvegs på 4:24, som var godt framfor skjema. Då måtte farten justerast, med det minuset at gode ryggar også måtte sleppast. Likevel blei det ei habil tid: 9:12,89. Det gir 997 poeng på Tyrvingtabellen, noko som er sesongens beste resultat i løp for gutar i Gneist. Andreas toppar med det også norgesstatistikken i klassen både på 800 meter og 3000 meter så langt.

onsdag 18. mai 2011

Jenter i vinden - Før Mailekene II

Joda, for dei av oss som likar å følgja med på vermeldingane før stemne, så er det nitrist lesing no i forkant av Mailekene i Haugesund. Det begynte så bra, med full sol, så har det berre blitt verre. No skal det bøtta ned og blesa svært så friskt. Slår det til - og det fryktar me no når det er såpass nærmt i tid - så blir det ei vergudanes balansering overfor oss som har bada i sol i Haugesund dei siste åra.

No ja.

En skal ikkje krisemaksimera på eit slikt grunnlag, men påmeldinga til Mailekene syner likevel at Gneist må passa på etterveksten. 12-åringane på jentesida synest å vera heilt borte, vonleg dukkar det opp eit par når det blir stemne på Fana Stadion igjen. Også for gutane er det tynt mellom 12-åringane. Så langt ber Kristoffer Blücher børa åleine der.

Det er til saman åtte jenter som er påmeldt i Haguesund: tre 11-åringar, tre 13-åringar og to 14-åringar:

Av 11-åringane får Anna Evensen det travlast, med 60 meter, 60 meter hekk, 600 meter, kule og lengde på programmet. Charlotte Harris skal delta i kule, lengde og på 60 meter, medan Silje Stenersen spring 60 meter, hoppar lengde og spring 600 meter. Og når me høyrer 600 meter - og lengre - og Stenersen, så veit me at det blir kvalitet.

Renate Lie spring 60 meter, 200 meter, 600 meter og hoppar lengde og må vera favoritt i alt dette i J13. I lengde er faktisk dei to lagvenninnene truleg sterkaste utfordrarar. Cathrine Harris  stiller dessutan på 60 meter, 200 meter, 60 meter hekk og i kule. Aller flest startar har Maren Haugen Lillefosse (eg trur ho har ein klubbrekord i tal på startar i "moderne tid", frå Tyrvinglekene). Denne gongen stoppar ho på seks øvingar: 60 meter, 200 meter, lengde, 600 meter, 60 meter hekk og høgde. Dei tre i J13 vil truleg plukka med seg ganske mange medaljar.

I J14 er det enkelt og reinskore: To jenter spring dei same to distansane, éin kvar dag. På 800 meter lørdagen er det heile ni jenter påmeldt, men våre to - Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland - bør ha medaljesjansar. På 1500 meter søndag er feltet redusert til ein 1/3, så her skulle medaljane vera trygge. Og våre to skal i tillegg vera dei sterkaste av dei tre.

Og så: Full kjemping i motvind, full fart framover i medvind... Og me i heiagjengen må finna from sydvesten.

tirsdag 17. mai 2011

Ivrige gutar - før Mailekene

Gratulerer med dagen!

Klokka er 10.15 den 17. mai og eldstemann er på trening på Fana Stadion. I tillegg ventar me spent på Andreas Iden sin sesongdebut på 3000 meter i løpet av dagen. Ivrige?

Då er påmeldingsfristen til det som vermeldarane meiner skal bli forblåste Mai-leikar ute. Det er ein fin bukett med Gneist-deltakarar på lista. For dei aller fleste er deltaking i Haugesund blitt tradisjon, enten dei finn seg bustad i byen på Haugalandet eller pendlar frå vene Sunnhordland.

