mandag 28. februar 2011

Like før, Eirik!

Det datt inn ei resultatliste frå sist helg her i ettermiddag. Der var det fleire interessante resultat - som det jo nesten alltid er. Det var IL Fri som hadde arrangert eit stemne i ærverdige (?) Høiehallen.

Klart mest interessant var persforbetringa til Eirik Leikvoll (G13) i stav. Han har no nådd 2,47. Som tidlegare peika på er klubbrekorden i klassen frå 1961 og tilhøyrande Per Liland. Den er altså framleis 50 år gammal og på lett-å-hugsa 2,50.

Hadde ein teke veddemål på dette (kven veit, det er så mange veddemålsselskap der ute no), så ville ein ikkje fått mykje igjen for pengane om ein satsa på at Eirik er ny klubbrekord-innehavar om ikkje så alt for lenge.

Store endringar i Veterankonkurransen 2011

Det er svært mange som sit rundt om i dei tusen heimane no i stor spenning. Dei ventar på nytt, ikkje frå sløyfene rundt Holmenkollen, men om stoda i Veterankonkurransen 2011.

Her har det faktisk skjedd ein god del i vinter. Mange menn - det er framleis ein herrekonkurranse dette - har vore i elden og særleg i hopp. Sist blei det oppnådd høgst respektable hopp på Ytrebygda skole fredagskvelden.

Geir Sjursen - BFG/Gneist - har teke ei solid leiing med 1804 poeng på tre øvingar så langt. Toppane blei oppnådd under KM i hopp i Laksevåghallen i januar: 2,77 i stille lengde og 1,38 i stille høgde let seg absolutt høyra. I tillegg har Geir støtt kule i Høiehallen tidleg i februar.

Meir overraskande er det kan henda at Arve Rinde er heilt oppe på 2. plass. Han har same tre øvingane som leiaren og det er absolutt respektabelt det Arve har greidd også. Til saman ligg han på 1353 poeng.

Den regjerande meister, Trond Leikvoll, har også same øvingane og har til saman 1173 poeng.

Inn på lista etter fredagskvelden kom Jens V. Opheim fykande, no med 826 poeng etter hopp i stille høgde og stille lengde.

Like bak følgjer Mads Holm, også han med dei to øvingane på Ytrebygda som teljande så langt i år.

I angrepsposisjon, bakerst, finn me Jostein Lie, som har nøydd seg med eit par kulestøt i Høiehallen først i februar.

Det er lenge igjen av årets konkurranse, men innomhus-sesongen har gitt ein brukande start.

søndag 27. februar 2011

Tyrvingtabellen

Eg veit det, det er lett å ta ting for gitt når ein står midt oppe i det. I det sivile hender det at eg underviserer i journalistikk. Eg har mellom anna forska på ei kriminalsak som i alle fall ein del vil hugsa som "Orderudsaka". Her eit semester oppdaga eg at studentane såg på meg med spørsmålsteikn i ansikta då eg nemnde "Orderudsaka". Dei var nett begynt i småskulen då drapa på Orderud gård skjedde og - heldigvis! - var dei interesserte i heilt andre ting enn VG-framsider den gongen. Dei hadde altså ikkje noko forhold til det som eg tok for gitt.

I friidretten er "Tyrvingtabellen" ein slik ta-for-gitt-  størrelse. Alle på innsida snakkar om "Tyrvingtabellen" som om alle og ein kvar veit kva dette er. Det er truleg å ta for hardt i.

Tyrvingtabellen er, enkelt sagt, ein måte å rekna om resultat til poengsummar for utøvarar i alderen 10 til 19 år. Alder er ein særs viktig faktor. Same poengsum i same øving som 12-åring og som 17-åring skal, i teorien, tilseia same prestasjon.

1000 poeng er tabellens utgangspunkt for ein framifrå prestasjon. I praksis betyr det at tabell-makarane har bestemt seg for kva som er eit kjemperesultat i ei øving i ein aldersklasse og sagt at det gir 1000 poeng. Så blir eit system av ulike faktorar sett inn for å rekna ut poenga for prestasjonar under og over denne 1000 poeng-grensa.

Tabellens namn kjem frå største friidrettsklubben i landet, IL Tyrving i Bærum, som har fått æra for å finna på tabellen i si tid. Den har kanskje vore i bruk i større grad tidlegare, men er særs aktuell i sambad med lagserieresultata. I tillegg blir den lagt til grunn for alle bestemannspremieringar på stemne rundt om.

Tabellen blei siste gong revidert i august 2010. I siste runde blei 1000 poengs-utgangspunktet for stav, tresteg og kastøvingar justert.

Tal og fakta om tabellen finst her:

Tyrvingtabellen

(Og trippeldrapet på Orderud gård skjede i pinsa i 1999...)

4:13 på 1500 meter

Vår englandsfarar Andreas Iden (G16) sprang lørdag 1500 meter i det engelske innandørsmesterskapet i National Indoor Arena i Birmingham. Han sprang i U17 og kom i mål på 4:13,74, som gav ein flott 4. plass.

Til samanlikning sprang Andreas 1500 meter på 4:25,38 under inne-UM i Drammen midt i kaldaste februar i fjor, så her fekk me eit første målbart teikn på framgangen. Pappa Jon melder då elles at Andreas var godt nøgd med løpet.

Hallen i Birmingham er elles den same som Ingvill Måkestad Bovim sette norsk innandørsrekord i på same distansen nyleg.

Og: I Birmingham representerte Andreas Sale Harriers Manchester, men han er samtidig framleis Gneist Junior-løpar. 1500-meteren gir 987 poeng på tyrvingtabellen og er vinterens beste løpsprestasjon for Gneist-gutar så langt.

lørdag 26. februar 2011

Håp for framtida

"Håp for framtida" er naturlegvis eit av desse uttrykka ein nyttar utan at det er så mykje meining i. Håp og framtid høyrer naturleg saman, på same måte som håp og fortid ikkje gjer det. Framtida kjem etter kvart - er mitt favorittuttrykk.

No ja. Dette handlar om ei lita oppfølging av hopp utan fart-situasjonen etter bloggen om rekordane hin dagen. No er Ytrebygda-stemnet over for i år - og dermed stillehopp-sesongen også, vil eg tru.