Pål Haugen Lillefosse og Håvard Rinde skal vera ivrige, flittige maur på Haugesund Stadion, med 60 meter, 600 meter, lengde og kule på programmet i eigen klasse, som 10-åringar, i tillegg til 60 meter hekk i G11 og - for Håvard - deltaking på 4 x 60m laget i G13-14. Både Pål og Håvard kjem til å markera seg sterkt i dei fleste av desse øvingane.

Henrik Irgens Gravdal og Sondre Rinde representerer i G13. 60 meter, lengde, 200 meter og 4 x 60 meter deltar dei i begge to. I tillegg støter Sondre kule og spring 60 meter hekk og Henrik spring 600 meter. Dette er sesongdebuten for Henrik, så ekstra spenning knyter deg seg til han, ikkje minst på 600 meter der han hadde fleire knall-løp i 2010.

G13 har for så vidt ein utøvar - ein løpar - til med, i Casper Stenersen. Men denne gongen er Casper 14-åring som deltakar i G14 på 800 meter og 1500 meter. Her stiller Casper som ein av favorittane, sjølv om han spring mot eldre deltakarar. Sesongopninga hans har vore solid. Ein interessant duell blir det med Stord sin Lars Lunde, som også har vist sterke takter i starten av sesongen. Casper skal også etter planen springa på 4 x 60 meter laget i G13-14.

To tradisjonar knyter seg til Aleksander Lie si deltaking i Haugesund: Han hoppar høgde - einaste staden, med muleg unntak for mangekamp - og han melder mellombels overgang til Bremnes IL. Det siste skjer på eit felles-lag med gode venner på 1000 meter stafett. I tillegg spring Aleksander 100 meter og 800 meter. Aleksander er blitt rask gjennom vinteren og har alt kvalifisert seg til UM på 200 meter. Kravet på 100 meter - 12,40 - er vel i sterkaste laget, eller? På 800 meter pynta han på persen sin under Opningsstemnet sist mandag og her er god konkurranse i Haugesund.

Siste guten ut er Ole Martin Røssland i G16, som spring 800 meter lørdag, der - med atterhald om for sterk motvind... - 2.10- grensa er eit naturleg mål. I tillegg vil 800-meteren vera ei gjennomkøyring før 3000-meteren søndag, der det også vil vera naturleg å pynta vidare på den ferske persen frå Opningsstemnet på 9:17.

mandag 16. mai 2011

Ivrige

Saknet etter Laksevåglekene var der heilt klart i går, søndag 15. mai, den dagen årets arrangement skulle ha gått av stabelen. Veret tilsa at det også ville ha vore ein fin dag for friidrett. No har det altså blitt tynnare i stemnekalenderen denne våren enn det som me kunne ønskt oss - med Laksevåglekene ute og no med flytta stor-KM for dei eldste.

Då gjeld det å hiva seg rundt og delta der ein kan. Eg registrerer at påmeldinga til Framolekene i skrivande stund er overraskande smålåten. Påmeldingsfristen er berre tre dagar unna. No er det ikkje noko nytt at det kjem dettande inn ei røys med påmeldingar i siste liten, men det er neppe nødvendig for alle å vera så seine i avtrekkaren.

Elles er det den første "Hovdingruletten" på Leikvang på torsdag, Osterøy-karusell neste tirsdag og dei gjenoppståtte Askøy-leikane dagen deretter.

Nokre av våre ivirigaste har hive seg på gateløpa som blir arrangert: Både Vilde Omholt, Ingrid Næss Johansen og Jørgen Jensen Axelsen hadde gode løp i Fjellveiløpet sist tirsdag. Dei to sistnemnde markerte seg også høgt i gårsdagens Åsaneløpet: Ingrid blei nr. 3 på 5km i kvinneklassen med 19.54 og Jørgen - dagen etter Holmenkollstafetten - kom i mål på solide 15,46 på 5km for menn.

lørdag 14. mai 2011

Avsluttande tal frå Holmenkollen

Då er dei siste tala endeleg ute på nettet frå Holmenkollen. Det tok tid. Og "Denne siden eksisterer ikke"-meldingar dukka opp i ein mellomperiode før alt var klart.