Jentene har jo god og jamn kontroll med dette. Her er det likevel verdt å trekka fram to gode hopp: Maren Haugen Lillefosse (J13) sitt lengdehopp på 2,22 var absolutt brukande. Det gir fine 892 poeng på tabellen. Hakket kvassare var likevel 10-åringen Miriam Haugland sitt høgdehopp på 0,90. Det gir 905 poeng. Og her er det verdt å minna nettopp om Maren Haugen Lillefosse sin klubbrekord i klassen over, jenter 11, på 1,02.

Så var det gutane då. Kristoffer Blücher (G12) sitt lengdehopp på 2,13 er 20 cm bak klubbrekorden frå 1984. Endå nærare var Sondre Rinde (G13) med 2,31, som er fattige sju centimeter frå rekroden i klassen frå 1980.

Framleis er yngste guterekord i hopp utan fart 16 år gammal.

Men også her kan ein trekka fram 10-åringar. Pål Haugen Lillefosse sitt lengdehopp på 1,87 gir 885 poeng (og er 30cm bak G11-rekorden) og Håvard Rinde sitt høgdehopp på 0,90 gir 915 poeng (og er 18cm bak G11-rekorden).

Det er absolutt håp for framtida...

torsdag 24. februar 2011

Gamle rekordar utan fart

Ein del stader køyrer ein knallharde seriar i hopp utan tilløp, som IL Trio sine hoppstemne på Valen skule. Andre stader er det stort sett berre slike innomhus hoppstemne ein profilerer seg på, som til dømes IL Harding sine stemne i Kinsarvik.

For Gneist-utøvarane handlar det om KM i hopp utan fart og fredagens tradisjonsrike evenement på Ytrebygda skole.

At det er langt mellom hoppa utan fart, samanlikna med talet på 60 metrar til dømes, kan også avlesast i klubbrekord-oversikten. Særleg er det for gutane tilfelle at rekordane er gamle. Tidleg 1980-tal var visst ei god tid for hopp-prestasjonar utan fart. Det er til saman 18 rekordar i aldersspennet 11-19 år i høgde og lengde utan tilløp for gutar. Dei fordeler seg slik etter åra dei blei sett:

1965: 1
1971: 1
1979: 3
1980: 1
1981: 5
1982: 3
1983: 1
1984: 1
1992: 1
1995: 1

Det er altså ikkje sett ein klubbrekord i hopp utan fart for gutar sidan 1995.

For jentene ser det betre ut. Til dømes er Maren Haugen Lillefosse, Marianne Benserud og Vilde Lund Bjørnsen av dagens utøvarar representerte på rekordlista. Her er det 17 rekordar (det manglar rekord for 19-åringar i høgde utan fart...), fordelt slik:

1973: 1
1974: 2
1975: 2
1979: 1
1985: 1
1987: 3
2001: 1
2006: 2
2009: 2
2010: 2
2011: 2

onsdag 23. februar 2011

Seige jenter - Kondis, 2010

Me rundar av kortvisitten i bladet Kondis sin 2010-statistikk med jentene. Her er det meir og meir å henta for dei som ser fram til ein god Gneist-kontingent også på dei lengre distansane i åra som kjem.

I oversikten nedanfor låner me Ingrid Næss Johansen frå Fana. Det var klubben ho representerte i 2010, som denne statistikken gjeld, men i 2011 skal ho altså springa i blått. Me legg naturlegvis også merke til Renate Lie sine plasseringar, ikkje minst fordi ho i tillegg var norges beste 12-åring i ei rekkje av dei kortare løpsøvingane. (Men frå og med i dag er ho 13...)

5km

12-13 år
1. Ingrid Næss Johansen 20.05
2. Renate Lie 20.27
6. Anna Serine Røssland 21.50

10km

12-13 år
2. Ingrid Næss Johansen 43.11

tirsdag 22. februar 2011

Kondis 2010 - gutar

I februar-utgåva av bladet KONDIS finst den offisielle statistikken for løp frå 5 km og lengre for året 2010. Det kjem godt med, for statistikken på nett på http://www.kondis.no/ er det synd å seia at blir oppdatert godt og jamleg. (Her har ein mykje å læra av den eminente oppdateringa av statistikken på friidrett.no!)

Det er oppnådd gode resultat alt i 2011 også, men la oss dvela ved den offisielle oversikten for 2010. Statistikken som er gjengitt fortel om dei ti beste for kvar aldersgruppering for kvar distanse. Også her markerer Gneist sine kondisjonssterke løparar seg, først og fremst på halvmila:

5 km:

Gutar 12-13 år:
4. Casper Stenersen 18.12
9. Stian Ø. Aarvik 18.53

Gutar 14-15 år
4. Andreas Iden 16.46
6. Ole Martin Røssland 17.09

mandag 21. februar 2011

101 inne - Alle Tider, Rest, 2010

"Stille før stormen" bør vera eit passande uttrykk. Me har no vandra innom Gneist-prestasjonar som i 2010 har markert seg på dei ulike Alle Tider-statistikkane for 13 til 15-åringar, både for gutar og jenter. I desse årsklassane har det vore ein del å ta av. Det ligg også ein god del i løypa av dei yngre, ikkje minst mellom dei som var 12 år i 2010.

Men det er fort gjort å få kontroll med prestasjonane for dei frå 16 til 19 år. Det er for det første høg kvalitet på det som finst i Alle Tider-statistikken frå før, men for det andre har det vore etter måten få Gneist-utøvarar i desse årsklassane dei seinaste åra.

Den eine prestasjonen som i 2010 så vidt sniker seg inn på oversikten finn me i G17, Jørgen Jensen Axelsen sitt bronesløp på 3000 meter under Ungdomsmesterskapet i Molde første helga i september. Han kom der i mål på 8:51,21, noko som er ein 101. plass for 17-åringar på distansen gjennom alle tider.