No ja. Einaste pallplassen for BFG stod superveteran-laget for menn for, ein 3. plass. Så er det meir eller mindre slik at plasseringane blir hakket dårlegare jo yngre laga blir. Kvinnene sitt veteranlag blei til dømes nr. 4, seks sekund bak pallen. Hadde det vore omvendt, kunne me jo sagt at framtida såg lys ut. Men her er no likevel lyspunkt.

Elitelaget for menn klatra altså frå 17. til 16. plass. I år er i tillegg avstanden til vinnarlaget på 4:33, noko som er 23 sekund mindre avstand enn i 2010. Og i 2012 er det fleire Gneist-ungdommar som bankar på døra til dette laget, mellom dei ein englandsfarar og eit par av dagens konfirmantar.

Så har me utegløymt ein tredje Gneist-ungdom på tur denne helga: Hedda Magnerud sprang 9. etappe for BGF sitt elitelag. Ho fekk 12. beste etappetid av dei 18 laga.

Ole Martin Røssland hadde 17. beste etappetid på sin 14. etape for mennene sitt elitelag, medan Jørgen Jensen Axelsen gav det same laget ein fin start, då han veksla som 12. mann på opningsetappen.

DÅ er det sluttstrek for autstlandseventyret, medan me ventar på nye "Vårens vakraste..." osb. her vest, til dømes i Haugesund komande helg.

Steg i rett retning

Like før jul var eg på møte i Oslo, mellom anna saman med ei av dei kvinnene som på 70-talet ein gong sprang ulovleg i Holmenkollstafetten, før det var blitt lovleg for kvinner å springa der. Framsteget kjem seint til Holmenkollstafetten. Resultatlistene også. Det er ein del timar sidan løparane var i mål no, lørdag kveld, men linken på holmenkollstafetten.no som skal gi "Resultater 2011" er død.

BFG Fana fortel at herrelaget er blitt nr. 18 og at ein er spent på om dei er mellom dei 16 beste norske laga, slik at ein er i Eliten også i 2012. Då kan denne bloggen fortelja at BFG Fana sitt elitelag for menn er blitt nr. 16 totalt og nr. 13 av dei norske laga, dermed over "nedrykksstreken". På dette laget var det altså to Gneist-gutar; Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland.

Med 17. plass i fjor er dette absoluttt eit steg i rett retning for dette laget.

fredag 13. mai 2011

Som junikvelden på kjerringa

For eit par år sidan innstifta Hordaland Friidrettskrets noko dei kalla "Stor-KM". Det er eit felles kretsmesterskap på bane for klassane frå 15 år og til og med seniorklassane. Det var då ei samanslåing av to arrangement: kretsmesterskapet for aldersbestemte klassar og KM for juniorar og seniorar. Dette gjorde ein fordi begge mesterskapa lei under dårleg deltaking. Utøvarane nedprioriterte rett og slett dette arrangementet i konkurranse med større og gjævare stemne rundtom. Det blei også innført pengepremiar av smålåten art for å få folk til å prioritera KM - ja STOR-KM, til og med.

Siste åra har dette mesterskapet gått på Fana Stadion som eit felles løft mellom aktuelle klubbar. Og det har gått siste helga i juni. Det var også terminfesta til siste helga i juni dette året. Lenge. Ja, heilt inntil slutten av denne veka. Då er det blitt flytta frå 25. og 26. juni - ei helg - til to onsdagar i månadsskiftet august/september. For dei utøvarane som hadde tenkt å bruka Stor-KM som kvalifiseringsgrunnlag for større mesterskap, er dette ein strek i rekningen. Kor vidt dei to onsdagane til hausten er eit godt val, er også eit spørsmål: Den første kjem like etter UM i Fredrikstad, den andre like før Bergenslekene.