Til gjenjgeld var det ein framifrå prestasjon i det eine løpet. Jørgen hadde 9:06 som pers før han kom til UM i Molde og var rangert som 6.-/7.-mann før løpet, avhengig av korleis ein vurderte. Han gjekk respektlaust til verket og var på eit tidspunkt heilt i ryggen på dei to store favorittane - Ferdinand Kvan Edman og Sindre Løchting, som til slutt tok dei to gjævaste medaljane. Å persa med 15 sekund i løpet som var sesongens store mål er ein stor prestasjon i seg sjølv.

søndag 20. februar 2011

Sterke i stav - Alle Tider, J15, 2010

Det var i særleg grad i stavsprang at jentene som fylte 15 i  løpet av 2010 markerte seg i den historiske Alle Tider-statistikken. For tida er det inga overdriving å påstå at Gneist er ein løpsklubb: Frå korte til lange løp markerer mange utøvarar seg, i fleire årsklassar. I kast stiller klubben eit godt stykke bak, medan det i hopp er enkelte lyspunkt.

Ser ein då bort ifrå stavsprang. Her har ein ei god gruppe som presterer på godt nivå, både mellom jenter og gutar. Høgdepunktet for stavgjengen i 2010 var juniorNM-gullet til Marianne Benserud på Askøy først i august. Då slo ho også til med 3,25, som ved årsslutt gav ho ein 3. plass på Alle Tider-statistikken i stav. Også Tina Therese H. Jenssen er godt med på denne statistikken. Ho hamna på 2,71 utandørs i fjor (2,76 inne i Høiehallen i september i tillegg), noko som plasserer Tina Therese på 22. plass gjennom "alle tider", som det jo altså heiter.

Gneist har mange gode trenarar. Når det gjeld stav, så må me naturlegvis ta med ein inkluderande finne frå IL Fri.

lørdag 19. februar 2011

Kortreiste utøvarar

Det er noko som  i vår moderne tid blir kalla kortreist mat. I og med lørdagens tildeling av meisterskap for 2012 (og hovud-NM i 2013) kan me slå fast at me får kortreiste utøvarar heimefrå til fleire av dei store meisterskapa i 2012.

Minst overraskande var det at innandørs-UM hamna i Sandnes. Hallen i Sandnes er så godt som ferdig no, men det er i seinaste laget til årets innandørs-UM, som det var planen at Sandnes skulle ha arrangert. Det var uansett ein stram tidsplan og då betongbjelkar -  eller kva det no var - datt i bakken sist sommar, så blei arrangementet flytta til Ranheim. No blir det altså tur til Sandnes om circa eit år.

Ikkje veldig overraskande var det heller at utandørs-UM blei lagt til Ravnanger, Askøy. Etter arrangeringa av junior-NM sist august har alliansen på Askøy uttalt at dei igjen sikta mot hovud-NM og at dei på vegen dit gjerne ville ta med seg eit UM for å spissa arrangør-kompetansen. UM 2012 er altså no i boks. Så får me håpa at det tidlegare omtalte Askøyleikane-veret gjer seg ferdig i mai månad og at det i månadsskiftet august/september blir ein strålande (og vindstille?) Indian Summer der ute på øyo, sjølv om det kanskje er mykje å håpa på.

Og det er ikkje nok med det: Snart er det kortløype-terrengløpUM/NM austpå (i år igjen), men i 2012 er det Strandebarm  og Gular som i fellesskap har fått arrangementet, så då blir det vel vårtur til Hardanger.

Av anna relevant: NM innandørs (der me hadde to utøvarar med i Trondheim nyleg) skal gå i den andre trønderhallen, i Steinkjer. NM i stafettar skal i 2012 gå i Moss, NM for junior går i Sigdal i Buskerud, NM i lange terrengløp (om hausten) skal gå på Ås.

Hovud-NM for 2012 er tidlegare plassert i Kristiansand. Arrangementet i 2013 skal gå i den vene Greveskogen i Tønsberg.

Men dei store arrangementa lokalt er ikkje slutt med dei alt nemnde: NM i motbakkeløp skal gå i Rosendal (det blir vel opp til Malmangernuten det, vil eg tru) og NM i mangekamp  skal gå på stadion i Arna i regi av IL Fri.

Det bør også vera ein stor dag for kasserar Leikvoll dette!...

fredag 18. februar 2011

Jo lengre, jo betre - Alle Tider, G15, 2010

Til ære for 16-årsjubilanten kikkar me i dag, den 18. februar, på Ole Martin Røssland og Andreas Iden sine flotte markeringar i den nasjonale Alle Tider-statistikken etter 2010-sesongen. Dei presterte fleire solide løp og i det store og det heile vil det stemma at prestasjonane blei betre jo lengre løpa blei.

Andreas plasserer seg på 37. plass på 1500 meter med 4:11,55.

På dei fire neste distansane er både Andreas og Ole Martin inne:

1500 meter hinder
15. plass: Andreas, 4:39,53
17. plass: Ole Martin, 4:39,94

2000 meter
19. plass: Andreas, 5:50,50
84. plass: Ole Martin, 6:01,35

3000 meter
24. plass: Andreas, 9:06,59
94. plass: Ole Martin, 9:23,94

5000 meter
8. plass: Andreas, 16:10,84
9. plass: Ole Martin, 16:14,02

onsdag 16. februar 2011

Lenge leve Lonevåg

"Ekte idrettsglede" er mottoet i Osterøy Idrettslag. Det finst episodar og prinsipp utpå Osterøy som ikkje alltid verkar i den retning, men det er ikkje tema her. I staden er det all grunn til å prisa den fantastiske dugnadsinnsatsen som ligg bak friidretten på Osterøy. Første helga i september arrangerer til dømes Osterøy dei regionale NCC-leikane på Osterøy Stadion i Lonevåg (eller på Hatland, for dei som vil vera svært lokalt presise) for tredje året. Det er eit arrangement som Osterøy overtok etter Haugesund og det er elles Nadderud/Tyrving og no sist Lillestrøm austpå og Stjørdals-allliansen - med ei rekkje idrettslag i arrangørstaben - som er arrangørar for dei andre regionane. Osterøy er såleis ein lilleputt i storleik, men ikkje i dugnadsinnsats.

Men viktigare enn NCC-leikane er den serien av stemne som Osterøy arrangerer frå april til september, 11 karusellar i alt, om ein tel med stort og smått. Både Hovding, Ask og til og med Norna-Salhus må stå med lua i handa og konstatera at det er Osterøy som har det breiaste og beste tilbodet av seriekarusellar. Over tid er også øvingsutvalet særs godt.

Første karusell i 2011 går av stabelen den 27. april, sidan går det slag i slag fram til 20. september. Dei to første karusellane finst i terminlista.

På linken nedanfor finn ein oversikten over karusellar (og for så vidt andre lokale stemne) når ein trykker på "Lokal terminliste" øvst. Oversikten i excel-arket blir jamleg oppdatert, men siste sjekk viste øvingsprogram på alle karusellar minus to i sommar.

Lokal terminliste, Osterøy

God tur til Lonevågen!

tirsdag 15. februar 2011

Vår på bakken, vinter i lufta

Det var spesielle, men for så vidt gode forhold under vinterens 6. karusell frå Fana stadion mandag. Det var så godt som bart på bakken, medan tynne snøflak tok til å falla om lag ved startskot-tid.

Mange gode resultat blei oppnådd. Nokre spring for fullt heile vegen, andre spring for fullt delar av vegen og andre tar det med ro både her og der i løypa.

Denne bloggaren meiner at dei innlagde kamelpuklane i Kvernabekkvegen gir litt for store utfordringar på 10-kilometeren. Mandag kveld blei det småsnubling i sju-åtte av dei, før eg snubla og låg så lang eg var. Det tok eit intensivt motivasjonskurs for å få i gang springinga igjen. Kanskje må det investerast i dagslinser til neste løp?...

Renate Lie, snart tenåring, tok 3. plass mellom damene på 5km og forbetra tida si til 20:34.

Her er listene over Gneist sine løparar mellom dei beste for menn og kvinner så langt i vinter:

Menn, 5 km (betre enn 19:30)
4. Jørgen Jensen Axelsen 16:33
16. Ole Martin Røssland 17:33
17. Aleksander Lie 17:38
24. Casper Stenersen 18:12
39. Stian Ø. Aarvik 18:53
59. Stian Norheim 19:28

Kvinner, 5km (betre enn 24:00)
8. Ingrid Næss Johansen 20:31
10. Renate Lie 20:34
17. Anna Serine Røssland 21:50
30. Silje Stenersen 22:41

Menn, 10 km (betre enn 42:00)
16. Ole Martin Røssland 38:11
63. Stian Norheim 41:43

Kvinner, 10km (betre en 57:00)
7. Ingrid Næss Johansen 43:11
39. Anna Serine Røssland 51:12

mandag 14. februar 2011

Knallsterk duo - Alle Tider, J14, 2010

Det er mange duoar som hjelper kvarandre opp og fram på ulike vis. I nokre aldersklassar og miljø er det kanskje både trioar, kvartettar og kvintettar også, men svært ofte finn me to. Framfor nokon er det to som i 2010 fanst i J14-klassen som markerer Gneist på det nasjonale kartet - som duo: Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen. Det blei ingen aldersrekordar som 14-åringar, men fleire årsbeste og mange sterke markeringar langt oppe i den historiske Alle Tider-statistikken:

Monika Benserud:
- 60 meter hekk (76,2), 9,21 - 4. plass
- Stav, 3,07 - 5. plass
- Tresteg (planke), 11,30 - 6. plass
- 100 meter, 12,77 - 7. plass
- 200 meter, 25,87 - 9. plass
- 80 meter hekk (76,2), 12,21 - 12. plass
- 200 meter hekk (76,2), 30,58 - 12. plass
- 60 meter, 8.09 - 34. plass
- Lengde (planke), 5,28 - 42. plass

Vilde Lund Bjørnsen:
- 200 meter, 25,71 - 4. plass
- 300 meter, 40,97 - 4. plass
- 100 meter, 12,74 - 5. plass
- 60 meter: 7,91 - 8.plass
- Lengde (planke), 5,14 - 96. plass


Her er det mykje å bli imponert over. Og det er ingen grunn til å skru ned forventningane når jentene no skal konkurrera i J15 - og for så vidt også som juniorar og seniorar.

Interessant er det også å studera kjente namn som finst i nærleiken i den historiske statistikken. Av alle dei ein kunne ha drege fram skal berre eitt nemnast her: Ei viss Margrete Renstrøm - norsk rekordhaldar i lengde - hoppa 5,38 i lengde som 14-åring og 11,45 i tresteg...

søndag 13. februar 2011

Å få dei yngste i gang

Då er regionsmeisterskapen, både for dei store og dei små, over for denne gongen. Det var langt mellom Gneist-deltakarane den siste konkurransedagen i Høiehallen, då det var 12-åringar og litt 10-åringar som var i elden. Det er kjekt å registrera at Kristoffer Blücher (G12) er i gang med 2011-sesongen på ein fin måte. Han sneik seg under 9,00 (8,97) då han vann finalen på 60 meter, mellom anna.

Men i G12-klassen er Kristoffer einsleg svale, i alle fall så langt. Og det er - som det alltid har vore - slåande korleis dei ulike årsklassane varierer i storleik. Den totale mengda gutar som sprang 60 meter inne i 2009-2010-sesongen var 25. Så langt (og det er ikkje mykje igjen av innesesongen no) er det 25 gutar som har delteke på distansen denne sesongen også. For jenter var tilsvarande tal 19 sist innesesong og framleis 19 denne sesongen.

Det er ganske slåande. Men fordelinga er den mest interessante. Og aller mest interessant er det korleis ein får dei yngste i gang med å konkurrera og korleis dette utviklar seg frå 10, via 11 og til 12 år, til dømes. Her er det ikkje så mykje å bekymra seg over når det gjeld gutane, men ein kan legga merke til at det førebels berre er to utøvarar som er i gang med konkurranse av dei som var mellom dei eldste rekruttjentene i fjor. Tilsvarande tal i fjor for J10 var sju. (Til gjengjeld er det framleis sju jenter mellom J11).