Kvifor har ein så endra på dette? Jo, fordi Veidekkelekene går same helga. Det er jo for så vidt ingen dårleg grunn. Men avgjerda om å plassera Veidekkelekene 23. - 26. juni blei teken på tidleg haust i 2010, i eit samarbeid med Tyrvinglekene, som "tok" den faste Veidekke-helga for å unngå pinsehelga dette året. Datoen for Veidekke 2011 blei også omtalt på denne bloggen 3. februar. Så er det nemnt.

Så kan ein undra seg over kvifor kretsen først no har oppdaga dette.

Holmenkollstafetten

Då står det som oslo-folket kallar "Vårens vakraste eventyr" for døra. Som nemnt tidlegare; her er mange stemne her vestpå som kvalifiserer til nemninga også, så det omgrepet får ikkje Holmenkollstafetten ha heilt åleine i alle fall.

På elitelaget til BFG, menn, er det to av våre ungdommar som stiller:

Jørgen Jensen Axelsen spring alt på 1. etappe: 1200 meter inne inne på Bislett Stadion. Jørgen har varma godt opp, med 1500 meter på Fana Stadion mandag og Fjellveiløpet tirsdag. Og så joggar han ned med Åsaneløpet når han kjem heim søndag...

Ole Martin Røssland er sett opp på 14. og nest siste etappe, som går frå Camilla Collets vei og fram til Maratonporten ved Bislett. Der gir han pinnen til han som skal avslutta inne på Bislett. Etappen til Ole Martin er på 850 meter, reine sprintdistansen altså.

I fjor blei dette elitelaget til BFG nr. 17 av 18 i Elitedivisjonen. Dei 16 beste norske laga held plassane sine kvart år, så det gjekk akkurat i fjor å unngå nedrykk. Det var noko svensk oppi der også. I år er nok ambisjonane å klatra eit par hakk i Eliten, så får me nett sjå utpå lørdag ettermiddag ein gong.

torsdag 12. mai 2011

Norgesstatistikken

... er oppdatert i dag, 12. mai. I alle fall til ein viss grad.

Statistikken finst som kjent her

Vel, i alle fall er klassane J14, G14, G15 og G16 oppdatert i dag. Det har me frå sikkert hald. "Senior distanse" er også oppdatert pr. 12. mai av den røynde Tore Johansen, medan Knut Johansen (her er nok ikkje noko slektskap, trur eg) tar seg av J15, oppdatert i går, der det er sterke Gneist-utøvarar med.

Så vil ein del i Gneist-familien sakna G13, der Sondre Rinde og Casper Stenersen ville vore særs høgt oppe med sine resultat så langt. Der manglar Forbundet statistikkansvarleg så langt, så om nokon kjenner nokon som likar den slags, så er her plass til fleire i familien. Det ordnar seg nok ganske snart.

Elles kan ein notera seg at prinsippa for føring for 13- og 14- årsklassane skil seg noko - i alle fall hos dei fleste - frå dei eldre klassane.

For dei to yngste klassane tar ein med ganske mange resultat fram til om lag midt i august månad. Det har å gjera med at statistikken til dette tidspunkt - i tillegg til grunnlag for seeding i større stemne - skal vera eit godt grunnlag for uttak til dei regionale NCC-leikane i september. Etter dette blir mengda resultat snevra inn ein (god) del, slik at ein til slutt hamnar med ein resultatbunke som stort sett er innanfor det resultatet som står i parentes etter kvar øving.

For dei eldste klassane må ein nok prestera under dette parentes-resultatet alt tidleg i sesongen for å bli notert i statistikken. For dei UM-aktuelle øvingane så er dette minimumsresultatet samanfallande med UM-kravet. Til dømes: 100 meter-kravet i G15 er 12,40. Alle som spring på 12,40 eller fortare er med i statistikken.

onsdag 11. mai 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 11. mai

Utesesongen er så vidt i gang - ein Osterøy-karusell, Hovdingleikar og eit opningsstemne er unnagjort - og all verdas endringar i oversikten over "mest framgangsrike" er det ikkje. Dette er altså ein oversikt over dei som deltok i konkurransar i 2010 og som gjer det igjen i 2011.

Likevel: Under sist helgs Hovdingleikane suste Kristoffer Blücher inn på lista som den guten med størst framgang så langt innan løp, med sin 60-meter på 8,60.

Til neste oversikt kan det ha skjedde både det eine og det andre, den satsar me på kjem etter Framolekene ein gong.

JENTER
Løp:
- Anna Evensen
- Stine Therese Hovland
- Tina Therese Jenssen

Hopp
- Synne Våge Opheim
- Maria Jensen
- Vilde Lund Bjørnsen

Kast
- Charlotte Harris

GUTAR
Løp
- Kristoffer Blücher (ny)
- Håvard Våge Opheim
- Magnus Leikvoll

Hopp
- Erlend Biskopshavn
- Magnus Leikvoll
- Håvard Våge Opheim

Kast
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Aleksander Lie

tirsdag 10. mai 2011

Frisk opning

Ungdommane frå 15 år og oppover fekk si offisielle sesongopning i og med Gular og BFG Fana sitt opningsstemne mandag kveld. Det innebar også avslutninga på den vesle minisommaren i mai me har hatt. Veromslaget blei markert med ein frisk vind under sprinten, men så blei det så godt som vindstille til dei lengre løpa. Og temperaturen følgde også øvingsprogrammet, frå godt og varmt sprintver først, til behageleg mellomdistanse-temperatur deretter.

Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen (J15) fekk sesongens første 100 meter-resultat i 3,5 sekundmeter motvind. Begge har betre tider frå fjoråret, men med høvesvis 13,04 og 13,26 er begge to under UM-kravet også ute i 2011. Monika si tid er også under junior-NM-kravet.

Aleksander Lie (G15) sprang eit fint gjennomført 800 meter-løp på 2:06,56, som var pers med 1,1 sekund og dermed også godt under UM-kravet (også i år). Dette var årets første notering på distansen under UM-kravet i Norge.

Vår mann på 1500 meter var Jørgen Jensen Axelsen (G18). Han opna friskt, men fekk det litt tyngre mot slutten og kom i mål på 4:12,65. Det er to og eit halvt sekund bak pers, men første tida hans på 1500 meter i år er også under junior-NM- kravet for Jørgen.

På 3000 meter debuterte Stian Norheim (G15) på en fornuftig måte, med tida 9:56.30. Ole Martin Røssland (G16) senka persen med seks sekund på distansen, til 9:17,60 - eit halvminutt under UM-kravet og to eit halvt sekund bak junior-NM-kravet.

I stav noterte Magnus Leikvoll (G15) seg for sesongen første stavsprang ute under UM-kravet i sin årsklasse i Norge med 2,90. Det er med andre ord litt å gå på til høgdene frå inne-UM i mars.

mandag 9. mai 2011

Snart Mai

Eg er ikkje så stø i arabisk, det er sikkert difor. Då Haugesund IL opplyste at online-påmeldinga til Mailekene 2011 skulle vera klar "senest i løpet av lørdag", så trudde eg det betydde "seinast i løpet av lørdag".

Så feil kan ein ta. Det betydde i staden "mandag ettermiddag". Jakta på tilgang, passord og anna administrativt nyttig og viktig er dermed over i sildabyen og online-påmeldinga er klar.

Men, det betyr også at det berre er fire dagar igjen til påmeldingsfristen går ut. Medan Tyrving, til dømes, har eit par månaders påmeldingsperiode, så har Mailekene i år fire dagar. Det held i massevis, naturlegvis, for dei som har tenkt seg nedover, ein må berre vera obs på det. Silje og Casper Stenersen var særs vakne denne gongen og var første i Gneist-familien på påmeldingslista.