Kor bekymra ein skal vera over talet på kulestøt er vel kanskje ein smakssak, men det er eit faktum at ganske mange av fjorårets innandørs kulestøt blei teljande i lagserien i 2010. I fjor hadde gutane til saman 15 innomhus kulestøt, jentene fem. I år er talet så langt gått ned til 11 for gutane og berre to for jentene.

lørdag 12. februar 2011

Høgde höjdare i Høie

Det var mange flotte prestasjonar under første dag av dei yngste sitt regionsmeisterskap i Høiehallen lørdag. Aller sterkast resultat opplevde ein i høgde, der den yngste garde mellom poengplukkarane igjen markerte seg.

Pål Haugen Lillefosse (G10) meldte seg rett inn i 1000-poengsklubben med å oppnå akkurat 1000 poeng med sitt 1,25- hopp. Håvard Rinde (G10) sitt hopp på 1,10 var også verdt såpass som 895 tyrvingpoeng.

I klassen over (altså G11) imponerte Espen Bjørndal med sitt hopp på 1,30. Det gir 944 tyvingpoeng og - ikkje minst sidan me berre skriv februar enno - er det verdt å minna om Sigve Stenersen og Torstein Onarheim sin delte klubbrekord i aldersklassen, på 1,38.

Håvard Rinde fekk også opp eit gledeleg kulestøt på 7,20 i 10års-klassen, noko som er verdt 922 poeng og som igjen er vinterens beste kastprestasjon mellom gutane.

Jentene sin aller beste poengsum første dag stod Anna Evensen (J11) for, då ho sprang 60 meter hekk på 11,28 - som gir 927 tyrvingpoeng.

Suksess i Trondheim

La det vera sagt med ein gong: eg har ikkje berre gode minne frå Trondheim. Ein onsdagskveld i september i 1994 sat eg på Lerkendal Stadion (av ein viss Davy Wathne kalla for "friidrettsbanen i Trondheim") og såg eit fotball-lag frå Bergen tapa ein kamp 0-9. Det er på ein måte eit utgangspunkt.

Men så slår to bergensjenter til i første forsøk i den nye hallen på Ranheim, så til dei grader!

Marianne Benserud stilte i juniorklassen og auka si samling av juniormeisterskap då ho vann høgde utan tilløp ganske suverent (og klart betre enn vinnaren i seniorklassen også)! 1,39 gir 1038 Tyrving-poeng og er fem centimeter over Marianne sin eigen klubbrekord i J16.

Monika Benserud har også prikka inn storformen til første Ranheim-helga denne vinteren: 7,87 på 60 meter er pers med eit tidel, det gav 2. plass i hennar forsøksheat og plass i semifinalen - i seniorklassen. Det gir også heile 1075 Tyrving-poeng og forbetring av eigen klubbrekord. I semifinalen sprang ho like så godt sitt nest beste løp, med 7,90, og tok ein fin 5. plass i sitt heat.

I tresteg persa Monika til 11,43, noko som også gav 5. plass i innomhus-seniorNM. Dermed har Monika også dette året hoppa lengre enn kravet både til UM, junior-NM og senior-NM (ho klarte krava alt i fjor). 11,43 er fattige sju centimeter bak Amalie Tefre Skage sin klubbrekord i 15-årsklassen frå 2006.

fredag 11. februar 2011

Terrengløp

Det er ein nydeleg dag der ute i dag - nesten som skapt for terrengløp? Som me får rapportar om frå England; der borte kan dei det med terrengløp og dei har tilbod gjennom heile vinteren og halve våren.

Våre interesserte terrengløparar har i praksis to tilbod her heime, i alle fall om ein er 15 år eller eldre: kretsmesterskapet her lokalt og - for dei eldste - UM/NM nasjonalt. Det siste mesterskapet går i år den 9. april på Geithus i Buskerud, der Furumomila går kvar haust. Dette er den korte varianten (2 km for ungdommane), medan den lengre går i Trondheim til hausten. Det ser ut til å bli eit sterkt lag på fem gutar frå Gneist i år: Jørgen Jensen Axelsen (G 18/19), Andreas Iden og Ole Martin Røssland (G16) og Aleksander Lie og Stian Norheim (G15).

Årets kretsmesterskap går ei veke tidlegare, 2. april, i samband med det tradisjonsrike Parkløpet på Stord. Ifølgje invitasjonen går løpet på Vikastemmo - det er den kjende Vikastemmo på Leirvik, naturlegvis - og der er det "mest parkområde og unoko ujamnt underlag (gras og sti)".

Me får håpa mange tar turen til Stord første lørdagen i april. Tradisjonelt er desse terrengløpa ganske klart prega av kor det blir arrangert:

I 2007 var Osterøy arrangør. Osterøy IL tok 7 KM-gull, Gneist 0 (og hadde null deltakarar også!)

I 2008 var Strandebarm (og Gular) arrangør. Strandebarm tok 1 KM gull og fleire andre medaljar, 1 gull også til Norheimsund. 2 gull til Gneist (Martin Torgersen, G13, og Vilde Lund Bjørnsen, J12)

I 2009 var IL Fri offisiell arrangør, men med svært god hjelp frå Bjarg/Gneist/BFG. Mesterskapet gjekk på bakkane på Stend. Gneist vann 5 KM-gull (Casper Stenersen, G11, Renate Lie, J11, Vilde Lund Bjørnsen, J13, Andreas Iden, G14 og Jørgen Jensen Axelsen, G16).

Og i fjor, i 2010, var arrangement same stad og IL Gneist var også offisiell arrangør. Gneist heldt på den solide gullfangsten på 5 (Casper Stenersen, G12, Aleksander Lie, G14, Renate Lie, J12, Anna Serine Røssland, J13 og Hedda Magnerud, J16).

Det er altså grunn til å tru at sunnhordlendingane kjem til å markera seg på Vikjo, heimekjære som dei (også) er. Men me kan vegen til Stord, det viser me mellom anna midt i august kvart år.

torsdag 10. februar 2011

Søstrene Benserud til NM

Mange har fokuset sitt mot den nye hallen på Ranheim til UM i midten av mars, men arrangementa står i kø der oppe, aust i Trondheim, og komande helg er det sjølvaste innandørs-NM som står for døra.

BFG Fana stiller med fleire deltakarar. To av dei representerer i det sivile IL Gneist, søstrene Marianne og Monika Benserud.