Og veret? Veret skal jo alltid vera bra under Mailekene. No har arrangøren eksperimentert med å flytta stemnet ei veke fram, så me er litt nervøse, men så langt er det grunn til å vera optimistisk. (Sjølv om rapportane frå fotballkampen på Haugesund Stadion i går kveld fortel at brorparten av dei sju måla blei scora av denne Vinden.)

søndag 8. mai 2011

Heilt høvding på Hovding

Det var ein fabelaktig start på banesesongen ute på Leikvang, det nye friidrettsmekkaet i byen. Det skal friidrettshallen som ligg vegg-i-vegg med banen syta for når vinteren kjem tilbake. For det gjer den. Men lørdag var det full sommar tidleg i mai. Og det var Gneist-utøvarar overalt. Og dei hoppa, sprang og kasta til nye milepælar dei aller fleste. Heilt kanon, heilt konge, heilt høvding!

Gjert Høie Sjursen (G11) er vårt store kasthåp. Lørdag støtte han kula 9,49, noko som gir 939 Tyrving-poeng. Og me veit at dei andre kastøvingane er endå sterkare for Gjert.

Imponerte gjorde Kristoffer Blücher (G12), både på 600 meter - og særleg - på 60 meter. På den kortaste distansen kom Kristoffer heilt ned på 8,60, som gir 946 poeng og er berre 1/10 bak Amund Høie Sjursen sin tre år gamle elektroniske klubbrekord på distansen.

Marianne Benserud (J16) pressa persen ned med godt over halvsekundet på 200 meter, til 27.45, og kvalifiserte seg med det til UM på distansen.

Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud (J15) hadde eit nytt tett og svært godt oppgjer, denne gongen på 200 meter. Vilde kom først i mål, på 26,13, mot Monika si 26.30. Det gir høvesvis 1028 og 1015 Tyrving-poeng.

Og så er Casper Stenersen i gang med det som teiknar til å bli ein svær sesong. Det ser ut til å kunna bli ein fast vane at me på slutten av stemna helsar Casper med eit "Gratulerer med ny klubbrekord, Casper!" Denne gongen senka han Aleksander Lie sin to år gamle rekord på 600 meter, frå 1:36,30 til 1:35,76. Det gir dessutan 967 fine Tyrving-poeng.

fredag 6. mai 2011

Laksevåg i krise

No i kveld ser eg meldinga om at for det første:

- Laksevåglekene, som skulle ha vore arrangert neste søndag, 15. mai, blir avlyst

og for det andre:

- Friidretten i Laksevåg synest å vera i akutt krise.

Begge deler er jo svært trist. Det verkar som om friidretten i Laksevåg Turn- og Idrettslag har dårlege kår, i konkurranse med dei andre idrettane i laget og særleg fotballen. Kva som blir utgangen på dei interne stridane i klubben gjenstår vel enno å sjå, men konklusjonen med omsyn til Laksevåglekene er at eldsjelene innan friidretten må bruka alle kreftene sine til å kjempa internt, mellom anna om treningstider, og såleis ikkje har energi igjen til å arrangera dei tradisjonsrike Laksevåglekene.

Laksevåg har gjennom fleire år markert seg svært sterkt i mange arrangement og meisterskap og i ei rekkje ulike øvingar.

Som sagt: Ein trist inngang til årets sesong dette.

Frå Doha til Haugesund

NRK er ikkje så flinke på NM og slikt, men dei er no brukande på Diamond League. I kveld er første evenementet, i Doha i Qatar - det vesle landet som også skal arrangera fotball-VM om ti år. No ja. TV-oversikten fortel at NRK skal senda direkte frå Doha kl. 21.55 til 23.00. Det er sterke saker. I den perioden er klokka 22.55-24.00 i Qatar. Så la meg seia at eg tvilar på dette ordet "direkte" her.

Underleg er det jo også at svensk TV4 finn det for godt å senda frå Doha i perioden 17.00 - 19.00. Og svensk tid er framleis det same som norsk tid.

Den offiselle tidstabellen fortel oss at stemnet er slutt for eit par timar sidan når NRK si sending startar og enno ikkje slutt på ein time når TV4 si sending sluttar... Eit par smakebitar frå tidsskjemaet: 400 meter hekk startar 18.03, 400 meter kvinner 18.13, 100 meter hekk 18.25, 800 meter menn 18.35, 1500 meter kvinner 18.43, spyd menn 18.49, 200 meter menn 18.55, 3000 meter hinder kvinner 19.05, 1500 meter menn 19.20, 200 meter kvinner 19.30 og 3000 meter menn 19.40. Og: Alt dette er norske tider.

Og Haugesund? Jo, dei har no rota seg borti litt teknisk trøbbel før Mailekene. No melder dei at øvingsprogram og påmelding online skal vera klart seinast i løpet av lørdag - sånn etter Hovdingleikane ein gong. Men Mailekene går i alle fall direkte, om ikkje på NRK.

Før Hovding II

Litt kjøleg i lufta i dag, men i følgje dei som slik innimellom har greie på det, så skal varmen skruast skikkeleg på til utpå lørdagen. Me snakkar om 18-20 grader utpå Leikvang dei aktuelle timane frå klokka 12 til 15.30. Dette bør bli bra ein premiere.

Frå England blir det meldt om banepremiere på Andreas Iden tirsdag som var, med 2:04,96 på 800 meter, så er han i gang.

Her heime får me håpa alle er friske og raske (ja, uttrykket er jo slik ein gong). Dette er dei påmelde Gneist-gutane frå ti år og oppover:

G10:
Hans Magnus-Haukøy, 60m, 600m, lengde
Pål Haugen Lillefosse, 60m, 600m, lengde
Håvard Rinde, 60m, 600m, lengde

G11:
Thomas Blücher, 60m, 600m, lengde
Gjert Høie Sjursen, 60m, lengde, kule

G12:
Kristoffer Blücer, 60m, 600m, lengde, kule

G13:
Sondre Rinde, 60m, 200m, lengde, diskos
Casper Stenersen, 60m, 200m

G14:
Mats Bjørndal, 60m
Emil Engelsen Holm, 60m, 200m

G15:
Aleksander Lie, 60m, 200m
Amund Høie Sjursen, 60m, diskos
Stian Norheim, 600m

G16/17:
Anders Bjørndal, 600m
Ole Martin Røssland, 600m

torsdag 5. mai 2011

Hovding.NETT

Nedteljinga held fram. Det er altså to dagar igjen til Hovdingleikane. Det er også på tide å jakta på informasjon om stemnet. Kor er det me jaktar på informasjon om stemne i våre dagar, i 2011? Jo, på nettet, naturlegvis. (I parentes: Det er no åtte dagar igjen til Mailekene sin påmeldingsfrist og det er framleis berre muleg å melda seg på 60 meter. For 11-åringar. Men heldigvis gjeld det både gutar og jenter på 11 år.)

På invitasjonen på terminlista på friidrett.no finst det ei nettadresse til Hovding. Det var jo ein naturleg stad å starta.

Kva finn me der? Jo, ei framside som er prega av fotball. Det er så, det er no vanleg og det får me leva med. I menyen til høgre er det muleg å bla seg fram til friidrettssidene.

Storarta... For kva er det som står her? Jo, dette:

Friidretten viser nye sider

Hovding har gått over til nye nettsider og friidrettsgruppa er med på lasset. Synest du det er tungvint å finne dei nye sidene våre?
Her er ei lenke direkte til friidrettsgruppa sine sider: http://bit.ly/hovding.