Og det er ingen grunn til å tru at dei reiser opp som lærejenter. Marianne debuterte i junior-NM sist sommar med å vinna gullet i stav. I utandørs senior-NM i Sandnes i august i fjor blei det 4. plass. Ei plassering mellom dei beste i stav er såleis høgst realistisk. Men høgde utan tilløp er på papiret likevel Marianne si sterkaste øving; ho har dei to beste hoppa i øvinga for seniorar så langt i år.

Monika er påmeldt i 60 meter, lengde og tresteg. Ho har 13. beste tida på 60 meter så langt i vinter og 7. beste lengdehoppet. Begge deler fortel at me kan ha forventningar om heiderlege plasseringar og vel så det i desse øvingane i Monika sin debut i eit norsk meisterskap. Aller best rangert er ho likevel i tresteg. Monika skal også delta på BFG-laget på 4 x 200 meter stafett.

Marianne innleia på mange måtar ein ny epoke med Gneist (via BFG)- markeringar i norske meisterskap med sine solide prestasjonar i 2010. NM-helga i Ranheimshallen blir truleg eit fint framhald på dette.

onsdag 9. februar 2011

Terminlistenytt: Travel vår, roleg haust?

... Og det kommer mer...

Følgjande avsløringar er no komne i terminlista:

Askøylekene er tilbake!... Etter eit naturleg kvileår i 2010, fordi banen var under oppgradering før junior-NM, er askøyfolket klare med sine leikar igjen. Tidlegare gjekk leikane over to dagar. Så vidt det er muleg å lesa av oversikten, så blir det éin dag dette året, det vil seia ein kveld, onsdagskvelden den 25. mai. Og naturlegvis blir me skuffa dersom ein ikkje stiller med kuling og regn på Ravnanger, slik tradisjonen tilseier.


Framo er stadfest til 2. - 5. juni, altså frå Kristi Himmelfartsdag og ut veka. Framo og Norna-Salhus lovar blå himmel og solskin, uansett ver.

13. juni blir det leikar i Ulvik, medan me førebels saknar stadfesting på friidrettsfestivalen for alle aldrar eit stykke lengre ute i fjorden, i Strandebarm.

Stor-KM, Gneistspel/KM 11-14 og Stordleikane er stadfesta på dei datoane bloggen tidlegare har annonsert, medan Fanalekene har funne seg ein ny kalenderheim, siste helga i august, den 27. Det betyr for det første at Fanalekene går den helga det er UM i Fredrikstad, for det andre at september månad er langt tynnare med tilbod enn på særs lenge. Første helga er det NCC på Osterøy for 13- og 14-åringar. Men det gjeld jo berre dei kvalifiserte frå desse aldersklassane. Andre helga er det Bergenslekene, men så er det nesten slutt, ser ein bort frå Gneist sine kast- og løpsstemne - men det skal ein naturlegvis ikkje gjera.

Ein konklusjon får vera at ein formtopp før skuleferien ikkje vil vera så dumt...

Anna Serine sitt gjennombrotsår - Alle Tider, J13, 2010

Til ære for dagens 14-årsjubilant, Anna Serine Røssland, ser me denne gongen nærmare på Alle Tider-statistikken for Jenter 13 etter 2010-sesongen. Ein kan trygt seia at det har skjedd store ting sidan hennar varsame start som friidrettsutøvar under Framo- og Tyrving-lekene i 2008.

Ei særs viktig endring er at den gongen var lengste løpet på 600 meter. Hausten 2009 debuterte Anna Serine på 1500 meter under Bergenslekene og fekk ei god erfaring. I 2010 sprang ho ikkje mindre enn ni 1500-meterar og dei utgjer ei særs jamn rekke når ein ser på tidene!

Mot slutten av 2010-sesongen fekk ho så prøva seg på to nye distansar - 2000 meter (igjen: Bergenslekene) og 1500 meter hinder (Gneist sitt løpsstemne).

På 2000 meter held tida 7:22,49 til ein 12. plass på Alle Tider-statistikken, medan 1500 meter hinder på 5:53,17 altså er beste løpet på distansen for ei jente på 13 år.

Gratulerer med dagen!

tirsdag 8. februar 2011

Terminlistenytt: kollisjonar i mai

Dersom me skal vera i det positive hjørnet, så er terminlista ein spennande affære - kanskje å likna med sjølvaste adventskalenderen. Det er tidlegare nemnt at berre nokre få stemne og datoar er offentleggjort. No er nokre få til kome på plass, me får berre leva i spenning på resten...

Me noterer oss at i alle fall dei første datoane for aktuelle seriestemne er på plass:

- 27. april: Osterøy
- 11. mai: Ask
- 19. mai: Hovding

Me noterer også at helga før 17. mai kan bli ei travel helg: Ein del har konfirmasjon den helga, nokre er aktuelle for Holmenkollstafetten (og blir konfirmerte samtidig, har eg forstått....) og søndag 15. mai er det like så godt både Laksevåglekene og Åsaneløpet.

Helga 21. - 22. mai er det altså Mailekene i Haugesund og den helga er det no også KM i mangekamp på nye Arna Stadion.

Her må det, for ein del, veljast og vrakast.

Og me ventar i spenning på nye avsløringar på terminlista. (Når blir det til dømes Fanalekene dette året, mon tru?)

mandag 7. februar 2011

Rapport frå Manchester II

Familien Iden ligg ikkje på latsida der borte i England - det var det vel heller ingen som trudde. Andreas spring og spring. No i helga blei det eit skikkeleg gjørmeløp av eit terrengløp. Og det er knalltøff konkurranse heile vegen og full innsats.