Så prøver me denne nye fine linken og tenker endeleg!
Og... kva er det som står her? Jo, dette:

Friidretten viser nye sider

Hovding har gått over til nye nettsider og friidrettsgruppa er med på lasset. Synest du det er tungvint å finne dei nye sidene våre?
Her er ei lenke direkte til friidrettsgruppa sine sider: http://bit.ly/hovding.

Runddansen er komplett.

Googlar me Hovding finn me eit par retteleg gamle sider her.

Men heldigvis finst det også ein blogg, etter same malen som denne. Denne blei "lagt ned" i desember i fjor, fordi det skulle koma så framifrå nye nettsider (sjå over), men har heldigvis gjenoppstått, så her finst endeleg all viktig info framfor Hovdingleikane 2011...!

onsdag 4. mai 2011

Før Hovding I

Då er det tre dagar igjen til årets første utestemne, Hovdingleikane på Leikvang. Det er rimeleg å tru at det blir etterpåmelde enno, både deltakarar og arrangørar er nok litt rustne etter vinteren enno når det gjeld praktiske og administrative sider ved stemne og påmelding. Mailekene i Haugesund har påmeldingsfrist om ni dagar, men har enno ikkje fått til å legga ut online-påmeldinga. Det ligg ei kryptisk melding om grunnen på Haugesund IL sine nettsider. Det klaraste som står der at dei arbeider med saka, så får me sjå. Invitasjonen finst der i alle fall, men den har til gjengjeld feil datoar (29. og 30. mai, som nok var fjorårets datoar.)

No ja, tilbake til Hovding. I nokre øvingar og klassar er det så godt som berre å henta seg medaljane, i andre er det tett og god konkurranse. Gneist er godt representert, sjølv om den "klumpar seg" særleg i nokre aldersklassar framfor andre. Pr. no - med atterhald om etterpåmelde og feilregistreringar av underteikna - er følgjande Gneist-jenter påmelde til lørdagens arrangement (ti år og eldre):

J10:
Sara Tyssebotn Berg, lengde, 600m

J11:
Anna Evensen, 60m, lengde
Charlotte Harris, 60m, lengdem kule
Silje Stenersen, 60m, lengde

J13:
Maria Tyssebotn Berg, 60m, 200m, lengde
Cathrine Harris, 60m, 200m, lengde, kule
Renate Lie, 60m, 600m, lengde
Maren Haugen Lillefosse, 60m, 200m, lengde
Anita Norheim, 60m, 200m

J14:
Ingrid Næss Johansen, 600m
Anna Serine Røssland, 600m

J15:
Monika Benserud, 200m
Vilde Lund Bjørnsen, 60m, 200m, lengde

J16/17:
Marianne Benserud, 200m

mandag 2. mai 2011

Leikvang

Lørdag førstkomande går årets første skikkelege stemne av stabelen. Det blir ein mjuk start med vesle Hovdingleikane på Leikvang i Åsane. Påmeldingsfristen går ut på slutten av døgeret i morgon, 3. mai. Så langt ser det brukande ut.

Hovdingleikane er ikkje noko svært stemne. Øvingsprogrammet er for det første smålåte, for det andre er det adminisrativt - eller logistisk, om ein vil - enkelt. På løp går det ei røys med 200 meterar litt utpå lørdagen, deretter blir startaren ståande der han står og me får ei rekkje med 600-meterar. Og der stoppar det i lengde på løpa.

Hovdingleikane utmerkar seg i år først og fremst fordi det er årets første stemne. Det pleier det ikkje vera. Det er i staden Laksevåglekene som til vanleg har den æra, men i år kjem Laksevåg sitt stemne på Fana Stadion først neste søndag.

Spennande blir det også å sjå korleis den nye friidrettshallen på Leikvang tar seg ut på nært hald, den er berre eit par månader unna ferdigstilling.

Til så lenge: Her følgjer bilete frå hallen i Sandnes, frå Stavanger Aftenblad