Herbjørn Sørebø hadde ein gong ein boktittel som var slik: "Bønder spelar ikkje tennis". Tittelen på rapporten frå pappa Jon denne gongen er litt i slekt, men berre litt:


Engelskmenn jogger ikke
Jeg har tatt med meg gymtøyet til England. Glad for jeg gjorde det, det er mange flotte alternativer til en fin joggetur her. Vi kan jogge langs elven Mercey (som ligger like ved der vi bor og som går helt ut til Liverpool), vi kan jogge i en av de mange flotte parkene, vi kan dra til kysten og jogge milevis på stranden, eller vi kan dra til Peak District og jogge i et nydelig fjellandskap. Og dersom det er mørkt ute er det interessant å løpe innover mot sentrum av Manchester gjennom småbyer som Withington, Fallowfield og ”The curry mile”, sistnevne med et stort innslag av asiatiske butikker og restauranter.
Engelskmennene er også glade i å komme seg ut, også med treningstøyet på. De går ikke bare på pub og fotballkamp. Men i motsetning til meg jogger de ikke; de løper. De raser av gårde, som om de deltar i et mosjonsløp, eller i alle fall som om de trener mot et bestemt et. Og dette gjelder alle utgaver: unge og gamle, kvinner og menn, de atletiske og de mer normale. De langer ut og fyker av gårde. Med hånden på hjertet; jeg tror jeg har til gode å ta igjen / løpe forbi en eneste engelskmann her. Jo da, jeg vet at jeg ikke tilhører de raskeste, og årsaken kan ligge hos meg, ikke hos dem, men jeg har nå brukbare tider i vinterkarusellen. Og en tur i Hordnesskogen er nå ikke aldeles ydmykende heller. Poenget må være at de tenker annerledes her. Når de tar på seg treningstøy og sko, så skal det løpes, basta.
En annen interessant observasjon er utstyret. Nå i vintermånedene løper jeg som regel med lange tights og gjerne med to lag på overkroppen. Og det har ikke bare vært mildt her i vinter; desember 2010 var den kaldeste måneden siden målingene startet, og det var mange dager med minus eller ned mot minus, og temperaturer på under ti minus om natten. På slike dager tar jeg på meg hue, hansker og vintertights. Men hva tror du engelskmennene løper i? Jo riktig, kortebukse og t-skjorte. Selv ikke når gradestokken kryper ned mot null grader tar de mer på seg når de skal løpe. Men det er kanskje derfor de løper og ikke jogger J. Dette gjelder også når det er terrengløp. En lørdag før jul ble det arrangert terrengløp i to grader, og med litt sludd i luften og frost i bakken.  Hva tror du at de løper i? Jo, riktig, kortbukse og singlet. At de ble både røde og blåe så ikke ut til å gjøre dem det aller minste. Og jeg som trodde at det var vi som var vikingene her!

Sju markeringar frå unge Lie: Alle Tider - G14, 2010

Gutane på 14 år finn seg plassar i Alle Tider-statistikken i ganske mange øvingar etter 2010-sesongen.

Stian Norheim sitt løp på 1500 meter hinder på 5:18,01 plasserer han som nr. 18.

Amund Høie Sjursen markerer seg med sine lengde- og tresteghopp frå planke. Lengdehoppet på 5,85 er det 56. beste for 14- åringar og tresteghoppet på 11,64 gir Amund ein 71. plass.

Aleksander Lie er ein allsidig ung mann. Han deltok i heile 21 øvingar i 2010, i sju av desse markerer han seg i Alle Tider-statistikken:

Me kan ta markeringane i rekkefølgje i retning det beste:

- 1:30,83 på 600 meter gir ein 54. plass.
- 40,66 på 300 meter gir ein 24. plass.
- 6:12,14 på 2000 meter gir ein 16. plass.
- 56,68 på 400 meter gir ein 14. plass.
- 28,41 på 200 meter hekk (76cm) gir ein 6. plass.
- 4:47,12 på 1500 meter hinder gir ein 5. plass
- 43,55 på 300 meter hekk (76) gir ein 4. plass.

Sterke saker. Så kan ein jo undra seg over om denne lista også gir signal om kva Aleksander skal bli når han blir stor?

(Plasseringane i Alle Tider-statistikken er for ordens skuld uoffisielle og ein får bera over med det om den offisielle skulle visa noko anna. I dei fleste tilfella vil det truleg vera snakk om maks éi plassering unna, der det måtte finnast noko unøyaktig.)

søndag 6. februar 2011

Kurant ukurant

Noko av det som var mest verdt å merka seg under det andre (og siste for denne innomhus-sesongen) Gneist-stemnet i Høiehallen fredag, var kulestøta til dei godt vaksne. Det skal me koma tilbake til.

Det var heldigvis også lovande prestasjonar av dei yngste poengplukkarane. 10-åringane i lengde for gutar, til dømes, og 10- og 11-åringane i lengde og hekk, for jenter. Her var det mykje bra.

I lys av fjorårsinnsatsen innomhus kunne ein kanskje håpa på fleire kulestøt. Igjen får ein, når det gjeld den øvingsgreina, vera glad for det ein får, som til dømes Håvard Rinde sitt støt på 6,53 i G10, som gir fine 865 Tyrving-poeng.

Så til det kurant ukurante: Monika Benserud (J15) sprang denne gongen 60 meter hekk (76 cm) på 9,21. Frå tidlegare har ho 9,12. Aleksander Lie (G15) kom i mål på 9,79 på same hekkelengde (91 cm). 60 meter hekk for 15-åringane har me ikkje ført klubbrekordar for tidlegare. Det er ein ukurant hekkedistanse utandørs, der jentene i denne aldersklassen spring 80 meter og gutane 100 meter. Samtidig er den i bruk rett som det er innandørs. Difor noterer me oss Monika og Aleksander sine tider som gjeldande klubbrekordar.

(Klubbrekord-oversikten er elles til overhaling. Ein eldre versjon blei nyleg ved eit mistak lagt ut. Ei kontrollsjekka utgåve er snart på veg til ei nettside nær deg.)

fredag 4. februar 2011

Emil til Alle tider - G13, 2010

Mange av Gneist-utøvarane markerte seg høgt opp i 2010. Ja, ikkje berre i fjorårets statistikk, men også i det som blir kalla "Alle tiders statistikk i Norge". Me skal kasta eit blikk på desse prestasjonane slik innimellom.

Nokre av Gneist-utøvarane får sin første sjanse til å markera seg på offentleg vis i 2011. Det gjeld til dømes utøvarar som Renate Lie, Maren Lillefosse, Henrik Gravdal og Casper Stenersen. Alle desse markerte seg til dels svært sterkt på den hemmelege statistikken for 12-åringar i 2010.

Dei yngste gutane med offentleg statistikk var i fjor dei som er fødde i 1997. Her var det éin utøvar som i to øvingar kom seg inn på den sterke og tette lista over alle tiders beste resultat. Det var Emil Engelsen Holm som klarte den bedrifta i hekkeøvingane 60m (76cm) og 200m (68cm):

På 60 meter hekk sprang Emil på 10,47, noko som gir han ein 90. plass i aldersklassen gjennom alle tider.

På 200 meter hekk fekk Emil tida 32,90, som er ein 73. plass for gutar 13 etter 2010-sesongen.

Bloggen kjem tilbake med fleire historiske markeringar etter kvart.

torsdag 3. februar 2011

Den løyndomsfulle terminlista

Nokre av oss likar å planlegga. Det er til og med nødvendig i mange tilfelle. Det er kryssande omsyn i familiar, det er reiser og opphald som skal bestillast og betalast. I planlegginga av ein friidrettsessong (for så vidt til liks med andre idrettars sesongar) skal ein til dette formålet nytta terminlista. Men det einaste som er sikkert med terminlista er at den er særs usikker. Vel, stort sett stemmer det som kjem på lista, sjølv om det også hender at stemne blir lagt ut for så å bli trekte tilbake.

10. januar hadde friidrettskretsen terminlistemøte. Komande mandag er det fire veker sidan. Veldig mange stemne og datoar er klare, men på online-oversikten på friidrett.no finst det berre nokre få som faktisk er offentleggjort:

7. mai er det Hovdingleikane
9. mai er det BFG sitt opningsstemne på Fana Stadion (altså ein mandag)
15. mai er det Laksevåglekene (eit par-tre veker seinare enn det me er vane med)
29. mai er det AKS-leikane der ute på Knarvik

Men svært mykje av resten av programmet held ein av ein eller fleire ukjende grunnar tett til sitt bryst:

Kvifor er det hemmeleg...
... at Framo-lekene går 2. - 5. juni?
... at stor-KM går 25. - 26. juni?
... at KM 11-14 år blir arrangert av det velrennomerte IL Gneist på Fana Stadion 13. - 14. august?
... at Stord-leikane blir arrangert i strålande solskin 19. - 21. august?

... for å nemna nokre sentrale milepælar i sesongen.

Men tru ikkje berre at det berre er hordalendingar som kan være løyndomsfulle! Me har tidlegare meldt at Mai-lekene i Haugesund i år går 21. - 22. mai, men ikkje sei det til nokon andre! Og dei to største stemna for barn og unge må ein også leita etter datoane for: Tyrvinglekene går 17. - 19. juni og Veidekkelekene på Lillehammer 23. - 26. juni.

Mykje underleg her. Det er som om ein skulle halda unna åtte-ni av Brann sine seriekampar frå terminlista på ubestemt tid.

onsdag 2. februar 2011

Årets mest framgangsrike 2011 - eller: Relative skilnader så langt

I førstninga på kvar månad er det altså meininga å gi ein status for "Årets mest framgangsrike 2011". Resultatgrunnlaget var svært spinkelt ved første oversikt, i starten av januar. Det er framleis tynt, men samtidig svært mykje større, etter opp til fleire innomhus-stemne i januar månad.

Framleis er det likevel slik at det er dei færraste som har hatt faktisk poengframgang frå fjoråret, som rimeleg kan vera når ein samanliknar ein månad og litt til med eit heilt år. Oversikten nedanfor er såleis også basert på dei relative skilnadene, altså skilnader for den enkelte frå i fjor samanlikna med andre Gneist-utøvarar.

Det kjekke med ein slik oversikt er naturlegvis også at ein del andre namn kjem fram enn dei som til vanleg - høgst fortent! - får merksemda.

Her er status, pr. 2. februar (basert på statistikarens eigne variablar og Tyrvingtabellen!). Tre utøvarar er nemnd for kvart kjønn/øvingsgrein, utanom der det er færre som faktisk har konkurrert så langt:

JENTER
Løp:
- Stine Therese Hovland
- Charlotte Harris
- Marianne Benserud

Hopp
- Synne Våge Opheim
- Vilde Lund Bjørnsen
- Elise Digernes

Kast
- Charlotte Harris

GUTAR
Løp
- Håvard Opheim
- Eirik Leikvoll
- Amund Høie Sjursen

Hopp
- Erlend Biskopshavn
- Håvard Opheim
- Johannes Møllerup

Kast
- Aleksander Lie
- Håvard Opheim
- Gjert Høie Sjursen

tirsdag 1. februar 2011

Sommarfjell og vinterkarusell

For ei god veke sidan fekk eg ei underleg melding på telefonen: "Trenger dere salting?" Eg er saltings- og brøytingsansvarleg i Velforeningen, slik sett var det ikkje så underleg, men nett då sat eg ved bassengkanten i 24 graders varme og trong ikkje mykje salting.

Dagen før hadde me flott langtur: Først langs promenaden frå Arguineguin i retning Puerto Rico, så oppover dalen  på steinete underlag. På toppen av dalen, like før vegen gjekk nedover mot sjøen, tok me av oppover dei svingete grusvegane opp mot sjølve fjellet - der alle dei norske pensjonistane berre går og går. Me sprang. Første vesle "kvilestad" gav oss utsikten nedover mot Puerto Rico sentrum, der alle supermarknadene og restaurantane med svenska köttbullor fanst (og der Elvis spelte "Live Tonite"). Men me sprang vidare, oppover og oppover. Me nådde høgste punktet på den turen ved Palmelunden (eller "Norskeplassen"), 315 meter over havet. Der sprang me gjennom portalen og over på flott, hardpakka fjellsti: kupert og fint. Til sist enda me på grusveg nedover i retning strandpromenaden der me starta. Nydeleg!

Og om lag samtidig, mandag 24. januar, gjekk femte vinterkarusell av stabelen. Mange Gneist-familiar glimra med sitt fråver, men dei løparane som var med gjorde det svært godt. Me legg merke til Henrik (Gravdal, G13, 20,27) og Henrik (Ettrup, G11, 23,12), men framfor alt tilhøyrde dette femte løpet Jørgen Jensen Axelsen, som både vann heile 5-kilometeren på strålande 16:33 og som samtidig klatra opp på delt 4. plass (med Lars Røttingen) på vinterens adelskalender.